Xubuntu 10.04 og nettverkdiskar

Eg testa Xubuntu 10.04 LTS når han kom. Eg greidde å kople til nettverksdisken min, men han ville ikkje opnast i utforskaren (Thunar). Tenkte eg skulle teste igjen etter at det har gått 3 månadar og vel 160 MB med oppdateringar, men problemet var framleis der. Eg søkte litt etter løysingar og løysinga fann eg her:

http://ubuntuforums.org/showpost.php?p=8784294&postcount=207

Når eg køyrde lina:

sudo apt-get install gigolo fuse-utils gvfs-fuse

såg det ut til fuse mangla i Xubuntu. Det er merkeleg at ein gløymer ein essensiell komponent når ein legg opp til å bruke Gigolo til å handterar nettverksdiskar.

Deretter var det berre å få på plass det andre. Her må du bytte ut username med ditt brukarnamn og/eller repetere lina for kvar brukar som skal bruke løysinga:

sudo gpasswd -a username fuse

Til slutt må du opne brukaren si mappe i utforskaren. I utforskaren må du slå på visning av skjulte filer. I Linux er alle filer og mapper som startar med punktum skjulte. Ergo vil du først sjå mappa .local når du har slått på visning av skjulte filer. Dobbelklikk på .local og deretter share og til slutt mappa applications.

Deretter opnar du  mousepad eller tilsvarande tekstredigerer og legg inn følgjande tekst:

x-directory/gnome-default-handler=Thunar.desktop
inode/directory=Thunar.desktop
x-directory/normal=Thunar.desktop

og lagrar denne som fila defaults.list i mappastrukturen .local/share/applications/ til brukaren. Til slutt kan det vere lurt å logg ut og så inn att for at det skal fungere.

Kanskje Linux krev litt meir enn XP…..

I går posta eg ei melding der eg var skuffa over Ubuntu 10.04 LTS sidan vifta aldri stoppa. Greitt nok at ho gjekk for det meste på det minste nivået, men det var aldri ein stopp. So sat eg her og sjekka litt rundt ein prosessor til ein berbar pc og kom inn på ein minitest:

I also notice that the laptop runs slightly warmer on Ubuntu than it
does on Windows, even when it has been underclocked from 2.26 GHz to 800
MHz. The fan is also on much more often in Ubuntu than in Windows 7 and
is quite audible but not loud. CPU temps under load can exceed 50 C in
Ubuntu, significantly higher than that of Windows 7. Because of the lack
of optimization for notebook hardware in Ubuntu, the battery life in
Ubuntu is quite short, about 4 hours of life, give or take half an hour
depending on type of usage.

Det kan kanskje vere at det eg opplevde var at Ubuntu krevde litt for mykje av maskineriet slik at temperaturen aldri datt under det som var grensa for å stoppe vifta. Eg sjekka og såg at temperaturar på prossoren på like under 50 grader.

Ubuntu er Debian-basert og der er det høge krav til kva som kjem med. Debian si stabile utgåve ligg ikkje på «the bleeding edge». Debian 5.05 er basert på eldre kjerne og er meir restriktive med kva som vert installert. Debian er ein sterk støttespiller av fri programvare og det set sine grensar for kva som blir med i forhold til Ubuntu. Diverre passa ikkje Debian 5.05 til maskina mi. Det rimelege Broadcom 4315-kortet var ikkje støtta av kjerne 2.6.26 og ville difor ikkje fungere med Debian 5.05. Det merkeleg er at det har fungert fint med Ubuntu 8.04 LTS, men som sagt er det ein viss skilnad mellom standard Debian og Ubuntu.

Eg testa deretter openSUSE 11.3 med installasjon over nettverket/internett. Det som var merkeleg her var at den vesle installasjons-cden såg Broadcom-kortet, men år eg hadde installert openSUSE 11.3 så fekk eg ikkje det til å virke. Alt var på, men ikkje kul om eg fekk det til å virke. Eg er visst ikkje aleine med problemet.

Det kan vere at eg prøver meg att, men eg vurderer å anskaffe ei standard maskin. Ei lita nettbok med avgrensa oppløysing på skjermen er ikkje så godt å jobbe med når ein skal prøve ut noko nytt.

