Eg viser til mine tidlegare innlegg:
Eg har lese brevet gjentekne gonger og stussa på om det er ting som ikkje kjem klart fram. Sognenett AS leverer kun eit produkt: tilgang til internett. Get er eigd av Telia. Sognenett AS er eigd av Sognekraft AS, Aurland Energiverk AS, Luster Energiverk AS og Lærdal Energi AS. Det er inga direkte eller indirekte kobling mellom Sognenett AS og Get enn at Sognenett AS er formidlar av Get sitt TV-produkt. Faktura på TV-produktet kjem frå Get, ikkje Sognenett AS. Avslaget kjem på Sognenett AS sin faktura.
- Kunne det vere at Sognenett AS får refundert heile eller deler av rabatten dei gir kunden frå Get?
For å rydde dette av bana sende eg eit spørsmål til Sognenett AS. Her er svaret eg fekk:
Svaret var ikkje uventa, men likevel overraskande. Sognenett AS innrømmer at dei tek frå sin eigen pengesekk og gir pengar til dei som abonnerer på eit produkt (Get TV) som dei ikkje leverer eller har finansielle interesser i. Sognenett AS vel å bidra gratis til at Get kan auke kundegrunnlaget sitt og innteninga si.
Ved å sponse fiberabonnementet for dei som vel Get TV, gir Sognenett AS dei som ønskjer å setje saman sin eigen underhaldsningspakke ei økonomisk ulempe. Sognenett AS har med andre ord lagt på eit «gebyr» på andre innhaldstenester (TV 2 Sumo, Dplay, HBO Nordic, Netflix, RiksTV på nett, Apple TV+ osv). I mitt eksempel, for eit fiberabonnement på trinn 2, er «gebyret» kr 118 pr mnd. Ønskjer eg å berre abonnere på TV2 Sumo, må eg legge på kr 118 på pakken eg vel. Det rimelegaste abonnementet blir ikkje lenger kr 99 per månad, men kr 217 pr månad. Kostnaden med sponsinga av Get blir velta over på kundane som ikkje ønskjer Get TV. Kr 118 kan være mykje for personar med låg inntekt. Dei må betale Sognenett AS sponsing av eit produkt dei ikkje ønskjer eller har råd til. Gi oss kr 100 ekstra, seier Sognenett AS, og du skal få sleppa Get TV.
La meg dra fram ei sak frå Sogn Avis: Sognenett om kundestormen: Me kjem aldri til å utnytta den marknadssituasjonen me står i som lokal leverandør. Saka ligg bak ein betalingsmur, men eg skal dra fram eit lite sitat av marknadsleiar Sebastian Øyrehagen:
– Folk ser nytten ved å velja lokalt breiband gjennom Sognenett, som sponsar mellom anna dei fleste idrettslaga i Sogn.
Ære være dei som støttar opp om lokale lag, initiativ og arrangement her i området, men Sognenett AS:
Tek det seg bra ut at Sognenett AS sponsar Get, eit kommersielt selskap med milliardoverskot, lokalisert i Oslo og eigd av svenske Telia?
Rekneskapen til Get viser eit resultat dei tre siste åra på:
2016: 1,297 milliardar norske kroner
2017: 1,523 milliardar
2018: 1,884 milliardar
Det er lov å trø feil, men eg vonar Sognenett AS revurderer sponsinga av Get.