Dagen starta med ein enkel plan, koma seg inn på E45 og følgja den til Östersund for overnatting. Flott start på dagen i Kiruna i sol og fint ver. Lite trafikk og fine vegar. Omlag halvveges mellom Kiruna og Gällivare kom vi inn eit område med vegarbeid. Det var over 2 mil med grus og nedsett vart. Eg prøve å halda meg til det som er skilta og ønska fart i ulike områder. Men vi la no merke til at ein del av dei følgjande bilane meinte at fart som var skilta var vegleiande.
Det tok si tid å forsere vegarbeidsområde, men vi sett vart sørover gjennom skogane forbi Gällivare til Jokkmokk. Her blei det ein stopp for å lade på Ionity samt fylle opp kvoten på Systembolaget. Når bilen var klar, var det berre å halde fram sørover. Mykje skog, men det beste er fin veg med god fart og lite trafikk. Vi passerte både Arvidsjaur og Sorsele. Utanom skog såg vi eit par oppdemte vatn i området.
Neste stopp var i Storuman for lading og ein matbit. Deretter var planen å halde fram heilt til Östersund for overnatting. Var sikker på at det ikkje ville vere problem å få seg ei overnatting der og budde meg ikkje på eit alternativ. Eg sikta meg inn på Best Western-hotellet eg nytta i august 2025. Vi rulla inn og stor var overraskinga det var fullt. Vi køyrde til eit anna Best Western-hotell ikkje langt unna. Dei hadde att nokre få rom, men prisen var landevegsrøveri. Ingen visste heller kvifor det var så fullt på hotella. Ikkje var det noko arrangement som kunne utløyse dette.
Etter litt om og men, bestemte vi oss for å køyre mot Åre, ein vintersportsstad som måtte ha ledige rom. Men først måtte vi lade opp på Ionity i Krokom. Forsøkte å nå eit hotell på vegen til Åre, men fekk eit svar som var merkeleg sidan det skulle vore nokon som svarte der. La merke til at hotellet var svart og det såg ut som heile Åre var nedstengt for sommarsesongen. Då var Noreg neste, vi satsa på Stav hotell i Malvik. Eit eldre og lite fancy hotell i vegarbeidsområdet nordom Trondheim. Eit hotell som ikkje står på førstevalet for mange og dermed var enkelt å få rom på. Vi kom fram seint på kveld. Etter over 100 mil var det godt å få seg ei seng å kvile på.