Mpx hadde eit så gått tilbod på maskina, at eg kunne ikkje motså det. Ideen var å køyre Ubuntu 9.04 Netbook Remix (UNR) med full diskkryptering. UNR har mellom anna eit tilpassa grensesnitt for minipcane og skal elles vere tilpassa maskinvaren deira. Sidan minipcar er maskiner som det skal vere enkelt å ta med seg, meinar eg at det må vere eit absolutt krav at disken er fullstendig kryptert, for å sikre at data ikkje kjem i uvedkomande sine hender.
Det første eg la merke til under installasjonen, var at UNR ikkje har val om å køyre full diskkryptering. Heller ikkje fekk eg spørsmål om å køyre kryptering av heimekatalog, som eg får i den ordinære Ubuntu, No er det vegar rundt det med full diskkryptering, men det krev at du installerer vanleg Ubuntu med alternativ cd og legg til pakkar for å få grensesnittet til UNR med meir. Eg har valt å ikkje gjere det, fordi det per no er fleire problem.
Etter å ha brukt maskina litt oppdaga eg at maskina var vel stille. Det viser seg at ei oppdetering av kjernen i Linux gjer at lydkortet ikkje fungerer. Dette har eg funne løysing på heilt tilbake til tidspunktet for då 9.04-versjonen vart slept. Problemet eksisterer likevel framleis. I tillegg fekk eg ikkje blåtannprogramvara til å finne musa. Alt såg ut til å fungere, men musa dukka ikkje opp. Eg ønskjer ikkje å køyre spesialskript kvar gong kjernen blir oppdatert, og vel å vente til Ubuntu Netbook Remix med Long Time Support (LTS) og vonar alt er løyst.