Tur: Kleppa til Vålamyri

VålamyriVålamyr er eit lite vatn eller kanskje rettare sagt eit tjern som ligg bak Høgehaug. Frå Kleppa følgjer du traktorvegen i nesten 1 km til der han gjer ein krapp sving og du har tre retningar å gå i. Mot sør går du opp til Høgehaug. Mot nord svingar vegen tilbake mot Øvstestølen. Om du held fram vestover eller rett fram i svingen, kjem du inn på stien som går i retning Hamrestølen. På vegen dit passerer du i skogen over Vålamyri.

Frå du forlet skogsvegen i svingen, går du inn i myrområde. Til Vålamyri er det like over 900 meter og halvparten av stien går gjennom fuktig myr og gras. Når du kjem til granskogen, vil du etter eit kort stykke kome til tydeleg skilting som peikar deg ned mot leirplassen ved Vålamyri. Det er 100 meter ned og du vil sjå nokre gamle plastfiller som er knytt på greiner i trea. Du vil skimte grasvegetasjonen nede i Vålamyri gjennom trea.

Nede på Vålamyri finn du benker sett opp og bålplass. Det kan hende at det er spent opp ein gapahuk under trea. Pass på når du nærmar deg vatnet eller tjernet. Prøv å gå på tuer og hald eit auga med kor du set foten. Å gå to kilometer tilbake til Kleppa i suppande blaute sko er vel ikkje fristande?

Tur: Kleppa til Høgehaug

Høgehaug

Høgehaug ligg over Husabø på Leikanger. Turen frå Kleppa til Høgehaug er like i underkant av 1,4 km og går på traktorvegen opp til svingen der ein kan velje å svinge opp mot Øvstestølen eller gå rett fram i retning av Vålamyri/Hamrestølen eller til venstre opp til Høgehaug. Du stig i underkant av 200 høgdemeter frå parkeringsplassen på Kleppa. Eg vil tru alle kan greie denne turen.

Sidan Høgehaug er eit utsiktspunkt kan det vere like greitt å gå opp her, nyte utsikta og gå ned på andre side i retning Hamrestølen. Då slepp du å gå i myrane bak Høgehaug eller i skogen under Høgehaug til eller frå Hamrestølen. Ingen av desse turane gir det det beste av utsikt. Investeringa i dei ekstra høgdemeterane det er å gå over Høgehaug er vel verd det.

Erfaringar med Origin

origin

Eg er ikkje framand med online kjøp av spel. Som gamal Half Life-fan fekk eg med meg opninga av Valve sin nettbutikk  Steam. Mine erfaringar herifrå har vore heilt framifrå sidan eg registrerte installasjonsnøklane frå min Half Life Generation pack og fekk spela tilgjengeleg elektronisk, ferdig oppdatert til ei kvar tid.

Over tid har Steam fått eit stort og variert utval som no også inkluderer anna programvare enn spel. Det er ofte mange gode tilbod og eg har kjøpt nokre gamle klassikarar for nokre få 10-arar. Problemet har vore å få tid til å spele ser eg. Det har vorte heilt andre prioriteringar for min del.

Electronic Arts har dei siste åra prøvd seg med nettbutikk. I forhold til Steam er dei på barnehagestadiet, som eg vil utdjupe nærare.

1. Katalog

Katalogen over spel er begrensa til for det meste titlar frå Electronic Arts.

2. Prisar

I motsetning til Steam, som ofte køyrer tilbod på spel og programvare, har Electronic Arts valt å halde ein høgt prisnivå. I starten såg ein omtrent ikkje tilbod. Det var rimelegare å vitje CDon eller ein anna nettbutikk å kjøpe spelet til halv pris. Utover i 2013 har det betra seg litt. Eg har kjøpt eit par spel som Burnout Paradise og Need for Speed Most Wanted til svært gode rabattar. Eg trur det første kosta nokre 10-arar. Det siste kosta 130 rundt juletider 2012. Samalikna med ordinær listepris var det ca 75% rabatt. Eg sparte mykje og ungane fekk mykje moro.

Høge prisar kan ha si forklaring med at Electronic Arts tradisjonelt har distribuert via detaljistleddet CD/DVD/BluRay. Blir Electronic Arts for billige på nettet, vil dei undergrave detaljistkanalen. Denne arven er belastande for kundane så vel som Electronic Arts.

