Tur: Sumhaug og Fjærlandssete

Sumhaug

Sumhaug er tre sæl/hytter som ligg på vestsida, ved utløpet av Fjærlandssetevatnet. Det er godt mogleg at ein kan kalle det for ein støl, men Fjærlandssete som ligg på austsida av vatnet, er ein større støl med fleire sæl/hytter. Fjærlandssetevatnet med Fjærlandssete og Sumhaug ligg nord om Fardal og Øvstedalen, tett opp mot Leikanger si austre grense mot Sogndal.

Før var den lettaste måten å koma til Fjærlandssete å køyre opp Øvstedalen i Fardal og gå forbi Furesete. På grunn av forlenging av vegen i Njøsadalen er det like lett å nå Fjærlandssete frå Leikanger. Ein køyrer fram til parkeringsplassen ved Tuftahaug og går opp i Hottadalen og over Seltuftebotnen mot Slettebotnen ved Kalvahaugen. Den finaste turen er Skagasete og over Lusaskard der du lett kan velje om du vil gå ned til Sumhaug eller halde fram mot Fjærlandssete.

Vel du å starte i Henjadalen, kan du køyre fram til bommen ved vassinntaket og gå til Flya etter traktorvegen. På Flya må du krysse elva og gå fram på austsida av dalen. Det går forholdsvis greitt fram til du har kryssa to små bruer over Reiseteåi, men stien opp Reiseta kan til tider vere vanskeleg å få auge på. Han byrjar å bli attgrodd. For at du skal ha haldepunkt for å ta same turen har eg lagt ut mange bilete til du er på Sumhaug.

På min tur valde eg å gå på nordsida av Reiseteåi sidan Sumhaug ligg på nordsida av utløpet av Fjærlandssetevatnet. Den beste stien kryssar over Reiseteåi ved Vetlavatnet og går på sørsida av Reiseteåi. Du endar opp på feil side av Fjærlandssetevatnet, men eit langt steg over utløpet får deg over på Sumhaug.

Eg merka fort at mitt alternativ ikkje var mykje gått. Det var ikkje mange metrane før trakket enda i buskas som eg måtte trakke oppå/gjennom for å kome vidare. Det såg ut som sauer kunne snika seg under, men born eller vaksne kunne umogleg kome gjennom. Etter litt såg det ut til at trakket/stien svinga tilbake mot eit sæl som ligg over Osane og Hovden som ligg på kanten av Henjadalen. Du ser det i bileteserien ein del bilete før Sumhaug.

Sidan ein skal følgje Reiseteåi til Fjærlandssetevatnet, er det berre å ta av frå stien og gå mot aust i retning elva kjem frå. Ein må krysse ei stor, men rimeleg tørr myr før ein kjem til ei høgd der ein ser bort på Sumhaug. Litt avhengig av kor mykje vatn det er ved Sumhaug må du velje kor du vil gå. Er det lite vatn, kan du gå ned ved vatnet/elva og krysse rett mot Sumhaug. Er det mykje vatn, etter nedbørsdagar, må du gå litt oppe i bakken som kjem ned frå Høgehaug for å kome til Sumhaug.

Frå Sumhaug er det enkelt å kome seg til Fjærlandssete. Ein kryssar utløpet av Fjærlandssetevatnet med eit langt steg og kjem raskt inn på stien til Fjærlandssete og etter 15-20 minutt er du framme.

Fjærlandssete blir om vinteren og særdeles i påsken brukt som eit skiområde. Idrettslaget i Sogndal trakkar løype vidare frå Høgehaug, nord om vatnet, ned på Sumhaug, langs vatnet på sørsida tilbake til Fjærlandssete. Frå stølsområdet går løypa opp til Storavatnet og Jarbruene, Fagreggi og tilbake mot Stedjekammen slik at ein kan få ein solid rundtur frå Hollekve.

