Android på Samsung S2

Samsung S2Eg viser til innlegget 10 månadar med Android. For nokre dagar sidan gjekk systempartisjonen til S2 så full at oppdatering av appar byrja å svikte, 3 månadar sidan sist. Eg byrja å skjøne det i desember og har sidan forsøkt å spare på lagringsplassen. Fleire gongar har eg sjekka opp dei få appane eg nyttar, tømt lager og flytta det som kan flyttast til SD-kortet. Men det har hatt same effekt som å pisse når ein ligg i kald sjø.

Sidan ingen av forventa brukarhandlingar har fungert, har eg levd i den tru at problemet skuldast at Android ikkje ryddar opp filer til systemet. Løysinga på dette måtte være å låse opp («root») Android slik at ein kan gå inn i filsystemet og slette filene. Slikt kan ha sine uheldige konsekvensar sidan ein fjernar/svekkar basisforsvaret i Android som gjer telefonen meir sårbar for tvilsom kode. I mine auge var telefonen defekt. Ein kan ikkje setje seg ned 4 gonger i året og nullstille telefonen og setje han opp att.

Etter at telefonen vart skifta ut gjorde eg søk på nettet og det viser seg at problemet er kjent og stammar frå oppdateringa til Android 4.1.2 som, om eg hugsar rett, kom i fjor sommar. Her er nokre lenker som omtalar det:

Problemet kjem av at loggar og crashdumpar som ikkje blir rydda opp. Ei mogleg løysing blir skissert som ikkje krev at ein låser opp Android. Eg har diverre ikkje fått testa ho, men ho kan vere verd eit forsøk:

  1. «Ring» *#9900#
  2. Velg  “Delete dumpstate/logcat” i menyen

Menyen er tilgjengeleg i nyare S-versjonar. Har du tilsvarande problem er det forsøket verd. Å nullstile telefonen for å setje han opp att frå grunn av er arbeidskrevjande og mildt sagt irriterande. Eg er særdeles skuffa over Samsung sidan dei ikkje har greidd å rette problemet. Ei oppdatering burde vore på plass for lenge sidan.

Samsung, dette er kvalitetsmessig langt under pari!

Bitlocker utan TPM på Windows 8.1

Då Windows 8 kom, oppgraderte eg maskin. Med 8.1 på plass, ville eg sikre data på ssden til maskina. Det baud på ein utfordring sidan maskina manglar TPM. Utan TPM må du gjere ei par ting djupt i Windows med Redigeringsprogram for lokal gruppepolicy. Dette programmet er skjult og framstår ikkje som program i menyar.

  • Trykk Windows-tast
  • Skriv gpedit.msc
  • Trykk Enter/Lineskift

I venstre del av Programmet Redigeringsprogram for lokal gruppepolicy vil du sjå ein trestruktur du kan utvide. Du skal ned til greina Lokal datamaskin-policy -> Adminstrative maler  -> Windows-komponenter -> Bitlocker-stasjonskryptering -> Operativsystemstasjoner. Eg legg ved 5 bilete som viser innstillingane eg gjorde for å tilpassa Bitlocker mine personlege krav:

  1. Du må aktivere/krysse av Tillat Bitlocker uten en kompatibel TPM… 
  2. Eg tilrår aktivering Tillat utvidede PIN-koder for oppstart. Vanlegvis er BitLocker sett opp med tilsvarande krav til PIN som ein mobiltelefon (4 siffer). I mine auge er denne løysinga for svak. Med utvida PIN-kodar aktivert kan du bruke små, store bokstaver, symbol eller tal til oppstartspassordet. Sidan oppstartspassordet må leggast inn før norsk tastatur er lasta inn, hald deg til teikna a-z, A-Z og 0-9.
  3. Eg vel å setje at passordet skal vere på minimum 8 teikn.
  4. Denne slo eg på fordi prosessoren Core i3-2370M ikkje har maskinvareaksellerasjon av krypteringsalgoritmene.
  5. Sidan maskina mi har SSD og det var begrensa med data når eg krypterte ho, valde eg å berre kryptere brukt plass. Sidan det jamnleg blir køyrt TRIM av SSDen, vil ledig plass bli nulla ut slik at eg ikkje ser det nødvendig å kryptere denne. Med tradisjonelle platelager må ein kryptere alt.

