Tur: Svolsetfjellet

Svolsetfjellet er ein del av dei nordlege fjella i Henjadalen. Transportetappen dit er å følgje grusvegen inn Henjadalen. Frå stadion er det 8 kilometer til Nyastølen. Om du køyrer til det gamle vassinntaket, der det vil kome opp låst bom, sparar du 2 km. Tida er inne for å kjøpe seg ein elektrisk sykkel som gjer det lettare å utforska den inste delen av Henjadalen.

Framme på Nyastølen følgjer du stien til Friksdal omlag 500 meter. Når stien flatar ut, vil du til høgre sjå vassinntaket i Friksdøla. Spaser til vassinntaket, kryss over til andre sida og du vil finne starten på den raudmerka stien opp Svolsetfjellet. På kartet lagt ved er starten omlag der du ser skalamerket, nede til høgre for midten. I praksis følgjer du Oksli oppover.

Godt og vel 2/3 av turen opp frå vassinntaket går du inne i skogen. Lia er prega av mykje stein. Her er det viktig å sjå seg for før ein set foten ned sidan stien ikkje er mykje gått. Stien byrjar slakt og skråar nordaustover mot Slettabotn. Etter litt snur han meir nordover og stigninga dreg seg til. Litt oppi går han over i ein litt meir nordaustleg retning før du i nærleiken av skogsgrensa nok ein gong går brattare igjen. Ikkje ver overraska over at du vil kome til å sjå ein del på skotuppane. I skogen er det rimeleg greit å følgje raudmerka.

Som sagt 2/3 og du er fri skogen. Du kan snu deg å ta ein titt over Henjadalen, Myrdalen, Høgehaug, Pipehaug, Hovden, Sumhaug og Fjærlandssete. Deretter er det å følgje raudmerka opp mot toppen. Det er bratt og fjellet har ein avrunda stigning som dabbar av etterkvart som du kjem opp. Det kan gjere det utfordrande for oss med høgdeskrekk når ein ser seg bak. Du får kjensla av at det er «farlegare» enn det faktisk er. Mot slutten mista eg raudmerka, men sidan eg hadde studert kartet, visste eg kor eg skulle. Det var godt med pause og niste ved det gamle flymerke.

Skal du gå turen vil eg tilrå sko med godt grep på stein så vel som gras, lyng og mold. I tillegg trur eg det kan vere lurt å ha sko som går over anklane om du trakkar feil, vrikkar eller set foten mellom steinar. Sjølv gjekk eg turen i (låge) fjelljoggesko. På turen opp var det greit, men for turen ned, når tyngdekrafta dreg i deg, kan det bli utfordrande. Det er fort gjort at feilsteg eller at du sklir kan skapa ekstra tunge og dårleg plasserte steg for å ta seg att. Resultat av slike kan bli lite hyggeleg.

Bilete frå toppen:

Tur: Rjukandefossen

Henjadalen er ein lang dal på omlag 10 km frå stadion til endes. Du treng ikkje gå så langt for å oppleve naturen på nært hald. Du følgjer grusvegen innover dalen, til fots eller på sykkel. Knapt halvveges kjem du til den første og største fossen, Rjukandefossen. Samla sett er turen på underkant av ei mil frå stadion eller noko over ei halv mil, dersom du køyrer inn til det gamle vassinntaket.

Med god vassføring er Rjukandefossen eit mektig skue og lever opp til namnet sitt. Går du ned mot svaberga, ved foten av fossen, vil du merke vassdrivet. Kaldt vassdriv ein varm sommardag er friskt. Når vassmeltinga har gitt seg og fossen roa seg, passar svaberga ypperleg til å setje seg ned å nyte matpakken eller noko godt frå sekken.

Tur: Minnesteinen i Henjadalen

Henjadalen er ein lang dal på omlag 10 km frå stadion til endes. Knapt 4 kilometer inn dalen finn du eit minne frå andre verdskrig. Det er røyst ein stein som har hogge inn AT og 1943-44. Forkortinga AT står for Norsk Arbeidstjeneste og årstala referer seg til perioden ein bygde veg inn Henjadalen til Flya. Steinen er truleg den einaste minnesteinen i fylket Sogn og Fjordane etter Norsk Arbeidstjeneste frå krigsåra 1940-1945.