Ubuntu 10.04 LTS skuffar

Eg var skuffa over 10.04 LTS når han vart slept i slutten av april 2010. Det første eg la merke til var at eg ikkje fekk han til å slutte å autolaste og vise innhald på diskar og einingar som vert kopla til.

Sidan det no er gått vel 2 månadar sidan han kom, tenkte eg skulle teste han på mi HP Compaq Mini 730eo. Installasjon gjekk greitt og eg lasta ned vel 220 MB med oppdatering inklusiv ny kjerne. Det var ein del nedlastingar med installasjon i starten, så det var ikkje uventa at vifta gjekk heile tida. Men eg byrja å stusse litt når maskina stod så å sei inaktiv i lengre tid og vifta ikkje stoppa. Søkte difor på nettet etter ubuntu 10.04 fan control og fann at det var mange som hadde problem med viftestyringa. Sensorar vart ikkje oppdaga og vifta gjekk. Verre var det med dei som hadde maskiner som vifta ikkje starta på. Maskina sloknar på grunn av varme.

    Nei, Canonical dette er skikkeleg dårleg. 10.04 skal vere ein Long Time Support versjon som har høgare kvalitet og stabilitet enn dei ordinære versjonane. Kanskje er det tilfeldig at to av tinga eg treng er defekt.

    Ubuntu Netbook Remix 9.10

    Oppgraderte frå 9.04 til 9.10 på mine HP Compaq Mini 730, men det skuffa stort. Ubuntu 9.10 har minst dobla boot med påloggingstid. Grensesnittet er noko omarbeida, til deg verre meiner eg. Totalt sett virkar det som om Ubuntu Netbook Remix ikkje er tilpassa miniberbare med sine sterkt avgrensa ressursar. Nei, Ubuntu, Remixen ryk ut. Dette gidd eg ikkje.

    Ubuntu Netbook Remix 9.04 og HP Compaq Mini 730 – lyd fiksa

    UNR904 Eg prøvde i sommar Ubuntu Netbook Remix 9.04 på min HP Compaq Mini 730eo nettbok. Diverre var det ein feil i denne versjonen som gjorde at lyden ikkje virka. Eg sjekka litt opp rundt dette på laurdag 10.10.2009 og fann ut at lusa hadde vorte fiksa i løpet av september. Lasta ned og installerte Ubuntu Netbook Remix 9.04 frå minnepinne. Det første eg gjorde var å oppdatere systemet og legge inn komplette språkpakkar for bokmål og nynorsk. Alltid greitt å få alle program og grensesnitt i norsk samt stavekontrollar installert.

    Sidan eg brukar andre program enn Microsoft-standarden, har det ikkje vore noko problem å overføre e-post, bokmerker krypteringsløysingar osv til Ubuntu. Eit av dei viktigaste, om ikkje det viktigaste verktøyet, er Yahoo toolbar i Firefox (eller Internet Explorer). Med han får eg tilgang til bokmerke/favorittar uavhengig av kva slags pc eg brukar. Bokmerka blir lagra på nettet, hjå Yahoo.

    Det meste elles skal gå greitt å forhalde seg til, men eg ser at for grafikk og musikk må eg nytte anna programvare. Det fins ikkje Linux-versjonar av IrfanView, Photofiltre, Windows Media Player, CDex eller Mediamonkey.

    Tilgang til nettverksdisk gjekk rimeleg greitt. Eg måtte berre passe på at iocharset vart sett til utf8 slik at dei norske bokstavane vart korrekt vist. Det som står att er å setje opp krypterte heimemappe for brukarane. Eg finn gode oppskrifter på nettet, så eg reknar med å få kikke på det i løpet av komande veke.

