Tur: Røsebotn

rosebotn-036

Frå stølsområdet i Friksdal kryssar du Friksdøla på brua like nordom stølen. Framover dalen følgjer du eit dyrerekkje (dyresti) til du kjem til elva Røsebotna som kjem ned frå Røsebotn. Du skal berre opp ca 100 høgdemeter i høve stølsområdet. Turen fram går i slak motbakke. Stien er tydeleg, men forsvinn delvis i dei korte, blaute parti.

Når du er komen fram til elva Røsebotna, kryssar du ikkje elva. Du skal følgje dyrerekkje opp lia på høgre side (austsida). Bit deg merke i 2 store steinar som ligg til høgre for elva, øvst i lia, mot himmelen. Bruk steinane som målet for oppstiginga. Stien blir mindre tydeleg og så godt som forsvinn halvveges oppe i lia.

Når du oppkomen, finn du eit dyrrekkje du kan følgje innover til botn av dalen. Liene på begge sider inviterer til turar opp for å få betre utsikt. Ryggen i vest endar opp på 1420 moh og gir deg i tillegg til utsikt over Røsebotn ut mot Friksdalen, utsikt over Vogge-, Myrdalsbreen, Voggevatnet samt indre del av Friksdalen kalla Vogga. På ein godvers dag ser du til Hurrungane.

Brukar du sykkel til Flya, må du rekne at turen til Røsebotn tek minst 3 timar ein veg.

Turen til Røsebotn er delt i fire deler:

  1. Fram Henjadalen til Flya
  2. Flya til Nyastøl
  3. Nyastøl til Friksdal
  4. Friksdal til Røsebotn

Tur: Trastadalen

Trastadalen er ein liten dal heilt nord i Leikanger kommune. Vatnet ligg på ca 1.000 moh. I aust og nord går grensa til Sogndal over toppane på Blåfjell, Nonsholten og Synnevaskjer på 1.380 – 1.540 moh. Nordom ligg Gunvordalen som endar ut ved Dalavatnet i Sogndalsdalen.

Frå Leikanger er den enklaste tilkomsten å gå fram Henjadalen over Traståna og opp til Åsenosi. Frå stadion er det omlag 11 km til Åsenosi, frå det gamle vassinntaket omlag 9 km. For å kome til det største og innerste vatnet i Trastadalen må du gå omlag 1,5 kilometer til. Det er med andre ord ein lang tur. Å ha ein sykkel ståande ved vassinntaket ved Traståna er ikkje å forakte.

Frå Åsenosi går du i nordaustleg retning. Du snur ryggen til inngangspartiet på hytta og går slakt oppover ryggen på Åsenosi. Stien er lett å gå og rimeleg tydeleg. Etter litt kjem du opp slik at du ser bort på det heimste Trastadalsvatnet. Ved vatnet ligg hytta til jakt og fiskelaget som ein kan leige. Det største vatnet ligg derimot litt lenger inne i dalen. Du følgjer berre stien inn skaret, der elva renn ut. Etter litt vil du sjå demningen i enden av det fremste vatnet.

Vel framme er det verd å legge merke til at det er svært lite småbusker og vekster som kransar det. Vatnet er krystallklårt. Sit du i ro, ved munninga, skal det ikkje vere umogleg å sjå aurekjøer mot den lyse bergbotnen. Går du rett vest skal det vere mogleg å gå ned i Myrdalen. Der er det tre vatn som får tilførsel frå Myrdalsbreen i Leikanger kommune.

Historiske videoar frå før kraftutbygginga

Turen til fremste Trastadalen er delt i fleire deler:

  1. Henjadalen til Flya
  2. Flya til Åsenosi
  3. Åsenosi til Trastadalen

Dammen i Trastadalsvatnet har vorte oppgradert.

Tur: Åsenosi

Åsenosi er ryggen inst i Henjadalen som skil Myrdalen frå Trastadalen. Vatna i begge dalane er gode fiskevatn. Følgjer du ryggen til topps endar du på Synnevaskjer, som ligg over Gunvordalen. Denne dalen endar ut ved den siste garden på vestsida av Dalavatnet på vegen mot Fjærland frå Sogndal.