2 månadar med Windows Phone

Nokia-Lumia-620For ca 2 mnd sidan kjøpte eg ein Nokia Lumia 620 til kr 499 med kontantkort. Eg har kjennskap til Apple- og Android-universet. Eg har tidlegare omtala mine erfaringar med Samsung S2. Ein ting er sikkert: Dei 3 mobilplattformane er heilt forskjellige. Kva sit eg att med etter ca 2 månadar med Windows Phone?

Positivt

Om du brukar telefonen sporadisk var Nokia Lumia 620 ein sann glede. Sjølv om telefonen har eit mindre batteri enn S2, kan han ligge 5 dagar uten lading. Med same bruk som S2 held han i 2 dagar, medan S2 greier berre 1 dag.

Lydkvaliteten synes eg er betre enn mange andre telefonar. Eg brukar ikkje nokon form for lydsminke på mine avspelingseiningar. Alt av innstillingar står på 0 og om det er mogleg så koplar eg lyd utenom tone og balansekontrollar. Musikken min kodar eg på høg kvalitet. Standard 128 kb er ikkje nok. Nokia Lumia 620 har eit godt og vidt stereobilde der detaljar i musikken kjem tydelegare fram enn på andre mobilar, iPod nano og Sansa e260.

Sjølve OSet er veldig responsivt. Eg har heller ikkje mangla applikasjonar og funne det eg har hatt trong for. Til og med ein gratis app for å få tilgang til mine bokmerker i Chrome eksisterer, sjølv om han ikkje er utvikla av Google. Som tidlegare eigar av Nokia N8 set eg pris på tilgong til Nokia si kartløysing og navigasjon.

At det er mogleg med miniSD-kort i telefonen er positivt. Med 32 GB får eg med det meste av det interessante i samlinga mi med meg i høg kvalitet.

Om vi ser bort frå operativsystemet, synes eg storleiken er akkurat passeleg. Materialet virkar solid. Eg har mista telefonen frå hoftehøgd ned i eit steingolv, då eg bomma på lomma. Den spratt i tre deler; hovuddel med skjerm, bakdel som omsluttar hovudelen og batteri. Ingen skade på telefonen og han starta utan å klage etter at eg sette han saman att. Lurer på korleis det hadde gått med t.d. iPhone 4S.

Negativt

Eg skulle bruke telefonen til å flytte nokre filer mellom to pcar. Det rota til spelelister så eg er usikker på om han egnar seg til dette. I det minste må du vere merkasm på meldingar som måtte kome opp når du koplar han til andre pcar. 

Windows Phone og Google Calendar går ikkje heilt overeins. Om du legg inn ein avtale på klokka 17.00 vert han korrigert til 16.00, etter at han er synkronisert med Google Calendar. Løysinga er å legge inn avtalen ein time fram i tid, kl 18.00 i eksempelet mitt. Etter synkronisering med Google Calendar blir han flytta til kl 17.00. Inntil problemet er løyst av Microsoft er det eit irritasjonsmoment. Så lenge eg veit korleis eg kan handtere det, kan eg leve med det.

Den store «show-stopper» er tryggleiken til Windows Phone. Den første er førehandsvisning av første delen av meldingar på toppen av skjermen når telefonen er låst. For deg betyr det at du kan lese SMS-koden frå banken og andre utan å låse opp telefonen. I eit scenario der telefonen og passorda dine er stolne, treng ikkje den som har telefonen låse han opp for å få tak i koden som kjem på SMS. Sett på ein anna måte har Microsoft har nulla ut verdien av 2-faktor autentisering ved hjelp av meldingar til telefonen. Eg lurer på kva dei vil kalle dette: Lus eller funksjonalitet. Eg vil kalle det tanketomt og hovudlaust.

Uten at telefonen er kopla til Exchange med policy for kryptering slått på, kan du berre gløyme å sikre dine data med kryptering. Det er ikkje mogleg å kryptere telefon eller sd-kort om du er vanleg privat brukar. Dette er for dårleg Microsoft, jamvel uakseptabelt. Til og med min gamle Nokia N8 med Symbian tilbaud fullstendig kryptering av både telefonminne, fastminne i telefonen og sd-kort.