3. Implementasjon

Ungane mine har vore voldsomt fasinerte over The Sims. The Sims 3 med ulike tilleggspakkar er kjøpt på DVD/CD. I full forståingmed at eg ikkje seinare kan selje desse, har eg lagt installasjonsnøklane inn i Origin/Electronic Arts slik at eg kan ha spela tilgjengelege der.

Det har i ei tid vore ønskje om eit par pakkar til The Sims 3. Denne helga var det sal hjå Origin og eg valde å kjøpe nokre pakkar for å overraska ungane når dei kjem tilbake frå haustferien. Tinging og betaling på nettet gjekk greit. Eg mottok ordrebekreftelse med nokre tilleggkodar som løyser ut nokre småting som eit og anna kostyme. Alt såg bra ut.

Maskinene hadde CD/DVD-versjonen installert frå tidlegare så eg valde å avinstallere for å installere alt på nytt via Origin og det er her eg bit meg merke til ting som ikkje bør vere som dei no er:

Uoppdatert Sims 3

Det er heilt utruleg, men installerer du The Sims 3 frå Origin må du først laste ned 3 – 4 GB med installasjonsfiler som er den versjonen som vart utgitt i 2009. Med ein gong du vil spele får du beskjed om at denne må oppdaterast og ytterlegare 1,3 GB med oppateringar må ned. Her distribuerar ein digitalt og så greier ein ikkje sjå til at hovudinstallasjonen til ei kvar tid innheld oppdaterte filer! Dette syner at Electronic Arts er amatørar innan digital distribusjon.

Installasjonsnøklar?!!!

Etter at eg betalte for dei 3 tilleggspakkane, spratt dei på plass i Origin. Stor var overraskinga eg vart bedt om installasjonsnøkkel når installasjonen starta etter nedlasting i klienten til Orgin. Eg datt nesten av stolen. Kvifor treng eg installasjonsnøklar når eg må vere pålogga min eigen konto hjå Origin for å få tilgang til spelet. Eg kan godt forstå installasjonsnøklar ved kjøp av CD/DVD, men ikkje på digital distribusjon direkte frå utgivar!!!!

Eg leitte gjennom ordrestadfestinga, var innom kontoen min på Origin, Electronic Arts og nettstaden for The Sims 3 for å leite etter dei. Ingen stadar var dei å finne. Eg venta til kvelden utan å motta faktura eller nøklar frå Electronic Arts/Origin. Eg tok kontakt via chat og fekk der levert ut installasjonsnøklane. Eg vart forklart at det var problem med, slik eg forstod det, utsending av installasjonsnøklar denne dagen. Nok ein gong vil eg påpeike at Electronic Arts er amatørar innan digital distribusjon.

Lager for installasjonsfiler i Origin-klienten

I håp om å spare meg 2 x 10 til 15 GB med nedlastingar på ei 3 Mb line hadde eg justert Origin-klienten før eg starta installasjonsløpet på maskin 1 slik at installasjonsfiler skulle ende opp i ein lett tilgjengeleg mappe samt at eg bad om at installasjonsfilene ikkje skulle slettast etter installasjon. Tanken var å flytte innhaldet til maskin nummer 2 og 3 for installasjon. Til mi store overrasking er mappa tom på maskin 1. Eg har stoppa og starta klienten på maskin nummer 2 for å sjå om det kunne vere problemet.  Heller ikkje på maskin nummer 2 ligg installasjonsfilene der eg har oppgitt at klienten skal legge dei. Nok ein gong: Amatørar!

SkyDrive – bakdør til alt ditt?

SkyDrive er ei sentral teneste i Microsoft si pågående satsing. Ho er tett integrert i Windows 8 og Office 365. Programvare er tilgjengeleg for Windows Vista og 7, OSX og ulike plattformer til mobiltelefonar og nettbrett. Synkronisering av ei SkyDrive-mappe på din brukarkonto i Windows fungerer tilsvarande Dropbox. Det som kan bli eit problem er funksjonaliteten som går under navnet SkyDrive Fetch (Hent filer). Ved installasjon av klienten til datamaskiner blir han slått automatisk på. Brukaren må aktivt velje å slå han av under installasjon:

skydrive fetch paa

Kva tilbyr SkyDrive Fetch (Hent filer)?