Følg den nye grusvegen heilt til vassinntaket i Traståna. Kryss Traståna og gå inn på fyllinga til venstre for vassinntaket. Du vil finne stien til Åsenosi og Trastadalen i kanten av denne. Sjå etter ein stor stein/lite berg. Stien held fram sikk sakk gjennom skogen, oppover mot Åsenosi. Han er rimeleg grei å følgje, men det er nokre parti der ormegraset skjuler han. Det skapar litt utfordringar både med å sjå han, men helst med at ein ikkje greier å sjå heilt kva ein trakkar på. Ver difor forsiktig gjennom slike deler. Ein kan lett kome til å vrikke foten.

Gradvis går du opp mot tregrensa og etter kvart som du nærmar deg Åsenosi blir det litt opnare og du kan sjå inn mot Slettabotnen som ligg under kanten til Myrdalen. Tregrensa går like under hytta på Åsenosi. Frå hytta har du utsikt ut Henjadalen mot Flya og elles Nyastøl og Friksdalen. På austida av Henjadalen ser du over haugane heim mot Pipehaug, til Lusaskard og Skriki i horisonten.

Historiske videoar frå før kraftutbygginga

Historiske bilete frå før kraftutbygginga

Turen er delt i to deler. I 2023 følgjer du grusveg til Traståna, dvs. elva du ser på det ca. 30 siste bilete. Du vil sjå restane av trebrua (to tre med kappa plankar på tvers) framme ved bekkainntaket:

  1. Henjadalen til Flya
  2. Flya til Åsenosi

Tur: Friksdal

Etter å ha gått Henjadalen til endes og kome til Nyastøl, kan du ta vestover, inn Friksdalen. Det er vel ein kilometer på tydeleg sti til stølsområdet. Her framme er vegetasjonen mindre og dalen er vid og open. 

Etter stølsområdet byrjar Friksdalen å svinge mot nord og endar opp i Vogga, ca 3 km lenger inne. Vogga er enden av dalen og ligg under Voggevatnet som får tilsig frå Voggebreen. I vest tronar Kjeringafjell, Kaldekletten og Friksdalseggi. Det ser rimeleg greitt ut å gå opp til Kjeringafjell frå stølsområdet.

Ved stølsområde finn du ei bru over Friksdøla. Over på nordsida av dalen, litt lengre framme i dalen, kan du gå opp i Røsebotn. Her kjem du opp til Vogge- og Myrdalsbreen eller på Svolsetfjellet som ligg nordaust stølsområdet. Etter sauebonde let det seg gjere å krysse Myrdalen for å kome bort til Trastadalen eller opp til Synnevaskjer. Då kan du å gå ned att austre side av Henjadalen. Til ein slik tur må du setje av heile dagen og ha med masse mat og energi. Vassflaska treng du ikkje fylle før i Friksdalen. Det er ein klar fordel å ha ein sykkel ståande på Nyastøl slik at du kan trille heim.

Historisk video og bilete frå før kraftutbygginga

Turen til Friksdal er delt i tre deler:

  1. Fram Henjadalen til Flya
  2. Flya til Nyastøl
  3. Nyastøl til Friksdal

Tur: Nyastøl

Nyastøl er eit stort ope område i enden av Henjadalen. Løer og sæl som har stått her har for lengst kollapsa. I vest kjem elva Friksdøla ned frå Friksdalen som går i vestleg retning frå Henjadalen. I nord renn Myrdalselvi ned frå Myrdalsvotni over Slettabotnen. I aust kjem Traståna frå det vesle og store Trastadalsvatnet. På Nyastøl kjem dei saman for å danne Henjaelva.

Tidlegare var det lagt bruer slik at ein kunne krysse over Friksdøla og Myrdalselvi for å koma over på austsida av elva. Då var det det mogleg å koma seg over til stiane som førte opp til Åsenosi, Pipehaug og opp mot Trastadalen, Synnevaskjer med meir. Diverre har elvane sopt med seg bruene. Den tørraste måten å kome seg over å gå ned til Flya for å kryssa elva på brua der. Elvane kjem frå bre og temperaturen er ikkje høg. Til tider kan vassføringa vere for stor, men det skal gå å vasse over dei for å kome til austsida.

