Bakstrevarar og reaksjonære

Eg trudde det var over, men no har bakstrevarane nok ein gong teke ein runde mot DAB og for FM. Dette lignar på det same peset som nødnettet vart utsett for i lang tid. Der har det ikkje vore å mykje styr dei siste åra som eg kan minnast.

Litt bakgrunn

Eg har køyrt bil i 30 år, hatt ungar dei siste 19 åra. Eg har levd med FM og radio frå den tida ein berre hadde NRK (P1). Eg hugsar innføringa av P2 og P3 og kommersielle radiokanalar. Eg bur i eit grisgrendt strøk med vanskeleg topografi. Den einaste kanalen vi fekk inn OK var NRK P1 på ordinært utstyr. P2 kom seg, men P3 og P4 og lokalradioar var ikkje til å lytte på over FM på ordinært utstyr. Radioen heime har så godt som stått fast på NRK P1 (Sogn og Fjordane).

I bil har radiolytting på FM marginal som følgje av mykje bortfall og radiostøy. NRK P1 har vore kanalen sidan den var best utbygd, men eg høyrde for det meste på kassett, minidisk og seinare MP3.

Eg har hatt DAB i bilane mine i mange år no, både fabrikkmontert og adapter montert av lokal radioforretning. Eg har ikkje montert noko sjølv og overlet slikt til fagfolk.

Mottak

Erfaringane mine med mottak når eg køyrer rundt i Noregs land er at DAB er langt betre i høve mottaket med FM. Radiostøy og dårleg mottak er ikkje eit problem lenger. Dekninga opplever eg som særdeles god i 2018. Ikkje alle tunnelar hadde FM-sendarar (NRK P1) før, men det er minst like bra med DAB i dag.

I sommar har eg vore turar i Jostedalen (til Styggevatnet), til Sverige via Sandvika og Oslofjordtunnelen og tilbake via Oslo samt i Møre og Romsdal. På turane høyrde vi mykje på radio.

  1. For Jostedalen sin del gav DAB seg når ein svinga opp frå Fåbergstølen mot Styggevatnet, heilt inne i dalen. Det skal nemnast at her er til og med mottaket på Telenor mobil dødt.
  2. På turen til Sandvika og Oslo har eg ikkje minne om problem når det vart lytta på radio.
  3. På turen til Møre og Romsdal køyrde vi via Eid mot Folkestad, men svinga av i Botnavika for å køyre til Fyrde og følgde E39 mot Volda. Vi køyrde den undersjøisk tunnelen mot øyene rundt Fosnavåg og besøkte Runde, Remøya, Leinøya, Nerlandsøya, Gurksøy, Dimnøya og Hareidlandet. Neste dag var det ferje frå Hareid. Vi tok turen ut på øyene Giske, Valderøya og Vigra utanfor Ålesund. Godøya droppa vi sidan det var arbeid i den undersjøiske tunnelen med opp til 2 timars ventetid. Etter å ha handla ferskt bakst på ei lite bakeri på Roald, snudde vi tilbake til Ellingsøy for å køyre inn til Tennfjord og vidare til Brattvåg, for ferje til Midøya. Her køyrde vi på nordsida øya og Otrøya for å ta ferje til Moralsvågen fergekai og kome til Molde. Neste dag blei det ein rundtur via Malme ut til Bud og nordsida mot Hustadvika til Vevang og over Atlanterhavsvegen til Kristiansund. Tilbake køyrde vi riksveg 70 til Molde. Siste dagen køyrde vi frå Molde til Vestnes. På Sjøholt tok vi av til Stordal og ferje Liabygda – Stranda tilbake til Hellesylt, Hornindal, Stryn, Utviksfjellet og heim. I løpet av heile turen beit eg meg merke til at det var nokre sekundars bortfall frå Botnavika (ca 8 km før Folkestad) inn Austfjorden mot Fyrde. Eg trur det skjedde 3 – 4 gonger. Her kan dei lokale gi beskjed slik at Norkring kan sjekke og justere sendarane sine slik at mottaket blir optimalt.

Tilbod

Radiotilbodet på FM var dårleg her punktum. Med godviljen hadde vi 4 rikskanalar og gjerne eit par lokalradioar. På DAB har det endra seg totalt: https://radio.no/radiokanaler-pa-dab/.

Før DAB var radio ikkje aktuelt for ungane. På radio var det berre kjedelege program. Med DAB har dei funne sine nisjekanalar. NRK mp3, P5 Hits og P6 Rock er dei mest populære når dei er med. Ja, det hender eg slår over på P6 Rock når eg er aleine i bilen 😉

Når vi er på tur under store sportsarrangement, er vi ikkje lenger avgrensa til det NRK P1, P2 eller P3 sender. No har vi eigen kanal, NRK Sport, som sender sportsarrangementa eller tek over for NRK P1-3-kanalane. Vil eg høyre nyhende, utan å vere slave av klokka for å treffe sendinga presis på timen, kan eg slå berre slå over på NRK Nyheter.

Med DAB har alle fått eit omfattande tilbod av radiokanalar. Eg har ikkje gjort meg kjent med alle, men det at ungane har byrja å lytte på radio har utvida min radiohorisont. Der eg var fast på NRK P1, er eg no ikkje like lojal. Når det er sagt, så slit eg framleis med reklameinnslag på kommersielle kanalar. Desse blir ofte veldig masande.

Oppsummering

Med ordinært utstyr er mottak betre enn FM og utvalet mykje større. Det forundrar meg at bakstrevarane romantiserer eit analogt sendesystem som sløste med radiofrekvensar. Teknologien endrar seg. Ingen vil vel tilbake til analoge TV-signal. Frå tid til anna må ein må ta val og når ein har teke eit val, gjer ein det beste ut av det. Å vere bakstreversk eller reaksjonær fører oss ikkje framover. Radiovanane hos oss har endra seg – i positiv retning – som følgje av DAB.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.