Dropp Outlook på PC

Skadevareangrep er aukande:

Trusselaktørar kan bruke skadevare som antivirus eller leverandøren din sine system ikkje greier å fange. For å unngå at noko «detonerer» på PCen, kan du enkelt forebygge dette ved å gå over til å bruke Outlook-app.

Ved skadevareangrep via e-post, satsar trusselaktøren på at skadevara kjem inn på PCen din i Outlook og du vert lokka til å vise e-posten eller klikke på vedlegg. Dette set for eksempel i gong prosessar på PCen som hentar inn ytterlegare komponentar og til slutt køyrer skadevara på PCen din. Kva som vil skje er avhengig av måla til trusselaktøren. Du kan sjå for deg følgjande:

  • filer (dokument, bilete og videoar) du har tilgang til blir kryptert og løysepenger krevd for dekryptering,
  • filer du har tilgang til vert lasta opp til trusselaktører og deretter kryptert på PC med krav om løysepenger for dekryptering og mot offentleg publisering,
  • e-postar kan bli lastet opp til trusselaktør med krav om løsepenger mot offentleg publisering,
  • osv.

Med eit enkelt grep kan du redusera risikoen vesentleg. Avinstaller Outlook på PC og gå over til Outlook-app:

Outlook-app viser nettversjonen av Outlook (Online) i eit spesialtilpassa nettlesarvindauga i Microsoft Edge. Med Outlook-appen, får du sikrare vising av filer i skya og ikkje på PCen. Slik går du fram for å installere han:

  1. Start Microsoft Edge nettlesar
  2. Naviger Microsoft Edge til e-post Microsoft 365 Jobb eller Microsoft 365 Personleg/Familie
  3. Klikk på + til høgre i adressefeltet til Microsoft Edge
  4. Installer Outlook-app
  5. Plasser oppstartsikonet i Start-meny og/eller andre stadar.

Innstillingane finn du under stjerna, oppe, til høgre:

Under «Vis alle Outlook-innstillinger» kan du setje opp:

  • varseltyper under Generelt,
  • signatur under innstillingar for E-post og
  • justere noko for kalenderen under Kalender.

Generelt sett dropp alle program på PCen som hentar inn e-post, bruk heller web-versjonen i ein nettlesar. Med andre ord ha e-post på ein armlengdes avstand frå utstyret ditt.

iPhone 12 – tryggleik til eit nytt nivå

Apple sitt utstyr har over tid vorte vanskelegare å reparera. Eg har sett video av demontering av iPhone 12 med fjerning av batteri, og synes ikkje iPhone 12 var vesentleg verre en forrige generasjon. I dag kom eg over denne videoen som viser at no er det vanskeleg/umogleg å byte ut noko i telefonen, også batteriet, på eiga hand.

Det er kjøpt inn 2 identiske telefonar i ulike fargar. Når han byter hovudkortet mellom dei, sluttar ting å fungere. Kamera luggar og frys i enkelte modus. Batteriet blir ikkje gjenkjent. «True tone» på skjermen og Face ID sluttar å fungere.

Det er heilt tydeleg at komponentar er para i hop. Forsøker du å skifte noko, vil du merke det. Du må ta telefonen til Apple, eller godkjende verkstadar, for å skifte batteri og para det med eksisterande komponentar. Fordelen blir at det ikkje er kven som helst som kan tukla med telefonen din, men retten din til å reparere «går i vasken».

Fiksa problema med trådlause blåtann-hovudtelefonar

Eg viser til tidlegare innlegg der eg skildrar mine problem med blåtann (Bluetooth). Ikke noko er verre enn at lyd og bilete fell ut av synkronisering.

Sidan august har eg forsøkt ulike justeringar og oppdateringar utan at det har vore til hjelp. Til og med når eg sit rett ved PCen, opplever eg små brot med det integrerte, kombinerte blåtann- og nettverkskortet.

Eg har prøvd å akseptere at eg må bruke hovudtelefonar med kabel, men det vart for bale. No trur eg at eg har funne løysinga. Før helga kjøpte eg meg eit rimeleg USB blåtann-adapter på Clas Ohlson i Sogndal. Det interne har vorte deaktivert. Etter å ha brukt det eksterne USB-adapteret i to kveldar ser det ut til at eg har løyst mine problem.

