Then they came for…

Viser til innlegget mitt – They came first for the… Apple fekk det heitt av mange etter lanseringa av dette. I etterkant har dei lagt ut eit ofte-stilte-spørsmål-dokument på sine sider. I det som vert lansert i USA, i første omgang, er det to problem sjølv om «brekkstanga» er sukra med eit heller nobelt formål:

  1. CSAM-deteksjon i iCloud Photos. (CSAM=Child Sexual Abuse Material)
    Her blir ein matematisk verdi kalkulert av bilete som du skal til å laste opp til iCloud. Det er ikkje mogleg å sjå bilete utifrå denne verdien. Han blir samanlikna med kalkulerte verdiar frå kjent overgrepsmateriale. Funksjonen er avgrensa til dei som nyttar iCloud som biletelagring. Brukar du ikkje iCloud til bilder vert du ikkje påvirka. Modifiserte versjonar av eit bilete skal få same verdi for å kunne fange opp same biletinnhaldet sjølv om bilete blir tilpassa ulike format (f.eks. 16:9 eller 3:4), fargejustert eller får endra oppløysing.
  1. Kommunikasjonssikkerhet i Messages (iMessage, SMS og SMS)
    Eit verktøy for foreldre for å beskytte ungar (inntil 17 år) mot å sende og motta nakenbilder i meldingene. Det er avhengig av at du har sett opp familiedelingen for familene din. Bileta blir analysert på einingen og ikkje samanlikna med andre. Om ein barnekonto sender eller mottek det som algoritma meinar kan vere eit nakenbilde, blir bilete uskarpt og ungen åtvara, presentert med nyttige ressursar og forsikra om at det er greit om dei ikkje vil sjå eller sende bilete. For ungar 12 år og yngre kan det setjast opp slik at foreldra får beskjed dersom ungen ser på bilete.

I begge tilfella er det snakk om overvaking på einingen (iPad, iPhone, Mac’ar). I denne omgang vert nr 1 brukt til å identifisere kjent overgrepsmateriale. Slikt er ulovleg og folk som distruberer slik treng å få ein tenkepause i eit avlukke. Men eg ser for meg at teknologien i neste omgang kan bli brukt til å identifisere f.eks. åndsverk (bilete osv.) Du tek vare eller sender materiale du ikkje har lov å gjere. De som har nokre år på baken veit kort hardt musikkindustrien stritta mot internett. Sjå føre deg at du lastar opp eller sender bilete eller andre mediefiler. Systemet indentifiserer at du har gjort fleire bort på åndsverkslover (les pirat), stenger kontoen din og melder deg til politiet. Du synes det kanskje er perifert, men ånda er ute av flaska. I polariserte samfunn er det fort at noko slikt kan bli brukt til å identifisere oposisjonsmateriale under dekke at det er terroristmateriale. Dagleg har vi fått meldingar om kor nær USA var å ende opp som ein autoritær stat på slutten av 2020, byrjinga av 2021.

Når deg gjeld 2, ser eg for meg at det vil fort blir obligatorisk. I USA taklar dei ikkje brystvorter. Småbarnsfamiliar tek bilete av barn med og utan klede. Poden leikar naken i strandkanten eller ved oppblåsbare bassenget. Du tek bilete når du badar dei, steller dei eller når dei er sjuke og fulle av vannkoppar. Nokon sender du til besteforeldre og vener. Systemet trur det er fy-bilder og gjer dei diffuse. Lure på kva anna som kan verte ansett å vere for tungt for «sarte sjeler» i desse «krenke-tider» og sensurert «automagisk».

Apple har vist kva dei kan få til. Når dei blir pressa av ulike aktørar, har eg vanskeleg for å sjå at nei er eit alternativ.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.