Les meir om vegbygginga og arbeidstenesta i Fylkesarkivet sitt leksikon.

Tur: Traståna

Etter kraftutbygginga i Henjadalen er det grusveg heilt inn til botn, Slettabotn. Frå Syril stadion eller Leikanger barneskule er det ca 8,5 km til du står ved bekkainntaket i Traståna. Vil du kutte ned distansen eit par kilometer, kan du køyre fram til det gamle vassinntaket og parkere der. Sjølv om vegen framleis har litt grovt dekke, er det ingen problem å sykle om du har ein hybrid eller ein grovare sykkel. Stigninga er på i underkant av 500 høgdemeter. Den siste 1/3 er tyngst. Med nok gir på sykkelen skal det gå greit. Endå betre er det om du har ein sykkel med motor som kan hjelpe til. Alt etter form og stigning kan du velje nivået på hjelp. Sykkel er spesielt nyttig om du har planar å gå til Åsenosi, heimste Trastadalen og Trastadalen eller andre områder i høgfjellet.

Ved Traståna møtes eit par stiar. Om du kryssar elva og går opp på venstre/nordsida av inntaket, der ein har jamna ut massar, vil du finne stien som tek deg opp til Åsenosi og Trastadalen. I tillegg kan du halde fram opp på Synnevaskjer, ned til Myrdalsvatni eller Myrdalsbreen. Om du held deg på høgre/sør sida av vassinntaket skal du finne ein sti som tek deg opp til Pipehaug. Frå der kan du gå framover til heimste Trastadalen eller opp til Høgehaug (gamle grensa mellom Sogndal og Leikanger) eller sørover mot Hovden, Sumhaug og ned att Reiseta.

Returen på sykkel er moro sidan tyngdekrafta står for arbeidet. Hjelm og gode bremsar seier seg sjølv. Går du til fots kan du ta tida di framover, langs Henjaelva. Det er fleire stadar du kan sjå eller føle fossar, stille flytande elv og generelt lytte til og sjå dyre- og fiskelivet. Joggesko eller tursko er heilt greit sidan du går på (grov) grus. På ein tur på knappe to mil tur/retur frå stadion eller rundt 4 timar, kan det være lurt å ha med seg noko godt i sekken. Vatn er det nok av langs turen. Ein liten avstikkar til elvekanten og du får sløkt tørsten.

Tur: Fivelhola

Henjadalen er ein rimeleg flat og lang dal som startar ved Kolabakken på Røysaleitet og fungerer som eit startpunkt for mange fine turar. Du kan parkere bilen ved Leikanger Barneskule (stadion) og gå derifrå. Dersom du vil kutte ned ca 2 km av turen, kan du køyre inn til bommen ved det gamle vassinntaket. Sjølv om bommen er open, er det ikkje lurt å køyre vidare. Berre er grunneigarar har nøkkel til bommen. Det vil vere kjedeleg å bli ståande fast på feil side av bommen på returen.

Frå bommen må du rekne med ca 1 time gangtid langs traktorveg til Fivelhola. Vegen er ikkje bratt og passar ypperleg til dei første trimturane før du gyv laus på dei brattare turane, som t.d. Skagasete, Lusaskard m.m. Det går fint å sykle heile vegen. Ved å sykle vil starten og slutten på lengre turar til Kjeringafjell, Trastadalen, Friksdal og Fjærlandsete bli meir behaglege. Det er knapt noko betre enn å setje seg på sykkelen etter 5-6 timar og rulle heim den siste, men dryge, halve mila.

I Fivelhola går det ein tydeleg sti, bratt oppover til Sevi på 793 moh. Frå Sevi kan du gå vidare opp forbi Blankavatnet og til Kjeringafjell, 1314 moh.

Historiske bilete frå før kraftutbygginga

Tur: Fessafossen

Fessafossen er eit naturleg stoppunkt i Henjadalen. Før kraftutbygginga følgde du ein sti fram frå Flya, på vestsida av elva. Han var ikkje merka men var svært tydeleg i terrenget og lett å følgje. Nokre få plassar kryssa han over fuktige, frodige, men korte områder. Stien veksla med å gå i nærleiken av elva og trekkje seg litt frå i områder der ein må opp små høgder.

