Tur: Orrasete

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. For nybyrjarar eller familiar med små ungar, finn ein kanskje den beste turen her; turen til stølen Orrasete. Han er kort og tek 15-20 minutt. Stien er tydeleg og godt merka. Systrond sogelag har sett opp skilt med gamle stadnamn som du kan bruke som pausepostar. Du får eit variert terreng å gå med slak skogsveg, ei kort stigning og slak sti gjennom skog. Til slutt endar du opp på eit stølsområde med god utsikt mot Feios, Borlaug og inn Sognefjorden frå øvre den delen av stølsområdet. Eg meinar kven som helst, uavhengig av form, kan gå turen. Berre ta turen i ditt tempo.

Orrasete er gamal heimastøl. Han vart brukt vår og haust av gardane på Grinde og Engjasete. Det er ikkje mykje som står att. Du finn eit sel, restar av ei høyløe og nokre steinmurar.

Når du har gått lei av å gå til Orrasete, kan du strekke turen litt lenger og gå til Hedlesetnipa. Her får du ei endå finare utsikt mot Vangsnes, Balestrand og utover Sognefjordvegen mot Hella. Når du er lei den turen, kan strekke deg til Dalsbotnen og deretter Mælen. Når du føler deg i bra nok form, kan turåret avsluttast med å gå opp på Hest. Alle desse turane vil bli teke for seg kvar for seg i bloggen.

Ubuntu 8.04 LTS og HP Compaq Mini 730

Ubuntu 8.04No har eg fått på plass linux må maskina og alt fungerer. Det er lurast å satse på Ubuntu LTS – Long Time Support. LTS-versjonen byggjer ikkje på det aller siste tilgjengelege, men er laga for at alt skal fungere best mogleg over tid. I 9.04-versjonen fungerte ikkje lydkortet på maskina. LTS-versjonane har støtte og oppdateringar i 3 år for ordinære maskiner og 5 år på tenarar. Ein vanleg Ubuntu-versjon har halvparten. Ubuntu 8.04 vart slept i april 2008 og vil bli støtta til april 2011.

Miniberbare er lette og meint å ta med på reis. Dei bør sikrast slik at data er tryggja om maskina kjem bort. Den vanlege versjonen av Ubuntu, live-cden, har ikkje fullstendig kryptering av disk. Du må laste ned alternativ versjon. Han kan ikkje køyrast som live-cd, men er likevel svært enkel å installere. Du blir leia gjennom prosedyren på ein lett forståleg måte.

Mesteparten av det eg treng er på plass her. I Ubuntu leverer dei berre OpenOffice versjon 2.4. Eg ønskjer å bruke OpenOffice versjon 3.1, som mellom anna har støtte for Microsoft Office 2007-filer og siste versjon av Open Document Format. Siste versjon av Pidgin, ein «messenger» som støttar det meste av tenester, vil eg bruke. I Ubuntu 8.04 LTS er det versjon 2.4 med sine spesialoppdateringar, medan Pidgin er komen til versjon 2.58. Det har vore endringar i prosedyren for pålogging av msn, som har skapt problem for 2.4-versjonen. For å vere sikker på at Pidgin ikkje misser msn, vil eg bruke den til ei kvar tid siste versjon. Løysinga er å leggje til eit par pakkebrønnar og oppdateringar vil kome når Ubuntu sjekkar pakkebrønnane med jamne mellomrom. Det er ikkje vanskeleg å legge til nye pakkebrønnar. Berre søk på nettet og du finn oppskrifta.

Pakkebrønnen til Ubuntu er enorm og alt er gratis. Du får lov å donere til Ubuntu-uviklarane, men det er ikkje plikt. I brønnen har eg funne det eg treng. Mozilla Thunderbird er på plass som e-postprogram. Eg brukar Thunderbird i Windows, så det var berre å kopiere over datafilene til Ubuntu og oppsett og e-postar på plass. Eg fann eit program for synkronisering av filer med grafisk grensesnitt. No kan eg lett synkronisere mellom nettverksdisken og maskinene mine. Dette sikrar at eg har siste versjon av filene på pcane mine. Blåtannmusa fekk eg til å virke. Det var ikkje så vanskeleg, eg måtte berre velje rett type utstyr så dukka ho vart ho synleg. Rettleiing fann eg på nettet. Musikk- og videoavspeling i ulike format fungerer fint. Fotoarkiv og -redigering er på plass. Litt lett underhaldning er med. Sidan maskina er alt for svak for videoredigering, saknar eg ikkje det. Antivirusprogramvare kan ein berre gløyme, du treng ikkje det.

Som på dei fleste miniberbare er skjermarealet sterkt avgrensa. På compaqen er det berre 1024×576 punkt. For å få mest mogleg att til programma som køyrer, har eg gjort eit par justeringar. Standardfonten for grensesnittet er justert ned, men framleis godt lesleg. Nedste lina er justert ned til 19 pkt, sett på automatisk skjuling som reduserer ho til nokre få punkt i høgde. Eg har aktivert knappane for å skjule lina heilt. Øvste lina er justert tilsvarande, men her set ikona eit stoppar for den reelle punkthøgda. Når begge linene er skjult, kan programma breie seg over heile skjermarealet. I tillegg har eg vorte flink til å bruke F11, dvs. bruke heile skjermen til vevsidene, i Firefox.