Dersom ei maskin står på og har applikasjonen, kan du få tilgong til alle filer på datamaskina fra ei anna datamaskin ved å logge deg på SkyDrive.com. Det inkluderer delte mapper frå andre maskiner og nettverkstasjonar maskina har tilgang til:

skydrive fetch mapper og drives

Ekstra tryggleik, men …

I utgongspunktet krev SkyDrive Fetch at ein oppgir ein ekstra kode for å kople deg til datamaskina du vil sjå eller hente filer frå. Koden blir sendt på SMS eller til ei anna e-postadresse som er lagt opp i kontoinnstillingane på Outlook.com. I tråd med Microsoft sitt fokus på å tilby ei brukarvenleg teneste vil brukaren få moglegheit til å setje opp datamaskina ein loggar inn frå som «Trusted»/ til å stole på. Einingar som ein oppgir at SkyDrive kan stole på, vil få tilgang til dei andre eingane utan den ekstra koden.

skydrive fetch Trusted

Får uvedkommande tilgang til ei datamaskin med tilgang din Outlook.com/SkyDrive-konto, kan dei fritt hente ut alt du har liggjande på maskinene du har kopla opp med SkyDrive Fetch. Dette er ikkje utenkjeleg dersom du har kryssa av for «Keep me signed on» når du loggar deg på Outlook.com/SkyDrive. Ei gullgruve vil vere å få tilgong, via  SkyDrive-kontoen din, til ei maskin der alle dine data er lagra, eller ei maskin som er kopla til ein nettverkdisk eller server heime. Det kan gå kaldt nedover ryggen av mindre.

Slaa av SkyDriveDeaktivere SkyDrive Fetch (Hent filer)

Har du allereie SkyDrive installert, kan du via innstillingar i SkyDrive-applikasjonen slå av SkyDrive Fetch ved å fjerne krysset i «Tillat bruk av SkyDrive for å hente filer på denne PCen«.

Tur: Kløvjavegen til Fjærlandssete

Kløvjavegen-Fjærlandsete

Fjærlandssete er ein støl som ligg nordom Fardal og Øvstedalen, tett opp mot Leikanger si austre grense mot Sogndal. Sjølve stølsområdet er idyllisk plassert på austsida av Fjærlandssetevatnet. På vestsida av vatnet finn ein stølen Sumhaug.

Før var den lettaste måte å koma hit å køyre opp Øvstedalen i Fardal og gå forbi Furesete. I dag er det, på grunn av forlenging av vegen i Njøsadalen, lettare å nå Fjærlandssete frå Leikanger. Det forutset at ein køyrer fram til parkeringsplassen ved Tuftahaug. Her er det to alternativ:

  1. Gå via Hottadalen over Seltuftebotnen mot Slettebotnen ved Kalvahaugen like heimom Kalvavatnet.
  2. Gå Kløvjavegen som startar i Geitadalen og kjem saman med stien frå Øvstedalen, litt over Furusete.

Det første alternativet fører deg ein del høgare i terrenget, slik at du må gå ned att på Fjærlandssete.

I dette innlegget tek eg for meg Kløvjavegen som er ein lett familietur på ca 4,5 km. På denne distansen skal du berre opp i underkant av 150 høgdemeter. Det er under halvparten av stigninga til Bjørgahaug frå Njøs. Fordelt over ein mykje lenger distanse betyr det at turen er svært slak. Det næraste eg vil samanlikna han med er turen fram i Henjadalen til Flya. Parkerer du ved bommen Henjadalen er distansen og stigninga mykje lik.

Skilnaden mellom turen fram i Henjadalen til Flya og Kløvjavegen til Fjærlandssete er at førstnemnde går på grusveg og krev ikkje anna enn gode gåsko. Kløvjavegen går over lyng, myrer samt moldete og fuktige parti. Her er det einaste som gjeld gode fjellsko, fjelljoggsko eller støvlar som kan halda veta ute. Ein lettskya dag vil du på eit godt stykke av stien sjå direkte mot Hurrungane i Jotunheimen, samstundes som du ser Gautastølen over Svartavatnet i Øvstedalen. Etter halvgådd tur vil du sjå Furusete, litt nedom Kløvjavegen. Eit kort stykke etterpå går Kløvjavegen saman med stien som kjem opp frå Øvstedalen.

Det er god plass på sælbøen til å setje opp telt eller lavvo, om du vil ta helga der. Har du kjøpt fiskekort, kan du fiske i vatnet. På ein varm sommardag kan du ta turen ned til vatnet og bade frå ei sandstrand. Ver i det minste budd på at det kan bli ei frisk oppleving, spesielt om det er tidleg på sommaren.

