
13.10.2007 tok eg på meg støvlane og gjekk til heimsta Trastadalsvatnet for å sjå meg om og vurdere om turen let seg gjere for ungar på 6 til 9 år neste sommar. Eg har tenkt på å leige hytta til Jakt og Fiskelaget å ta nokre dagar i høgfjellet sommaren 2008.
Veret var tungt og skydekke var lågt. Eg starta heimanfrå. Det er pur luksus å kunne starte ein lang fjelltur frå sitt eige hus. Turen gjekk fram Henjadalen fram til Flya på traktorveg. På Flya må ein krysse elva til stølsområdet på austsida og gå på sti framover mot Nyastøl. Det har regna mykje i haust og det er tungt og vått å gå. Når ein kjem fram tll Nyastøl, kan ein velje å gå ein litt kortare veg om Åsenosi eller ein kan gå opp til Pipehaug før ein snur framover i retning Trastadalen.
Etter kraftutbygginga følgjer du grusveg heilt fram til Traståna. Du kryssar ikkje elva, men går opp ryggen på høgre sida av vassinntaket. Her skal du kunne kome inn på den gamle stien til Pipehaug, sjå historiske bilete under.
Historiske bilete frå før kraftutbygginga
Bileta er tekne på heimveg og startar difor ved heimsta Trastadalsvatnet og går ned til Nyastølen om Pipehaug. Turen til heimste Trastadalen er delt i fleire deler:
- Henjadalen til Flya
- Flya til Åsenosi til og med bilete 47 der stien ikkje går over brua, men høgre opp til Pipehaug.
- Heimste Trastadalen ned mot Nyastøl.





