Så er det ikkje alle program eg brukar som eksisterer i linux-versjon. For desse har eg henta ned Wine frå pakkebrønnen til Ubuntu. Det ser ut til å fungere fint. Tek du turen innom sidene deira, vil du sjå at mange spel fungerer fint under linux, via Wine.

Ubuntu Netbook Remix 9.04 og HP Compaq Mini 730

439616 Mpx hadde eit så gått tilbod på maskina, at eg kunne ikkje motså det. Ideen var å køyre Ubuntu 9.04 Netbook Remix  (UNR) med full diskkryptering. UNR har mellom anna eit tilpassa grensesnitt for minipcane og skal elles vere tilpassa maskinvaren deira. Sidan minipcar er maskiner som det skal vere enkelt å ta med seg, meinar eg at det må vere eit absolutt krav at disken er fullstendig kryptert, for å sikre at data ikkje kjem i uvedkomande sine hender.

Det første eg la merke til under installasjonen, var at UNR ikkje har val om å køyre full diskkryptering. Heller ikkje fekk eg spørsmål om å køyre kryptering av heimekatalog, som eg får i den ordinære Ubuntu, No er det vegar rundt det med full diskkryptering, men det krev at du installerer vanleg Ubuntu med alternativ cd og legg til pakkar for å få grensesnittet til UNR med meir. Eg har valt å ikkje gjere det, fordi det per no er fleire problem.

Etter å ha brukt maskina litt oppdaga eg at maskina var vel stille. Det viser seg at ei oppdetering av kjernen i Linux gjer at lydkortet ikkje fungerer. Dette har eg funne løysing på heilt tilbake til tidspunktet for då 9.04-versjonen vart slept. Problemet eksisterer likevel framleis. I tillegg fekk eg ikkje blåtannprogramvara til å finne musa. Alt såg ut til å fungere, men musa dukka ikkje opp. Eg ønskjer ikkje å køyre spesialskript kvar gong kjernen blir oppdatert, og vel å vente til Ubuntu Netbook Remix med Long Time Support (LTS) og vonar alt er løyst.

Tur: Vassvarden

Turen til Vassvarden starta før på parkeringsplassen på ferjekaien Hella. Ein gjekk gjennom tunet til grunneigar og inn på stien forbi Flete opp til Ruud gard.

Den 04.06.2018 blei starten av turen flytta. Frå kaien må du no gå vel 500 meter, etter hovedvegen, i retning Leikanger. Her finn du skilta som peikar deg inn på kjerrevegen til Vesterheim.

2018-Sanden-Vesterheim-01

Kjerrevegen går sikksakk opp lia. Omtrent halvveges kan du stikke ut på svaberga og få med deg utsikt over fjorden og ferjetrafikken. Oppe på Vesterheim passerer du like under det gamle skulehuset. Etter vel 50 meter i retning garden Vesterheim, kjem du til eit nytt skilt som peikar deg i retning av stien opp til Ruud. Om du vil til Flete kan du følgje stien som går utover under skulehuset. Det blir ein omveg i høve å gå rett opp frå Vestrheim til Ruud.

Du kan lese meir om området på «Ro, et lite eventyr» og på eitorn.origo.no. Over husa på Ruud går du gjennom enga og opp, gjennom skogen, til stølen Skare på 515 moh. Frå Skare kan du nyte utsikta utover Sognefjorden og ned på garden Ruud. Turen opp til Skare passar i seg sjølv som ein kortare tur. Han tilsvarar turen frå Kvålen til Skagasete over Haoahaug.

Over Skare går du gjennom skogen opp til Daurmålhaug på 732 moh. På vegen passerer du under den nye kraftlina mellom Fardal og Ørskog. På Daurmålhaug er du over tregrensa, og kan skimte Vassvarden i nordleg horisont. Du held fram nordover på vestleg side av Storholten, som ligg rett sørom Vassvarden. Stien er rimeleg synleg og du kan speide etter små steinvardar eller små stikker i terrenget.

Når du er komen opp vest for Storholten, vil du sjå varden igjen. Det er berre å sikte seg inn og gå mot han. Oppe ved varden har du ei fantastisk utsikt, spesielt mot eit ope turlandskap heilt vest i Leikanger kommune. I sørleg retning ser du mot Borlaug, Feios, Vangsnes og Vik. Dreier du mot vest, ser du Kvamsøy, Balestrand, Dragsvik, Sværefjorden og innseglinga til Fjærlandsfjorden. På ein klar dag kan du sjå langt inn i fjella.

Frå Vassvarden kan du velje å gå vidare nord/nordaustover, passere Syringaholten, kome deg opp på Troeggi for gå fram til sydspissen av Stav. Her kan du velje å gå til nordspissen, ned ryggen på Stavafjellet og kome ned i Grindsdalen, på Stavsete. Eit anna alternativ er å ta turen sørover om Midteggi til Hest for å gå ned til stølen Dalsbotnen og til garden på Engjasete. Eg tilrår å gå denne turen motsett veg. Du sparar nokre høgdemeter med å starte på Engjasete. Litt om turen og bilete finn du her.

