Ladekabalen…

Det er mykje enklare å fylle og betale for bensin og diesel i dag. Med elbil er du avhengig ein smarttelefon og ei samling av appar. Eg hadde lyst å bruke brikke på det meste og sleppe å knote med appar ved ladestasjonane. Når andre i familien køyrer bilen, blir det enklare for dei.

Eg vart tilrådd å melde meg inn i Elbilforeningen. Her ville eg få ei blå ladebrikke som dekka fleire ladeoperatørar. Problemet er at korkje Mer eller Eviny/BKK/Bilkraft er med i ordninga. Det er lite av Recharge, Kople, Ionity og E.ON i nærleiken.

Etter å ha undersøkt litt fann eg ut at Mer berre tillet visse brikker, men ikkje den blå ladebrikka til Elbilforeningen. Sidan ein kan registrere brikker hos andre, kom eg til at det var like greitt å kjøpe Mer si brikke til kr 50. Medlemsskap i Elbilforeningen eller NAF kosta langt meir og gav meg ingen vesentlege fordeler.

Når eg mottok ladebrikka, henta eg ned app på telefonen som kunne lese av IDen til brikka. Du kan bruke ladarane til Eviny/BKK/Bilkraft til å lese av IDen når du registrer brikken på ladaren. Du finn att IDen i appen Bilkraft etter avlesing. IDen registrerer du i andre appar som CircleK og Fortum. Sistnemnde dekkar Kople og Shell Recharge. Med dei fire første appane i bilete over, vil du vere godt dekka med ei ladebrikke:

  1. Mer
  2. Eviny/BKK/Bilkraft
  3. CircleK
  4. Shell Recharge (via Fortum)
  5. Kople (via Fortum)

I løpet av tida eg har hatt bilen og alle turane mine, har eg nytta ladarar frå dei fem. Tesla-ladarar, som ikkje støttar brikke, har i hovudsak vorte brukt til testing om 150 kw og 250 kw-ladarane til Tesla vil lade bilen min.

Med brikke registrert i appane Mer, Bilkraft, CircleK og Fortum, meiner eg at målet med å gjere det lettare for andre i familien å køyre bilen på tur, utan at eg er med, er nådd.

PS! Du la sikkert merke til appen Elton, Schibsted sin lade-app. Elton støttar ikkje brikker, men når eg er med på tur nyttar eg Elton i staden for Fortum. Prisane er betre med Elton, og appen støttar mange andre operatørar: Recharge, Kople, E.ON, Ragde Charge, EVBox, Porsche og Ionity i Norge og Sverige. Fleire operatørar skal kome til.

Forskrift om merking av retusjert reklame er for vid

Den 1.7.22 trådde Forskrift om merking av retusjert reklame i kraft. Forbrukertilsynet har lagt ut rettleiar om merking av retusjert reklame. Fleire fotografer har lufta frustrasjon over forskrifta den siste sida. Her er eit eksempel. No blei eg nysjerrig på lovteksten:

§ 1. Merking av reklame
Reklamebilder og reklamefilmer der en kropps fasong, størrelse eller hud er endret ved retusjering eller annen manipulering, skal merkes ved bruk av et offentlig, standardisert merke, se vedlegg til forskriften.

Første ledd av § 1

Her er det ingen nyansar. Om du gjer noko med bilete eller videoen, skal det merkast. Eg er ikkje negativ til å merke reklame med «optimaliserte» framstillingar av personar. Med det meiner eg der ein har pynta på storleik eller rensa bort små (og store) skavankar.

La oss sei at du vil lage eit reklamebilete med ei gotisk framtoning med personar. Gotisk framtoning er kjent ved at fargar blir tona ned og bilete blir dunklare. For å få til dette må du justerer mellom anna lys, kontrast, skugge, fargemetning og moglegens fargetemperatur. Her er det snakk om ei justering av heile bilete, ikkje den individuelle person i bilete. Justeringa påverkar alt i bilete, inkludert personane. Om ein legg til grunn forskriftsteksten «…hud endret…» betyr det at dette reklamebilete må merkast sidan huda på personane har fått ei gråare og kaldare framtoning.

Rettleiaren gir eksempler på retusjering av hud:

– Endre hudfarge, for eksempel mer solbrun/lysere hud eller endre farge på lepper.

