Tur: Fessafossen

Fessafossen er eit naturleg stoppunkt i Henjadalen. Før kraftutbygginga følgde du ein sti fram frå Flya, på vestsida av elva. Han var ikkje merka men var svært tydeleg i terrenget og lett å følgje. Nokre få plassar kryssa han over fuktige, frodige, men korte områder. Stien veksla med å gå i nærleiken av elva og trekkje seg litt frå i områder der ein må opp små høgder.

Etter kraftutbygginga følgjer du ein brei og god grusveg. Eit par kilometer etter Flya kjem du til ei litt kraftig stigning i grusvegen. Ser du til høgre for stigninga, vil du sjå den vesle kløfta der Fessafossen renn. Er det god vassføring vil du sjå og høyre fossen.

31 000 km med Byd Tang

Før vi startar på ei oppsummering av 13 månadar og 31 000 kilometer, kan det vere lurt med eit tilbakeblikk:

Ein ny, framand bil frå ein framand produsent. Alle faktorar tilseier at her blir det mykje å pirke på. No har eg levd gjennom sommar, vinter og starten på ny sommar med Byd Tang.

Køyremessig har eg ingen ting å klage på. Ingen støttesystem som røskar i rattet eller må deaktiverast kvar gong eg startar bil. Vinter er ingen problem uansett føre, sjølv med piggfritt. Lange dagsøkter med fleire ladingar er heller ikkje problem. Eg sit godt og blir ikkje trøytt. Ladefarten er grei. Med dei raske ladarane (180kw->) går det unna på i overkant av 40 minutt 10-84%. (120 kw til 65% og 90 kw til 84%). Ein fin pause til å få i seg litt mat, spasere rundt og roe ned før neste økt.

Det einaste som er skifta på garanti er LCD-skjermen, som fekk feil på deler av panelet i sommarferien 2022. I juni 2023 har eg konstantert at bilen har feil hjulstilling bak. Det har gitt unormal slitasje på dekka bak. Høgre bak slit på ytterkant, venstre bak slit på innerkant. Bilen skal inn på hjulstillingskontroll i starten av juli.

I det totale har eg lite å klage på. Det som står igjen er programvare/appar. Noreg har vore beta-testen for Byd. Vi som «first movers» må smørje oss med tolmod. Dei problema eg hadde i fjor med DAB er i hovudsak løyst, men navigasjonen Byd tilbyr er for dårleg:

  • kart er ikkje oppdatert: Eit døme er vegen over fjellet/åsen mellom Aurdal og Dokka. Den nye bomvegen er ikkje med i kartløysinga.
  • eit svarandes mas om at «du er over fartsgrensen» sidan navisjonen brukar speedometeret, ikkje GPS-farten. Du kan slå av stemma, men då ryk også all muntleg navigasjonsrettleiing frå systemet. Får skulda på EU-regelverket her, ikkje bilen.
  • svart bakgrunn med tynne strekar i gråsjatteringar for vegar samt knøttskrift: I solskin med solbriller er det umogleg å navigere på «frihånd», dvs. du køyrer rundt for å sjå deg om. Det er umogleg å skilje ulike typer vegar samt områder rundt vegane (bustad, industri, landbruk, sjø). Her har Byd mykje å lære frå TomTom.

Med eldsjeler som bocn.no, fiksar eg manglar sjølv. Eg har installert dei appane eg har bruk for som f.eks. Chargefinder, Google Maps, TomTom Navigation. Som underhaldning har eg radio-, TV- og lydbok-appar. Det er positivt at eg kan installere appar eg ønskjer, men det hadde vore best og sikrast om Byd hadde tilbydt dette i ein app-butikk. Eg snakka med forhandlar for godt og vel ein månad sidan. App-økosystemet skulle vore på plass hausten 2022. I kommunikasjon i grupper knytt til merke og modell, vil Byd Tang produsert i 2023 bli levert med Android Auto og/eller Apple Car Play.

Om det er noko vesentleg å setje fingeren på, må det vere kreftene. Skal du forbi er det ikkje mange sekundane du treng. Hald godt i rattet og hugs for all del å kontrollere farten. Tenk deg eit par gonger om før du slepp villdyret laust, det kan bli dyrt og faren for ein periode med transport på apostlane sine hestar truar.

