Youtube-kanalen Modern ZX-Retro Gaming har eit tilbakeblikk på 80-talet. Som ein ungdom med mellom anna ZX Spectrum 48k som heimedatamaskin, var det mange gode minner som dukka opp. I perioden 82-85 har eg spelt dei fleste av desse spela:
Skribent: Arild Bjørk
Maska er av
Han som såg på seg sjølv som talefridommen sin bergingsmann har fjerna alle mine mistankar dei siste dagane.
Først var det ElonJet-kontoen saman med fleire andre kontoar som var suspendert på grunn av ei endring i vilkåra. Ingen fekk varsling om endringa i vilkåra. Endringa gjekk på at ein ikkje kunne lenger oppgi sanntidsinformasjonen til ein persons lokasjon.
ElonJet-kontoen henta open, offentleg informasjon for posisjonen til Elon sitt privatfly. Siste eg såg var det historiske data som låg der, det vil sei reiser som flyet allereie har gjennomført. Med mindre eg har sove i timen, vil eg påstå at Elon ikkje oppheld seg kontnuerleg i flyet eller at flyet er hans faste bopel. Ergo er det merkeleg å suspendere konto(ar) som berre inneheld historiske data utan varsel. Den korrekte måten er å informere dei om endringa slik at dei kan rette seg etter dei nye retningslinene som seier at sanntidsinformasjon ikkje kan postast, men blir det lagt inn ei forsinking er det OK.
Det siste døgnet har fleire journalistar frå høgt respekterte medier har blitt utestengt etter dei same retningslinene. Alle vart utestengd frå Twitter utan varsel, prosess eller forklaring. Som påstått i artikkelen stiller eg meg bak at Elon Musk no har full kontroll over «the town square» og kan styre ytringsfridom slik han vil. Vel, Elon du har blitt det du skulle berge alle frå.
Eg har også følgt med på prosessen etter at han tok over. Det kan vere forståeleg at han har måtta gjort noko med tal tilsette, men det om ein har gått frå 7 000 til 2 000 i løpet av perioden, er det noko av oppgåver og prosessar som må li. Til dei som ønskjer å vere igjen stiller han høge krav med nesten doble arbeidsveker i timar.
Før i tida oppfatta eg karen som progressiv og nytenkjande. Det er mogleg eg har vorte lurt av det han har sagt. Handlingane den siste tida og for så vidt tilbake i ei tid, viser at mannen er ein konservativ, til tider reaksjoner person med autokratiske tendensar. Han vil ha full kontroll på kva nokon skriv og er det noko som ikkje han likar, blir det utan forvarsel slege ned på. Basert på handlingane er eg skremt over korleis han handsamar tilsette og arbeidsområder. Alle som ikkje går i hanemarsj med han må gå planken.
Eg lurer på om vi er, eller har vore, vitne til at rikdom korrumperer, i utgonspunktet, eit godt menneske?
Kva kan eg og du gjere? Som andre konsumentar kan eg kjøpe produkt laga av selskapa til Elon. Men for meg har han kryssa ei line. Som ein tilhengar av eit demokrati der det er høgt under taket, inkludert det å kritisere meg, er mi haldning diametralt forskjellig frå Elon si.
Eg kan aldri støtte nokon som med sine handlingar ser ut til å kunne vere med å rive ned eit (vel?)fungerande demokrati.
Talefridom som passar meg
Det måtte berre koma. Elon Musk, ein person som har gitt seg ut for å vere ein som held talefridom høgt, viser sitt sanne eg: Talefridom er det som passar meg. På Twitter var det ein konto med namnet ElonJet som nytta open, offentleg informasjon til å poste om rørslene til Elon Musk sitt privatfly. I dag vart kontoen suspendert for brot på Twitter sine retningsliner.

Den 7. november i år påstod Elon Musk at han ikkje skulle suspendere kontoen, sjølv om han meinte at informasjonen på kontoen utgjorde ein risiko for den personlege tryggleiken hans:
La oss ta ein titt på reglane til Twitter. Et trur eg har funne kva for ein regel Elon han har valt å dekke seg bak: https://help.twitter.com/en/rules-and-policies/personal-information
Sharing someone’s private information:
Sharing someone’s private information online without their permission, sometimes called doxxing, is a breach of their privacy and of the Twitter Rules. Sharing private information can pose serious safety and security risks for those affected and can lead to physical, emotional, and financial hardship.
Problemet er at informasjon om flyet si reise ikkje er personleg informasjon. Det er informasjon som er knytt til flyet – ein ting – og er åpen offentleg informasjon. Har du kallesignalet til eit fly kan du finne ut kor det er.