Med 99,9% tryggleik kan eg sei at eg ikkje har opplevd bortfall, som fører til at lyd og bilete er ute av synkronisering, når eg ser på videoar på Youtube og inni mellom tek meg ein tur rundt i huset.

Seagate-disk med redusert yting på USB 3.0 til SATA-overgang

Eg har hatt ein Seagate, liten, mobil USB-disk med USB 3.0 nokre år. Overføringsfarten skal ligge på i overkant av 100 MB per sekund til litt under avhengig kor mykje data som er lagra på han

Etter at han vart pensjonert som disk for sikkerheitskopiar, har eg nytta han til ulike oppgaver. Til tider har det vore dårleg fart på overføringane i forhold til USB 3.0, men i helga som var toppa det seg. Utan at det var mykje data på disken var han til tide nede på overføringar under 10 MB/sekund.

Eg kopla han til ulike USB-portar på maskina og bytte ut kabel. Ingen av testane utløyste full yting. Maksimal hastigheit, uavhengig av port og kabel, var i overkant av 30 MB per sekund. Det tilseier USB 2.0-hastigheit, noko skurra.

Eg hadde eit ledig kabinett med USB 3.0-støtte for slike diskar liggande. Når eg opna Seagate-disken, var eg usikker på om disken sitt hovudkort hadde påmontert USB-kontakt. Om so var tilfelle var det lite å gjere. Heldigvis var det ein standard disk for berbare maskiner (2,5 tommar) med ein overgang frå standard disk-kontakt til USB 3.0. Det var berre å plukke av overgangen og plassere disken i det ledige kabinettet og teste på nytt.

I det nye kabinettet var disken tilbake på full fart og maksa ut på ca 120 MB per sekund.

Trump Jugend

Eg har følgt med på forfallet av det amerikanske demokratiet og no er det ikkje tvil lenger.

Ein kan ikkje lære patriotisme. Kjærleik kan ikkje lærast. Det Donald ønskjer er å etablere ei nasjonalistisk opplæring. For oss som har historien med oss, veit vi kva som skjedde for 80-90 år sidan og følgjene av det. Som ein som vaks opp og opplevde «glasnost» på slutten av 80-talet, var det aldri i mine villaste fantasiar at vi var på veg til å repetere historien. At det var USA som skulle stå for det er heilt ufatteleg, men når inkompetanse tek makta og partiet er piska til blind støtte, er ingen ting sikkert lenger. Eg kan ikkje sei noko anna at dette er ei trist vending.

Patriotisme/-ist

  • Patriotisme = fedrelandskjærlighet, sterk støtte til f. eks. landet, byen, idrettslaget.
  • Patriot = fedrelandsvenn, fedrelandsvenn; glødende tilhenger av et distrikt, en idrettsklubb eller lignende

Nasjonalisme/-ist

  • Nasjonalisme = politisk ideologi eller synsmåte som sterkt (og ensidig) hevder verdien av det nasjonale, ideologi som sterkt betoner verdien av nasjonen og den nasjonale egenart; overdreven nasjonalfølelse
  • Nasjonalist =  tilhenger av en sterkt selvhevdende nasjonal politikk, forkjemper for en nasjonal selvstendighetspolitikk, for nasjonale interesser og hjemlig kultur

Fascisme/-ist

  • Fascisme = nasjonalistisk, autoritær politisk bevegelse og ideologi, et autoritært, nasjonalistisk og høyreekstremistisk styresett, ekstremt reaksjonært og rasistisk politisk syn eller styre, som særlig dyrker staten, eliten og lederen
  • Fascist = tilhenger av fascismen eller lignende (nasjonalistiske, høyreekstreme eller antidemokratiske) holdninger og oppfatninger, en person som er tilhenger av fascismen, betegnelse for autoritær eller reaksjonær person.

Referanse:

Strauk i naturfag?

På reis i Noreg er det mangt ein kan kome over. Eg har full forståing for at vi som gjester skal vere varsom med bruk av vatnet. Det har hendt eg har dusja i rimeleg kaldt vatn. Nokre heite gloser og tankar til dei som har tømt varmtvatntanken før meg har vore til hjelp under «ekspressdusjinga».