Konklusjon

Utifrå eit tryggleiksperspektiv har Microsoft gjort eit par solide blunderar som fører til at eg ikkje kan tilrå Windows Phone.

Enkelt og meir sikkert enn Dropbox

lockHeilt sidan 2011, før Edward Snowden kom på bana, har eg vore skeptisk til skytenester. Det byrja med norske Jotta, no Jottacloud, og Ubuntu One. I skildringane av tenestene blir det fokusert på at overføringa av data går over kryptert kanal. Vel og bra det, men det er til lita trøst når dine data vert lagra ukryptert hjå tenestetilbydaren. Følgjetongen enda opp i innlegget Tåkelegg skya for godt. Ikkje nok med det, eg er særdeles skeptisk til funksjonalitet som vert sniken inn med SkyDrive. Meir om det kan du lese i innlegget SkyDrive – bakdør til alt ditt?

Har eg funne ei sikker nok skyteneste?

Ja, eg har funne to som eg meiner tilfredsstiller mine krav til tryggleik:

  1. SpiderOak
  2. Wuala

SpiderOak testa eg først. Ulempa er at dei tilbyr berre 2 GB gratis, men klientprogramvara var for meg den største bøygen. Ho var vel komplisert i forhold til Dropbox, GoogleDrive osv. Eg valde å ikkje ivestere for mykje tid på tenesta og såg meg etter alternativ.

Wuala byrja eg testinga av tidlegare i haust. Sjølv om Wuala-klienten er litt meir avansert enn dei enklaste løysingane, baud den ikkje på dei store utfordringane. Eg likar spesielt godt at ein ikkje er låst til katalogar som GoogleDrive og Dropbox. Ein kan fritt setje opp sine eigne mapper for synkronisering. For eksempel er det berre å kople opp Dokumenter på PCen med Documents i Wuala-klienten. Eller kanskje du har ei Foto-mappe som du vil kople mot Pictures i Wuala-klienten. I tillegg kan du legge til dine eigne mapper i Wuala-klienten og kople dei mot mapper på maskinene dine:

wualaclient

Wuala tilbyr kryptering av filene inkludert metadata (mappenamn, filnamn, kommentarer, forhåndsvisninger osv) før dei forlet datamaskinene over kryptert kanal til endeleg kvile i kryptert form hjå tenesta. Wuala kan berre sjå kor mange filer eg lagrar og kor mykje plass dei tek. Med andre ord har Wuala null kunnskap (zero knowledge) om kva eg lagrar hjå dei. Det er slik eg vil ha det.

Einaste ulempa er om eg gløymer passordet. Det er ikkje mogleg å resette eit gløymt passord. Utan passord får eg ikkje tilgang til filene på Wuala. Det er slikt eg likar, ingen bakveg som kan utnyttast. Greier du ikkje halde styr på passorda dine, skal du ikkje satse på Wuala.

I tillegg kan det nemnast at tenesta ikkje har tilhald i USA eller Storbritannia. Tenarane er plassert i Sveits, Tyskland og Frankrike. Selskapet har hovudkontor i Sveits.

Følgjer du denne lenka får du 1 GB ekstra, total 6 GB.

10 månadar med Android

Samsung S2I januar gjekk eg over frå Nokia N8 med Symbian Belle til Samsung S2 med Android 4.0.4 og seinare 4.1.2. Før du les vidare skal eg gjere deg merksam på at mine erfaringar med Samsung S2 og/eller Android er på ingen måte fordelaktige. Det har vore sagt og skrive mykje i forhold til Nokia og Symbian, men eg har ikkje noko å utsetja på det. Symbian gjorde jobben sin utan «dikkedariar».

Batteritid

Eg skal vere like kort. Batteritida er dårleg. Sjølv med mininal bruk må du lade kvar dag.

Android

Eg og for den del andre har opplevd eit par problem med telefonen og/eller Android som i det minste er kjedelege, men for meg er i klassen med «show-stoppers».

