Tur: Ytre Slinda til Nornes

Har du gått frå Ytre Slinda til Indre Slinda og har lyst til å gå litt lenger, men ikkje langs bilvegen?

Følg vegen oppover på Indre Slinda eit par svingar. Ved starten av traktorvegen er det skilta til Nornes. Traktorvegen går gjennom skogen heilt fram vegen opp til byggefeltet, over ungdomshuset på Nornes.

Frå Indre Slinda er det vel 2 km å gå eller sykle. Vegen er kupert, men det er sett opp trebenker og utsiktspunkt langs han. Ein har mange høve til å ta ein pause når det røyner på. Turen går gjennom skog og er godt skjerma mot trafikken nede på hovudvegen.

Tur: Ytre og Indre Slinda

For å kome til starten, kan du sykle frå Hermansverk, gjennom Fatla og på gamle Fatlavegen. Tek du bilen, køyrer du gjennom Fatlatunellen og svingar av ca. 100 meter etter utgongen, på Ytre Slinda, i krysset med gamlevegen. Parker på marka, like ved gamlevegen og krysset.

Sjå deg godt om før du kryssar hovedvegen og gå inn på starten av den gamle grusvegen på motsett side av krysset. Følg gamlevegen forbi gardane og frukthagane frå Ytre til Indre Slinda. Det er ein lett tur, i slakt terreng, på omlag 2 km ein veg, som passar alle. Einaste utfordringa eg kjem på er at du etter vel 100 meter må krysse ein liten bekk. Eit litt lengre steg og du er over, med andre ord ikkje noko som stoppar nokon. Ordinære joggesko eller gåsko er heilt innafor.

Turen er spesielt fin tur under fruktblomstringa. Tusenvis av tre står i sin mai-pryd.

Første bulken…

I litt under eitt år har eg hatt ein liten, svak bulk på nedre del av venstre dør på bilen eg kjøpte i mai 2022. Eit lite uhell når eg bøygde meg inn for å nå lenger inn i bilen for hente ut varer. Utruleg ergerleg når bilen var 2-3 månadar gamal. Eg fekk ein pris å eit par tusen kroner for å rette bulken med limuttrekk lokalt. Dei kunne ikkje garantere at det blei som nytt. Eg valde å vente det an. I vinter og vår kika eg på alternativ. Med lokal Biltema kjøpte eg inn limpistol og verktøy for bulkoppretting.

Som ny på område, må det testast på ein eldre bil. Vår bil nummer 2 er snart 14 år gamal og nokon har smelt ei dør i han og etterlete ein bulk i venstre bakdør. Ingen lappe eller nokon som ville gjere opp for seg. Ein grei test for uttrekking av bulk. I dei første forsøka var eg litt forsiktig, ikkje for mykje lim på det som skulle festast på lakken. Det var justert og dei siste to-tre gongen hadde eg nok lim på. Resultatet var at det vesentleg av bulken vart trekt ut. Det er ikkje perfekt, men du må jobbe litt for å sjå att restane av skaden.

Detta var lavmål, NSM

Tirsdag publiserte Justis- og beredskapsdepartementet ei pressemelding, basert på ei vurdering frå Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM). Ein fråråder appane TikTop og Telegram på tenesteeininga (telefonar, nettbrett, pc og Mac) i departementa. Det tok ei stund før eg la merke til den vedlagde vurderinga frå NSM.

TikTok har eg ikkje noko forhold til og valde difor å konsentrerte meg om Telegram. Eg var spent på kva NSM hadde funne ut om Telegram, som har base i Dubai. Telegram vart etablert av ein russar tilbake i 2013, men i 2014 forlot teamet Russland til fordel for Tyskland. På grunn av utfordringar med opphaldsløyve, flytta basen til Dubai. Eg har kopiert ut det som er bakgrunnen for kvifor Telegram blir frarådd:

Vi viser til Etterretningstjenestens trusselvurdering i Fokus 2023 som fremhever at Russland og Kina er de fremste trusselaktørene mot norske sikkerhetsinteresser. Vi har derfor i denne besvarelsen avgrenset oss til å vurdere applikasjonene TikTok og Telegram som har tilknytning til disse landene. Dette betyr ikke at andre applikasjoner ikke kan utgjøre en tilsvarende risiko.

