Tur: Eitorn til Myrsete

Start i Eitorn, eit par kilometer frå Hella ferjekai. Følg kjerrevegen mot Eitun. Fleire av bygningane på Eitun kollapsar. Det kan vere lurt å lytte og følgje med når du går gjennom tunet. På andre sida går du inn på stien som tek deg oppover forbi dei gamle husmannsplassane: Bustadstykkje og Trodlahaugen.

Like over Trodlahaugen følgjer du stien oppover til Myrsete. Heile turen til Myrsete er bratt. Frå du står i vegen i Eitorn til du er oppe, skal du gjere unna nesten 600 høgdemeter. Utsikt er avgrensa, men eit stykke oppi kjem du til eit berg med benkar med utsikt over Eitorn og Vestrheim.

Det er framleis eit stykke til du er på Myrsete, men du veit du nærmar deg når du byrjar å høyre elva. Oppe på Myrsete er det utsikt ut over fjorden og kan følgje med på båt- og ferjetrafikken.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.