Tur: Havrane

Havrane består av to vatn: Eit av vatna ligg i gamle Leikanger kommune og eit større ligg i Sogndal kommune. For meg er Havrane synomymt med vatnet i Sogndal kommune, det fremste Havravatnet. Vatnet som ligg i Leikanger kommune har eg berre vage minner om var svært lite og med ein del siv.

Det fremste Havravatnet, eit fint lite fiskevatn. Det er ikkje stort som Fjærlandsetevatnet, men fiske er minste like bra. Dette er i tillegg den raskaste turen til fots inn i gamle nabokommunen Sogndal.

Den kortaste måten å koma seg til Havrane er å køyre opp Njøsadalen ca 1,5 km til Dalsete og gå rett opp til Fadnastølen og turpostkassen til Syril på Tunga. Herifrå er det to alternativ med små variasjonar mellom seg.

1. Tur til det fremste Havravatnet

Frå Tunga går du oppover til det øvste sælet på Fadnastølen Her kryssar du groa/bekken over til austsida. Du skal ikkje følgje stien fram mot Tuftahaug. Stien på austsida av bekken skal du følgje i om lag 400 m. Du går over ei myr og kjem til ein liten bakke ved sida av eit granfelt. Litt oppe i bakken, tek du til høgre inn mellom lauvskogen og går mot Kvannskar, skaret som kjem ned frå Mjellhaugane mot Fadnastølen. Etter ca 100 meter er du ved stigninga som tek deg opp til platået som Havravatni ligg på. Det er ei kort og kraftig stigning før du er opp ved elva eller bekken som kjem frå heimste Havravatnet. Her svingar du og går på langs, men gradvis frå fjellveggen.

Stien er godt merka og grei å følgje. I løpet av turen vil du få auge på eit par halvdaue eller daue furuer. Begge skal du passere vandrande i nordleg retning. Etter den siste skal du ikkje gå så mykje lengre mot høgspenttraseen, men etter litt svinge inn mot fjellveggen og det fremste Havravatnet. Eg har valt å legge ut ein rimeleg komplett serie med bilete for at du skal greie å finne vegen fram til denne vesle perla. Video følgjer under. Eldre bilete frå turen finn du til slutt i artikkelen.

2. Tur forbi begge Havravotni

Som det første alternativet tek du deg opp på Fadnastølen. Ved Tunga går du rett fram, austover, mot sæla på nedre Fadnastølen. Her finn du ein staur med skilt som peikar til Havrane. Følg retninga og gå ut på snuplassen for vegen til Fadnastølen. Her følgjer du vidare ein traktorveg. 50 meter frå snuplassen tek du av frå traktorvegen og går nordover i skog. Etter ca 200 meter kjem du inn på stien som lyfter deg til platået Havrevotni ligg på. Stien til Havrane er merka gjennom skogen og heilt fram.

Berre pass på når det nærmar seg å flate ut, kjem du til ein stad der stien splittar seg i to. Den venstre tek deg utanom heimste Havravatnet, og er vist i videoen over. Du skal ta høgre stien og halde deg forholdsvis nær bekken som renn ut frå det heimste vatnet. Etter nokre få hundre meter ser du heimste vatnet. Stien går vidare framover forbi turpostkassent til Syril før du endar opp ved fremste vatnet.

Eldre bilete frå tur til det fremste Havravatnet Biletserien startar ved sælet/hytta øvst/nord på Fadnastølen:

Tur: Kvålen via Haoahaug til Skagasete

Skagasete er ein støl på 589 moh på Hermansverk. Du kan skimte sæl/hytter mot himmelen frå Njøs og frametter Gjerde og Moene. For å kome opp på Skagasete eksisterer det minst 3 alternativ. Den vanlegaste turen er å starte på Kvålen og gå via Haoahaug. Eit lengre alternativt er å følgje traktorvegen til Skagasete. Eit tredje alternativ er å starte på toppen av Dalenfeltet.

På turen via Haoahaug følgjer du ikkje traktorvegen, men tek av, opp skogen, like etter grindene ved starten av Njøsadalen. Litt over Haoahaug møter du på stien som kjem opp frå Dalenfeltet. Stien til Skagasete frå Haoahaug er tydeleg. På turen passerer du gamle kvilesel/kvilehytter, løer på attgrodde teigar, nyrydda teigar, kraftliner og forbi gamle almar. Seinvåres og på seinsommaren kan du møte sauer. Dei er van med at eigarane kjem med noko til dei, så det kan verte litt styr når lam og sauer kjem deg brekande i møte. Om sommaren kan det gå kyr eller hestar ved stien. Dei er meir beskjedne og bryr seg lite om at du kjem pesande forbi.