Det tas forbehold om at Telegram ikke er analysert av NSM og vi har ingen solide kilder, analyser eller observasjoner som særskilt utpeker Telegram som meldingstjeneste i negativ retning ut ifra et teknisk perspektiv. Vurderingene er i hovedsak støttet på informasjon fra tredjeparts åpne kilder…

  • NSM tek forbehold: Ein har ingen solide kilder, analyser eller observasjoner.
  • Neste setning peikar på at NSM støttar seg på informasjon frå tredjeparts, åpne kjelder utan å liste opp sine kjelder. Som akademikar veit du at du alltid skal oppgi kjelder, utan kjelder har du ingenting. Dette overraskar meg. NSM er full av folk med master (>=5 år på høgsskule/universitet).

Mi vurdering:

Vurderinga av Telegram utført av NSM er ikkje verd tida det tok å skrive ho. Eg har brukt 3 timar i dag på å prøve å finne noko som kunne underbygge ståstaden til NSM, men har ikkje greidd å finne kjelder som gir meg grunn til å mistru Telegram.

Som med alle andre meldingstenester er det opp til deg kor mykje du vil gi appen løyve til og kva du vil kommunisere om. Spør deg sjølv alltid om appane treng tilgang til lokasjon, kontaktar eller alle bildene dine.

Grønt skifte eller?

Sit og stussar på kva folk tenkjer på. Olje og gass er avgrensa ressursar. Både for miljøet og helsa vår skal desse erstattast med mindre ureinande energi. Uansett korleis ein snur og vender på betyr det at vi må omsette ein type energi til energi vi kan bruke. Her på Vestlandet er vi vel vande til utbygde vassdrag som levere straum til industri, næringsliv samt deg og meg. Vi har merka godt at elektrisitet det siste året har vorte eit gode det skortar på. Eg hugsar eg lo av prisane i Danmark i 2012 med kr 2,50 per kwt på hytta vi leigde. No ler eg ikkje lenger.

La oss sjå litt framover. I Noreg skal transport over på elektrisitet. Her snakkar vi om bilar, lastebilar, anleggsmaskiner, båtar, skip, toglinjer (som ikkje er elektrisifiserte) og fly. I dag går det meste av dette på fossilt drivstoff. Vi må heller ikkje gløyme at resten av Europa skal det same, men i tillegg bytte ut kol og gass med elektrisitet. La oss halde Europa utanfor, og halde oss til her på berget.

Om Noreg skal gjennomføre eit skifte der alt av energi av fossile kjelder skal erstattast med elektrisitet, har du tenkt på kva det vil krevje? Det er snakk om enorme energimengder som vert henta ut frå ulike oljeprodukt for å levere produkt og tjenester. Eg registrer at ikkje vil ein bygge ut vind, vatn eller kjernekraft. I mitt syn er det ikkje mogleg å spare seg til desse energiressursane. Det er ikkje snakk om vi skal supplere med utbyggingar, men når vi tek steget.

Sjølv om eg går mykje i naturen, har eg ingen ting i mot at ein bygger ut vassdrag eller for den del vind og sol osv. Etter tiår traskande rundt lokalt, ser eg at naturen ikkje lenger blir vedlikehalden. Buskapen ute i naturen er redusert og held ikkje nede vegatasjonen. Ikkje klag på bonden, dei har null ansvar for å gjere det framkombart for menneske. Det er heller ikkje pengar i å ta ut skog, sidan det er mange bratte områder og hogstmaskiner har sine avgrensingar. Berre gløym nasjonalromantikk, dugnad er ein døyande aktivitet. Ikkje forvent at andre arbeidar gratis for deg.

At det kjem ein anleggsveg fram til dammar eller vindturbinar, ser eg som berre positivt. Eg er svært nøgd med vegen fram Henjadalen etter utbygginga. No kan eg sykle ei mil inn dalen på elektrisk sykkel, før eg tek til med ganga opp på høgfjellet. Det same kan seiast som Huksdalen. Med utbygginga vart det etablert ein god veg. Det har ført til at ein har opna opp for eit nytt vinterparadis for dei som går på topptur eller tur på ski. Natur som før var avgrensa til nokre få grunneigarar, er no lett tilgjengeleg for alle.

I motsetning til dei fanatiske er eg realist og ser at eg må akseptere at vi dreg meir nytte av våre naturressursar. Det er ein liten pris for å kunne vidareføre den velferda eg har nytt godt av i over 5 tiår.

Mob rules

Eg har følgt med på ei sak der ein norsk komikar ikkje kom heldig ut av det. Det er snakk om ein person som har vener i ulike fargesjatteringar. I eit forsøk å engasjere ein framande forsøker han seg med at vedkomande er for mørk til å koma inn på baren. Etter å ha følgt meg vedkomande og arbeidet han har stått for, ser eg at dette er ein kommentar på ein knivsegg. Eg har lese samanhengen og for meg var det ein fleip. Ulempa var at den ikkje vart oppfatta som fleip.

