Eg har dei siste dagane sett på ytinga som Apple Macbook Pro 13 tommar (2019) i f. eks. Geekbench 4. Nivået er ikkje langt unna min Intel Core i7-7700 i ein Lenovo Y720 Cube. Mange hevdar at OS X er meir optimalisert enn Windows sidan Apple har full kontroll på maskin- og programvaren. OS X er ein Unix-variant, Linux same utspring. Er det noko vesentleg å tene på å skifte over til Linux for meg?
Til testen min nytta eg to identiske maskiner av typen Lenovo X230 med Intel Core i5-3210m, 8 GB internminne og 256 GB SSD-lagring. Den eine køyrer oppdatert Windows 10 og den andre oppdatert Xubuntu 18.04 (Linux). Før siste testrunde oppdaterte eg BIOS/firmware på begge maskinene til siste versjon. Testar før og etter synte at omkoding av video under Windows 10 tener 2 til 3 prosentpoeng. Med eldre BIOSar var Windows-maskina nesten 9% tregare mot 6% med siste BIOS-versjon.
Omkoding av video
Eg nytta ei 4k, H264-koda videofil av Shotcut til Youtube-standard. I Handbrake 1.2.2 var denne omkoda til full HD med innstillinga Super HQ 1080p30 Surround. Testen var køyrt 3 gonger på kvar maskin og snittet vart:
Windows: 45 minutt 10 sekund Linux : 42 minutt 34 sekund
Linux var 2 minutt og 36 sekund raskare enn Windows 10. Omrekna i prosent utgjer det 6% favør til Linux.
Geekbench 4
Single Core | Crypto | Integer | Float. P. | Memory | Multi Core | Crypto | Integer | Float. P. | Memory | |
Poeng | 278,2 | 99,4 | 450,8 | 199 | 54,2 | 415,6 | 377,8 | 608,2 | 392 | 26,2 |
Prosent | 9,00 % | 3,68 % | 14,68 % | 7,10 % | 1,48 % | 7,03 % | 7,42 % | 8,97 % | 6,64 % | 0,63 % |
Tabellen viser kor mykje Linux var betre enn Windows 10. Hovedkategoriane er ein enkelt kjerne (Single Core) eller fleire kjerner (Multi Core). Tala etter dei utheva er delkategoriane. Geekbench 4 er ikkje langt frå resultatet i Handbrake med 7% kontra 6%.
Resultatet viser at det er ei viss forbetring med å velje Linux, men er det nok?