Det er ein del år sidan første iPaden kom på marknaden. Eg har vore innom på iOS og Android i ulike variantar. Om eg skal vere ærleg er eg ein som likar Android best, men det er for mange kokkar som lagar for mykje søl. La meg forklare.
Mange produsentar slepp ein telefon eller nettbrett og generelt sett gir blanke i å følgje dei opp. Alle som har hatt ein PC veit at det er viktig at operativsystemet og programvare blir oppdatert etterkvart som sårbarheitar blir oppdaga. Det er her det skortar for Android. Dei nettbretta (Samsung og Lenovo) eg har det vore dårleg med oppføljing på. For ca eitt år sidan droppa eg Android på nettbrett og gjekk tilbake til Apple iOS. Det rimelegaste nettbrettet frå Apple er godt nok for meg.
Når det gjeld telefon, har eg vore innom Samsung S2 og S4 og oppfølginga har ikkje vore mykje å skryte av. Oppdateringar var sporadiske. Sidan seint i 2015 har eg hatt Google Nexus 5X med rein Android, utan spesialtilpassingar frå produsent eller for teleleverandør. Oppdateringar har kome systematisk i byrjinga av kvar månad. Sårbarheiter blir lukka så raskt som mogleg. Det er slik det skal vere, begge tomlar opp. Men som ein skigard, varer ikkje alt evig. Støtta og oppdateringar for Google Nexus 5X gjekk ut i november 2018. Siste oppdatering vart rulla ut i starten av desember. Ingen oppdatering i januar eller februar 2019.
I starten av februar vart det publisert ein kritisk feil i Android si handsaming av PNG-filer. Med jobbtelefon og arbeidsfelt IKT-tryggleik tek det seg ikkje ut å ha utdaterte og sårbare verktøy. Her var det berre å be om ny telefon. Eg ønskte å gå for ny Android-telefon som går inn under AndroidOne. Dette er telefonar med rein Android som får oppdateringar systematisk levert, tilsvarande Google Nexus 5X. Dei er også garantert oppgradering til to nyare hovedversjonar av Android. Blir telefonen levert med Android 9 vil du få oppdatere til Android 11.
Diverre var ingen modellane med AndroidOne tilgjengeleg i utvalget til arbeidsgivar, og eg enda opp med ein Apple iPhone Xr. Eg vonar denne blir oppdatert like lenge som Apple iPhone 5S, som vart lansert hausten 2013. Etter 5,5 år får han framleis oppdateringar med iOS 12. Du betaler meir for ein Apple-telefon, men Apple tek vare på telefonane ein god del lengre.