Etter to års vurdering om dei skulle opprette ei Facebook-side, konkluderte dei med at risiko var for stor. Har skumma den lange vurderinga og registrerer at eit av momenta er Facebook, som eit sosialt medium i sin natur, at kven som helst, også idiotar, kan poste kva som helst. Slikt er vanskeleg å handtere om ein vil ta eit fullstendig redaktøransvar for både tanketomme og ondsinna ytringar med spreiing av meir eller mindre sensitiv personinformasjon om individ.
Neste i søkelyset er Twitter, der dei faktisk har konto. Skumma policy for personvern og konkluderer med at dette nesten bør vere ein skikkeleg walkover.

Med unntak av ein parantes og ei setning som virkar som dei slenger med for å få ryggdekning:
…(where we rely on the EU standard contractual clauses these may be requested by inquiry as described below)…
…We do not rely on the EU-US or Swiss-US Privacy Shield as our lawful basis to transfer personal data from the European Union, EFTA States, or the United Kingdom, however…
forheld resten av teksten seg til Privacy Shield – som vart ugyldig 16. juli 2020. I parantesen vert det referert til at ein kan ein be om Standard Contractual Clauses. Dessverre greier eg ikkje å finne kor eg kan be om dei. Uansett, slike kan ligge fritt tilgjengelege sidan det er standardvilkår frå EU som ikkje skal/kan endrast.
Snart 15 månadar etter domen 16. juli 2020, er det lite som indikerer at Twitter har tilpassa seg gjeldande regelverk.