Det manglar bilete av stien frå vegen om Vestrheim til Ruud, men den delen ser du i videoane. Bileteserien under er frå 2009 og startar på Ruud, på veg opp til husa. Nokre endringar i løpeta av åra har det blitt, både på garden Ruud og over Skare, som følgje av bygginga av kraftlina frå Fardal til Ørskog.

Reklame eller ikkje, eit vanskeleg spørsmål

Reklame finansierer det meste på internett no, men ein del sider er lasta med så mykje reklame at eg går lei. TV3 og tilsvarande kanalar har det same problemet. Det er ikkje råd å sjå ein film “live” med alle desse 5+ minutt lange reklamepausane. Eg gidd ikkje å li meg gjennom Vitaepro og diverse sjampooreklamar. Det blir til at eg tek opp programmet på HD-opptakaren og hoppar galant over reklamepausane. Korleis kan eg gjere det same på nettet?

Jau, med Mozilla Firefox og AdBlock Plus plugin. Her har du slik VG ser ut no:

Utan AdBlock Plus:

reklame

Med AdBlock Plus:

reklemefilter

Eg abonnerer på ei tysk liste (gratis) med adresser som skal blokkerast. Det fins også andre lister, t.d. amerikanske osv. Eg har også lagt inn eit par sperrer sjølv, noko som er svært enkelt. Filteret kan når som helst slåast av og på, dersom eg trur det kan vere reklame av interesse på ei side. Eg undergrev nok finansieringa nettstadane, men for mykje av det gode er og blir for mykje av det gode, meinar eg.

Er Sogn Avis ubalansert i kraftverksaka?

Det tok nokre dagar der eg vurderte om eg skulle skrive noko om det som hende eller ikkje. Etter kvart som tida har gått, seig det på meg. Mykje skjedde og vart skrive i veka eg var borte.

På feriereise 20.06.09 sende eg inn ein e-post til Sogn Avis der eg viste til bloggen og ville at bloggartikkelen min skulle inn som innlegg i avisa. Eg legg ved eit bilete av e-posten samt teksten:

e-post Har sett i avisa at det er mykje lesarinnlegg og artiklar vedrørande kraftverk i Leikanger. Mitt inntrykk er at det blir negativt fokusert i innlegga og i artiklane. Eg synes fokuset blir heilt feil.
Eg likar å gå i naturen og har vore frå aust til vest og nord til sør i Leikanger kommune. Eg meinar eg har rimeleg bra oversikt over naturen i kommunen. Mitt fokus er at fleire må få moglegheit å kunne nyte vår natur. Slik som det er no er det eit mindretal som gjennom god form som får moglegheit til å kome seg opp i det eg kallar ei naturoppleving. Det er ikkje mykje spaning å traske etter grusveg nede i dalar og stire inn i tettvokst skog.
Kan vi bruke det at ein vil byggje eit kraftverk til å gjere eksisterande arrangement i Kjeringi Open og Sognefjordrennet til vintersportsaktivitet heile året? Har vi moglegheiten å kombinere ei satsing på vintersport med ei satsing på sommaridrett eller -aktvitetar?
Eg vil utfordre lesarar, så vel som avisa, til å vinkle dette til kva ein kan få til som følgje av utbygginga om ein tenkjer seg om og er villig til å satse. Det eg har skrive følgjer ikkje vedlagt, men kan lesast eller hentast her:

http://arildbjork.spaces.live.com/blog/cns!63C1C9242D4AB2E6!5931.entry

Både tekst og bilete er mine, så alt i innlegget kan brukast.

Arild Bjørk

Stor var overraskinga når eg las gjennom bunken med aviser etter ferieturen. Sogn Avis hadde brukt e-posten som eit innlegg og vist til  bloggartikkelen. E-posten var til avisa og skulle forklare bakgrunnen for innlegget som låg i bloggen min.

Kva er gale med måten avisa gjorde det på?
I dag er det framleis mange som ikkje har tilgong til nettet. Eg får ikkje delt mine idear og synspunkt med avisa sine lesarar i like stor grad. Meinar du blogginnlegget mitt har relevans, sørg for å sende lenka vidare til vener og kjente eller gi det som utskrift.

Var eg for vag i e-posten, kunne noko misforståast?
Eg ser at eg burde nok ha ordlagt meg litt annleis i setninga: “Det eg har skrive følgjer ikkje vedlagt, men kan lesast eller hentast her”. Setninga burde ha lydd “Deg eg har skrive følgjer ikkje vedlagt, men kan lesast og hentast her” eller “Det eg har skrive følgjer ikkje vedlagt, men kan hentast her”. Men sidan det i setninga under nettadressa (URL) heilt klart går fram at eg gir løyve å bruke både tekst og bilete, meinar eg det burde fjerne tvilen. E-posten inneheldt ingen bilete. Saman med “Det eg har skrive følgjer ikkje vedlagt…” er eg av den klare oppfatning at redaksjonen burde ha skjønt at det var bloggartikkelen som skulle vere innlegget i avisa.

Eg har sjekka innboks og spam-filter. Avisa tok ikkje kontakt for å oppklare dersom dei hadde vanskeleg for å forstå min e-post eller om innlegget ville vore for langt.

