Backup kom til sin rett, nok ein gong

Eg har ståande ein liten filserver med Openmediavault. Han køyrer også Syncthing som gjer at eg kan synkronisere mapper mellom fleire datamaskiner. Du brukar GoogleDrive, Dropbox eller OneDrive. Eg brukar mi eiga sikre synkroniseringsløysing ståande hos meg.

Under synkronisering i går kveld, var det ei av maskinene som sleit med å ned eit par filer, ei av dei var eit bilete. Eg kopla meg på filområdet det vert synkronisert til. Når eg forsøkte å opna bilete, klaga biletprogrammet på at det var feil på fila. Her var det noko gale, for fila var OK på backup og for den del ei anna maskin.

Eg logga meg på administrasjonsgrensesnittet til Openmediavault og sjekka helsa på diskane. Det lyste raudt – prefail – på disken med operativsystemet og synkroniseringsområdet. Det er eit klart varsel på at disken må skiftast så snart som råd. Eg hadde liggande ein disk i reserve og starta maskina frå USB med Parted Magic. Ved hjelp av ddrescue, over natta til i dag spegla, eg den gamle disken over til den nye. Når eg stod att i dag tidleg, var alt spegla. ddrescue hadde funne 75 feil på disken. No gjorde han nokre forsøk på å lese områda med feil, for å prøve å hente ut data.

Etter at eg var ferdig på arbeid i dag, tok eg ein siste sjekk mot backup-området. Sluttresultatet var at det var 3 filer som hadde vorte korrupte av den feilande disken. Desse vart erstatta med kopiar som det ikkje er feil på. Det står att å handle inn ein ny disk til å ha i reserve. Som ein skigard, varer ein disk ikkje evig:

976759807 KB total disk space.
34596 KB in 8 files.
72 KB in 14 indexes.
5112 KB in bad sectors.
96015 KB in use by the system.
65536 KB occupied by the log file.
976624012 KB available on disk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.