Tur: Traståna

Etter kraftutbygginga i Henjadalen er det grusveg heilt inn til botn, Slettabotn. Frå Syril stadion eller Leikanger barneskule er det ca 8,5 km til du står ved bekkainntaket i Traståna. Vil du kutte ned distansen eit par kilometer, kan du køyre fram til det gamle vassinntaket og parkere der. Sjølv om vegen framleis har litt grovt dekke, er det ingen problem å sykle om du har ein hybrid eller ein grovare sykkel. Stigninga er på i underkant av 500 høgdemeter. Den siste 1/3 er tyngst. Med nok gir på sykkelen skal det gå greit. Endå betre er det om du har ein sykkel med motor som kan hjelpe til. Alt etter form og stigning kan du velje nivået på hjelp. Sykkel er spesielt nyttig om du har planar å gå til Åsenosi, heimste Trastadalen og Trastadalen eller andre områder i høgfjellet.

Ved Traståna møtes eit par stiar. Om du kryssar elva og går opp på venstre/nordsida av inntaket, der ein har jamna ut massar, vil du finne stien som tek deg opp til Åsenosi og Trastadalen. I tillegg kan du halde fram opp på Synnevaskjer, ned til Myrdalsvatni eller Myrdalsbreen. Om du held deg på høgre/sør sida av vassinntaket skal du finne ein sti som tek deg opp til Pipehaug. Frå der kan du gå framover til heimste Trastadalen eller opp til Høgehaug (gamle grensa mellom Sogndal og Leikanger) eller sørover mot Hovden, Sumhaug og ned att Reiseta.

Returen på sykkel er moro sidan tyngdekrafta står for arbeidet. Hjelm og gode bremsar seier seg sjølv. Går du til fots kan du ta tida di framover, langs Henjaelva. Det er fleire stadar du kan sjå eller føle fossar, stille flytande elv og generelt lytte til og sjå dyre- og fiskelivet. Joggesko eller tursko er heilt greit sidan du går på (grov) grus. På ein tur på knappe to mil tur/retur frå stadion eller rundt 4 timar, kan det være lurt å ha med seg noko godt i sekken. Vatn er det nok av langs turen. Ein liten avstikkar til elvekanten og du får sløkt tørsten.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.