Forbrukertilsynet sin rettleiar

Då er vi inne på kjernen i det fotografen tek fram:

Dette er fordi de fleste fotografer tar bilder i rå-format, og dermed må bildene etterbehandles, åkkesom. er et filformat som ikke er prosessert og som må etterbehandles.

Fotograf Mirian Skeie

Eg vil meine at absolutt all reklame med personar i bilete (eller video) må merkast. Så lenge ein justerer noko som kan påverke framtoninga av ein person, vil det vere krav om merking.

Forskrifta er lite nyansert og er «å skyte sporv med kanon

PS! Vil prosessering i kamera medføre krav om merking, sjå RAW kontra JPEG over?

Lade Byd Tang hjå Tesla

Det har blitt nokre kilometer bak rattet i nyebilen den siste månaden. Laurdag 11.06.22 tok eg med dei eldre på ein rundtur i Gulen. På veg dit, stoppa eg i Lavik, for å teste om eg kunne lade med Tesla-ladarane. Første ladar var visst defekt. Eg fekk beskjed i Tesla-appen om å bruke ein anna bås. I den nye båsen starta ladinga og etter eit par minutt med oppvarming av batteriet, auka ladinga til litt over ca 80 kw. Eg hadde ikkje brukt mykje av batteriet på turen ut. 80 kw var god ladehastigheit med sopass fullt batteri, mykje betre enn den einslege 50 kw Mer-ladaren på andre sida. På returen om kvelden, stoppa eg også for å lade litt. I teorien skulle eg greie turen heim, men det er alltid lurt med betre margin. Sidan eg var midt i køen av ferja, bak både trailerar og bubilar, er eit stopp på 10-15 minutt ein grei måte å få køen innover fjorden.

Ufordringa med Byd Tang er at bilen har ladeluka bakhøgre side, medan Tesla-bilane har ho bakvenstre side. Eg må vise omsyn. Som de ser er kablane på båsane veldig korte. Ein må rygge godt inn til båsen for at dei skal rekke. Problemet mitt er at eg må stå på plassen til båsen ved sida og ta opp plassen til Tesla-bilen som kunne brukt den båsen. I Lavik kunne eg ha løyst dette ved å ta båsen som står ved inn-/utkøyringa, rygge slik at eg står med høgresida og ladeluka ved ladaren.

Berre lade på versjon 2-ladar

Byd Tang kan ikkje lade på 250 kw-ladar (versjon 3). Bilen og ladar snakkar forbi kvarandre. Byd Tang kan berre lade på ein 150 kw-ladar (versjon 2). Fysisk skil du ladepunkta ved at versjon 3 har ein – 1 – kabel, medan versjon 2 har to – 2 – kablar. Bruk chargefinder.com eller appen til å finne om stasjonen du kjem til er versjon 2 eller 3.

ABBA Voyage Arena

ABBA Arena, London, er no klar. Før helga var det ei stor lansering og alle medlemmene var samla.

Eg har ikkje tenkt å hoppa på eit fly med det første for å få med meg dette. Ja, eg er ABBA-fan, men ikkje blodfan som skal ha med seg alt når det skjer. I løpet av helga har eg søkt på Youtube og funne nokre klipp frå «konserten». Eg må sei at det ser skikkeleg bra ut, men du greier ikkje heilt å gjenskape eit menneske og formidlinga av kjensler mm.

Den første videoen eg såg var deler av The Winner Takes it All. Det var ikkje lenge før eg la merke til at augeføringa og ansiktsuttrykket ikkje heilt var etter det eit vanleg menneske ville gjort. Det var ei umiddelbar kjensle som eg merka ned over ryggen. La oss sei att ryggmargrefleksen min slo ut, noko stemte ikkje heilt.

I tillegg ser eg at det på eit punkt i framføringa ikkje er samsvar mellom avatarane på scena og den store videovisinga. Agneta-avataren har mikrofonen i høgre hand på scena, men i venstre i det store «nærbilete». For meg ser det du til at det store bilete er speglvendt i høve scena. Teknisk sett er dette lett å korrigere.

Det kjem til å bli betre over tid, når dei får finslipe teknologien. Om nokre år vil det vere vanskeleg å skilje avatar frå menneske.

Det må bli krav om førarkort på bubil

Sommarens mare byrjar å dukke opp på vegane. Bubilar i alle storleikar og former har byrje å vakne frå vinterdvala. Nordmenn og utanlandske sjåførar går over frå å køyre små familiebilar til bubilar. Vestlandsvegar og skrekk for autovern eller kvite sidestriper går ikkje godt i lag.