Kryptering av telefon

Telefonane no til dags er meir enn eit verktøy å ringe med. Dei skal krypterast slik at data ikkje kjem uvedkomande i hende om du misser han. Første gong eg krypterte telefonen såg alt ut til å gå som planlagt, men når han var ferdig hevda Android at han hadde vorte avbroten og måtte nullstillast. Heldigvis hadde eg teke sikkerheitskopi, men det tek alltid ei tid å få sett opp at telefonen slik ein vil ha han.

Aktivering av kryptering på ein anna Samsung S2 medførte ikkje den same meldinga, men telefonen måtte nullstillast til eigaren sin irritasjon då krypteringa hang seg opp.

Datapartisjon fylles sakte, men sikkert opp

Eg er på ingen måte ein aktive brukar av applikasjonar. Eg har ikkje spel, berre nokre få, nødvendige applikasjonar av eige val installert. Telefonen har ein partisjon til applikasjonar og data til desse. Nokre applikasjonar kan ein flytte over på SD-kortet, men det er heller få. Sakte men sikkert fekk telefonen i løpet av 6-7 månadar fyllt opp applikasjon- og datapartisjonen. Det var att mellom 100 og 200 MB som førte til at eg ikkje fekk oppdatert applikasjonar og telefonen klaga over at han hadde lågt med minne.

Problemet har andre opplevd mykje meir enn meg, med gjentekne nullstillingar av telefon som følgje. Eg har sett dette problemet på ein anna fabrikant sin telefon og anna modell av Samsung med eldre versjonar for Android. For meg tyder det på at eit eller anna med Android må vere riv ruskande gale når det ikkje greier å rydde opp etter seg. Ein skulle trudd at dette var på plass i versjon 4.1.2, men den gang ei!

Google Play Music applikasjon

Eg har ein del musikk på telefonen. For spelelister generert frå PC i t.d. m3u-format er det ikkje problem. Problemet er spelelistene eg lagar med applikasjonen. Ved ein restart av telefonen blir alle desse tømde. Spelelista er der, men ho innehald ikkje spor. Det verste med det er at det ikkje er noko nytt problem. Søk på Google etter google play music playlists empty eller google play music playlists disappear.

Konklusjon

Eg er i sterke tvil om min neste telefon blir basert på Android. På meg virkar Android som eit system som ikkje er mogent nok. Det er altfor mange lus og store fundamentale problem som fører til at ein utan dei rette forholdsreglane kan ende opp med store tap av data og bortkasta tid med å setje opp att telefonen.

Tur: Lauparfjellet

LauparfjelletNamnet gir inntrykk av at ein må høgt til fjells, men dette ein bonus til turen til Hamrestølen framom Høgehaug. Etter at du har kome ut frå skogen og byrja på skogsvegen, kan du etter eit par 100 meter ta ein avstikkar ned til utsiktspunktet. Det heng eit skilt med svak raud skrift som indikerer starten på stien. Det er ikkje meir enn 100 meter å gå før du klatrar over eit gjerde og kjem ut på ei hylle over Hanahaug med utsikt over Leikanger og Sognefjorden.

Om du har valt å gå frå Eggja er det berre å halde fram turen på skogsvegen. Hamrestølen er omtrent halvveges til utsiktspunktet Lauparfjellet.

Tur: Hamrestølen frå Eggja

HamrestølenHamrestølen er ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Stølen ligg på ca 400 moh, rett over Hamre. Kortaste fotturen dit tek du frå Eggja. Han er på mellom 700 – 800 meter slik at du knapt kan rekne med å bli sveitt. I så måte er det ein ypperleg tur å ta med seg små ungar på.

For å kome til Eggja må du køyre forbi Hamre og fruktlageret i retning Hella. Etter 400-500 meter tek du av frå Sognefjordsvegen og startar klatringa opp mot Eggja. Vegen slynger seg oppover bak Fosshagen og er til tider smal. Ver budd på å rygge, her er det sjeldan plass til to køyretøy. Du skal nesten heilt til endes på Eggja. Ca 100 meter før bilvegen endar, startar skogsvegen som går opp til Hamrestølen.