Å påstå at vatn ikkje er fornybart eller at vi ikkje får nytt vatn er å dra det for langt, spesielt når Gudbrandsdalslågen og Mjøsa ikkje er langt derifrå. Lurer på kva dei trur fell frå himmelen i både flytande eller fast form er…

Ikkje la framande få tilgang til dine data

I dag sprakk nyhende om at ein ekstern aktør har hatt tilgang til konti og innhald i Stortinget sitt IT-system. Førebels veit vi ikkje kva, kor mykje og kor sensitivt det dei har hatt tilgang til er.

Når Stortinget kan rammast, viser det at alle kan råkast. Mange av dykk har teikna e-postkonto på store skytenester som Gmail og Microsoft (Office) 365. Google og Microsoft sine tilbod er mykje meir enn e-post. Dei tilbyr deg lagring av e-post, chat, dokument, video, bilete og meir. Alt tilgjengeleg frå kor som helst og på forskjellig utstyr og appar. Ja, eg er storforbrukar av slike tenester. Eg vil ikkje at framande skal ha tilgang til mine data.

  • Kva må du gjere for å sperre andre ute frå dine data?

Eit godt passord er viktig, men det aller viktigaste er at du gjer som banken: Alle konti med det næraste og kjære for deg skal sikrast 2-faktor, ein ekstra faktor i tillegg til passordet.

  • Den enklaste formen for 2-faktor er at du registrerer ditt telefonnummer på tenesta og aktiverer 2-faktor. Det vil gi deg ein kode på SMS du må taste inn for å logge deg inn.
  • Den beste formen for 2-faktor er å setje det opp i ein app på telefonen din. Som oftast brukar du kamera til å fange ein QR-kode på skjermen som set opp den andre faktoren.

Appane fins i ulike variantar. I den enklaste form får du ein tallkode du i tillegg til passordet må taste inn.

Både Microsoft og Google har sine versjonar som er spesialtilpassa deira tenester, men appane kan brukast til å håndtere 2-faktor for andre tenester òg. For Microsoft og Google sine tenester treng du berre trykke godkjenn på varsel om innlogging.

Du vil ikkje bli avkrevd den andre faktoren på utstyr du har sett opp som ditt utstyr. Vanlegvis er det så enkelt som å krysse av for dette, når du loggar deg inn på tenesta med utstyret. Som minimum kan du bli avkrevd passordet, med mindre app eller utstyr er sikra med andre ting som ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk, eigen PIN-kode eller ein fysisk tryggleiksnøkkel.

Om framande skulle greie å få tak i passordet ditt og forsøke å logge på, vil dei bli bedt om den andre faktoren. Du vil kunne merke det ved at du får ein SMS eller varsel om godkjenning av pålogging gjennom appen. For sistnemnde er det viktig å ta ein fot i bakken og ikkje trykke godkjenn. Får du eit slikt varsel, skiftar du passord, vel vitande om at dei ikkje har greidd å kome seg inn.

  • I kveld set du opp 2-faktor på dine mest nære og kjære tjenester, f.eks.
    • e-post,
    • sosiale medier,
    • fototenester,
    • filsynkronisering (som Dropbox),
    • og andre tenester du meiner treng eit ekstra lag tryggleik.

Tur: Kvålen til høgspentmastene mot Henjadalen

Frå Kvålen er det fritt val om du går opp via Haohaug til Baukasengene eller om du, som eg, tek den nye skogsvegen, under arbeid, frå Vetlagjerdet. Før skogsvegen svingar inn i skogen, kan du ta eit lite overblikk over Vetlagjerdet, hogstfeltet og stien opp til Åsen som kan ta deg vidare til Fadnastølen.

Opp langs skogsvegen passerer du gamle slåttebøar til Njøs-gardar. På slutten må du litt ned att før du er ved Baukasengene og stien til Skagasete.

Du tek av frå Skagasetestien på ein sti merka med blå nylontau heilt opp til linjetrasseen. Du går gjennom granfelt og passerer gamle løer på vegen opp. Heile turen, med unntak av nokre titals meter før Baukasengene, har god stigning. Den tyngste biten er nok dei siste 3-400 meterane før du kjem til linjetraseen. Utsikta derimot kan ein ikkje klage på.