Turen er eit godt alternativ for dei som synes at Bjørgahaug blir litt for bratt og luftig eller dei som ønskjer at turen skal ta litt lenger tid. Her er det ingen stupbratte berg du må gå langs og turen har noko svakare stigning. Bjørgahaug ligg på ca 300 moh med 240 høgdemeter å gå. Skagasete ligg på 589 moh og frå Kvålen skal du opp i underkant ca 450 høgdemeter. Dei skal fordelast over ein dobbel så lang tur, men eg skal lova deg at du vil få sveitte. Du bør rekne med 45 min til timen, som er vel dobbel tid av turen til Bjørgahaug. Frå Skagasete kan du halde fram vidare til Lusaskard på 1000 moh eller du kan gå mot Hottadalen.

Turen til Skagasete er delt opp i to deler:

  1. Kvålen til Haoahaug
  2. Haoahaug til Skagasete

Tur: Fadnastølen over Åsen

Fadnastølen er den heimste stølen på austsida av Njøsadalen. Det er fleire måtar å kome dit som gir deg gode moglegheiter til å variere turane dine. I dette innlegget tek eg for meg den vanlegaste turen.

Du følgjer traktorvegen frå Kvålen inn Njøsadalen ca 500 meter, I Vetlagjerdet, etter å ha kryssa Njøsaelva, skal du ta av frå vegen. Eit skilt peikar deg inn på ein gamal kjerreveg som går du opp til Åsen. Etter å ha kryssa Langadiket kjem du til nedre Åsen. Du svingar mot nord og følgjer gjerdet langs grasenga oppover til du kjem til traktorvegen som vart oppretta på slutten av 1990-talet. Denne skal du berre krysse og følgje eit lite stykke stien/vegen til eit inngjerda utmarksområde, Åsen. Litt før grinda tek du av og går mellom gjerdet og ei graseng på vestsida med ein granskog på austsida. Når det er slutt på gjerdet, går du gjennom ein liten granskog før du startar på ei stigning. Eit lite stykke oppi kjem stien frå Dalsete saman med stien du følgjer. Stien frå Åsen kjem inn på sør-vestre del av Fadnastølen ved Tunga. Her finn du postkassen med turboka til Syril.

For å koma opp på øvre del av Fadnastølen går du nordover gjennom ein ørliten granskog, over marka opp til sælet/hytta øverst på Fadnastølen. Her får du den beste utsikta. Held du fram 50 meter forbi hytta, vil du sjå stauren med skilt som peikar mot Tuftahaug.

Bileta frå Fadnastølen over Åsen er frå 2018:

Tur: Fadnastølen frå Njøs

Fadnastølen er ein støl som ligg på ca 500 meter over havet på austsida av Njøsadalen. Det er fleire måtar å kome seg dit. Den lengste og kanskje mest interessante er å følgje den gamle stien frå Njøs. Total lengde vil eg anslå til 4-5 km. Det er rimeleg jamn stigning og turen passar for dei aller fleste. Det er ingen overraskingar eller vanskelege parti som skal forserast. Nokre få rotvelt sperra vegen. Slikt blir vanlegvis rydda opp i løpet av året.

På Fadnastølen finn du nokre gamle sel, nyare hytter samt nokre løer. Stølen har endra seg dei siste 20 åra. Det er tydeleg at beitinga og slåtten ikkje er slik som før. Einer eller sprakar. som vi kallar det her, byrjar å ta att tidlegare beitemark. Andre plassar har ein byrja å rydda skog. Det er litt synd at det ikkje er meir husdyr her. Det blir ikkje det same terrenget av at staten betalar ein bonde for å rydde kulturlandskap med motorsag. Saga er eit alt for grovt verktøy til å vedlikehalde gamle beiteområder. Som gnitne nordmenn er vi ikkje villig til å betale for at dyra skal stelle landskapet. Det er ikkje bonden si feil at det ikkje er butikk i å driva med sau. Vi får akseptere at vi må vasse i buskas når vi skal ut i naturen i dag. Det er ikkje så lett å sjå samanhengane når ein sit bak ein pult i asfaltjungelen….

Det passar godt å ta ein pause på Fadnastølen før ein går vidare opp til Havrane. Der kan du fiske aurekjøer med stang med makk, fluge eller spinner. Vel du å følgje Njøsadalen, kan du gå til Tuftahaug og vidare til øvre del av Øvstedalen i Fardal og svinge mot nord for å kome til stølen Fjærlandsete.

Tur: Skagasete inn Njøsadalen

Skagasete er ein støl på 589 moh på Hermansverk. Du kan skimte sæl/hytter mot himmelen frå Njøs og frametter Gjerde og Moene. Den enklaste måten å kome dit på er å følgje traktorvegen frå Kvålen opp til den gamle snuplassen, der vegen deler seg for å klatre bratt opp lia mot Skagasete.

