Tur: Svolsetfjellet

Svolsetfjellet er ein del av dei nordlege fjella i Henjadalen. Transportetappen dit er å følgje grusvegen inn Henjadalen. Frå stadion er det 8 kilometer til Nyastølen. Om du køyrer til det gamle vassinntaket, der det vil kome opp låst bom, sparar du 2 km. Tida er inne for å kjøpe seg ein elektrisk sykkel som gjer det lettare å utforska den inste delen av Henjadalen.

Framme på Nyastølen følgjer du stien til Friksdal omlag 500 meter. Når stien flatar ut, vil du til høgre sjå vassinntaket i Friksdøla. Spaser til vassinntaket, kryss over til andre sida og du vil finne starten på den raudmerka stien opp Svolsetfjellet. På kartet lagt ved er starten omlag der du ser skalamerket, nede til høgre for midten. I praksis følgjer du Oksli oppover.

Godt og vel 2/3 av turen opp frå vassinntaket går du inne i skogen. Lia er prega av mykje stein. Her er det viktig å sjå seg for før ein set foten ned sidan stien ikkje er mykje gått. Stien byrjar slakt og skråar nordaustover mot Slettabotn. Etter litt snur han meir nordover og stigninga dreg seg til. Litt oppi går han over i ein litt meir nordaustleg retning før du i nærleiken av skogsgrensa nok ein gong går brattare igjen. Ikkje ver overraska over at du vil kome til å sjå ein del på skotuppane. I skogen er det rimeleg greit å følgje raudmerka.

Som sagt 2/3 og du er fri skogen. Du kan snu deg å ta ein titt over Henjadalen, Myrdalen, Høgehaug, Pipehaug, Hovden, Sumhaug og Fjærlandssete. Deretter er det å følgje raudmerka opp mot toppen. Det er bratt og fjellet har ein avrunda stigning som dabbar av etterkvart som du kjem opp. Det kan gjere det utfordrande for oss med høgdeskrekk når ein ser seg bak. Du får kjensla av at det er «farlegare» enn det faktisk er. Mot slutten mista eg raudmerka, men sidan eg hadde studert kartet, visste eg kor eg skulle. Det var godt med pause og niste ved det gamle flymerke.

Skal du gå turen vil eg tilrå sko med godt grep på stein så vel som gras, lyng og mold. I tillegg trur eg det kan vere lurt å ha sko som går over anklane om du trakkar feil, vrikkar eller set foten mellom steinar. Sjølv gjekk eg turen i (låge) fjelljoggesko. På turen opp var det greit, men for turen ned, når tyngdekrafta dreg i deg, kan det bli utfordrande. Det er fort gjort at feilsteg eller at du sklir kan skapa ekstra tunge og dårleg plasserte steg for å ta seg att. Resultat av slike kan bli lite hyggeleg.

Bilete frå toppen:

Tur: Rjukandefossen

Henjadalen er ein lang dal på omlag 10 km frå stadion til endes. Du treng ikkje gå så langt for å oppleve naturen på nært hald. Du følgjer grusvegen innover dalen, til fots eller på sykkel. Knapt halvveges kjem du til den første og største fossen, Rjukandefossen. Samla sett er turen på underkant av ei mil frå stadion eller noko over ei halv mil, dersom du køyrer inn til det gamle vassinntaket.

Med god vassføring er Rjukandefossen eit mektig skue og lever opp til namnet sitt. Går du ned mot svaberga, ved foten av fossen, vil du merke vassdrivet. Kaldt vassdriv ein varm sommardag er friskt. Når vassmeltinga har gitt seg og fossen roa seg, passar svaberga ypperleg til å setje seg ned å nyte matpakken eller noko godt frå sekken.

Tur: Minnesteinen i Henjadalen

Henjadalen er ein lang dal på omlag 10 km frå stadion til endes. Knapt 4 kilometer inn dalen finn du eit minne frå andre verdskrig. Det er røyst ein stein som har hogge inn AT og 1943-44. Forkortinga AT står for Norsk Arbeidstjeneste og årstala referer seg til perioden ein bygde veg inn Henjadalen til Flya. Steinen er truleg den einaste minnesteinen i fylket Sogn og Fjordane etter Norsk Arbeidstjeneste frå krigsåra 1940-1945.

Les meir om vegbygginga og arbeidstenesta i Fylkesarkivet sitt leksikon.

