Turen nådde sitt zenith i går med Europa sitt nordlegaste fastlandspunkt Nordkapp. Ja, eg veit det er eit nes ørlite vestom som strekke seg litt lenger nord. I dag vart det første dag på reise sørover og heim. Sidan vi venta ut havtåka med eit besøk i Havøysund dagen før, gjekk turen sørover til Olderfjord. Når vi nærma oss Olderfjord, la eg merke til ein Porsche 911 GT3 i bakspegelen. Vi kom inn i eit litt dårleg vegparti og han måtte ta det med ro, men ikkje lenge etter at vi starta klatringa mot Skaidi, frå Olderfjord, var han tilbake i hekken og det tok ikkje lenge før han bles forbi og det var det siste vi såg til den. Ut i Hammerfest køyrde vi opp på utsiktspunktet og fekk eit flott overblikk av byen.
Etter Hammerfest tok vi oss tilbake til Skaidi og sørover til Alta. Enda opp med å ta inn på Scandic før vi tok ein køyretur rundt i området. Tenkte vi skulle køyre inn til Altadammen, men vi kom ikkje lenger enn til bommen ved Nullpunktet på Stillavegen. Eg slo opp på nettet og vegen opnar ikkje før 1. juni. Vi var ei veke for tidleg. På turen til Nullpunktet og tilbake la vi merke til at nyare einebustadar hadde ein tendens til å vere svært store. Det hadde vi ikkje vore van med på turen vår rundt Finnmark fylke. Etter ein betre middag på hotellet slappa vi av utover kvelden. Neste dag var planen å koma oss gjennom Tromsø til Sommarøy.