Kvifor valde eg å gjere det på denne måten?
Innlegg som skal inn i avisa, må redaksjonen tilpasse i sine publikasjonsverktøy i spalteform. Av det eg har fått med meg baserer ikkje avisproduksjonen seg på Word og Excel. Ei fil med artikkelen sett opp for A4-format må omarbeidast av redaksjonen. Nettpublisering i html er den enklaste måte å gi rein tekst/html-tekst. Bilete er sjølvstendige filer som enkelt kan lastast ned og tilpassast i storleik, form og svart/kvitt-formatet. Eg meinte det var det beste alternativet for at avisa skulle kunne tilpasse artikkelen til papirformatet ved enkelt å bruke klipp og lim inn i sine verktøy samt hente ned og tilpasse bilete.

Ettertanke
Artigt er det å lese innlegget til Ingvild Austad som skriv under som Professor i landskapslanlegging, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Innlegget ber preg av nostalgi og romantisering av årsaka til kvifor ho flytte hit for 30 år sidan. Mellom anna fordi kulturlandskapet vart halde vedlike. Tida har gått og i dag kan eg gi eksempel på stadar og turområder som står til forfall:

  1. Nyastøl i Henjadalen, ved utløpet av Friksdalen. Meinar å hugse at alt var nedfalle første gong eg var der i ca 1992. Det skal ikkje forundre meg at Nyastøl, i det minste, var på god veg til forfall allereie for 30 år sidan.
  2. Dalhjedla i Henjadalen gror att. Uteløer dett ned og spraken/einene et seg inn på stølsområdet. Stien opp til Stokksete vart, etter det eg veit, forsøkt rydda for ei tid tilbake, men er vanskeleg å finna både frå Dalhjeldla og der han kjem inn på stien frå Raumålsgrinda til Stokksete. Stien er langt frå tydeleg i terrenget.
  3. Fadnastølen i Njøsadalen er prega av at spraken/einene et seg inn på stølsområdet.
  4. Turen opp til Vassvarden på Storeholten, frå Hella, byrjar å bli prega av at landskapet ikkje blir helde i hevd. Første gong eg gjekk han var i 2005. Slik eg hugser det var det i 2005 og 2006 sauer i området over Rud-garden og så vart det slutt. Konsekvensen av at sauen er borte var tydelege allereie i juli 2008. Frå eg gjekk ut av dei uslegne engene med høgt gras på Rud-garden, var det tydeleg at graset og vegetasjon tetna til rundt stien. Frå den nederste stølen Skarde og opp til Rudstølen har mengda av vegetasjon merkbart tjukna til.
  5. 2005 orrasetePå Orrasete over Engjasete, på Grinde, ser eg dei same tendensane. Eg tok turen til Mælen den 28.06.09 og stussa litt over at eg ikkje traff på dyr i det heile på veg til/frå Mælen. Bilete til høgre er frå Orrasete den 29.06.05 og syner at det gjekk både hestar og sauer der.
  6. Eg kan gjerne forsette med Skopasete som gror att og ligg til forfall.
  7. Stien opp frå riksvegen til Eitun-garden i Eitorn er eit villniss av blomster og gras.

No er det ikkje slik at eg krev at grunneigarar og dei som disponerer områda skal halde stiar og gamle stølar i hevd. I dag er det ikkje lenger bruk for den vesle vestlandsbonden med nokre sauer på beite. Vi skal og må drive større og meir effektivt. Eg har den fulle forståing at ein ikkje har ønskje om å springe fjella rundt i Leikanger for å samle inn att sauer. Eg registrerer at storsamfunnet aksepterer og betalar bønder for å gå laus på gamle områder med motorsag i håp om å få tilbake det gamle kulturlandskapet. Det blir vel ikkje heilt det same? Er vi ein gjeng med nostalgiske romatikarar som trur ein “quick fix” er det same som det slitet forfedrene la ned? Eg aksepterer at noko forgår og nye ting kjem.

0520001 Ein liten detalj som dukka opp tidleg i innlegget er: “Henjadalen som et attraktivt nærturområde hvor jeg opp gjennom årene har tilbrakt mye tid med barn og barnebarn på Flya med bading og fiske…”. Eg har utheva detaljen med raud skrift. Sidan Henjaelva er drikkevasskjelde, er både camping og bading forbudt, jf. bilete til venstre. Dersom vi, som følgje av kraftverket, får flytta vassinntaket lenger opp i dalen, vil det bli anledning til både å bade og drive med camping heimom vassinntaket.

I tillegg har vi det famøse innlegget til Anders Anderssen som samanliknar lokaldemokratiet vårt med Iran sitt styresett. Det er godt at våre politikarar set han på plass i avisa laurdag 27.06.09. Eg vel difor ikkje gå inn på innlegget her. Han prøvd å klargjere seg i avisa den 01.07.09 utan at det retta opp mykje av fadesen.

