Her kjem ei oppdatering av saka om den gamle Fujitsu Siemens Scaleo Pi 2662 eg ville ha over på Windows 7 og vidare til Windows 10.
Eg diskukterte problemet mitt med nokre kollegaer og fekk forslag om å deaktivere lydkort eller nettverskort i BIOS. Eg holdt ein knapp på å deaktivere nettverkskortet, sidan eg meiner ein kunne kople saman maskiner med FireWire.
Først ut var deaktivering av lydkortet i BIOS, som eg hadde minst tru på. Etter at Windows 7 hadde starta, gjekk eg over Enhetsbehandling eit par, tre gonger. 1394-referansen var søkk vekk. Eg sette i gong oppgraderinga til Windows 10 og no var det ingen problem. Under prosessen lurte eg på om eg måtte kjøpe eit lydkort til maskina, men når Windows 10 var ferdig installert var det lyd. Ikkje i min villaste fantasi kunne eg tenkt meg at det å deaktivere lydkortet i BIOS slo av FireWire-kontrolleren. Klart språk er det ikkje.