Tur: Slettabotn

Etter kraftutbygginga i Henjadalen er det no grusveg heilt inn til botn, Slettabotn. Frå Syril stadion eller Leikanger barneskule er det ca. 9 km til du står ved bekkainntaket av Myrdalselvi. Vil du kutte ned distansen eit par kilometer, kan du køyre fram til det gamle vassinntaket og parkere der.

Sjølv om vegen framleis har litt grovt dekke, er det ingen problem å sykle til Slettabotn om du har ein hybrid eller ein grovare sykkel. Stigninga er på i underkant av 500 høgdemeter. Den siste 1/3 er tyngst. Med nok gir på sykkelen skal det gå greit. Endå betre er det om du har ein sykkel med motor som kan hjelpe til. Alt etter formen din og stigninga, kan du velje nivået på hjelp. Sykkel er spesielt nyttig dersom du har planar å forlate vegen og gå inn i Friksdalen eller opp på Åsenosi, Trastadalen eller andre områder i høgfjellet. Returen på sykkel er moro sidan tyngdekrafta står for arbeidet. Hjelm og gode bremsar seier seg sjølv.

Går du til fots kan du ta tida di framover, langs Henjaelva. Det er fleire stadar du kan sjå eller føle fossar, stille flytande elv og generelt lytte til og sjå dyre- og fiskelivet. Joggesko eller tursko er heilt greit sidan du går på (grov) grus. På ein tur på nesten to mil tur/retur frå stadion eller rundt 4 timar, kan det være lurt å ha med seg noko godt i sekken. Vatn er det nok av langs turen. Ein liten avstikkar til elvekanten og du får sløkt tørsten.

Sverige fiksar vegutbygging

Siste veka gjorde eg noko heilt anna. Eg forflytte meg heilt aust. Enda opp i Gävle og undersøkte heile aust og sørlege delen av Sverige med Øland, Smygehuk og vestkysten opp til grensa. Det er ein stor skilnad mellom transportrutene i Sverige kontra Norge. Med mindre du bur på Austlandet skal til hytta på Sørlandet, trene svingane dine i Hafjell eller Harryhandle i Sverige, må du ta til takke med «geitatrakk».

På transportetappane i Sverige kan det variere. Det er dei tradisjonelle motorvegane med 110 eller 120 km/t som fartsgrense. Desse er rimeleg kjedelege med 2 felt i kvar veg. I tillegg har ein vegar 100 km/t i fartsgrense. Her vekslar det med at du har i underkant av 1 km eller til rundt 2 km i 2 felt, før dei som kjem mot får tilsvarande. Retningane er skilt med gjerde. Eg veit om 2 km får eg 2 felt der eg kan passere ein tunglasta trailer eller ein bil der sjåfør tek det med ro.

I Noreg har ein valt å halde fram med eit einsleg felt i kvar retning. Men ein har lagt inn sperrer mellom retningane eller dobbeltrekt sperreline. Kjem du bak ein som meiner at 50-60 er OK i 80-sone, er du låst. I Noreg er mange av dei gode passeringsplassane sperra med sperreline. Irritasjonsmomentet aukar og der det er åpnar gjer ein forsøk på mindre optimale stadar. I stadenfor å legge til rette for god trafikkavikling, har Noreg valt å gjere det meir komplisert og farleg.

Tur: Hermansverk til Nornes

Det er fullt mogleg å gå turen, men den er på 1 mil og rundt 1 km går etter sterkt trafikkert hovudveg. Eit mykje betre alternativ er å sykle. Har ein ordinær eller elektrisk hybrid eller terrengsykkel er dette ein fin tur på 1 mil (ein veg).

Start i Hermansverk sentrum. Følg gang og sykkelveg i retning Sogndal. Inne på Kløvi må du ut i hovudvegen. Etter vel 1 km, ved Fatlaelvi/-fossen, tek du av og syklar den gamle vegen til Fiksnes og vidare til Ytre Slinda. Der gamlevegen kjem opp i den nye vegen, ser du deg godt for og kryssar hovedvegen for å kome til starten på turen frå Ytre til Indre Slinda. Denne delen er spesielt fin i fruktblomstringa i mai.

Etter ca 2 km kjem du til vegen opp i høgda på Indre Slinda. Følg den opp til du kjem til skiltet som peikar deg inn på traktorvegen til Nornes. Vegen er kupert, men det er sett opp trebenker og utsiktspunkt langs han. Ein har mange høve til å ta ein pause når det røyner på. Turen går gjennom skog og er godt skjerma mot trafikken nede på hovudvegen.