Eg trur du skal halde deg til å bygge bilar, Elon. Ikkje prøv deg meir på eit så komplekst tema som talefridom.
Apple skrinlegg CSAM
Vegen til helvete i brulagt med dei beste intensjonar, heiter det. Sommaren 2021 lanserte Apple planane om å legge til rette for å skanne etter CSAM (Child Sexual Abuse Material) i dine data. Det var fleire enn meg som var i harnisk over dette. Gjerne les deg opp på det eg har posta tidlegare:
Det er ikkje det at eg forsvarer dei som sit på slikt materale. Men åpnar ein slusene for skanning etter noko, er det fort at det breier om seg og det blir krav om å skanne etter det eine, det andre, tredje osv. Ha på minne at det ein person kallar terrorist kan vere ein anna sin fridomskjempar. Vi grensar til eit stort land som ikkje lenger er fritt, men under jarnhand.
Det er med stor glede eg ser Apple skrinlegg sine planar. Apple skal ha ros for å ha innsett at dette vart feil og gjorde det einaste rette.
I tillegg kjem Apple til å auke personvernet ved at dei tilbyr ende-til-ende-kryptering av dine iCloud-data (Advanced Data Protection for iCloud). Om litt kan du slå det på og Apple vil ikkje lenger kunne få tilgang til dine data om dei vil. Berre hugs å ta vare på krypteringsnøkkelen, uten den får heller ikkje du tilgang til dine data.
Microsoft Edge sikrast?
Dei ulike nettlesarane har funksjonalitet for å lagre passord. Kor godt sikra passorda er, om nokon skulle ta over nettlesaren medan du er borte frå maskina, er varierande. Eg sjekka dei mest populære nettlesarane og kom til at Microsoft Edge må vere den beste til å sikre passord lagra i nettlesaren.
Innstillinga finn du under Innstillinger – Profiler – Passord – Autofyll passord. Her kan du stille inn at du blir bedt om ditt Windows-passord, kvar gong, før nettlesaren fyller ut det lagra passord for nettstaden.
Har du sett opp Windows Hello, kan du smile til kamera eller legge fingeren på fingeravtrykkleseren. Først når maskina kjenner deg att blir passordet til nettstaden fylt inn.



PS! Lista over alle passord lagra i nettlesaren er òg sikra tilsvarande!
Plassering av @ på norsk MacBook-tastaturet
Som innbarka Windows-brukar er det ein ting eg går på gang på gang:
- På eit norsk MacBook-tastatur er krøllalfa/@ plassert til høgre for Æ.
- På ein Windows-PC trykker du Alt Gr saman med 2.
Eg har ikkje tal på ganger eg har trykt høgre Option-tasten saman med 2 og fått ™. Det merkelege er at @ på eit svensk MacBook-tastatur er plassert på Option-tasten saman med 2.
™ har eg ikkje bruk for. Eg jobbar meg gjennom innstillingane i MacOS og Microsoft Office og legg inn at dersom eg skriv ™ skal tegnet erstattast med @. Det er ikkje alle stadar innstillingen i MacOS passer på, f.eks. når eg skriv dette innlegget. Men eg satsar på at eg skal kunne få justert dei programma eg nyttar slik at avstanden mellom Windows- og MacOS-brukaren i meg blir mindre.
Feilsortering i e-postprogram
I helga såg eg på å flytte e-postane mine til ein anna leverandør. Overføring kan skje på fleire måtar.
Ein kan koble opp kontoane i same e-postprogrammet og dra alle e-postane mellom dei korresponderande mappene i kontoane. Dette må ein gjere for e-postane som ligg i mappa «Sent» eller tilsvarande.
For innboksen kan ein gjere det same, men for deler av e-postane testa eg alternativ med å få henta over alle e-post i bakgrunn av den nye tenesta. Eg la inn oppsettet for den gamle tenesta hos den nye leverandøren. Over tid vart resterande e-postar henta over. Ulempa med å gjere det på denne måten, ser eg i ettertid, er at e-posten får eit nytt tidsstempel for mottak.
Mange e-postprogram på PC, Mac, nettbrett og telefon legg til grunn som standard eller fast at sortering av e-post vert gjort etter tidspunktet for mottak. Med eit nytt tidsstempel blir det rot. Når deg gjeld e-postprogramma, med unntaket av Outlook på PC, kan ein ikkje endre sorteringa etter ulike tidsstempel. Her er eg/du låst til å akseptere at ein sorterer for tidspunktet for mottak.