Tåkelegg skya for godt

Som eg har vore innom i tidlegare innlegg, kan tryggleiken til filer lagra på nettet vere so som so. Eg viser til:

For å vere heilt sikker på at ingen kan lese dine data, må du kryptere alle data som blir lasta opp. Sjølv om aviser hevdar at NSA knekker kryptering, har eg ikkje sett konkret dokumentasjon på det. Med utgongspunkt i Dropbox, vel eg likevel å skissere ei totalløysing med EncFS. Du vil fort forstå at ho er enkel å tilpasse alle skytenester som SkyDrive, GoogleDrive osv. Formålet er å ikkje gi ut nokon informasjon om di sikring av filene dine.

  1. Det første du må gjere er å installere programvare i innlegget EncFS sikrar dine filer på nettet.
  2. Sett standardinnstillingar slik som skissert i EncFS sikrar dine filer på nettet.

Når alt er installert og du har starta EncFS for Windows, vil det kome opp ein nøkkel i systemfeltet (system tray) nede til høgre i skjermbilete av Windows:

  1. Høgreklikk på nøkkelen
  2. Vel Open/Create
  3. Opprett ei mappe under ditt brukarnamn med t.d. namnet Skya
  4. Vel stasjon, i mitt eksempel brukar eg stasjon S,  som skal vere “redigeringskanalen”. Stasjonen gir tilgang “on-the-fly” til den dekryptert versjonen av filene.
  5. Lag eit godt passord eller setning

Det som har skjedd no er at det er oppretta ei fil .encfs6.xlm i mappa Skya. Du skal aldri kopiere filer eller mapper over i mappa Skya. Alle mapper og filer som blir skrivne via den virtuelle stasjonen (stasjon S i mitt eksempel) i EncFS, blir kryptert etter innstillingane i .encfs6.xml og lagra i mappa Skya. Fila .encfs6.xml  inneheld ikkje passordet/setningen i klartekst, men i lys av udokumenterte påstandar i media, vel eg å fjerne informasjonen frå likninga. Utan fila eliminerer ein fleire variablar som gjer det umogleg å få tilgang til informasjonen i filene du lastar opp. Eg treng vel ikkje minne deg om at du må ta backup av .encfs6.xml? Utan fila får du ikkje tilgang til dine data. Ikkje eingong NSA eller høgare makter kan hjelpe deg.

  1. Monter mappa til stasjon ved å klikke på nøkkelen system feltet og velje Mount
  2. Opprett ei mappe Dropbox på stasjon S
  3. Flytt alt frå den originale Dropbox-mappa til S:\Dropbox
  4. Vent til Dropbox-appen slettar alle filer
  5. Når Dropbox-appen er ferdig, avslutt Dropbox-appen
  6. Når Dropbox-appen er avslutta, slett mappa Dropbox frå brukarmappa di i Windows, ikkje S:\Dropbox

Dropbox-appen har hardkoda Dropbox som mappenamn. Uansett kor du peikar han slenger han på Dropbox. Om du ser under mappa Skya vil du sjå det krypterte namnet til mappa S:\Dropbox. Her ser du korleis det ser ut hjå meg:

enfsdropbox

Det du må gjere er å lage ein link med namn Dropbox under brukarområdet ditt til det krypterte namnet til Dropbox-mappa under mappa Skya. Dette må gjerast frå kommandolina/Ledetekst i Windows:

  1. Opne Ledetekst under Alle programmer\Tilbehør i Start-menyen
  2. Skriv mklink /J Dropbox «C:\Users\<brukarnamnet ditt>\Skya\<Kryptert namn til Dropbox-katalogen>»
  3. Sjekk at lenka fungerer frå Windows utforskar
  4. Når alt fungerer, start Dropbox-appen
  5. Opplasting av krypterte filer startar

Når det gjeld punkt 2, er det viktig at du bruker hermeteikn rundt stien som linken skal peike til. Årsaka er at det kan kome bindeteikn tilsvarande mellomrom frå krypteringa av mappenamnet. Utan hermeteikn kan linken bli feil.

Alt som du lagrar i S:\Dropbox\ bli lasta opp kryptert. Her ser du korleis det set ut hjå meg:

dropbox

Det siste du bør gjere er å logge deg på http://www.dropbox.com og slå på visning av sletta filer og mapper og fjerne desse for godt.