I går, litt før kl 17, køyrde eg ein tur til Sogndal. Eg kom etter ein tysk bubil i Fatla, som hadde samla opp eit par «følgjarar». Her er vegen god og etter å luska seg inn i tunnellen plukka farten seg opp. Dei to bilane framfor meg passerte han rett før 60-sona på Slinde. Eg vart liggande bak sidan farten var akseptabel. I 60-sona vart det underhaldning heilt til forbi Ølmheim.

Når du kjem inn i 60-sona på Slinde, blir vegen smalarar og midtlina forsvinn. Skrekken for autovernet og kvitastripa må ha slege hardt inn hos føraren av bubilen. Han plasserte seg så godt som midt i vegen. Når det kom bilar i mot veiva han seg meir over til si side, gjerne med ei nedbremsing. Kjekt med bilar som sperrar vegen og i tillegg køyrer i jo-jo-fart. Slik gjekk det innover mot Ølmheim. Til tider var bubilen meir over i motgåande køyrefelt, jamvel i svingar med redusert sikt. Eg valde å passere han mellom Ølmheim og Ylvisåker. Det er litt breiare veg der, men eg passa på å signalisere godt til han at eg ville køyre forbi, slik at han ikkje skulle ligge midt på midtstripa.

Opplevinga er for meg eit godt eksempel på at har du aldri køyrt stor bil, bør du heller ikkje finne på å køyre utan trening. Aller helst burde det vore obligatorisk opplæring på slike bilar. Bubilar har gått frå å vere enkle folkevognbussar til bilar med vide og til tider lange skåp. Det er noko anna å køyre ein varebil, brei som ein stor SUV, enn å køyre ein bubil med kasse vesentleg breiare enn bilen han er bygd på.

Skal du køyre større køyretøy, som lastebil, må du ta teori og praktisk køyreopplæring. Du får opplæring i korleis du skal lasta bilen og erfaring med korleis eit større køyretøy oppfører seg på vegen. Nei, køyreeigenskapane til ein stor bil påbygd ein kasse er ikkje like smidige og skarpe som for ein personbil. I tillegg blir du lært opp i å ta omsyn til medtrafikkantar. Eg har ikkje tal på gongen eg har hamna bak ein bubil som luffar avgårde i nærare 60 i 80-soner utan å ta omsyn til halen bak. Når eg blir teken att av nokon som vil halde eit høgare tempo, syt eg for at vedkomane får passere trygt. Eg skal ikkje nøre opp under irritasjon og legge grunnlag for ein farleg trafikksituasjon.

Går elektrisk med Byd Tang

Dei siste månadane har eg sett på elektriske bilar med tanke på å skifte ut ein av bilane i familien. Eg har to absolutte krav for bil:

  1. Alle som er med i bilen skal sitje bra, sjølv om dei hamnar bak meg eller eg bak dei. Med nokre centimeter for kort på 2 meter tek eg plass.
  2. Garanti og service skal kunne takast lokalt, helst i Sogndal eller Leikanger.
  3. Det skal vere enkelt å slå av førarhjelp som filholdar osv.

F.eks. vil Tesla stryke på krav 2 uansett kor gode bilane er. Eg tek meg ikkje fri for å køyre til Bergen eller Ålesund for å få fiksa feil på garanti eller teke service på bilen.

Eg har hatt Skoda sidan 1999 og vore godt nøgd med dei. Lite feil, god byggekvalitet, lite reparasjonar og gode å køyre. Dessverre har tilbodet på bilar lokalt vore dårleg og leveransetid på nye er uakseptabel. Skulle eg kjøpt ny, elektrisk, Skoda Enyaq i dag, ville det teke rundt eitt år før eg hadde fått han. Eg ventar ikkje eitt år på ein bil!