Frå Kvålen til Skagasete er det 4 km. Du må rekne med at turen tek over timen. I motsetning til på sti frå Kvålen eller toppen av Dalenfeltet, treng du ikkje vere redd for å bli våt på beina dersom veret har vore so som so over lengre tid. Det einaste våte område du kan møte er ved ankomst stølsområdet. Stølseigarane har ordna med klopp forbi det verste.

Njøsaelva følgjer du så å seie heile vegen. Du treng ikkje gå tørst. Det er nok av plassar å stoppe for å ta seg ein pust i bakken eller drikke. Vel du å køyre fram til den gamle snuplassen, der vegen skil seg i retning Skagasete og fram Njøsadalen mot Tuftahaug, er det berre 1 km å gå på traktorveg. På den andre sida vil turar til Hottadalen, Tuftahaug, Lusaskard og Fjærlandsete bli lettare tilgjengelege.

Om vinteren blir det køyrt med trakkemaskin og snøscooterar i Njøsadalen. Fram til brua går du på tettpakka snø etter trakkemaskin. Frå brua og opp til Skagasete lyt du følgje snøscooterspor.

Tur: Lusaskard

LusaskardLusaskard er det høgaste punktet mellom Njøsadalen og Henjadalen. Ein kan nå toppen frå ulike kantar, men den mest brukte er nok turen frå Skagasete på 589 moh opp forbi Sjonarhaug, Rjupeskar, Stortistelen til Lusaskard på 1.004 moh.

Til Skagasete kan ein kome seg på ulike måtar. Den mest komfortable er nok å ta bilen og køyre fram Njøsadalen og opp til Skagasete, ein tur på 5 km. Har du ikkje bil eller ein låg bil kan du gå fram vegen, men det blir langt i forhold til å ta turen opp frå Kvålen til Haoahaug og vidare til Skagasete. Turen er går gjennom skogen med ei kraftigare stigning, men er er berre på ca 2 km. Ein føler seg betre når ein snur seg på nederste Skagasete og nyt den frie utsikta ned mot Hermansverk og over fjorden til Borlaug. Ho blir ikkje den same utan eit snev av mjølkesyre i beina.

På Skagasete finn ein skilt som peikar til Lusaskard. Stien går opp svaberga nord for skilta og boksen med turboka. Den første og brattaste biten går opp til ein foringsplass for sauer før stien går inn i småskog opp til ein nærmar seg myrene under Rjupeskar. Her går den offisielle stien i ein boge mot vest før den rundar nord og til aust att over ei større myr. Sjølv meinar eg at her må ein bruke kortaste veg mellom punkta bogen startar og endar i. Eg vel å gå tvert over og sparar 2/3 av distansen på dette. Mitt alternativ går gjennom ein liten skog og kryssar eit par små avrenningsgrøfter for myra. Du treng berre ta eit litt lengre steg for å kome over. Slike må du også passere på den lange turen i myra. Mitt alternativ er tørt eller i det minste garantert tørrare, noko som er ein klar fordel om du går i joggesko. Eg meinar stien burde på vore merka om slik at ein kan kome seg tørrskodd forbi myra.

Når du har kome opp ved Rjupeskar, går du ut av småskogen og får Lusaskard. Turen frå Rjupeskar til foten av toppen til Lusaskard er den slakaste av turen. På stien går du forbi ein liten bekk som kjem frå toppen av ryggen frå Skagasetfjellet til Lusaskard. Her pleier eg å ta meg ein slurk eller fylle vassflaska. Kjem du forbi på seinsommaren kan det godt hende at han er nærast tørka ut. Som eit alternativ, kan du gå opp på Skagasetefjellet når du har kome over skogen og følgje ryggen opp på Stortistelen før du går ned litt og opp att på Lusaskard. Det er nokre myrer i dette alternativet, men dei er ikkje vanskelege å ta seg rundt. Risikoen for å bli våt med joggesko er der, men du får i bytte utsikt mot Kjeringafjell, Kjeringi, Sevi, Stokksete og Voggebreen.

Ved foten av toppen på Lusaskard er det fritt fram å velje korleis du vil kome deg opp til varden. Du kan følgje stien, men du kan også velje å gå rett på eller ta runden og gå opp på baksida. Bileta som eg har lagt ut er når du følgjer den vanlege stien opp, men du ser sjølv at det ikkje er farlege heng eller noko anna som hindrar deg frå å gå opp kor hen du vil.

Turen til Skagasete er delt opp i tre deler:

  1. Kvålen til Haoahaug til og med bilete 25
  2. Haoahaug til Skagasete
    Alternativ til 1 og 2: Skagesete inn Njøsadalen
  3. Skagasete til Lusaskard