Tur: Traståna

Etter kraftutbygginga i Henjadalen er det grusveg heilt inn til botn, Slettabotn. Frå Syril stadion eller Leikanger barneskule er det ca 8,5 km til du står ved bekkainntaket i Traståna. Vil du kutte ned distansen eit par kilometer, kan du køyre fram til det gamle vassinntaket og parkere der. Sjølv om vegen framleis har litt grovt dekke, er det ingen problem å sykle om du har ein hybrid eller ein grovare sykkel. Stigninga er på i underkant av 500 høgdemeter. Den siste 1/3 er tyngst. Med nok gir på sykkelen skal det gå greit. Endå betre er det om du har ein sykkel med motor som kan hjelpe til. Alt etter form og stigning kan du velje nivået på hjelp. Sykkel er spesielt nyttig om du har planar å gå til Åsenosi, heimste Trastadalen og Trastadalen eller andre områder i høgfjellet.

Ved Traståna møtes eit par stiar. Om du kryssar elva og går opp på venstre/nordsida av inntaket, der ein har jamna ut massar, vil du finne stien som tek deg opp til Åsenosi og Trastadalen. I tillegg kan du halde fram opp på Synnevaskjer, ned til Myrdalsvatni eller Myrdalsbreen. Om du held deg på høgre/sør sida av vassinntaket skal du finne ein sti som tek deg opp til Pipehaug. Frå der kan du gå framover til heimste Trastadalen eller opp til Høgehaug (gamle grensa mellom Sogndal og Leikanger) eller sørover mot Hovden, Sumhaug og ned att Reiseta.

Returen på sykkel er moro sidan tyngdekrafta står for arbeidet. Hjelm og gode bremsar seier seg sjølv. Går du til fots kan du ta tida di framover, langs Henjaelva. Det er fleire stadar du kan sjå eller føle fossar, stille flytande elv og generelt lytte til og sjå dyre- og fiskelivet. Joggesko eller tursko er heilt greit sidan du går på (grov) grus. På ein tur på knappe to mil tur/retur frå stadion eller rundt 4 timar, kan det være lurt å ha med seg noko godt i sekken. Vatn er det nok av langs turen. Ein liten avstikkar til elvekanten og du får sløkt tørsten.

Tur: Fivelhola

Henjadalen er ein rimeleg flat og lang dal som startar ved Kolabakken på Røysaleitet og fungerer som eit startpunkt for mange fine turar. Du kan parkere bilen ved Leikanger Barneskule (stadion) og gå derifrå. Dersom du vil kutte ned ca 2 km av turen, kan du køyre inn til bommen ved det gamle vassinntaket. Sjølv om bommen er open, er det ikkje lurt å køyre vidare. Berre er grunneigarar har nøkkel til bommen. Det vil vere kjedeleg å bli ståande fast på feil side av bommen på returen.

Frå bommen må du rekne med ca 1 time gangtid langs traktorveg til Fivelhola. Vegen er ikkje bratt og passar ypperleg til dei første trimturane før du gyv laus på dei brattare turane, som t.d. Skagasete, Lusaskard m.m. Det går fint å sykle heile vegen. Ved å sykle vil starten og slutten på lengre turar til Kjeringafjell, Trastadalen, Friksdal og Fjærlandsete bli meir behaglege. Det er knapt noko betre enn å setje seg på sykkelen etter 5-6 timar og rulle heim den siste, men dryge, halve mila.

I Fivelhola går det ein tydeleg sti, bratt oppover til Sevi på 793 moh. Frå Sevi kan du gå vidare opp forbi Blankavatnet og til Kjeringafjell, 1314 moh.

Historiske bilete frå før kraftutbygginga

Tur: Fessafossen

Fessafossen er eit naturleg stoppunkt i Henjadalen. Før kraftutbygginga følgde du ein sti fram frå Flya, på vestsida av elva. Han var ikkje merka men var svært tydeleg i terrenget og lett å følgje. Nokre få plassar kryssa han over fuktige, frodige, men korte områder. Stien veksla med å gå i nærleiken av elva og trekkje seg litt frå i områder der ein må opp små høgder.

Etter kraftutbygginga følgjer du ein brei og god grusveg. Eit par kilometer etter Flya kjem du til ei litt kraftig stigning i grusvegen. Ser du til høgre for stigninga, vil du sjå den vesle kløfta der Fessafossen renn. Er det god vassføring vil du sjå og høyre fossen.

Tur: Slettabotn

Etter kraftutbygginga i Henjadalen er det no grusveg heilt inn til botn, Slettabotn. Frå Syril stadion eller Leikanger barneskule er det ca. 9 km til du står ved bekkainntaket av Myrdalselvi. Vil du kutte ned distansen eit par kilometer, kan du køyre fram til det gamle vassinntaket og parkere der.

Sjølv om vegen framleis har litt grovt dekke, er det ingen problem å sykle til Slettabotn om du har ein hybrid eller ein grovare sykkel. Stigninga er på i underkant av 500 høgdemeter. Den siste 1/3 er tyngst. Med nok gir på sykkelen skal det gå greit. Endå betre er det om du har ein sykkel med motor som kan hjelpe til. Alt etter formen din og stigninga, kan du velje nivået på hjelp. Sykkel er spesielt nyttig dersom du har planar å forlate vegen og gå inn i Friksdalen eller opp på Åsenosi, Trastadalen eller andre områder i høgfjellet. Returen på sykkel er moro sidan tyngdekrafta står for arbeidet. Hjelm og gode bremsar seier seg sjølv.