Før kraftutbygginga følgde du ein sti fram frå Flya, på vestsida av elva. Han var ikkje merka men var svært tydeleg i terrenget og lett å følgje. Nokre få plassar kryssa han over fuktige, frodige, men korte områder. Stien veksla med å gå i nærleiken av elva og trekkje seg litt frå i områder der ein må opp små høgder. Etter kraftutbygginga følgjer du ein brei og god grusveg heilt fram til starten på Nyastøl, der vegen vil krysse elva for å halde fram opp mot Traståna og Slettabotn.

Som med turen til Flya treng du ikkje ta med vatn. Her er det berre å stikke hovudet eller handa ned i elva og drikke det du er god for. Vatnet er det same som kjem i springen heime. Med fiskekort kan du finne mange gode plassar for å fiske med både makk, fluge og sluk.

Turen til Nyastøl frå Syril stadion er på omlag 8 km. Du sykle på god grusveg, om ikkje du vil gå. Turen er slak og passar for dei fleste. Sidan du går nær elva, som medfører kjølig trekk, kan turen vere eit godt alternativ ein varm sommardag.

Historisk video og bilete frå før kraftutbygginga

Turen er delt i to deler:

  1. Fram Henjadalen til Flya
  2. Flya til Nyastøl

Tur: Dalhjedla til Stokksetesti

Mellom Dalhjedla og stien som går frå Skahaug forbi Raumålsgrinda til Stokksete er det ein sti som let deg raskt koma opp frå Henjadalen til Stokksete. Det er eit skilt på stien til Stokksete som peikar ned mot Dalhjedla. Sidan stien frå Dalhjedla ikkje inngår som ein naturleg del av nokre av turane til trimpostane er han svært lite brukt, dårleg eller ikkje merka og lett attgrodd. Mi erfaring er at første gong du vil gå stien er det lettare å gå han frå Dalhjedla og opp.

Når du startar på Dalhjedla, må du passe på å stå i sørenden, dvs. i motsett ende av der du finn postkassen med turboka. I sørenden er det ei løe som du går opp forbi og inn i lauvskogen. Etter litt skal det gå an å sjå ein sti eller dyrtrakk som du går sikk sakk i lett sørleg retning. Dette følgjer du til du kjem til bekken som renn ned sørom Dalhjedla. Her snur stien og du skal sakte, men sikkert skråe mot bekken som renn ned nordom Dalhjedla. I eit kort parti er stien vanskeleg å sjå, men etter litt skal du nærme deg ei steinrøys der du går gjennom opninga i eit steingjerde til det eg trur har vore ei grind ein gong i tida.

Etter steingjerdet kjem du til svaberg det står ei stor furu ved. Her kan det passe å ta ein pause og snu seg for å sjå over mot andre sida av dalen og heim mot Bjørgahaug. Etter pausen held du fram lett skråande i nordleg retning inn i lauvskogen. I denne siste delen av turen er det vanskeleg å sjå stien. Etter litt skal du kunne høyre bekken som kjem ned nordom Dalhjedla. Du skal ikkje heilt bort til han eller over han, men ta deg opp tilnærma paralellt med han slik at du kjem opp ved skiltet på stien til Stokksete som peikar mot Dalhjedla.

Stien frå Dalhjedla opnar for at ein kan variere på turane i Kleppaområdet. Eit eksempel er å gå frå Henjadalen til Dalhjedla og opp til Stokksetestien for å gå ned til Raumålsgrinda og traktorvegen som kjem inn til kraftlina. Der følgjer ein ikkje den vanlege stien ned til Skahaug, men går inn i kraftlinetraseen og følgjer han eit kort stykke før ein går inn i skogen og kjem ned i enden av Hovdavegen. Her går det ein sti inn i skogen, eit stykke over vegen inn Henjadalen. Denne stien endar opp på Dalhjedla og du har gjennomført ein solid rundtur. Diverre har eg ikkje skildra eller bilete av denne turen enno.

Ein lengre tur er å parkere sykkelen nede ved den nordlege oppgangen til Dalhjedla, gå til Stokksete og vidare mot Kallbakk, forbi Rjupeskar og Fagreggi og kome seg opp på Kjeringi og gå fram til austlegaste varden på Kjeringafjell. Her går du ned til Sevi, til Fivelhola og heim Henjadalen. Å klive på sykkelen under Dalhjedla og trille heim dalen er ei nyting etter ein slik tur.

Eg har lagt opp mange bilete som eg håpar kan vere til hjelp for å kjenne seg att i terrenget. Dessverre er stien vanskeleg å sjå på mange av bileta. Ein lyt difor sjå etter tre eller andre kjenneteikn som kan vere til hjelp.