Ubuntu 12.04 oppdatert med kjerne versjon 3.8

U1204_til_1304Ubuntu 12.04 er nettopp komen ut i oppgradert punktversjon Ubuntu 12.04.3. Eg sidan forrige versjon køyrt med 3.5-kjernen som vart lagt inn i pakkebrønnen. Den har fungert godt, men det er nokre småting igjen. På min Lenovo Ideapad Z380 fungerer ikkje systemtastar som Fn+F6, for å slå av touchpad, og andre Fn+Fx-kombinasjonar etter at maskina har vore i kvilemodus.

Kjerne av versjon 3.8 er nyare og eg tenkte eg ville prøve ut denne, men det virka vanskeleg i første omgang. Eg prøvde med kommandolina å installere, men fekk svar om at det var ein haug med avhengigheiter så det let seg ikkje gjere. Eg er ikkje den einaste. Leitte litt rundt på nettet, men fann ikkje gode svar. Hyposen min vart at kanskje problemet låg i at maskina køyrde på 3.5-kjernen og komponentar som kom frå Ubuntu 12.10, i ledd med Ubuntu 12.04.2-oppdateringa. Kva om eg fjerna desse?

Eg opna ein terminal/kommandolina og skreiv:

sudo apt-get purge linux-generic-lts-quantal xserver-xorg-lts-quantal

og Ubuntu 12.10-komponentar vart fjerna saman med konfigureringsfilene. Deretter skreiv eg:

sudo apt-get install linux-generic-lts-raring xserver-xorg-lts-raring

for å få på plass alle komponentar som er overført frå Ubuntu 13.04 til Ubuntu 12.04.3. No var det ingen advarslar og eg kunne starte installasjonen. Alt fungerte fint, med unntak av eit lite applikasjonskrasj, men installasjonsprosessen gjekk tilsynelatandes til endes. Etter omstart sjekka eg kjerne versjonen med kommando uname -r, men det viste seg at Ubuntu framleis køyrde på kjerne versjon 3.5 som viste seg berre vere at kjernen ikkje var sett for oppstart av maskina. Eg rekna med at det kom av nemnde krasj, så eg gjentok:

sudo apt-get install linux-generic-lts-raring xserver-xorg-lts-raring

og 3.8-kjernen vart sett opp. Etter ein ny restart køyrer no maskina med oppdaterte komponentar basert på Ubuntu 13.04 i Ubunt 12.04.

Skjermlås nekta å låse Ubuntu 12.04

Dei siste par vekene oppdaga eg at skjermlåsen ikkje aktiverte etter innstillingane eg hadde sett i Ubuntu 12.04. Eg prøvde å slå av og på i det grafiske grensesnittet, samt justere tida. Sjølv om eg sette det slik at låsen skulle aktiverast med ein gong skjermspararen kom på, fungerte det ikkje. Når eg kom tilbake til maskina, var skrivebordet ulåst.

Tastekombinasjonen for å låse skjermen fungerte. Skjermlåsen fungerte òg etter kvilemodus hadde vore aktivert.  Det einaste som ikkje fungerte var skjermlåsen som skulle vorte aktivert av gnome-screensaver. Eg søkte litt og fann at det kunne oppstå problem og forsøkte å avinstallere med «purge» (alle oppsett blir fjerna) og reinstallere fleire gonger utan hell. Eg fjerna gnome-sreensaver og brukte xscreensaver, som fungerte. Eg kunne gitt meg der, men kunne ikkje motstå utfordringa.

Etter kort tid fjerna eg xscreensaver og la tilbake gnome-screensaver. Eg leita meir på nettet og prøvde ulike løysingar. Den mest gjennomgripande var å fjerne heile det grafiske grensesnittet med «purge» (slette oppsettfiler også) for å setje det opp att, utan at det løyste problemet. Det vart meir leiting og eg enda opp med noko som eg så godt som hadde avskrive.

Eg tasta Alt+F2 og skrive dconf-editor og trykke enter for å køyre programmet. Eg las gjennom innstillingane til skjermspararen. Eg minnes at eg i hovudsak slo dei som var på av og på, og justerte tiden. Det skulle vore det same som skjedde om eg hadde gjort det i det grafiske grensesnittet i systeminnstillingane. Når eg enda opp med innstillinga under, fungerte skjermlåsen som den skulle etter ein omstart.

dconf-editor-scr-saver

Eg kan ikkje forklare kvifor, men for meg virkar det som om det kan vere situasjonar systeminnstillingane «bit seg fast».