Det positive var innlegget til Janne Dokken:

Kva arbeider ”Henjadalen sine venner” i mot?
At kommunen skal få minimum kr 4.500.000 i skatteinntekter + inntekter på fallrettar til fellesskapet kvart år?
At kommunen skal få kr 10.000.000 av inntektene frå grunneigarane til fellesskapet?
At bønder med styregruppa i spissen, var så framsynte at dei leigde inn eit selskap til å forhandle fram ei avtale (med Sognekraft), som gjer at meir enn halvparten av inntektene går til kommunen/fellesskapet og til eit 60-tals bønder/grunneigarar?
At bønder som held vedlike naturen rundt oss med beitedyr og arbeidskraft, som gjer at du og eg kan gå tur i det vakre landskapet, ikkje får utnytte ressursane sine?
At kommunen får auka budsjett til å ruste opp alle våre felles gode i kommunen?
At Henjaelva får ei minstevassføring som sikrar alle i bygda nok reint drikkevatn?
At vi produserer energi med fornybare ressurser.
At det kjem tunellar i fjellet der vatnet skal renne igjennom?
At det kjem ny og betre veg fram i Henjadalen?
At det blir bygd ut ein skogsveg slik at bøndene kan utnytte ressursane sine?
Kva gjer de når bøndene legg ned fordi næringsgrunnlaget ikkje er til stades lenger, og alle turløyper gror igjen?
Kva gjer de når kommunen på grunn av dårlig økonomi må kutte på budsjettet, slik at våre felles offentlige gode blir reduserte til minimum av det som er forsvarlig?
Kva gjer de når kulturtilbodet blir redusert fordi kommunen ikkje har økonomi?
Kva gjer de når regjeringa kanskje ynskjer å omorganisere forvaltninga og dei statlige arbeidsplassane blir flytta eller lagt ned?
Er de heldige klarar de å selja huset før prisane stuper, og flyttar etter.
Idealisme er flott, men for å få eit bygdsamfunn til å gå rundt er ein og avhengig av verdiskapande virksomhet.

Janne Dokken.

Dei to første punkta har blitt meir aktuelle. På NRK Sogn og Fjordane, den 01.07.09, vart Leikanger drege fram som ein kommune som brukte langt meir enn inntektene sine. Vi har allereie merka endringar ved at budsjett blir kutta på t.d. skulen, men det var snakk om ein overforbruk på 10.000.000 – 12.000.000 i året for kommunen. Eg lurer på korleis ein skal greie å ta dette inn. For meg står ikkje Leikanger fram som ein ekstravagant kommune som kastar pengar ut i aust og i vest. Kanskje har vi ikkje gjort optimale investeringar i løpet av åra. T.d. skulen ved stadion som ikkje fekk idrettshall, sjølv om veggen stod klar. Skulen vart kanskje for liten for fort, så nytt bygg måtte på plass. Kort sagt: Det er dyrt å vere fattig. Korleis skal Leikanger kome i balanse og likevel halde eit godt servicenivå for innbyggjarane?

Då er vi tilbake til nostalgikarar og romantikarar både utanfor og i Sogn Avis. Journalisme er å formidle nyhende og historiar, men det finst også kritisk journalistikk som går inn i sakene og stiller spørsmål ved det kjeldene vil formidle. I kraftsaka har eg ikkje fått med meg anna enn at Sogn Avis har stått motstandarane side. Avisa har dekka saka med det eg oppfattar som ei klar slagside. Eg hugsar ikkje at avisa på noko tidspunkt har stilt spørsmål på kva for alternativ motstandarane ser for seg for kommunen:

  • Kva kan sikre inntekter og moglegheit for utvikling av Leikanger?
  • Blir ein kommune meir attraktiv for tilflyttarar dersom han berre kan tilby eit absolutt minimum av tenester?
  • Blir ein kommune meir attraktiv med høge eigedomsskattar og avgifter?
  • Skal vi vere 100% sikre på at staten til ei kvar tid bergar Leikanger?

Eg kan dra inn Luster og deira moglegheiter som følgje av kraftutbygging. T.d. at dei legg pengar på bordet for å få bygd ut breiband. I Leikanger er sentralen plassert ved Leikanger Ungdomsskule. Når du kjem opp i Lundene på Hermansverk, får du problem å skaffe det breiband over 3 Mbit. Byggefeltet Dalen får ikkje levert ADSL av Telenor. Enivest kan levere, men hastigheitene er på lågaste nivå og under. Til og med Frækaland, langt over byggefelta på Leikanger, har betre hastigheiter enn Hermansverk. Sentralen er nær maksgrensa. Eg meinar å hugse at innbyggarar på Solbakken hadde problem med å få breiband for ei tid tilbake. Telefon er Telenor pålagt å føre fram, men det krev liten kapasitet. Det blir fort til at ein splittar liner som hindrar breiband. Var det ikkje eit breibandsselskap som kjøpte fotballrettane for ei tid tilbake? Skal vi vere attraktive for elektronisk pendling i jobben og underhaldning på fritida, får vi jaggu syte for at infrastrukturen er på plass. Verksemdene som er plassert langs Sognefjordvegen har ikkje problem. Dei er ikkje påvirka. Her ligg fiberen i gangvegen, men Telenor kjem ikkje til å oppretta nokon ny sentral på Hermansverk for å sikre at felta der får hastigheitar på 2 eller 3-sifra Mbit. Telenor driv kommersielt og ikkje veldedigheit. Har Leikanger kommune moglegheit for å legge pengar ut for dette?

Det er ufatteleg at ikkje Sogn Avis har stilt kritiske spørsmål til motstandarane, men fungert som eit ukritisk organ for eit mindretal. Sett i lys av det som skjedde med mitt innlegg, meinar eg at det må vere lov å tenke tanken om redaksjonen i avisa skjermar lesarane sine for innlegg som ikkje talar “deira sak”. Er det slik at vi opplever at tomme boksar er dei som skramlar mest?