Turen frå Henjadalen opp til Stokksetestien via Dalhjedla er delt i fleire deler:

  1. Dalhjedla
  2. Dalhjedla til Stokksetesti

Tur: Mjellhaugane

Når du først er komen til Bergsete på 983 moh, kan du like godt legge på 14 høgdemeter og gå opp på Mjellhaugane òg kalla Mælatoppen på 997 moh. Stien dit startar like nordaust for Bergsete og er svært tydeleg i terrenget. Det tek deg cirka 10 minutt å gå opp. Frå Mjellhaugane har du god utsikt i 360 grader og kan jamvel sjå Hurrungane på ein klar dag.

Mjellhaugane gir god oversikt over Hangsetedalen, som endar opp i Kalvavatnet mellom Mjellhaugane og Skriki. Terrenget i Hangsetedalen har svak stigning med unntak av Skriki. Det syner deg at turar frå Njøs via Hangsete vil ha den verste stigninga er unnagjort på Anhovden, litt over Bjørgahaug. Ved å følgje foten til Skriki kan du gå mot stølane som ligg over Slinde og Ølmheim.

Du treng ikkje gå ned att Moldbakken og tilbake til Kvålen. Gå ned i Hangsetedalen og følg stien heim til Hangsete, ned til Bjørgahaug for å ende opp ved transformatorstasjonen på Njøs.

Turen til Mjellhaugane er splitta i fleire deler:

  1. Njøs til Fadnastølen (lengste alternativ)
    Kvålen (Dalen) til Fadnastølen (kortaste alternativ)
  2. Fadnastølen opp Kvannskar til Bergsete
    eller ein lengre tur via Havrane og opp Moldbakken til Bergsete.
  3. Bergsete til Mjellhaugane

Tur: Tuftahaug inn Njøsadalen på gamal sti

Stølen Tuftahaug ligg over den austre enden av Njøsadalen. I dag er den enklaste måten å koma dit å følgja traktorvegen i Njøsadalen til endes til fots eller med bil. Eg hugsar når traktorvegen gjekk fram til snuplassen, ca 400 meter framom Dalsete. Kort sagt var det veg halvveges fram til brua over elva på vegen opp til Skagasete. No er det slik at den gamle stien til Tuftahaug ligg parallelt med traktorvegen fram dit.

For å oppleve deler av den gamle stien til Tuftahaug må du gå over brua på vegen opp til Skagasete. Like etter går du av vegen og går opp Botnabakken. Den første delen er ikkje berre den gamle stien til Tuftahaug, men òg den gamle stien til Hottadalen. Etter ca 400 meter deler stien seg og du må gå ned mot bekkene/elvene som kjem frå Hottadalen og Geitadalen for å gå over til den austre sida på Njøsadalen. Etter å ha kryssa elva frå Geitadalen må du gå krysse traktorvegen og gå opp til du kjem opp til stien som går mellom Hottadalen og Tuftahaug. Tuftahaug ligg like nedom ei større tjern. Råd eg har fått er at du ikkje skal fylle vassflaska eller drikke av vatnet som renn ut av tjerna. Står du ved boksen med turboka må du gå ca 100 meter og passere den sørlege hytta for å kome til oppkomma. Vatnet er reint, kaldt og friskt heile året.

 

Tur: Tuftahaug via Fadnastølen

Stølen Tuftahaug ligg over den austre enden av Njøsadalen. I dag er den enklaste måten å koma dit å følgja traktorvegen i Njøsadalen til endes til fots eller med bil. Eit friskare alternativ for fottur er å parkere bilen på Kvålen og gå til Tuftahaug via Fadnastølen. Frå Kvålen har du fleire val for å koma til Fadnastølen. Første alterntivet er å ta av i Vetlagjerdet, like etter at du har kryssa Njøsaelva, og gå opp til Åsen og passere eit par innmarker.

