Rundt midten av februar dukka det opp ei historie på NRKBeta om Per Thorsheim som i over eitt år hadde jobba med å slette sin personlige Facebook-historikk. Historia fasinerte meg sidan eg kjenner til at det er ein manuell måte som svært tidkrevjande. Facebook har ingen enkel må å gjere dette på no.
I mars testa eg om det var så umogleg som Thorsheim hevda. Eg nytta same utvidelsen som Thorsheim. Ein ting som er viktig er å bytte språket du har innstilt på Facebook til engelsk. Utvidelsen fungerer ikkje med norsk som språk.
Erfaringane mine er at utvidelsen ikkje greidde å rydde første gongen. Eg måtte køyre han fleire gonger, gjerne innstilt med redusert hastigheit, og til slutt ta ein manuell gjennomgang for å sjå over det som stod att. I forhold til ein manuell klikk-deg-gjennom-alt-for-å-slette vil eg hevde utvidelsen fungerte rimeleg OK. Eg er usikker på kva det kan tilskrivast, men eg vil tru eg ikkje har hatt eit så aktivt/komplisert liv på Facebook som Thorsheim.
Eg har lagt merke til eit lite avvik. Filmar og bøker med anmeldingar vart det rydda opp i. Grupperingane er tomme, men det står framleis tal i toppen. Eg skal følgje på om det endrar seg. Teorien min, og håpet, er at Facebook vil ha ein ryddejobb i systemet som ryddar opp i dette over tid.
Messenger i Facebook blir fyllt opp med samtalar over mange år. På same måte som å slette i aktivitetsloggen til Facebook, er dette ei tidkrevjande oppgåve, med mindre du nyttar ein utvidelse til nettlesaren. Etter å ha køyrt utvidelsen eit par gonger, var alt av samtalar i Facebook Messenger borte.
Samla sett synes eg det fungerte bra å rydde i Facebook med utvidingar til nettlesaren. Eg skulle ha ønskt at Facebook hadde en enkel måte for å rydde raskt og effektiv. Vi får håpe at det kjem på plass til personvernforordninga trår i kraft 25.05.18 i EU. Eg vil hevde at dagens funksjonalitet for å slette ikkje stettar krava. Det blir for tungvint å manuelt slette kvar enkel ting du har gjort.