Berbart utstyr utgjer ein risiko, spesielt i ferietida

Acer Aspire One. Bilete henta frå http://www.acer.no/ Det siste året har det vorte selt mange rimelege mini-berbare med Asus og Acer i leiinga. Ordinære berbare har også vorte rimlegare og kraftigare. Ein ønskjer berbart utstyr framfor stasjonere maskiner, med mindre ein har spesielle behov. I dag vil ein ha fridomen til å sitje kor som helst og vere kopla til internett når som helst. Med fridomen følgjer også ulemper og eit ansvar for å sikre at dine sensitive data, som passord på ulike nettstadar, bilete, e-post og dokument kjem på avvegar. Det er berre å tenkje seg litt om, så hugsar du sikkert personar som har hatt uheldige episodar. Ting har ein tendens til å spreie seg i dag som “eld i turt gras” i dag. Still deg spørsmålet:

Har eg noko på min berbare som eg vil at andre ikkje skal få tak i?
Er spørsmålet Ja, bør du lese vidare.

NA0388Før, når stasjonere maskiner var mest populære, stod desse i huset som du låste huset når du tok deg ein tur. Skulle nokon ha tak i dine data, måtte dei fysisk bryte seg gjennom ei sperre. Berbart utstyr blir teke ut av denne sikringa. Felles for produsentane av berbart utstyr er at dei ikkje tilbyr at dine data skal sikrast mot denne risikoen. Maskiner blir levert med operativsystem og oppsett som gjer at dine data er tilgjengeleg for den som får tak i maskina di. Sjølv med passord på kontoen og kontooppsett som privat i Windows er dine data ikkje sikra.

No vil dei som har kjennskap til Windows Vista hevde at Vista vert levert med eit slikt verktøy. Ja, versjonane Vista Business og Vista Ultimate har eit slikt verktøy: BitLocker. Problemet er at dei maskinene vi som privatpersonar kjøper vanlegvis har Vista Basic eller Vista Home Premium som ikkje har BitLocker. Windows XP, som blir levert på dei aller fleste mini-berbare, har heller ikkje slik funksjonalitet.

Verksemder og offentlege etatar krypterer heile disken for å sikre seg mot at data kjem i feil hender. Det same bør du også gjere og det er ikkje farleg eller vanskeleg. Einaste forutsetninga er at du tek backup av alle dine data før du startar, dersom uhellet skulle vere ute. Med så mange gode tilbod på eksterne platelager, er det inga orsaking å ikkje ta backup. Med systemkryptering blir heile disken kryptert og ikkje separate filer. Det er ikkje mogleg å lese innhaldet på disken utan å ha passordet eller kodesetningen. Den som prøver å undersøke disken, vil sjå han fyllt med tilfeldige data.

Truecrypt

truecryptEg har tidlegare teke for eit verktøy i eit innlegg her på bloggen. Eg har valt å gå over til Truecrypt som, sidan februar 2008, har vorte utvida til å omfatte full systemkryptering. Truecrypt hadde frå før moglegheit til å generere virtuelle diskfiler, kryptere minnepennar, minnekort, eksterne platelager og andre deler av disken som ikkje er systempartisjonar. Kort og godt eit komplett, gratis verktøy for å sikre data på ein enkel måte. Truecrypt er også optimalisert til å dra nytte av dagens prosessorar med 2 eller fleire kjerner. Du vil ikkje merke nokon vesentleg hastigheitsreduksjon.

Før du byrjar med systemkrypteringa bør du hugse:

  1. Har du laga gjenopprettingscd/-dvdane til maskina?

    Mange maskiner blir levert med verktøy for å lage gjenopprettingscd/-dvdar. Alltid opprett desse CD/DVDane slik at du kan gjenopprette maskina til fabrikkstandard når du skal selje ho eller om Windows får ein skikkeleg vondsinna infeksjon av virus eller anna dritt.
  2. Backup av dine data for sikkerheits skuld.Tøffe gutar tek ikkje backup, tøffe gutar gret mykje. Ta backup av data med jamne mellomrom!
  3. Ein CD-R med mindre du legg inn eit mellomrom og /n i snarvegen til Truecrypt.Det siste gjerast dersom du skal kryptere system på ein berbar eller mini-berbar uten CD/DVD/BlueRay-brennar. Årsaka er at Truecrypt prøver å vere idiotsikker ved å krevje at du lagar ein rednings-cd, som Truecrypt verifiserer, slik at du kan få tilgang til dine data dersom seinare eit virus rotar til oppstartsdelen av disken. Denne idiotsikringa kan vere litt tungvinn. Ein måte å sikre at fila ikkje blir liggande på ein kryptert disk, fanga til evig tid, er at du legg fila på ein minnepinne eller ekstern disk. Ein rednings-cd kan seinare lagast av fila på ein anna pc. Berre pass på å ikkje mikse saman filer. Ei redningsfil/-cd er IKKJE universell, men spesifik for kvar pc som du krypterer disken på.
  4. Tenkt ut ein god kodesetning.