Går du til fots kan du ta tida di framover, langs Henjaelva. Det er fleire stadar du kan sjå eller føle fossar, stille flytande elv og generelt lytte til og sjå dyre- og fiskelivet. Joggesko eller tursko er heilt greit sidan du går på (grov) grus. På ein tur på nesten to mil tur/retur frå stadion eller rundt 4 timar, kan det være lurt å ha med seg noko godt i sekken. Vatn er det nok av langs turen. Ein liten avstikkar til elvekanten og du får sløkt tørsten.

Tur: Dalhjedla frå Vegaskilflat

Dalhjedla er ein gamal støl som er til nedfalls. Mange av løene har kollapsa og det som står att av sel og løer har ikkje lenge att før dei takkar for seg. Barnålplantene har festa sitt grep om det rydda arealet og graset blir ikkje slått eller beita ned.

Like heimom dagens bom og vassinntak, finn du Vegaskiltflat. Gå opp over skogen til du kjem til stien som kjem frå Skiva. Følg han framover dalen til Dalhjedla. Samla sett er turen fram på omlag 1 km.

Ca. 100 meter før Dalhjedla må du krysse ein bekk. Om våren kan det vere høg vassføring som følgje av snøsmeltinga. Rekne med å bli våt på beina når du kryssar bekken. Du kjem ut på sørlige del av Dalhjedla. Her kan du gå oppover til Stokksete, men du skal til den nordre ende av Dalhjedla om du vil gå ned att til Jekti og heim dalen.

Tur: Dalhjedla frå Skiva

Dalhjedla er ein gamal støl som er til nedfalls. Mange av løene har kollapsa og det som står att av sel og løer har ikkje lenge att før dei takkar for seg. Barnålplantene har festa sitt grep om det rydda arealet og graset blir ikkje slått eller beita ned.

Du kan gjerne starte frå stadion ved barneskulen. 100 meter inn i Henjadalen går du opp og inn i skogen ved Skiva. Du følgjer stien gjennom skogen framover, i 2 kilometer, til du kjem ut på den sørlege enden av Dalhjedla. Første tredjedel er grei sti i skog. Neste tredjedel ber prega av å vere halvveges ur. Den siste tredjedel er også grei gange.

Ca. 100 meter før Dalhjedla må du krysse ein bekk. Om våren kan det vere høg vassføring som følgje av snøsmeltinga. Rekne med å bli våt på beina når du kryssar bekken. Du kjem ut på sørlige del av Dalhjedla. Her kan du gå oppover til Stokksete, men du skal til den nordre ende av Dalhjedla om du vil gå ned att til Jekti og heim dalen.

Tur: Ryggen mellom Vogga og Røsebotn

rygg-vogga-rosebotn-035Med turen til Røsebotn har du investert vel 3 timar på tur utan at du har kome deg i posisjon til å nyte utsikt over vestlandsnaturen. Mitt råd er at du investerer 1 time til på å koma deg opp på ryggen som går mellom Røsebotn og Vogga (inst i Friksdalen). Frå 1420 moh har du god utsikt rundt deg.  Om du vil nærare Vogge- og Myrdalsbreen er dei 15-20 minutt unna.

For å kome opp på ryggen føresler eg at du går inst i Røsebotn og finn skråninginga som skråar i sørleg retning opp til heimste del av ryggen. Når du kjem opp, kan du ta ein titt ned i Vogga før du følgjer dyrerekkje framover til du endar opp i lav og stein etter kvart som du nærmar deg målet. I sør til sørvest ser du mot Blankavatni under Kjeringafjell (1314 moh) og Kaldekletten (1320 moh). I vest ser du ned i Vogga, Voggevatnet og bort på Friksdalseggi (1455 moh). Bak dei ser du Hest (1360 moh) og Stav (1458 moh). I nord ser du Skarholten (1543 moh) samt Vogge- og Myrdalsbreen med det høgaste punktet på 1570 moh. I aust har du Røsebotn med Svolsetfjellet. I tillegg kan du på ein godversdag sjå inn i Hurrungane, mot Kaupanger, øvre Sogndal, Øvstedalen, Fjærlandsete og Lusaskard.

Turen opp på ryggen er delt i fem deler:

  1. Fram Henjadalen til Flya
  2. Flya til Nyastøl
  3. Nyastøl til Friksdal
  4. Friksdal til Røsebotn
  5. Røsebotn og opp på ryggen