Etter nøye vurderingar stod eg att med to bilar:

  1. Ford Mustang Mach-e med trekk på 4 hjul
  2. Byd Tang, stor SUV med trekk på 4 hjul

Begge har sine fordeler og ulemper. Mustangen var god å køyre og hadde god programvare. Ulempene er storleiken i kupeen. Med min høgde syntes eg at eg sat for høgt i førarsete. Sjølv om eg justerte setet ned maksimalt, sat eg for høgt. Bakseteplassen var litt for mager. Mustangen er noko større enn Kia eNiro, men eg møtte tilsvarande utfordringar – litt for lite beinplass og litt for lite takhøgde. Når eg starta prøvekøyring stod all førarhjelp på. Trange vestlandsveger, utan merka køyrefelt, gav inga positiv oppleving. På veg mot Breim bestemte bilen seg for å korrigere meg fleire gonger på tom, open veg. Eg køyrde ut på ei busslomme og leitte meg fram til førarhjelpa. Eg fekk justert ein del, men inntrykket mitt var at ikkje alt kunne slåast av heilt. Resten av prøveturen gjekk bra, men tilliten til bilen hadde fått ein knekk. Minna om fadesen Boeing 737-8 MAX kraup fram. Noko førarhjelp kan vere god, som fartsholdar som tek omsyn til bilen framfor, men ikkje kul om eg vil enda opp med å kjempa med tilfeldige korrigeringar til ein bil som ikkje forstår trafikkbildet.

Byd Tang er ein nykommer på markedet frå Kina. Byd er ein gamal produsent av batteri og seinare bussar som er på veg inn i bilmarkedet. Byd Tang er ein stor bil. Førarplassen er svært god, eg føler meg ikkje trykka opp i taket. Dei som er passasjerar (bak meg) sit bra. Eg sit høgt med god oversikt over vegen og omgivnadane. Med over 500 hk og godt dreiemoment er det ikkje problem å flytte vel 2,5 tonn. I motsetning til Mustang er det her svært enkelt å slå av førarhjelp. Det vesentlegaste er samla på nokre få knappar nede på midtkonsollen, bak girspaken. Bilen har ny og meir sikker batteriteknologi, litium jernfosfat, som ikkje har dei same utfordringane som dei vanlege/tidlegare litium-batteriar. Minner om brannane i sparkesykkelbatteri på verkstad i Bergen i vinter. Tesla har teke i bruk denne typen batteri i kinaproduserte Model 3 og Y. Etter det eg oppfattar skal Byd levere batteri til andre produsentar som Tesla og Toyota.

Programvara i Byd Tang er det største ankepunktet no. Ho er ikkje heilt ferdig. Styringa av funksjonalitet i bilen er lett å finne fram i, men på engelsk. Tredjepartsapplikasjonar er det få av, men det vesentlege er på plass. Berre pass på at du får forhandlar til å laste ned kart til navigasjon og generelt sjå over at alt er klart når du tek over bilen. Eg er sjølvgåande og fiksa det sjølv.

Systemet bygger på Android, men har per no ikkje støtte for Google Play Services. Du kan ikkje logge deg på Google og hente ned appar frå Play Store. Over the Air-oppdateringar via telenettet kom på plass i siste versjon. Sidan det no er opna for oppdateringar utan at forhandlar må gjere det, vil oppdateringar kome raskare. App for telefon til bilen er nær ferdig og fungerer greit.

Det er sikkert nokon som rynkar på nasen sidan bilen er kinesisk, men ikkje eg. Eg var tidleg ute med å kjøpe Skoda etter at Volkswagen-konsernet tok over. Eg veit kor dårleg Skoda var før 90-talet, eg har eigd ein Skoda 120 GLS som student. Sidan 1999 har eg hatt Skoda Octavia og seinare Skoda Superb. Å gå for Byd Tang, med tanke på det eg har lært og deira plass innafor teknologi, virkar rimeleg sikkert.

Skitur i Sahara-sand

Veret har vore bra og det har blitt ein del skiturar. Vinteren kom seint, men når det først kom snø kom det mykje. Det er opp til eit par meter i høgfjellet er på Leikanger.

På veg oppover frå Kleppa har eg den siste tida stussa på at snøen har byrja få litt brunfarge enkelte stadar. I første omgang fall dette saman med parti eg veit er fuktige eller myr på sommartid. Det er ikkje uvanleg at myrfarga vatn trekker opp gjennom snøen, men i bakhovudet mitt stemde det ikkje når eg tok omsyn til all snøen som har kome.

På turen mot Discohola, ved Fagreggi (1004 moh), openberra det seg eit syn i dag. Heile lia oppover frå under Rjupeskar, hadde ei lett brunsjattering. Her var det parti eg visste ikkje var myr. Brått kom eg på ei sak som stod i Sogn Avis 30. mars: Dette er meterologen sitt svar på kvifor fjellsida er gul:

– Det har vore sterk vind i Sahara, sanden har blitt kvervla opp, og så har det fine sandstøvet bevegd seg høgt oppe i atmosfæren, og kome ned med nedbøren her hos oss, seier vakthavande meteorolog Terje Alsvik Walløe.