    Det er betre med ein god kodesetning, som er lett å hugse, enn eit langt intetsigande passord. Eksempel er setningen for å hugse tonane på strengene til ein 6-strengs gitar: “En Annen Dag Gikk Han Ensom” Bruk store og små bokstavar samt tal. Unngå norske bokstavar som æøåÆØÅ og andre teikn. Tastaturoppsettet er ikkje det same i først oppstartsfasen til maskina som i Windows.

meny Når 1-4 er klart, kan du setje i gong og velje menyen System > Encrypt System Partition/Drive og følgj instruksjonane. Etter at maskina har gjennomført ein del steg inklusive restart og Truecrypt har funne at alt fungerer som det skal, vil du kome inn att i Windows og kryptering av disken startar. Du kan arbeide med maskina medan dette pågår.

Kraftverk i Leikanger

Troeggi Det har vore ein del støy rundt kraftverket i Leikanger i Sogn i våren 2009. Motstandarar bruker eit kvart knep og eit av hovudargumenta er ofte naturopplevinga (i Henjadalen). Eg har gått i fjella frå Hella med Storholten og Troeggi i vest til Skriki i aust. Frå nord har eg vandra nesten til/frå grensa til Fjærland i Grindsdalen og frå Gunvordalen (nesten på Vatnasete) til Hermansverk. Sidan eg kjenner naturområda rimeleg godt, kan eg ikkje skjøne kva dei meinar er så flott med dalar med grusa veg. Å spasere på grusveg nede i ein dal er kort og godt kjedeleg. Takka vere at vi nesten ikkje har sauer att, til å halde vegetasjon nede, er sidene mykje grodd att eller på god veg til å bli det. Det er ikkje lett å finne att gamle stiar i liene.

Skrik Nei, skal ein ha ei naturoppleving, må ein opp over tregrensa. Ikkje noko er flottare enn Troeggi, Mælen, Hest, Kjeringi, Skrik, Lusaskard og Synnevaskjær. Og då sit eg ikkje å studerer Grindsdalen eller Henjadalen. Dei er berre nødvendige «transportetappar» for å kome opp eller ned. Eg har høyrt hjartesukk frå folk over kor lite spanande og interessant vandring det var frå Åsenosi, fremst i Henjadalen, til Syril stadion. Nei, eg har ikkje nøkkel til bommen så ein god marsj er einaste alternativet. Eg har heller ikkje suv, så Huksdalen (austsida av Grindsdalen) fordrar også ein lang marsj.

Energi er ikkje noko vi kjem til krevje mindre av. Etterkvart som olje og gassressursar går tomme eller dei ikkje blir politisk eller økologisk korrekte nok lenger, må vi erstatte dei med andre former for energi. Vindmøller skapar store stridar. Hundrevis av vindmøller plassert på land, så vel som i havet, ser ikkje bra ut. Det er store monster som produserer dyr energi. Eg kan heller ikkje sjå for meg at solfarmar, med titusenvis av kvadratmeter med solceller, skal vere betre. Dette er langt meir skjemmande enn nokre små inngrep, skjult langt inne i to dalar.

Kvinnafossen Ikkje vil inngrepa skjemme fronten mot Sognefjorden fordi dei skjer langt inn i dalar, som buktar kilometervis – om ikkje ei mil – nordover. Turistar på cruiseskip og private yachter vil vere uanande om kva dei djupe dalane skjuler. Elvene våre er knapt synlege frå der båtane passerer, like oppunder Borlaug, på veg til Flåm og Gudvangen. Og så var det fiske. I Henjaelva er det stopp etter ca 1 km opp elva, under ei demning, for fisk. Laksehøl var/er ein attraktiv plass, men sidan eg var barn var dette ein plass som ikkje var tilgjengeleg for ålmenta. Her vart ein jaga av grunneigar eller fiskar. Oppom og fram i Henjadalen er det for det meste fisk i storleiken “kattemat” å få. Fjærlandsetevatnet, Trastadals- og Myrdalsvotni er betre for fiske. Einaste elva vi må ta vare på er Kvinnafossen, ho er eit postkortmotiv.

Henjadalen Vi skal vere glade for vi har ressursar tilgjengeleg som vi kan hauste av. Det blir ikkje mykje i kassa av ein byråkrat som tek på seg det siste i treningsantrekk og joggar, syklar eller går på ski i dalane. Eg trur løypene på Øvstestølen er betre til det siste. Ein får i det minste sol der, ein godversdag. Det blir klaga når grunneigarar ønskjer å forlenge skogsvegar, for å kome fram til sine områder. Men i ettertid får ein enno lengre vegar å jogge på. Ser ein på Njøsadalen har det blitt lettare å ta seg inn i dalen og kome seg opp over tregrensa til opnare turterreng. Heldigvis krev ingen bompengar enno.

Det er godt mogleg at slik som det blir ordna no ikkje vil gi optimal avkasting for kommunen sine ressursar. Men når ikkje kommunen sjølv har økonomisk ryggrad til å vere med å etablere kraftverk, får vi ta til takke med det som er mogleg å få til. Vi må satse på selskap som baserer inntening på realverdiar. Mang ein kommune har svidd seg på dansen rundt gullkalven dei siste åra. Verdiane og avkastinga har forsvunne som dogg for sola. Nokre har valt å satse på hasardspel med godkjenning av departement. Andre har festa som om det var siste dag i tidsrekninga. Dei hadde det kjekt og har i det minste fått minner att for pengane, sjølv om prisen var høg.