Turen til Sumhaug og Fjærlandssete er delt opp i to deler:

  1. Henjadalen til Flya
  2. Flya til Sumhaug og Fjærlandssete

Ubuntu Netbook Edition 10.10 – installasjonsutfordring

Ser ut til at ein har endra oppstartsfilstrukturen slik at Unetbootin ikkje greier å lage til sin eigen meny slik at du kan starte Ubuntu Netbook Edition 10.10 for å teste eller installere. Løysinga er å justere fila syslinux.cfg list. Finn label unetbootindefault og erstatt det som står der med:

label unetbootindefault
menu label Default
kernel /casper/vmlinuz
append file=/preseed/ubuntu-netbook.seed boot=casper initrd=/casper/initrd.lz quiet splash --

Ingen betring i ressursbruken til Norman Anti Virus

Eg viser til postinga mine tidlegare postinga. I helga la eg inn att eit tidlegare diskbilete på den berbare for å sjå om Norman sin prossorforbruk hadde endra seg i løpet av den siste tida. Eg må konkludere med at ingen ting har skjedd. Norman krev opp mot 100% av prossorkrafta store deler av tida.

Eg legg ved eit par bilete som viser at den største syndaren er nsesvc.exe, (Norman Scanner Engine Service). Av og til kastar også nvcoas.exe (NVC On Access virus scanner) seg inn i kampen om ressursane. Dette er ikkje noko som skje av og til eller like etter at ein er logga inn. Nei dette står på i lange tider. Eg er nesten frista til å sei heile tida, men det kan eg ikkje gå god for. Resultatet er at Windows og programvaren oppleves veldig treg samtidig som batteritida går kraftig ned.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

No er dette ikkje den einaste maskina ein merkar Norman sine herjingar på. Prøv det på ei 5 år gamal maskin med Windows XP og 512 MB ram og du vil merke både innhogget i prosessorkrafta og internminne der Norman dreg 130 MB+ med alle sine prosessar.

Mitt råd er framleis at ein skal styre unna produkta til Norman.

NTLDR mangler – kjapp løysing

Eg fekk ei maskin som hadde store problem etter eit ublidt møte med programvare som «kidnappa» systemet. I første omgang var det lett å få logga seg på att, men det viste seg at fleire problem her. Mellom anna var programvaren til nettverksdelen av Windows XP samt drivarar til modem og lydkortet «herpa».

Eg fekk ho til å fungere 100% att og rydda litt på rotnivået på stasjonen C for å ta vekk unødvendige programfiler. Diverre var eg ikkje merksam på at NTLDR gjekk med i dragsuget. Utan ho vil ikkje Windows XP starte merka eg.

Det fins fleire måtar å gjere løyse problemet på. Eg sverga til Knoppix (linux på cd/minnepinne) for å starte maskina. Windows XP-installasjonsfiler pleier å ligge i katalogen i386 og for å løyse problemet er det berre :

  • å kopiere ut fila ntldr til c:\
  • For å vere sikker kopierte eg og fila ntdetect.com til c:\

Deretter var det berre å avslutte Knoppix, ta ut minnepennen og Windows XP startar att som ingen ting har skjedd. Dette er ei mykje raskare enn å køyre reparering av Windows XP frå Windows-CDen.

Flytta til WordPress

Microsoft gav opp bloggetenesta Live Spaces, så no har eg flytta til WordPress med løysinga Live Spaces tilbydde. Dei gamle lenkene til Live Space-sider går via omdirigering WordPress. Eg trur det er lurast å korrigere desse lenkene til faktisk å peike direkte mot sidene hos WordPress. Ein veit aldri når omdirigeringa sluttar.  Det vil ta noko tid å få justert alle lenkene.

Nei takk til 11 millionar

Det ser ut som om saka om kraftverk i Leikanger kjem opp att no. Fleirtalet går framleis i mot.

Det er mogleg at eg har vanskeleg for å forstå, men slik eg skjønar saka så vart det framforhandla ein avtale av velvilje frå Sognekraft. Her ligg det inne 10 millionar og 1 million til barne- og ungdomsidrett. Skulle ein ha følgt minimumsreglane hadde det vore lommerusk Leikanger kommune ville fått. Prioritet av vasstilførsel er/var òg sikra i avtalen. Avtalen var på plass og godkjent av kommunestyret før nokon av ein eller anna grunn fekk kalde føter eller idear om at ein kunne greie noko betre. Vi snakkar om eit soleklart avtalebrot. Slike har som oftast  konsekvensar. Sognekraft var ikkje verre på det enn at dei gjekk i nye forhandlingar.

