Youtube pressar på for å få meg til å betale

Dei siste åra har eg følgt med på ulike innhaldsleverandørar som brukar Youtube som plattform. Gradvis har reklamen blitt meir framtredande. Det byrja så smått med 5 sekundars klipp eller lengre klipp som kunne hoppast over etter 5 sekundar. Etter ei tid auka tida på annonsene noko til 6-7 sekund, samt at dei lengre kunne hoppast over etter 5-7 sekundar. Heilt greitt det også. Eg var godt nøgd, sopass må eg tåle og eg såg med blide auge på annonsørane. Det var ikkje nokon grunn til å betale Google eit månadleg abonnement for å sleppe reklamen.

Når vi nærmar oss notid, byrja det å dukke opp lengre reklamar som eg ikkje kunne hoppe over. Frustrasjonen auka når eg fekk servert slike. Eg stoppa starta videoen eg ville sjå heilt til eg slapp meir annonser eller det kom reklame eg kunne hoppe over etter ca. 5 sekundar. Irritasjonen overfor Youtube og verksemdene med desse reklamane auka.

I notid har det vorte aldeles gale. Vi er på veg mot dei håplause reklamane vi får servert på TV. No er det meir regelen enn unntaket at ein blir servert reklame på 15 sekundar, utan moglegheit å hoppe over det. Alternativt er 2 reklamar som til saman spelar opp mot 15 sekundar når du hoppar over kvar av dei. Irritasjonen med Youtube og verksemdene som reklamerer har nådd nye høgder. Om de vil irritere publikum, må de berre gjere det. De får ikkje meir velvilje frå meg.

På iPad er det håplaust i appen. Eg må tilbake på PC for å sjå på Youtube. Her kan eg installere tillegget uBlock Origin i nettlesaren. uBlock Origin kuttar alt av reklamepausar som Youtube/Google legg på videoane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.