Hest frå SmørklettDet eg håpar er at ein kan bruke bygging av kraftverk til å utvikle dalane i Leikanger. Vi må sjå til Kjeringi Open og Sognefjordrennet og bygge vidare på arbeidet eldsjeler har lagt ned. La oss også sjå til Voss og kva dei gjer med Ekstremsportveka. La meg ta nokre eksempel:

  1. Leikanger har ikkje ein god skibakke. Det er berre tilfeldigheitar om ein greier å halde han open og han er svært kort. Bakken ligg for lågt i høve det varmare veret. Snøkanoner kan ikkje brukast fordi ein ikkje har nok tilførsel av vatnen ovanfrå. Kva med ein skikkeleg slalombakke ned frå Hest (ca 1350 moh) til Grindsdalen eller at ein bygger opp om dette frå Kjeringi (ca 1300 moh) og ned i Grindsdalen eller evt. ned mot Friksdalen?
  2. Kva med eit skianlegg fremst i Grindsdalen, i området Eitrebotnen til framom Stavsete? Mykje av området her er ope og vil ha tilgong på sol om vinteren. Snøforholda ser veldig bra ut for meg.
  3. 0413002 Austsida av Henjadalen grensar til populære skiløyper som går over Høgehaug til Fjærlandsete og tilbake til Hodlekve. Dette er ypperleg skiterreng som no ikkje er lett tilgjengeleg frå Leikanger. Ein må til Sogndal for å kome dit om ein ikkje vil kjempe seg fram ei mil i Henjadalen og så opp liene i tett skog.
  4. Kva med ei snøskuterbane i Friksdalen, slik at ungdom og vaksne kan herje frå seg utan at vi risikerer å møte dei i full fart i skiløypene om vinteren?
  5. Kva med å kombinere nye skibakkar og anlegg med terrengsykkel osv?
  6. Kva med moglegheit for paragliding og hanggliding frå toppen av nye skibakkar, t.d. frå Hest eller Kjeringi?

Skal vi gjere Leikanger attraktiv for aktive unge og vaksne i distriktet og på Vestlandet, må vi kunne tilby eit vidt aspekt av friluftaktivitetar i attraktive områder. Attgrodde dalar har ikkje stor verdi.

Måle fart på kast eller skot

Å få målt fart på skot eller kast er alltid populært. Ein treng ikkje radar for å få det til, berre:

  • distansen
  • stoppeklokke med 100-delar
  • skjema for omrekning av tid til km/t
  • vegg

Dei som deltek kastar eller sparkar ballen og ein tar tida frå ballen forlet hand eller foten til han treff veggen. Det er alltid ein fordel med noko som gir lyd frå seg, slik at det blir enklare å få med seg når ballen treff. Målinga blir ikkje like korrekt som med radar, men det er likevel underhaldande.

Eg har lagt opp eit rekneark i Excel som du kan bruke. Det du må gjere før arrangementet er:

  • Mål opp distansen ballen vil gå i rett line og sett det i feltet for distanse.
  • Sett detaljnivået mellom kvar utrekning i 100-deler.
  • Legg inn første tid du meiner er realistisk.

Å øydelegge….

Som ved implementering av Java i Internet Explorer for vel 10 år sidan, skapar Microsoft nok ein gong problem for andre med si implementering av støtte for Open Document Format. Likskapen mellom Java og Open Document Format er at dette ikkje er teknologi som er Microsoft sin. I stadenfor å implementere teknologi som ikkje er eins eigen skikkeleg, ser det ut til at Microsoft furtar som ein liten unge å øydelegg for andre. Eg berre håpar at det ikkje er slik at dei ikkje lenger har evnen til å levere gode produkt.

For meg har det største problemet vore Office 2007, som eg ikkje kan utstå designendringa på. Når dei greier å gi brukaren av Vista moglegheita til å bruke Windows 2000-design på skjermen, i stadenfor det glorete Vista-designet, kan eg ikkje fatte at Microsoft ikkje kunne gjere det same for Office-brukarane. Store verksemder hoppar ikkje på nye versjonar fordi dei ser hippe ut. Store endringar krev store ressursar til opplæring og kostar meir pengar enn evt prisendringar i lisensstrukturen. Ergo blir ikkje slikt innført før det er absolutt nødvendig eller når kontorpakken ikkje lenger fungerer under Windows-versjonen. Det er høgt opp og langt fram til, som vi seier her. Fordelen med endringa av Office-pakken er at eg har gått over til OpenOffice og ikkje lenger er bunden til Microsoft.

Vista er ikkje så gale, men her viser vel markedet at produket var so som so. Det blei vel ikkje så mykje att etter kvart som dei strippa vekk funksjonalitet dei ikkje fekk til å implementere då det gjekk under kodenamnet «Longhorn», som t.d. nytt filsystem. Vi får håpe at Windows 7 blir betre, men ulike variantar av Linux ser meir attraktive ut etterkvart. Får gjort det meste her, men skulle gjerne hatt Pinnacle Studio (12) i linux-versjon, så fekk heller Windows gått på nokre maskiner som skal brukast til underhalding og av ungane.