Etter kraftutbygginga følgjer du ein brei og god grusveg. Eit par kilometer etter Flya kjem du til ei litt kraftig stigning i grusvegen. Ser du til høgre for stigninga, vil du sjå den vesle kløfta der Fessafossen renn. Er det god vassføring vil du sjå og høyre fossen.

31 000 km med Byd Tang

Før vi startar på ei oppsummering av 13 månadar og 31 000 kilometer, kan det vere lurt med eit tilbakeblikk:

Ein ny, framand bil frå ein framand produsent. Alle faktorar tilseier at her blir det mykje å pirke på. No har eg levd gjennom sommar, vinter og starten på ny sommar med Byd Tang.

Køyremessig har eg ingen ting å klage på. Ingen støttesystem som røskar i rattet eller må deaktiverast kvar gong eg startar bil. Vinter er ingen problem uansett føre, sjølv med piggfritt. Lange dagsøkter med fleire ladingar er heller ikkje problem. Eg sit godt og blir ikkje trøytt. Ladefarten er grei. Med dei raske ladarane (180kw->) går det unna på i overkant av 40 minutt 10-84%. (120 kw til 65% og 90 kw til 84%). Ein fin pause til å få i seg litt mat, spasere rundt og roe ned før neste økt.

Det einaste som er skifta på garanti er LCD-skjermen, som fekk feil på deler av panelet i sommarferien 2022. I juni 2023 har eg konstantert at bilen har feil hjulstilling bak. Det har gitt unormal slitasje på dekka bak. Høgre bak slit på ytterkant, venstre bak slit på innerkant. Bilen skal inn på hjulstillingskontroll i starten av juli.

I det totale har eg lite å klage på. Det som står igjen er programvare/appar. Noreg har vore beta-testen for Byd. Vi som «first movers» må smørje oss med tolmod. Dei problema eg hadde i fjor med DAB er i hovudsak løyst, men navigasjonen Byd tilbyr er for dårleg:

  • kart er ikkje oppdatert: Eit døme er vegen over fjellet/åsen mellom Aurdal og Dokka. Den nye bomvegen er ikkje med i kartløysinga.
  • eit svarandes mas om at «du er over fartsgrensen» sidan navisjonen brukar speedometeret, ikkje GPS-farten. Du kan slå av stemma, men då ryk også all muntleg navigasjonsrettleiing frå systemet. Får skulda på EU-regelverket her, ikkje bilen.
  • svart bakgrunn med tynne strekar i gråsjatteringar for vegar samt knøttskrift: I solskin med solbriller er det umogleg å navigere på «frihånd», dvs. du køyrer rundt for å sjå deg om. Det er umogleg å skilje ulike typer vegar samt områder rundt vegane (bustad, industri, landbruk, sjø). Her har Byd mykje å lære frå TomTom.

Med eldsjeler som bocn.no, fiksar eg manglar sjølv. Eg har installert dei appane eg har bruk for som f.eks. Chargefinder, Google Maps, TomTom Navigation. Som underhaldning har eg radio-, TV- og lydbok-appar. Det er positivt at eg kan installere appar eg ønskjer, men det hadde vore best og sikrast om Byd hadde tilbydt dette i ein app-butikk. Eg snakka med forhandlar for godt og vel ein månad sidan. App-økosystemet skulle vore på plass hausten 2022. I kommunikasjon i grupper knytt til merke og modell, vil Byd Tang produsert i 2023 bli levert med Android Auto og/eller Apple Car Play.

Om det er noko vesentleg å setje fingeren på, må det vere kreftene. Skal du forbi er det ikkje mange sekundane du treng. Hald godt i rattet og hugs for all del å kontrollere farten. Tenk deg eit par gonger om før du slepp villdyret laust, det kan bli dyrt og faren for ein periode med transport på apostlane sine hestar truar.

Tur: Slettabotn

Etter kraftutbygginga i Henjadalen er det no grusveg heilt inn til botn, Slettabotn. Frå Syril stadion eller Leikanger barneskule er det ca. 9 km til du står ved bekkainntaket av Myrdalselvi. Vil du kutte ned distansen eit par kilometer, kan du køyre fram til det gamle vassinntaket og parkere der.