Det er greitt å spele høgt når ein veit at ein har trumfkortet, men i denne saka har Leikanger kommune ingen ting. Eg er rimeleg sikker på at utbygging blir det uavhengig av kva som måtte skje i kommunestyret. Det vil vere synd om Leikanger kommune kjem til å sitje att med småpengar. 10 mill kjem godt med i ein anstrengt økonomi, men det ser ut som om dei folkevalde meinar at innbyggjarane har evne til å akseptere auka (eigedoms)skattar, avgifter. Ein kan vel heller ikkje sjå bortifrå at vederlag for bruk av kommunen sine lokaler, t.d. idrettshallen og skulen, gjer eit byks. Dei folkevalde får òg ta høgde for eit erstatningssøksmål frå Sognekraft samt betale for kunstgrasbana som ein ikkje lenger vil ha midlar til.

Eg reknar med at framtidige aktørar bit seg merke i korleis politikarane har handtert saka. Eg er ikkje sikker på at andre vil vere like velvillige dersom ein kan sleppe unna med å følgje eit eller anna lovpålagt minimum. Eg veit kva eg ville ha valt…

Unison fungerer nesten som SyncBack

Det var ikkje mykje som skulle til for å få Unison til å fungere med nettverksdisken. Eg søkte på unison først og deler av feilmelding. Løysinga låg i første treff frå Google.

Problemet eg hadde var at Unison prøvde å justere rettar for filer kopiert frå maskina til nettverksdisken på nettverksdisken. Det ville ikkje han ha noko av. Eg må difor passe på å legge inn perms = 0 i kvar profil som eg brukar opp mot disken.

Unison har ein grundig metode for å sjekke endringar av filer som meir tidkrevjande enn SyncBack freeware sin måte. Ved å setje fastcheck = true i kvar profil vil Unison gjennomføre ein meir overflatisk sjekk basert dato og tid på filer. Unison vert meir jambyrdig med SyncBack freeware. Unison viser ei liste over filer og mapper der du kan legge inn unntak på dei filer og mappene som du aldri vil synkronisere eller vil hoppe over for denne gong. Dessverre går det ikkje å be om at ei fil skal slettast. Du må bruke utforskaren for å finne og slette ho. Eg skal alltid kunne leve med å legge inn innstillingane i filene til dei ulike profilane eg set opp.

Program for Windows i Linux kan vere til stor hjelp

Syncback i LinuxEg har enno ikkje greidd å finne eit godt alternativ for SyncBack freeware for Windows frå 2brightsparks.com i Linux som fungerer utan feilmeldingar med min nettverksdisk.

Unison synkronisering gir feilmeldingar og får ikkje overført nye filer til boksen. LuckyBackup, som er eit enkelt grafisk grensesnitt for rsync-kommandoen, har eg fått til å fungere akseptabelt. Eg måtte berre passe på å legge inn innstillinga «–temp-dir=/var/tmp» i profilane. No gir LuckyBackup ei ufarleg feilmelding om at rsync ikkje har greidd å setje dei korrekte rettane på filer som blir overført til nettverksdisk. Synkroniserer eg ein gong til vil eg sjå at fila er overført. Motsett veg er det ikkje problem. Ulempa med LuckyBackup er at det ikkje presenterer ei liste over filer som skal synkroniserast slik som SyncBack og Unison. Dette gjer det vanskelegare å fjerne filer eg ikkje lenger vil ta vare på sidan eg må slette dei på nettverksdisken før synkronisering.

Masse Windows-programvare fungerer under Linux, men du må installere Wine for å køyre han. Wine er enkelt å installere frå Ubuntu programvaresenter. Deretter er det berre å laste ned programmet, dobbelklikke på exe-fila og programmet blir installert og lagt i startmenyen eller du kan be om å få eit ikon på skrivebordet.

Tur: Fjærlandssete over Lusaskard


Fjærlandssete er ein støl som ligg nord om Fardal og Øvstedalen, tett opp mot Leikanger si austre grense mot Sogndal. Sjølve stølsområdet er idyllisk plassert på austsida av Fjærlandssetevatnet. På vestsida av vatnet finn ein stølen Sumhaug.

Før var den lettaste måte å koma hit å køyre opp Øvstedalen i Fardal og gå forbi Furesete. I dag er det på grunn av forlenging av vegen i Njøsadalen like lett å nå Fjærlandssete frå Leikanger. Ein køyrer fram til parkeringsplassen ved Tuftahaug og går opp i Hottadalen og over Seltuftebotnen mot Slettebotnen ved Kalvahaugen.