Frå Fadnastølen er det ca 2 km å gå gjennom bar- og lauvskog. Skogbotnen er dekka med blåbærlyng. Innimellom passerer du gigantiske tuer med maur. Etter knappe 500 meter kjem du til traseen med høgspentmaster (eller trollgjerdene) som kjem frå Fardal. Du er ute av den første skogen og her er det opnare med nokre saftige grassletter ved traseen. Det er ikkje uvanleg å møte sauer her om sommaren. Du held fram i nordleg retning og bevegar deg inn i lauvskogen. For dei som ikkje har gått turen på 5-6 år er det verd å legge merke til at neste halvvegs oppi har ein valt å legge ein om ein liten del av stien ut mot dalen. Det er ei stund sidan eg gjekk den ruta, men eg meinar å hugse at det var tre som hadde knekt her samt at ein unngår eit kort fuktig område. Det siste er klart ein fordel når ein går turen i joggesko. Den nye traseen kjem saman att med den gamle stien etter 300-400 meter, like under dei nedre svaberga under Numeskaret. På dei øvre svaberga kan det vere greitt å ta ein pause, snu seg og nyte utsikta ned mot fjorden.

Numeskaret er det høgaste punktet på turen. Når du har gått gjennom det ser du Tuftahaug. I enden av Numeskaret har du to alternativ: Du kan ta stien ned, gå over nedre del av Tuftahaug og opp til sæla. Dette alternativet gjer at du må gå gjennom nokre fuktige området. Alternativ to er på følgje den øvre stien mot Tuftahaug. Den går i ei bratt side, men er forholdsvis enkel å forsere. Fordelen er at han går gjennom tørrare terreng samt at du passerer rett forbi oppkomma du kan fylle vassflaska di frå. Tuftahaug ligg like nedom ei større tjern. Råd eg har fått er at du ikkje skal fylle vassflaska eller drikke av vatnet som renn ut av tjerna. Vatnet frå oppkomma er reint, kaldt og friskt heile året.

Turen til Tuftahaug via Fadnastølen er delt opp i to deler:

  1. Kvålen til Fadnastølen over Åsen
    Alternativ: Njøs til Fadnastølen
  2. Fadnastølen til Tuftahaug

Tur: Kjeringafjell via Sevi

Turen startar i Henjadalen og går på traktorveg med slak stigning fram til Fivelhola. Denne delen passar godt å sykle. Å kunne trille heim att frå Fivelhola er meir enn fristande etter å ha vore på Kjeringafjell. Ca 900 høgdemeter eller 1.800 høgdemeter tur/retur frå Fivelhola sit godt i beina og 4 km ned Henjadalen fortonar seg lite lystig. På Fivelhola tek du til venstre og følgjer ein sti som går sikk sakk opp skogen i fjellstida til stølen Sevi. Her finn du berre eit einaste sæl som høyrer til Johannes Henjum på Henjum. Det passar bra med ein matpause ved sælet før du gjer deg i kast med dei neste 500 høgdemeterane opp til Kjeringafjell. For å kome til stien som tek deg opp til Nuedalen, må du snu deg slik at du har sælet i ryggen og følgje stien opp til foringsplassen/saltsteinen for sauene. Her vil du sjå starten på stien som skråar bratt opp gjennom lia. Litt oppi splittar stien seg og då skal du følgje den med mest stigning. Vel oppe i Nuedalen kryssar du dalen i nordleg retning og går rett opp på platået mellom Skuledalen og Friksdalen på ca 1.100 moh. Her passerer du Blankavatnet på di venstre side mens du går mot foten av siste stiginga opp på Kjeringafjell. Opp mot den fremste eller austlege varden får du eit godt utsyn ned Friksdalen, Røsebotn og opp mot Vogge- og Myrdalsbreen. Snur du deg mot sørleg retning ser du ned over Blankavatnet mot Hermansverk og Sognefjorden. Frå fremste eller austlege varden går du mot vest nokre få hunder meter til den store varden. På nordleg side kan du ta ein titt ned i Eitrebotn mot Kaldekletten. I vestleg retning kan du gå mot Huks-/Grindsdalen og sjå ned mot Stavsete og over mot Stav, Hest og Gildal. På sørsida kan du sjå over Blankavatnet, ned i Skuledalen over Okslahaugen og Øvstestølen ned mot Hermansverk og Sognefjorden.

Turen til Kjeringafjell er splitta i tre deler:

  1. Henjadalen til Fivelhola til og med bilete 50 av 70
  2. Fivelhola til Sevi
  3. Kjeringafjell

Andre alternativ er å ta turen frå Kleppa på sommarstid eller vinterstid.