Kontaktar frå Thunderbird til Galaxy Tab 2 skapte hovudbry

badge-thunderbirdNår eg klargjorde Samsung Galaxy Tab 2, oppdaga eg at kontaktar frå Thunderbird skapte ein del problem. Vedkomande hadde ikkje Google-konto og vart oppretta. Kontaktar vart eksportert frå Thunderbird og importert til Google. Det såg til at det gjekk greitt, men djevelen gøymer seg i detaljane. No var det brettet sin tur.

Eg kopla det mot Google-kontoen eg hadde oppretta, lasta ned applikasjonar, oppdaterte eksisterande applikasjonar og klargjorde skjermane med widgeter og ikon. Det siste eg sjekka var Kontakter på nettbrettet. Ikkje kul om det ville vise noko. Når eg opna Kontaktar, gjekk det i «white out». Tilbake eller heim-knappane kunne det ta litt tid før reagerte. Til slutt gav operativsystemet beskjed om at Kontakter hang.

Eg søkte litt rundt på nettet og eit av tipsa var å nullstille brettet og starte på nytt. Eg valde å bite i det sure eplet, men det var inga betring på andre forsøk. Dei same henga utan noko forklaring. Eg byrja å gå kontaktane i Gmail nærare i saumane. Kunne det vere noko her som skapte problem? Eg oppdaga at all informasjon var lagt i det store informasjonsfeltet. Teiknbruken var heller ikkje heilt god i feltet. Ein del kontaktar hadde ikkje namn. Eg retta alt og gjennomførte ei synkronisering av nettbrettet. No opna Kontakter på nettbrettet seg utan problem.

Lærdom: Skal du legge over kontaktar frå Mozilla Thunderbird til Google, må du gå gjennom og setje dei opp korrekt før du set opp nettbrettet.

ownCloud – god ide, men utruleg treg

oncloudDå har eg fått testa ownCloud i nokre dagar, og konklusjonen er at løysinga ikkje er mogen enno.

Til mine testar har eg nytta ei eldre AMD X2-4400+ maskin med 4 GB RAM og køyrande Windows XP 32-bit. ownCloud-serveren vart lagt på eit Raid 0 av 3 diskar. Eg nytta følgjande programvare:

  • WAMPSERVER (32 BITS & PHP 5.4) 2.4 med Apache : 2.4.4 MySQL : 5.6.12 PHP : 5.4.16 PHPMyAdmin : 4.0.4 SqlBuddy : 1.3.3 XDebug : 2.2.3
  • ownCloud 5.0.9
  • ownCloud-klient 1.3.0 for Windows og Linux

Meir om klargjeringa av ownCloud-server kan du lese i mitt tidlegare innlegg.

Sykronisering av filer til ownCloud-server er utruleg treg. Du merkar det ikkje så mykje om du dreg/oppdaterer nokre få filer om gongen . Problemet vart avdekka ved at eg nytta ei mappe som inneheld ca 235 MB med filer fordelt på 15 mapper og i overant av 4.300 filer. Filene er små og omfattar html, ini, css samt nokre ørsmå gif-filer. Windows-klienten køyrde på ei berbar maskin med SSD og Intel Core i5-540M-prosessor. Trafikken gjekk via eit trådlaust nettverk (70-80 Mb).

Det tok over 7 timar å synkronisere/laste opp mappa til server. Same mappa sykronisert til Ubuntu One, over ADSL-linje med 0,5 Mb ut, tek ein brøkdel av tida.

I ettermiddag har eg testa ut min siste teori. Eg la merke til at Apache ligg på 30-40% når det pågår ei synkronisering mot WAMP-serveren. Teorien var at det kunne vere noko med krypteringa av trafikken via SSL. Eg gjorde eit forsøk utan SSL internt og samanlinka farten på loggvisninga i klienten med når det var kryptert trafikk. Det var ingen merkbar skilnad og eg gidd ikkje vente nye 7 timar på å få det stadfesta.

Det neste eg hadde tenkt å gjere var å gå over til linux, i tilfelle det var noko med Windows-løysinga og WAMP som skapte problem. Dessverre ser det ut til at det ikkje er noko betre på ein linux-server.