I Outlook må du inn på visningsinnstillingane å gjere endringa tidspunkt frå mottak til sendt. Grensesnittet for nettlesaren på e-posttenesta kan konfigurerast til sortering av e-post etter tidspunktet dei er sendt.
Under ser du sorteringa i webgrensesnittet til venstre og sorteringa i e-postprogrammet Mail i MacOS. Tilsvarande sortering som sistnemnde har du også i Outlook for MacOS samt Mail og Outlook på iOS. Eg har ikkje greidd å finne noko måte å endre sorteringa til eit anna tidsstempel/sendt.
MacBook Pro 14″ – lyd
Mine øyre likar godt den nøytrale Sennheiser-lyden. Mange personar, profesjonelle testarar som privatpersonar, skryte voldsomt av lyden til MacBook Pro 14″. Ja, det virkar som om dei til tider er heilt frelst.
Lyd er det meir enn nok av. Høgtalarene er bra, men det blir noko boksete lyd når ein prøver å auke nedre del av lydbilete. Ingen greier magisk å få eit stivt aluminiumschassi, med begrensa plass, til å lyde som eit hifi-anlegg. Det er berre naturstridig.
Poengmessig gir eg lyden 7 av 10. Eg har høyrt betre og meir balansert lyd frå andre maskiner.
Windows-endring påvirka Syncthing
Eg har dei siste åra hatt ein liten Intel NUC ståande og køyre mellom anna Syncthing. Det er ei privat filsynkroniseringteneste a la Dropbox. Intel NUC fungerer som «navet» for synkroniseringa mellom alle maskiner.
Syncthing for Windows består av ei programvarefil (syncthing.exe) som du kan legge ein snarveg til i oppstartsmappa i Start-menyen i Windows. I snarvegen kan du legge til -no-console, bakom syncthing.exe, for sleppe at det sprett opp eit vindauga med programmet køyrande. Vindauga inneheld berre teknisk statusinformasjon og har ingen/liten praktisk nytte for deg.
I sommar 2022 har Windows 11 og 10 gått gjennom ei oppdatering som medfører ei fornying av konsollhandteringa. Brått byrja vindauge å sprette opp med syncthing.exe køyrande. Etter litt hjelp frå miljøet rundt Syncthing vart eg peika i rett retning:
- Høgreklikk på snarvegen til syncthing.exe
- Klikk på fana Alternativer
- Kryss av for Bruk eldre konsoll (krever omstart, påvirker alle konseller)

MacBook, 16 GB interminne er minimum
Eg har lenge hatt lyst til å kjøpe meg ein MacBook. Ikkje det at eg har spesielt bruk for det, men meir at eg er nysjerrig på dette økosystemet. Eg har testa både iOS og Android på telefon og nettbrett. Apple teke sigeren med klar margin. Med fagfelt innafor informasjonstryggleik, må eg sei at den oppfølginga ein får når ein kjøper eit nettbrett eller telefon frå Apple er tipp topp. Ein får årevis med oppdateringar, både funksjonelle og kritiske tryggleiksoppdateringar. Til og med ein gamal Apple iPhone 5S frå hausten 2013 fekk ei tryggleiksoppdatering i 2022. Vis meg den Android-baserte telefonen eller nettbrettet som får tryggleiksoppdateringar 9 år etter dei vart lanserte.
Tilbake til MacBook. Det meste av Apple-produkt er kostbare. Når basismodellar startar over kr 10.000, byrjar det å «skrubbe» for meg. Å gjere det rette valet blir viktig. Eg har sett tallause testar og vurderingar på Youtube. Nokon få meiner ein må satse på 16 GB internminne/ram, medan andre seier at ein treng ikkje meir enn 8 GB sidan MacOS er så godt optimalisert. Eg brukar PCar tungt og basert på eiga erfaring er 16 GB minimum.
Etter eit par rundar med meg sjølv enda eg opp med å gå for ei maskin med 16 GB internminne. Eg har lagt ved eit skjermskot av Aktivitetsmonitor. Om de ser på minne i bruk, ser de at eg passerer 8 GB med god margin. Kva gjer eg? Jau, eg sit og skriv dette, har 8 faner oppe i Firefox, har Gimp med Rosetta 2 (kodeomsetting frå Intel til Arm) aktivt og ser på video frå Youtube i eit hjørna av skjermen. Eg vil definere dette som rimeleg lett bruk. Konklusjonen min er at 16 GB er minimum, ikkje kjøp basismodellane til Apple (Air og MacBook Pro 13). Vær budd på å legge ut kr 20.000+ for ein MacBook.



