Avast antivirus i gratis variant har eg over tid hatt dårlege erfaringar med. Hovudproblemet er at gratisversjonen vil ha deg over på ein betalt versjon, som medfører at det sprett opp boksar nede i høgre hjørnet av Windows i utide.
Heldigvis er det ei lita innstilling som løyser dette: «Stille modus»
Modusen var, slik eg oppfattar det, tenkt å avhjelpe spelarane. Framandelement midt i ein hektisk kamp eller race blir aldri godt motteke. «Stille modus» fungerer like bra for oss som ikkje spelar (så mykje). Borte vekk blir alt maset og du kan konsentrere deg fullt ut om det du arbeidar med. Ingen ting sporar av tankerekkja di.