Med ei slik overskrift som klikkåte, måtte eg berre lese artikkelen. Tre foreldre reagerer på bruken av Google i skulen. For meg er det tydeleg at her har ikkje foreldra sett seg inn i produktet og ein blandar korta godt.
Google har mange tilbud som strekker seg frå «gratisprodukt» (f. eks. Gmail) til fullstendig utdanningsstøtte- eller kontorstøtteprodukt ein betalar for. Meir om personvernet i gratisprodukta kan du lese her.
«Gratisprodukta» vi knyter vår Android-baserte telefon mot er ikkje det same produktet som vert brukt i Bergensskulen. Nokre søk avdekka at Bergensskulen nyttar tenesten G Suite for Education. Eg fann eit informasjonsskriv til alle skulane i Bergen som skildrar tenesta:
I Google G Suite for Education er det kun kjernetjenestene i løsningen som er aktivert til bruk for elevene i bergensskolen. Dette er en reklamefri skytjeneste levert av Google, og Bergen kommune har inngått databehandleravtale og nødvendige risiko- og sårbarhetsvurderinger er gjennomført.
…
For å kunne benytte G Suite for Education (Google i undervisningen) må elevene logge seg sin elevkonto xxnnn@bergensskolen.com som blir deres e-post adresse.
G Suite for utdanning er ikkje eit gratisprodukt. Bergen kommune betalar for kvar brukar. Personvernet i løysingen blir godt ivareteke. Google er tydeleg på at det er skulen som eig dataene og at Google tek ansvaret for å beskytte dei. Google er sertifisert «rund baut» og følger anerkjente standardar og lovverk, inkludert personvernforordningen (GDPR).
Utifrå informasjonsskrivet ser det ut til at kommunen har gjort det dei skal gjere, gjennomføre risikovurderingar – for å finne nødvendige tiltak – samt inngått databehandlaravtale med Google.
Eg har skumma gjennom sidene om personvern for G Suite for utdanning og funne svaret på det eg trur er utgongspunktet for bekymringane til foreldrene:
For G Suite-brukere i grunnskolen og videregående skole kommer Google ikke til å bruke personopplysninger (eller informasjon som er tilknyttet Google-kontoer) til å målrette annonser.
…
Selger Google skole- eller elevdata til tredjeparter?
Nei. Vi selger ikke G Suite-dataene dine til tredjeparter, og vi deler ikke personopplysninger som legges inn i systemene våre, med tredjeparter, bortsett fra under de få, sjeldne omstendighetene som er beskrevet i G Suite-avtalen og personvernreglene, for eksempel når du ber oss om å dele informasjon, eller når loven krever at vi gjør det.
Eg er rimelig sikker på at Google gjer jobben sin. Men etter fadesen med Vigilo, blir det eit spørsmål om Bergen har gjort dei rette innstillingane i plattforma. Basert på det eg har lese virkar det vanskeleg/umogleg å feile, men ein kan aldri sei aldri.
PS!
Microsoft gjekk på ein smell i Tyskland for datainnsamlinga som skjer i bakgrunn i Windows 10 og Microsoft Office 365. Windows 10 og Office 365 vart vurdert å ikkje vere i tråd med GDPR og kunne ikkje brukast i skulen.
Microsoft har flytta lagringa av innsamla data frå amerikanske til europeiske serverar og gjort endringar i to versjonar av Windows 10. Med rett oppsett av Windows 10 Enterprise (storbedriftslisensar) og dermed også Windows 10 Education kan ein no slå av innsamling av data. Er du god i tysk, kan du lese side 22 i rapporten frå Bayerisches Landesamt für Datenschutzaufsicht. (Datatilsynet i Bavaria).
På PCar med Windows 10 Home eller Pro, som du og eg kjøper i butikken, kan ein ikkje fullstendig slå av datainnsamlinga. Det blir nok ein runde til på denne saka. Windows 10 er ikkje i mål og Office 365 er heller ikkje friskmeld.