    Ubuntu 8.04 LTS og HP Compaq Mini 730

    Ubuntu 8.04No har eg fått på plass linux må maskina og alt fungerer. Det er lurast å satse på Ubuntu LTS – Long Time Support. LTS-versjonen byggjer ikkje på det aller siste tilgjengelege, men er laga for at alt skal fungere best mogleg over tid. I 9.04-versjonen fungerte ikkje lydkortet på maskina. LTS-versjonane har støtte og oppdateringar i 3 år for ordinære maskiner og 5 år på tenarar. Ein vanleg Ubuntu-versjon har halvparten. Ubuntu 8.04 vart slept i april 2008 og vil bli støtta til april 2011.

    Miniberbare er lette og meint å ta med på reis. Dei bør sikrast slik at data er tryggja om maskina kjem bort. Den vanlege versjonen av Ubuntu, live-cden, har ikkje fullstendig kryptering av disk. Du må laste ned alternativ versjon. Han kan ikkje køyrast som live-cd, men er likevel svært enkel å installere. Du blir leia gjennom prosedyren på ein lett forståleg måte.

    Mesteparten av det eg treng er på plass her. I Ubuntu leverer dei berre OpenOffice versjon 2.4. Eg ønskjer å bruke OpenOffice versjon 3.1, som mellom anna har støtte for Microsoft Office 2007-filer og siste versjon av Open Document Format. Siste versjon av Pidgin, ein «messenger» som støttar det meste av tenester, vil eg bruke. I Ubuntu 8.04 LTS er det versjon 2.4 med sine spesialoppdateringar, medan Pidgin er komen til versjon 2.58. Det har vore endringar i prosedyren for pålogging av msn, som har skapt problem for 2.4-versjonen. For å vere sikker på at Pidgin ikkje misser msn, vil eg bruke den til ei kvar tid siste versjon. Løysinga er å leggje til eit par pakkebrønnar og oppdateringar vil kome når Ubuntu sjekkar pakkebrønnane med jamne mellomrom. Det er ikkje vanskeleg å legge til nye pakkebrønnar. Berre søk på nettet og du finn oppskrifta.

    Pakkebrønnen til Ubuntu er enorm og alt er gratis. Du får lov å donere til Ubuntu-uviklarane, men det er ikkje plikt. I brønnen har eg funne det eg treng. Mozilla Thunderbird er på plass som e-postprogram. Eg brukar Thunderbird i Windows, så det var berre å kopiere over datafilene til Ubuntu og oppsett og e-postar på plass. Eg fann eit program for synkronisering av filer med grafisk grensesnitt. No kan eg lett synkronisere mellom nettverksdisken og maskinene mine. Dette sikrar at eg har siste versjon av filene på pcane mine. Blåtannmusa fekk eg til å virke. Det var ikkje så vanskeleg, eg måtte berre velje rett type utstyr så dukka ho vart ho synleg. Rettleiing fann eg på nettet. Musikk- og videoavspeling i ulike format fungerer fint. Fotoarkiv og -redigering er på plass. Litt lett underhaldning er med. Sidan maskina er alt for svak for videoredigering, saknar eg ikkje det. Antivirusprogramvare kan ein berre gløyme, du treng ikkje det.

    Som på dei fleste miniberbare er skjermarealet sterkt avgrensa. På compaqen er det berre 1024×576 punkt. For å få mest mogleg att til programma som køyrer, har eg gjort eit par justeringar. Standardfonten for grensesnittet er justert ned, men framleis godt lesleg. Nedste lina er justert ned til 19 pkt, sett på automatisk skjuling som reduserer ho til nokre få punkt i høgde. Eg har aktivert knappane for å skjule lina heilt. Øvste lina er justert tilsvarande, men her set ikona eit stoppar for den reelle punkthøgda. Når begge linene er skjult, kan programma breie seg over heile skjermarealet. I tillegg har eg vorte flink til å bruke F11, dvs. bruke heile skjermen til vevsidene, i Firefox.

    Så er det ikkje alle program eg brukar som eksisterer i linux-versjon. For desse har eg henta ned Wine frå pakkebrønnen til Ubuntu. Det ser ut til å fungere fint. Tek du turen innom sidene deira, vil du sjå at mange spel fungerer fint under linux, via Wine.