Tur: Ytre Slinda til Nornes

Har du gått frå Ytre Slinda til Indre Slinda og har lyst til å gå litt lenger, men ikkje langs bilvegen?

Følg vegen oppover på Indre Slinda eit par svingar. Ved starten av traktorvegen er det skilta til Nornes. Traktorvegen går gjennom skogen heilt fram vegen opp til byggefeltet, over ungdomshuset på Nornes.

Frå Indre Slinda er det vel 2 km å gå eller sykle. Vegen er kupert, men det er sett opp trebenker og utsiktspunkt langs han. Ein har mange høve til å ta ein pause når det røyner på. Turen går gjennom skog og er godt skjerma mot trafikken nede på hovudvegen.

Tur: Ytre og Indre Slinda

For å kome til starten, kan du sykle frå Hermansverk, gjennom Fatla og på gamle Fatlavegen. Tek du bilen, køyrer du gjennom Fatlatunellen og svingar av ca. 100 meter etter utgongen, på Ytre Slinda, i krysset med gamlevegen. Parker på marka, like ved gamlevegen og krysset.

Sjå deg godt om før du kryssar hovedvegen og gå inn på starten av den gamle grusvegen på motsett side av krysset. Følg gamlevegen forbi gardane og frukthagane frå Ytre til Indre Slinda. Det er ein lett tur, i slakt terreng, på omlag 2 km ein veg, som passar alle. Einaste utfordringa eg kjem på er at du etter vel 100 meter må krysse ein liten bekk. Eit litt lengre steg og du er over, med andre ord ikkje noko som stoppar nokon. Ordinære joggesko eller gåsko er heilt innafor.

Turen er spesielt fin tur under fruktblomstringa. Tusenvis av tre står i sin mai-pryd.

Første bulken…

I litt under eitt år har eg hatt ein liten, svak bulk på nedre del av venstre dør på bilen eg kjøpte i mai 2022. Eit lite uhell når eg bøygde meg inn for å nå lenger inn i bilen for hente ut varer. Utruleg ergerleg når bilen var 2-3 månadar gamal. Eg fekk ein pris å eit par tusen kroner for å rette bulken med limuttrekk lokalt. Dei kunne ikkje garantere at det blei som nytt. Eg valde å vente det an. I vinter og vår kika eg på alternativ. Med lokal Biltema kjøpte eg inn limpistol og verktøy for bulkoppretting.

Som ny på område, må det testast på ein eldre bil. Vår bil nummer 2 er snart 14 år gamal og nokon har smelt ei dør i han og etterlete ein bulk i venstre bakdør. Ingen lappe eller nokon som ville gjere opp for seg. Ein grei test for uttrekking av bulk. I dei første forsøka var eg litt forsiktig, ikkje for mykje lim på det som skulle festast på lakken. Det var justert og dei siste to-tre gongen hadde eg nok lim på. Resultatet var at det vesentleg av bulken vart trekt ut. Det er ikkje perfekt, men du må jobbe litt for å sjå att restane av skaden.

Detta var lavmål, NSM

Tirsdag publiserte Justis- og beredskapsdepartementet ei pressemelding, basert på ei vurdering frå Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM). Ein fråråder appane TikTop og Telegram på tenesteeininga (telefonar, nettbrett, pc og Mac) i departementa. Det tok ei stund før eg la merke til den vedlagde vurderinga frå NSM.

TikTok har eg ikkje noko forhold til og valde difor å konsentrerte meg om Telegram. Eg var spent på kva NSM hadde funne ut om Telegram, som har base i Dubai. Telegram vart etablert av ein russar tilbake i 2013, men i 2014 forlot teamet Russland til fordel for Tyskland. På grunn av utfordringar med opphaldsløyve, flytta basen til Dubai. Eg har kopiert ut det som er bakgrunnen for kvifor Telegram blir frarådd:

Vi viser til Etterretningstjenestens trusselvurdering i Fokus 2023 som fremhever at Russland og Kina er de fremste trusselaktørene mot norske sikkerhetsinteresser. Vi har derfor i denne besvarelsen avgrenset oss til å vurdere applikasjonene TikTok og Telegram som har tilknytning til disse landene. Dette betyr ikke at andre applikasjoner ikke kan utgjøre en tilsvarende risiko.