Men vil du gå den finaste ruta, legg du turen om Skagasete og Lusaskard. Du kan køyre til Skagasete med bil om du ikkje ønskjer å gå opp skogen frå Kvålen eller Dalenfeltet. Fordelen med å ikkje ta bilen til Skagasete er at du kan bruke turen som del av ein rundtur der du går til Fjærlandssete over Lusaskard for så å gå til vestsida av vatnet til Sumhaug og ta turen ned Reiseta til Flya og gå heim Henjadalen. Det er berre ein kort tur over elva frå barneskulen for å hente bilen på Kvålen.

Turen frå Lusaskard går ned Skitbrekkene og du har god oversikt i alle himmelretningar. Ein fin dag vil du sjå Jotunheimen med Skagastølstindane i horisonten. Turen går i lyng og graskledde skråningar mot aust. Du vil tidleg få auge på Fjærlandssetevatnet og Sumhaug. Om du ikkje vil heilt til Fjærlandssete, kan du ta av i nordleg retning og gå mot Sumhaug. Når du er komen omtrent halvveges på turen frå Lusaskard til Fjærlandssete, vil du sjå stølsområdet. Det er berre å halde fram nedover mot stølen. Om litt vil du få auge på Kalvevatnet. Nede ved vatnet kjem du inn på stiar du kan følgje mot stølsområdet eller du kan svinge vestover og følgje sti mot Sumhaug.

Turen til Fjærlandssete over Lusaskard er delt opp i fire deler:

  1. Kvålen til Haoahaug til bilete 25
  2. Haoahaug til Skagasete
    Alternativ til 1 og 2: Skagesete inn Njøsadalen
  3. Skagasete til Lusaskard
  4. Lusaskard til Fjærlandssete

Alternativ sti som tek deg ned mot Sumhaug før du går mot Fjærlandssete:

Fujitsu Siemens Amilo Si3655 gir ein del utfordringar

FSAmiloSi3655Dette er ein modell som skapar ein del hovudbry. Maskina spelar ikkje på lag med fullstendig diskkryptering som Truecrypt 6.x eller Compusec 5.2. For begge desse fungerer testprosedyra, men når disken er kryptert så kjem meldinga Operating System Not Found ved oppstart og der vert maskina ståande. “Fordelen” med problemet er at du kan bruke redningscden Truecrypt genererer eller lage ein USB “oppstartsnøkkel” av han på ein minnepinne med Unetbootin. Maskina vil berre starte dersom cd/"nøkkelen" blir brukt.

Med Ubuntu eller Debian aleine installert på maskina får ein same meldinga etter installasjonen. Eg valde å teste OpenSuse 11.3. Han er ikkje er basert på Debian, men utvikla av Novell. Under oppsettet av OpenSuse oppdaga eg at han brukte eit spesielt diskoppsett der eg la merke til at OpenSuse vart sett opp til å starte frå ein utvida partisjon og ikkje frå Master Boot Record. I motsetning til Ubuntu starta OpenSuse utan problem.

Sidan eg er van med Ubuntu-variantar, vart OpenSuse 11.3 litt for framand for meg. Eg måtte berre prøve å installere Ubuntu 10.04 med tilnærma lik partisjonering. Det vart gjort, men etter restart kom den velkjente meldinga Operating System Not Found opp. Eg starta maskina igjen med Ubuntu-cden og starta gparted, ein partisjonseditor. Her såg eg at oppstartspartisjonen ikkje var flagga med boot-flagget og eg sette det. Etter dette starta Ubuntu 10.04.

Ein kollega studerte på problemet. Han flytte disken til ei anna maskin og kunne konkludere med at Amilioen gav blanke i det som låg i Master Boot Record. Han hadde installert Ubuntu med standard installasjonsprosedyre og i motsetning til mi løysing, må ein faktisk fjerne boot-flagget på første partisjonen for at maskina skal starte Ubuntu.

I dag installerte eg den alternative versjonen med Xubuntu med full diskkryptering med standard oppsett. Ved restart proklamerte Amiloen som forventa Operating System Not Found. Eg starta maskina med cden Parted Magic og fjerna boot-flagget frå /boot-partisjonen. No starta Xubuntu utan problem.

For meg kan det sjå ut som om Fujitsu Siemens har modifisert BIOS slik at ein skal hindre at eit virus i Master Boot Record skal skape problem for Windows.