Start i Eitorn, eit par kilometer frå Hella ferjekai. Følg kjerrevegen mot Eitun. Fleire av bygningane på Eitun kollapsar. Det kan vere lurt å lytte og følgje med når du går gjennom tunet. På andre sida går du inn på stien som tek deg oppover forbi dei gamle husmannsplassane: Bustadstykkje og Trodlahaugen.
Like over Trodlahaugen følgjer du stien oppover til Myrsete. Heile turen til Myrsete er bratt. Frå du står i vegen i Eitorn til du er oppe, skal du gjere unna nesten 600 høgdemeter. Utsikt er avgrensa, men eit stykke oppi kjem du til eit berg med benkar med utsikt over Eitorn og Vestrheim.
Det er framleis eit stykke til du er på Myrsete, men du veit du nærmar deg når du byrjar å høyre elva. Oppe på Myrsete er det utsikt ut over fjorden. Ta inn inntrykket før du snur deg nordover og held fram, inn Kvinnedalen. Denne delen er langt slakare. Mellom Myrsete og Nyanstøl er det berre snakk om nesten 200 høgdemeter.
Like etter Myrsete får du ein liten pause frå skogen i linjetrasseen. I aust tronar både Mælen og Hest. I vest ser du Storholten og Vassvarden. Du held fram inn i skogen, men får like etterpå utsikt over stølsområdet Kluke.
Like før du kjem til Nyanstøl er du fri skogen. Ta ein pause, et nista di og fyll flaska frå elva som renn forbi på Nyanstøl. Vassvarden tronar i vest. Du ser varden og flymerke frå stølsområdet. Det er ca 250 høgdemeter opp dit. Det er berre å ta lia i små steg, so kjem du opp. Ta pausar for å nyte utsikta på vegen opp.
Den største fordelen med turen frå Eitorn er at du har tilgang til elva på Nyanstøl og kan etterfylle flaska både på turen opp og ned. Går du frå Sanden, må du bere med deg all drikke frå starten. Det kan bety ei litt tyngre bør enn frå Eitorn, men når det er sagt har turen frå Sanden opp via garden Ruud mykje finare utsikt.
PS! Det vil koma nye videoar seinare. Eg fekk ikkje med meg ei svetteperle som hamna på linsa litt før Myrsete og dannar eit tåkete parti midt i bilete.