Bileta er tekne under Rjupeskar, mot Fagreggi og Okslahaugane samt mot henget bak Discohola. På dei første bileta er brunfargen tydeleg. I Discohola treng ein nok ein dag eller to til med sol før Sahara-sanden kjem like godt fram.

Skulle tru nokon hadde strødd for å senke farten på Kjeringi Open sin førsteetappe.

Brua mi til Tor

Som følgje av krigen og innstramminga av tilgang til informasjon i Russland, valde eg å setje opp ei bru opp mot Tor-nettverket. Ein kan blokkere inngangsnodar til Tor-nettverket, men frivillig bruer er vanskelegare å sperre. Brua mi har stått open i vel 3 veker og er ei av bruene som dei som ikkje kan nå Tor-nettverket kan få tildelt via e-post. Gradvis har det auka på med brukarar og trafikk:

I dag er det viktigare enn nokon gong at ein har tilgang til informasjon, ikkje berre det som nokon meinar du skal vite. Kan du setje opp ei slik bru, bør du bli med og stikke hol på jarnteppa som senkar seg rundt om i verda.

Skitur: Skarseggi

Turen startar i Huksdalen. Følg grusvegen fram Huksdalen til parkeringsplassen under Nyastølen. Her set du frå deg bilen og spenner på skia. Aust for deg, over Nyastølen, vil du sjå Kjeringafjell på sørsida av Eitrebotn, dalen bak Nyastølen. Nordom Eitrebotn og Kjeringafjell kneiser Kaldekletten, nokre høgdemeter over Kjeringafjell.

Første delen av turen går ca. 2 kilometer etter snølagd traktorveg. Når du nærmar deg Stavsete, vil du aust for deg, bak Kaldekletten, sjå Svinadalen og Svinadalseggi. Fjella framover mot Skarholten er ein del av Firksdalseggi, skiljet mellom Huksdalen og Friksdalen saman med Vogga. Vestom deg vil du passere under Sauaholten og skimte nordspissen av Stav samt Stavafjellet, der Sognefjordrennet har starta dei siste åra.

For å kome til Skarseggi, kryssar vi den snødekte Reppa-elva og går inn på stølsbøen til Stavsete. Du må opp bakken bak sæla på Stavsete. No er du oppe på ca 860 høgdemeter og dalen framover stig det slakt i 3 km til ca 1020 moh. Til vest for deg passerer du Stavafjellet og i aust Fossadalen.

Når terrenget flatar ut, står du ved Stavatjørni, eit lite fjellvatn. Til vest ser du Husbyggjefjellet som slakt reiser seg. Aust for deg startar ryggen opp mot Skarholten og breane våre. Her kan du gå over Voggebreen og Myrdalsbreen og kome deg ned til Trastadalen. Held du fram austover vil du enda opp i Rindabotn ved Sogndal Skisenter.

Vårt mål, Skarseggi, ligg nordover. Følg høgspentlina til du kjem på opp i skaret. Her vil du passere eit sæl. Ein vanleg vinter vil det kanskje vere dekka til eller du ser toppen på taket. Hald fram nordover til det byrjar å gå nedover att. Dette er starten på Skar, som ein kan følgje ned i Romedal.

For å kome ut på Skarseggi passar du på å legge vest for Skar og kome deg ut på Skarseggi som tronar 1010 moh Rommedal. Her har du utsikt over dalen, frå stølen Nedre Rommedal opp til Øvre Rommedal. I enden av Rommedal er det bratt ned til Romøyri ved Fjærlandsfjorden.

Fjellet du ser nordom deg er Romhesten på 1206 moh. Dalen austom Romhesten, frå Øvre Rommedal og nordover, vil ta deg ned til Lidal ved Fjærlandsfjorden. I nordaust vil du sjå starten på Ryssebotn, bak Gunvordalen/Laugadalen i Sogndal. Fjellet nordom Ryssebotn er Ryssebotnrana på 1604 moh som kneiser like høgt over Gunvordalen/Laugadalen. På Ryssebotnrana vil du finne den gamle kommunegrensa mellom Balestrand, Leikanger og Sogndal, også kalla «Trepunkten».