Det tas forbehold om at Telegram ikke er analysert av NSM og vi har ingen solide kilder, analyser eller observasjoner som særskilt utpeker Telegram som meldingstjeneste i negativ retning ut ifra et teknisk perspektiv. Vurderingene er i hovedsak støttet på informasjon fra tredjeparts åpne kilder…

  • NSM tek forbehold: Ein har ingen solide kilder, analyser eller observasjoner.
  • Neste setning peikar på at NSM støttar seg på informasjon frå tredjeparts, åpne kjelder utan å liste opp sine kjelder. Som akademikar veit du at du alltid skal oppgi kjelder, utan kjelder har du ingenting. Dette overraskar meg. NSM er full av folk med master (>=5 år på høgsskule/universitet).

Mi vurdering:

Vurderinga av Telegram utført av NSM er ikkje verd tida det tok å skrive ho. Eg har brukt 3 timar i dag på å prøve å finne noko som kunne underbygge ståstaden til NSM, men har ikkje greidd å finne kjelder som gir meg grunn til å mistru Telegram.

Som med alle andre meldingstenester er det opp til deg kor mykje du vil gi appen løyve til og kva du vil kommunisere om. Spør deg sjølv alltid om appane treng tilgang til lokasjon, kontaktar eller alle bildene dine.

Grønt skifte eller?

Sit og stussar på kva folk tenkjer på. Olje og gass er avgrensa ressursar. Både for miljøet og helsa vår skal desse erstattast med mindre ureinande energi. Uansett korleis ein snur og vender på betyr det at vi må omsette ein type energi til energi vi kan bruke. Her på Vestlandet er vi vel vande til utbygde vassdrag som levere straum til industri, næringsliv samt deg og meg. Vi har merka godt at elektrisitet det siste året har vorte eit gode det skortar på. Eg hugsar eg lo av prisane i Danmark i 2012 med kr 2,50 per kwt på hytta vi leigde. No ler eg ikkje lenger.

La oss sjå litt framover. I Noreg skal transport over på elektrisitet. Her snakkar vi om bilar, lastebilar, anleggsmaskiner, båtar, skip, toglinjer (som ikkje er elektrisifiserte) og fly. I dag går det meste av dette på fossilt drivstoff. Vi må heller ikkje gløyme at resten av Europa skal det same, men i tillegg bytte ut kol og gass med elektrisitet. La oss halde Europa utanfor, og halde oss til her på berget.

Om Noreg skal gjennomføre eit skifte der alt av energi av fossile kjelder skal erstattast med elektrisitet, har du tenkt på kva det vil krevje? Det er snakk om enorme energimengder som vert henta ut frå ulike oljeprodukt for å levere produkt og tjenester. Eg registrer at ikkje vil ein bygge ut vind, vatn eller kjernekraft. I mitt syn er det ikkje mogleg å spare seg til desse energiressursane. Det er ikkje snakk om vi skal supplere med utbyggingar, men når vi tek steget.

Sjølv om eg går mykje i naturen, har eg ingen ting i mot at ein bygger ut vassdrag eller for den del vind og sol osv. Etter tiår traskande rundt lokalt, ser eg at naturen ikkje lenger blir vedlikehalden. Buskapen ute i naturen er redusert og held ikkje nede vegatasjonen. Ikkje klag på bonden, dei har null ansvar for å gjere det framkombart for menneske. Det er heller ikkje pengar i å ta ut skog, sidan det er mange bratte områder og hogstmaskiner har sine avgrensingar. Berre gløym nasjonalromantikk, dugnad er ein døyande aktivitet. Ikkje forvent at andre arbeidar gratis for deg.

At det kjem ein anleggsveg fram til dammar eller vindturbinar, ser eg som berre positivt. Eg er svært nøgd med vegen fram Henjadalen etter utbygginga. No kan eg sykle ei mil inn dalen på elektrisk sykkel, før eg tek til med ganga opp på høgfjellet. Det same kan seiast som Huksdalen. Med utbygginga vart det etablert ein god veg. Det har ført til at ein har opna opp for eit nytt vinterparadis for dei som går på topptur eller tur på ski. Natur som før var avgrensa til nokre få grunneigarar, er no lett tilgjengeleg for alle.

I motsetning til dei fanatiske er eg realist og ser at eg må akseptere at vi dreg meir nytte av våre naturressursar. Det er ein liten pris for å kunne vidareføre den velferda eg har nytt godt av i over 5 tiår.