Sjølv om vegen framleis har litt grovt dekke, er det ingen problem å sykle til Slettabotn om du har ein hybrid eller ein grovare sykkel. Stigninga er på i underkant av 500 høgdemeter. Den siste 1/3 er tyngst. Med nok gir på sykkelen skal det gå greit. Endå betre er det om du har ein sykkel med motor som kan hjelpe til. Alt etter formen din og stigninga, kan du velje nivået på hjelp. Sykkel er spesielt nyttig dersom du har planar å forlate vegen og gå inn i Friksdalen eller opp på Åsenosi, Trastadalen eller andre områder i høgfjellet. Returen på sykkel er moro sidan tyngdekrafta står for arbeidet. Hjelm og gode bremsar seier seg sjølv.

Går du til fots kan du ta tida di framover, langs Henjaelva. Det er fleire stadar du kan sjå eller føle fossar, stille flytande elv og generelt lytte til og sjå dyre- og fiskelivet. Joggesko eller tursko er heilt greit sidan du går på (grov) grus. På ein tur på nesten to mil tur/retur frå stadion eller rundt 4 timar, kan det være lurt å ha med seg noko godt i sekken. Vatn er det nok av langs turen. Ein liten avstikkar til elvekanten og du får sløkt tørsten.

Sverige fiksar vegutbygging

Siste veka gjorde eg noko heilt anna. Eg forflytte meg heilt aust. Enda opp i Gävle og undersøkte heile aust og sørlege delen av Sverige med Øland, Smygehuk og vestkysten opp til grensa. Det er ein stor skilnad mellom transportrutene i Sverige kontra Norge. Med mindre du bur på Austlandet skal til hytta på Sørlandet, trene svingane dine i Hafjell eller Harryhandle i Sverige, må du ta til takke med «geitatrakk».

På transportetappane i Sverige kan det variere. Det er dei tradisjonelle motorvegane med 110 eller 120 km/t som fartsgrense. Desse er rimeleg kjedelege med 2 felt i kvar veg. I tillegg har ein vegar 100 km/t i fartsgrense. Her vekslar det med at du har i underkant av 1 km eller til rundt 2 km i 2 felt, før dei som kjem mot får tilsvarande. Retningane er skilt med gjerde. Eg veit om 2 km får eg 2 felt der eg kan passere ein tunglasta trailer eller ein bil der sjåfør tek det med ro.

I Noreg har ein valt å halde fram med eit einsleg felt i kvar retning. Men ein har lagt inn sperrer mellom retningane eller dobbeltrekt sperreline. Kjem du bak ein som meiner at 50-60 er OK i 80-sone, er du låst. I Noreg er mange av dei gode passeringsplassane sperra med sperreline. Irritasjonsmomentet aukar og der det er åpnar gjer ein forsøk på mindre optimale stadar. I stadenfor å legge til rette for god trafikkavikling, har Noreg valt å gjere det meir komplisert og farleg.

Tur: Hermansverk til Nornes

Det er fullt mogleg å gå turen, men den er på 1 mil og rundt 1 km går etter sterkt trafikkert hovudveg. Eit mykje betre alternativ er å sykle. Har ein ordinær eller elektrisk hybrid eller terrengsykkel er dette ein fin tur på 1 mil (ein veg).

Start i Hermansverk sentrum. Følg gang og sykkelveg i retning Sogndal. Inne på Kløvi må du ut i hovudvegen. Etter vel 1 km, ved Fatlaelvi/-fossen, tek du av og syklar den gamle vegen til Fiksnes og vidare til Ytre Slinda. Der gamlevegen kjem opp i den nye vegen, ser du deg godt for og kryssar hovedvegen for å kome til starten på turen frå Ytre til Indre Slinda. Denne delen er spesielt fin i fruktblomstringa i mai.

Etter ca 2 km kjem du til vegen opp i høgda på Indre Slinda. Følg den opp til du kjem til skiltet som peikar deg inn på traktorvegen til Nornes. Vegen er kupert, men det er sett opp trebenker og utsiktspunkt langs han. Ein har mange høve til å ta ein pause når det røyner på. Turen går gjennom skog og er godt skjerma mot trafikken nede på hovudvegen.