Etter ca 2/3 av turen etter skogsvegen kjem du til ei grind som markerer starten på eit granfelt. Legg merke til orkanen Dagmar sine herjingar i området. Ute i terrenget rundt skogsvegen ligg mykje gran flat. Like etter Dagmar, for snart eit par år sidan, var skogsvegen uframkommeleg. Området likna meir på pinnespelet der ein slepp pinnar og skal plukke dei opp ein og ein utan at dei andre pinnane rører seg. Det var ei utfordring og passere og til tider ikkje heilt trygt sidan ein ikkje kunne vere viss på kva for spenn som var att i trea. Herjingane her var etter mi vurdering verre enn på stien til Skoparsete frå Skjer.

Tur: Kleppa til Hamrestølen framom Høgehaug

HamrestølenHamrestølen er ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Stølen ligg på ca 400 moh, rett over Hamre. Det blir omtrent på same høgda som Kleppa. Det er kortare å gå til Hamrestølen frå Eggja, men frå Kleppa kan du variere turen.

Haugen som ligg vest for Kleppaområdet heiter Høgehaug. Kleppa ligg på austsida og Hamrestølen ligg på vestsida av Høgehaug. Du kan velje å gå framom Høgehaug, bak Høgehaug eller over Høgehaug. Her blir turen framom Høgehaug skildra og han er ca 2,5 km lang. Det er same lengda som turen bak Høgehaug frå Kleppa. Ein rundtur rundt Høgehaug blir då på 5 km.

Frå Kleppa følgjer du traktorvegen til du kjem til Husabøstølen. Der skal du ta til venstre opp gjennom skogen. I enden vil du sjå eit skilt som pekar til Eggja. Du passerer eit gamalt sel og vil like etter gå inn i granskogen på framsida av Høgehaug. Mykje av stien går langs gjerdet som går over Frækaland. Trea står tett, men du kan skimte litt fjord og terreng gjennom dei. Dagmar har velta ein del tre.

Omtrent halvdelen av turen går i skogen, før du kjem ut på ein skogsveg som kjem frå Hamrestølen og Eggja. Har du tid vil du etter nokre 100 meter på skogsvegen kunne ta ein avstikkar ned til eit utsiktspunkt kalla Lauparfjellet. Skiltet er litt utydeleg. Det er ein kort avstikkar på ca 100 meter som tek deg til eit luftig utsiktpunkt rett bak og over Hanahaug.

Vil du ikkje sjå på utsikten er det berre å følgje skogsvegen til du kjem ut på Hamrestølen.

Tur: Kleppa til Hamrestølen bak Høgehaug

HamrestølenHamrestølen er ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Stølen ligg på ca 400 moh, rett over Hamre. Det blir omtrent på same høgda som Kleppa. Det er kortare å gå til Hamrestølen frå Eggja, men frå Kleppa kan du variere turen.

Haugen som ligg vest for Kleppaområdet heiter Høgehaug. Kleppa ligg på austsida og Hamrestølen ligg på vestsida av Høgehaug. Du kan velje å gå framom Høgehaug, bak Høgehaug eller over Høgehaug. Her blir turen bak Høgehaug skildra og han er ca 2,5 km lang.

Frå Kleppa følgjer du traktorvegen i nesten 1 km til der han gjer ein krapp sving og du har tre retningar å gå i. Mot sør kan du gå opp på Høgehaug. Mot nord svingar vegen tilbake mot Øvstestølen. Om du held fram vestover eller rett fram i svingen, kjem du inn på stien som går i retning Hamrestølen. På vegen dit passerer du i skogen over Vålamyri.

Frå du forlet skogsvegen i svingen, går du inn i myrområde. Til Vålamyri er det like over 900 meter og halvparten av stien går gjennom fuktig myr og gras. Når du kjem til granskogen, vil du etter eit kort stykke kome til tydeleg skilting som peikar deg ned mot leirplassen ved Vålamyri. Frå dette skiltet og til Hamrestølen er det att ca 800 meter som hovudsakleg går gjennom tett granskog. Tre er med ujamne mellomrom merka, men det er ikkje vanskeleg å sjå kor stien går. Når du nærmar deg Hamrestølen, vil du sjå at orkanen Dagmar har sett sine spor. Store mengder med tre er velta og stien har vorte rydda. Ca 50 meter frå sælet og løa der ein finn turposten, kjem ein ut av skogen og inn på traktorvegen som går på framsida inn til under Høgehaug.