Eg er sjølv litt eldre enn vedkomande, men har opplevd at andre blir krenka av ord eg finn akseptable. I mitt hovud er ordet n*g*r ikkje noko anna enn eit omgrep for ei folkegruppe, eller trekk, ein finn sør for ekvator på det afrikanske fastlandet. Eg snakkar ikkje om boerane, av europeisk ett. I mitt hovud er det intet rassistisk eller negativt lada her. Om eg skulle sei asiat for alt aust om Bosporos-stredet i Tyrkia til skilje mellom Russland og USA i Bergingstredet, ville mange meine eg var for upresis. Det er vesentleg skilnad mellom ein tyrkar, arabar, indar og kinesar….

Dagen miljø minner meg om vill vest der ein jaktar på fredlause. Det tek meg tilbake til 80-talet med PMRC, kona til Al Gore i forkant. Dei ville merke eller forby musikk pga av støytande innhald, som banning:

Fæle å høyre Raudt

Sit og høyrer på sentralstyremedlem frå Raudt i Debatten. Han har ein fantasi om at ein skal gå inn forhandlingar med Putin.

Hadde Putins Russland valsa inn over Finnmark og Troms, ville Raudt gått i forhandlingar?

Putin hadde stått hardt på sitt og ein hadde enda opp med at Russland beheld Finnmark for betre, isfrie hamner og Troms blir ei tryggleikssone mot Nato.

Til slutt kom det inn ein sjølvoppnemd fredsaktivist frå Raudt som ville ha slutt på å gi våpen til Ukraina. Det ville utløyse forhandlingar mellom Russland og Ukraina. Eg lure på kven sine sokka ho hadde røykt. Om Ukraina ikkje hadde moglegheita til å forsvare seg, ville dagens demokratisk valde regjering bli avsett og ein del henretta. Heile Ukraina ville blitt lagt under Russland, som ein region, med stålkontroll frå Kreml. Ukraina som sjølvstendig land ville slutta å eksistere. Putin hadde fått det han ville, han hadde greidd å gjenerobre areal som gjekk tapt etter Sovjetunionens fall. Samanlikningar med tsar Peter den Store ville byrje å versere i Russland.

Kan fredsaktivisten fortelje neste trekk? Eg trur ikkje det, men her er min versjon.

Austregionen Transnistra i Moldova hadde blitt innlemma i Russland. Det neste ville blitt at Putin hadde gått etter Estland, Latvia og Litauen. Sistnemde ville gitt Russland sikker tilgang til Kalingrad, som ligg ved Østersjøen, separert frå Russland i dag. Slik sett hadde han greid å hanka inn att det som var areal under Sovjetunionen fall. Putin ville blitt ein historisk mann på linje med tsar Peter den Store.

So kan ein sleppe fantasien laus og lure på om andre areal, som var bak jarnteppe, ville vere av interesse.

Windows med tafseskjerm og penn

I slutten av oktober, var det 10 år sidan det første Surface-produktet vart lansert. Eg har alltid vore nyfiken på korleis noko slikt fungerer med Windows, eit operativsystem som i utgangspunktet ikkje er laga for tafsing. Black Week kom og Elkjøp hadde eit godt tilbod på Microsoft Surface 8 Pro. Eg kjøpte julegåva på forskot med både tastatur og penn.

Tafseskjerm

Etter 30 år med mus og seinare styreplate, er eg tydeleg merka av det. Eg må gang på gang ta meg sjølv i at eg det er betre å bruke fingrane på skjermen enn styreplata. Over tid vil dette endre seg. Eg legg allereie merke til at det gradvis blir meir naturleg å tafse på skjermen.

Nettbrett

Surface 8 Pro er vesentleg tyngre og noko større enn Apple iPad. Å halde Surface på ei hand blir tungt, du må bruke begge hender eller støtta det på bringa, om du ligg på sofaen. Å bruke fingrane til å navigere rundt går greitt, men det kan bli langt å strekke tomlane inn mot midten av skjermen.

Rammene rundt skjermen er smale, spesielt når du held Surface i liggande format. Det er ikkje mange millimeterane å plassere fingrane på. Det er litt betre i ståande format, men det hender ofte at grepet mitt blir registeret og då slit eg med å få registrert trykk med navigasjons-fingeren. Om eg opnar opp litt støtta, slik at eg også kan gripe i den Surfacen, reduserer det sjansen for at eg festar grepet for mykje inn på skjermen.