    Ubuntu Netbook Remix 9.04 og HP Compaq Mini 730

    439616 Mpx hadde eit så gått tilbod på maskina, at eg kunne ikkje motså det. Ideen var å køyre Ubuntu 9.04 Netbook Remix  (UNR) med full diskkryptering. UNR har mellom anna eit tilpassa grensesnitt for minipcane og skal elles vere tilpassa maskinvaren deira. Sidan minipcar er maskiner som det skal vere enkelt å ta med seg, meinar eg at det må vere eit absolutt krav at disken er fullstendig kryptert, for å sikre at data ikkje kjem i uvedkomande sine hender.

    Det første eg la merke til under installasjonen, var at UNR ikkje har val om å køyre full diskkryptering. Heller ikkje fekk eg spørsmål om å køyre kryptering av heimekatalog, som eg får i den ordinære Ubuntu, No er det vegar rundt det med full diskkryptering, men det krev at du installerer vanleg Ubuntu med alternativ cd og legg til pakkar for å få grensesnittet til UNR med meir. Eg har valt å ikkje gjere det, fordi det per no er fleire problem.

    Etter å ha brukt maskina litt oppdaga eg at maskina var vel stille. Det viser seg at ei oppdetering av kjernen i Linux gjer at lydkortet ikkje fungerer. Dette har eg funne løysing på heilt tilbake til tidspunktet for då 9.04-versjonen vart slept. Problemet eksisterer likevel framleis. I tillegg fekk eg ikkje blåtannprogramvara til å finne musa. Alt såg ut til å fungere, men musa dukka ikkje opp. Eg ønskjer ikkje å køyre spesialskript kvar gong kjernen blir oppdatert, og vel å vente til Ubuntu Netbook Remix med Long Time Support (LTS) og vonar alt er løyst.

    Gjenbruk av gamalt utstyr

    Til jul fekk eg overlevert eit gammalt «vrak» som har samla støv i vel eitt år. Maskina var ein gong rimeleg spenstig, men i dag er ho ikkje mykje å skrive heim om. Systemet består av:

    • AMD Athlon XP 2100+
    • 512 MB ram
    • Nvidia Geforce 4 Ti 4200 grafikkort
    • 80 GB HD
    • CD-brennar
    • stort kabinett

    I dag er det ikkje mykje musklar. Ikkje har eg Windows-lisens til ho heller. Men erfaringane så langt med Windows XP syner at det eser ut. Programma i dag er større og tyngre. 512 MB ram er eit absolutt minimum for å få XP til å svive rundt. Kanskje fins det system med mindre krav?

    Ubuntu har eg testa i ulike versjonar dei siste åra. Det har vore enkelt å få installert og ein har tilgang til all programvare ein måtte ønskje frå «brønnane/depota» til leverandøren. Ubuntu har lagt på seg over tida den også. Ein bør helst ha 512 MB ram for å køyre standardversjonen med det grafiske grensesnittet Gnome. Men det finst ein avart som brukar Xfce som er eit grafisk grensesnitt som skal vere ein del lettare. Denne distribusjonen blir kalla Xubuntu.

    Eg lasta ned siste versjon, Xubuntu 8.10, men fann fort ut at ein hadde endra måten Ubuntu/Xubuntu fann fram til type skjerm på frå 8.04-versjonen. Dette hadde negative konsekvensar for mitt oppsett. Etter det eg forstår er det visse problem med å oppdage skjermar som er kopla til maskiner via standard VGA-kabel. Med Nvidia sin drivar kunne eg maksimalt få 640×480. Utan denne drivaren kunne eg få 800×600. Eg fann ingen grafiske verktøy til å justere dette, så eg valde å nedgradere til versjon 8.04 LTS. LTS betyr long time support. Versjonen er frå april 2008 og vil bli vedlikehalden i 3 år, i motsetning til versjon 8.10 som er ein korttidsversjon.