Trådlause blåtann-hovudtelefonar

Sidan eg har passert eit halvt århundre i alder, er eg godt van med kabla hovudtelefonar. Frå jula 2019 har eg nytta trådlause blåtann-hovudtelefonar saman med mi stasjonere maskin til videoredigering.

Trådlaust skulle eg kunne vandra litt omkring i huset: Setje igong ein kopp kaffi på kjøkkenet og gjere andre småærend. I praksis fungerer det ikkje. Vandrar eg for langt frå datamaskina, skapar det problem for den trådlause oppkoplinga. Berre ein tur på under 5 meter kan vere nok. Eg merkar det ved ørsmå brot i lyden. Når eg kjem tilbake til pulten, er lyden og video ikkje lenger synkronisert. Det er snakk om millisekund, men det er knapt noko meir irriterande enn bilete og lyd som ikkje er synkronisert. Med fleire turar bort frå PCen blir det verre.

Eg har sjekka om hovudtelefonane har vore sett som standard kommunikasjonsening i Windows. Det har dei vore heile tida. Dei absolutt siste Bluetooth-drivarane for Windows til blåtann-kortet i PCen vart installert utan at det medførte nokon skilnad. Windows 10 er også fullt ut oppdatert.

Til slutt testa eg dei trådlause hovudtelefonanane på ei maskin med eit anna operativsystem og blåtann-kort. Det er ingen forskjell om eg køyrer Microsoft Windows eller Linux Mint. Problemet må ligge i den trådlause blåtannoppkoplinga uavhengig av operativsystem og maskinvare i PCane. Løysinga er å kople frå og til att hovudetelefonane, men slikt tek tid og må gjerast fleire gonger i løpet av ei økt. I praksis endar eg opp som før:

  • Dei kabla hovudtelefonane må eg legge att ved PCen pga av kabellengda.
  • Dei trådlause hovudtelefonar må eg leggje att på pulten ved PCen sidan berre små turar skapar problem.

Eit siste problem med trådlause hovudtelefonar er at ein må lade dei. Det hender at batteriet går tomt, sidan eg ikkje har dei på lading heile tida eg ikkje brukar dei. Då må eg bruke kabel til eg kan legge dei på lading.

Microsoft er på ballen

I løpet av sommaren har fleire store aktørar vorte ramma av «ransomware» eller lausepengevirus. Enkelt forklart er det skadeleg programvare som krypterer filene dine og etterlet ein utpressingsmelding. Dersom du ikkje betaler innan ein frist, er dine data tapt for evig tid. Med gode rutiner for sikkerheitskopiering kan ein kome nokolunde skadefritt ifrå dette. Det blir ein god del ekstra arbeid og tapt arbeidstid, men kostnaden treng ikkje bli for stor.

I sommar har både Garmin og Canon hatt problem med slik skadevare. Nokre gonger blir ein teken med buksa nede. Fleire nettstadar rapporterer at Garmin har betalt 10 millionar amerikanske dollar til sine skadevoldarar. Med dagens kurs utgjer dette 90 millionar norske kroner.

Eg nyttar skytjenestene som følgjer Microsoft Office 365. Eg har hatt gode erfaringar med tenestene til Microsoft, og har sett opp strengast form for pålogging slik at uvedkommande ikkje får tilgang.

I dag skulle eg teste Cryptomator. Verktøyet lagrar fil for fil kryptert. Berre den som har passordet/-setningen kan låse opp dataene. Eg ville teste løysinga med tanke på å sikre dei mest sensitive filene mine i Microsoft OneDrive.

Cryptomator kan fungere som ein siste skanse og dersom uredelege personar hos Microsoft skulle misbruke sine tilgangar og snoke i (og publisere) mine data. Sannsynlegheita er veldig lita sidan Microsoft er sertifisert og får sine rutiner jamnleg revidert etter fleire standarder. Microsoft skal oppdage avvik raskt, men garantiar er det vanskeleg å gi. «Føre var, enn etter snar» er noko alle bør tenke på.

Eg oppretta ein «safe» i Cryptomator og flytta filer som allereie låg i OneDrive til denne. Det tok ikkje lang tid før Microsoft sende meg e-post om at dei mistenkte at eg var utsett for eit angrep med lausepengevirus.

Tommel opp for rask reaksjon, sjølv om eg har alt under kontroll.