Av og på-knappen og volum-knappen er på kvar si side av skjermen. Eg støttar ofte Surface med å legge vetlefinger på undersida, når eg held han i ståande format. Held eg Surfacen slik at Av/På-knappen er nede, skjer det det ofte at eg kjem borti knappen. Skjermen låser seg og eg må bruke FaceID til å låse opp. No passar eg på at volum-knappen er nede. Kjem eg borti den går lyden opp eller ned, men det er betre enn å låse seg ute og låse opp igjen.

Penn

Ein illustratør eller teiknar vil nok ha god bruk for pennen. Å bruke penn som erstatning for tastatur, fungerer ikkje for meg. Eg skriv skriveskrift, mine kråketær slit maskina med å forstå. Det går langt kjappare å bruke tastaturet til å skrive.

Eg ser heller ikkje for meg handskrive notat på PCen. Det blir meir nostalgi enn nytte. Eg kan strekke meg til å bruke penn om eg skal skrive matematiske reknestykker. Det har eg ikkje lært meg med bruk av tastaturet, dessverre.

Pennen kan også brukast som peike- og navigasjonsverktøy, noko meir presist enn pølsefinger.

Kompakt kraft

Maskina fungere greitt som tradisjonell berbar. Ho er lettare og meir kompakt, det blir som ei lita notatblokk i sekken. Kraft er det nok av, sjølv om det ikkje er siste generasjon til Intel. Med Intel QuickSync går det greitt å redigere og produsere video. Avtrykket av Surface med ein USB-C kabel for straum og bilete på ekstern skjerm er ikkje stort.

Ein HD kan’kje vara evig

Logga meg på OpenMediaVault-filserver for å sjekke statusen. Registrere at nok ein eldre disk har starta med å takke for seg. Denne gongen var det eit reserveområde som ikkje vart brukt til noko viktig. Eg treng ikkje finne fram backupen for å hente fra filer som det er problem med. Ekstra diskar har eg liggande.

Ein ting du MÅ hugse når du skal kaste ein disk. Sørg for at du overskriv han med tilfeldige data eller nullar. Som ei ekstra forsikring eller om disken er daud, la han få ein solid omgang med ein hammar. Sørg for å bulke overdelen godt, her er det som oftast eit tynt metalllokk over platene og skrive- og lesehovuda. Legg disken på eit hardt underlag og smell til så godt du kan. Bonuspoeng om det raslar i lause deler etter omgangen.

IT-oligopol

Oligopol er eit ord ein sjeldan brukar. Alle veit kva monopol er – ein tilbydar. Oligopol betyr at det er nokre få, store tilbydarar. Innafor IT-markedet retta mot individet, tilsette, eleven og studenten har vi tre store tilbydarar: Microsoft, Google og Apple.

Etter Schrems-dommen gav eg meg fleire utfordringar. Ei av dei var å få flytta e-post, kontaktar og kalendar over til ei teneste som ikkje var amerikansk. Eg har domene hos ein norsk leverandør som tilbyr dette. E-post fungerer greitt, men den største ulempa er at tryggleiken ikkje er på høgde med dei tre store. Tilkoplinga skjer med gamle protokollar, som ikkje støttar to-faktor. For å kompensere har eg sett eit svært langt passord. Universet endar før nokon kan finne det.

Det neste problemet, og største irritasjonen, er at kontaktar og kalendar går etter carddav og caldav-protokollane. Det varierer kor godt eller om desse protokollane er støtta. Du må vere budd på mykje knoting og leiting for å få det til å fungere, f.eks. må du installere eit tillegg i Outlook.

Spesielt i iOS feiler carddav og caldav ofte. Sjølv om oppsetta har fungert i dagar og passordet som ligg inne er rett, får eg spørsmål om passordet. Det er kjedeleg å taste inn eit langt passordet på nytt, gang på gang, men eg har funne eit triks: Eg går inn på innstillingane og slettar den siste bokstaven i domenenamnet og legge den til igjen. Det blir registrert som ei endring, iOS gjer ein sjekk mot tenesta og alt vil fungere til neste gong det feiler. Outlook-tillegget vil ein del sjeldnare også feile, men her er det berre å vente det ut. Neste gong eg opnar Outlook vil det fungere igjen. Det er også mykje likt med kontaktar- og kalendar-appane i MacOS.

Kombinasjonen av dårleg eller manglande støtte, har ført til at Apple tek over handteringa av kontaktar og kalendar.