    8.04 vart installert frå CD slik at han bruker heile disken. Mitt trådlause 3com USB-kort vart funne og eg fekk lagt inn nøkkel for nettverket. Deretter er nokre ting som må på plass aller først:

    1. cden inneheld ikkje komplett språkstøtte – få på plass all norsk og engelsk støtte
    2. oppdater ubuntu/xubuntu
    3. aktivere Nvidia-drivar eller anna spesiell drivar (det vil kome opp eit spørsmål om det i løpet av punkta over)
    4. opne ein terminal og køyr sudo gksu displayconfig-gtk for å få på plass rett skjerm dersom han ikkje er korrekt oppdaga.
    5. gå inn på innstillingsbehandler og juster skriftsstorleiken dersom han er for liten. Storleik 9 på ein 20″ skjerm med 1600×1200 vart i det minste laget for meg. Eg stilte han opp til 11.
    6. installer via terminal nøkkelringadministrator via terminal/kommandoline med sudo apt-get install libpam-gnome-keyring for å sleppe mas om passord når du skal bruke trådlaust nett. Som standard vert WPA/WEP-nøkkel lagra i ein nøkkelring som ein bør ha eit passord på og du blir bedt om dette passordet kvar gong du skal ha tak i nøkkelringen.

    No er det vesentlege på plass. Det er berre å sjå gjennom start-menyen og finne program som er lagt inn. Dersom du saknar eit eller anna er det berre å bruke Legg til/Fjern… under System på start-menyen for å få på plass det du vil ha. Eg tilrår i det minste at du for Xubuntu:

    • Installere OpenOffice.
    • Bruker Pidgin som messenger (Live, Yahoo, AOL, ICQ m.m.)
    • Installere Micrsoft Core fonts-pakken for at t.d. Times New Roman, Arial m.m. skal visast korrekt i Linux.

    Når eg har logga på Xfce, brukar systemet berre rundt 128 MB minne. Då har eg også aktivert fildeling via samba. Antivirusprogramvare som i Windows XP dreg på seg 50 – 100 MB, kan ein berre gløyme. Virus for Linux er framandord. Sjølv om nettlesaren Mozilla Firefox dreg på med vel 100 MB, er det god plass til andre program som OpenOffice, Gimp (grafikk/teikning), Mozilla Thunderbird (e-post) og litt anna samstundes. Eg merkar ingen aggresiv diskaktivitet for at systemet skal veksle ut/inn data frå platelageret. Maskina held nok nokre år til med dette oppsettet.

    Ubuntu linux

    Har starta å sjå nærare på om Linux kan erstatta det meste av det eg gjer under Windows. Eg har i helga fått installert Ubuntu 8.04 LTS på ein Compaq NX8220. Ikkje noko sprek maskin etter dagens målestokk med Pentium M-prosessor og 1 GB minne. Eg har testa Windows Vista på ho vel eitt år og det har ikkje vore noko å skrive heim om.

    Eg valde å bruke den alternative versjon av Ubuntu sidan den inneheld fullstendig diskkryptering. Du misser den fine live-cd-funksjonaliteten til den offisielle. Med den kan du teste ut Ubuntu før du installerer. Eg kjenner Ubuntu, så for meg er det like greitt å bruke ein teksteleg installering som noko anna. Einaste problemet eg støytte på var at eg måtte legge til vga=771 som ekstra oppstartsparameter for å sjå teksten. Dette stod i hjelpa ved oppstart. Nokre få enkle val, ein god kodesetning og systemet gjorde resten.

    Sidan Ubuntu berre kjem på ein CD, og ikkje DVD som mange andre distribusjonar, bør du før du gjer noko anna køyre ei oppdatering via menyen System – Administrasjon – Oppdatering. Du får ned komplett oversikt over alle pakkar som er tilgjengeleg slik at det blir lettare å installere komplett språkpakke via System – Administrasjon – Oppdatering. Utan å få på plass fullstendig sett med språkpakkar til ulike deler og program, vil du oppleve at det går litt på engelsk og norsk, som det heiter i songen.

    Trådlaust nett, internett og e-post konfigurert, fotoredigering, kontorpakke, videoredigering og grafiske verktøy er på plass. Kort sagt Ubuntu har tilnærma alt. Det einaste eg manglar er eit godt alternativ til WebSite Watcher. Eg er ikkje heilt sikker på om Ubuntu kan tilby same funksjonaliteten her. Men som ein totalpakke er Ubuntu «absolutt fabelaktig»