Dette kan ikkje vere ei godt kjensle

Nyhende frå den tabloide verden bør ein ta med ei klype salt. Stemmer dette:

http://www.vg.no/teknologi/artikkel.php?artid=540506
It-avdelingen i Nord-Trøndelag får nå hjelp av Microsoft og Norman Antivirus. Andre aktører har også tilbudt sin hjelp.

er det ikkje lystig for driftsansvarleg eller leverandørar. For den kunnige er ikkje Windows det store hinderet. Verre er det for dei som har vorte sett til å sikre det. Men at Norman, som skryt av sin Sandbox-teknologi, ikkje greier å passe på dette, synes eg er skremande.

No er det nok, Pinnacle Studio 11 Plus

Pinnacle Studio 11 Plus er det dårlegaste programmet eg har kjøpt. Eg har tidlegare fortalt om mine problem i dette innlegget.Denne helga skulle eg gjere ferdig ca 32 minutt med nedredigert materiale frå juleavslutninga for 3. og 4. klasse ved Leikanger Barneskule. Eg fekk nettopp tak i video som vart brukt under spelet i Windows Media-format som siste bit i puslespelet. Han vart lagt til og overgangar lagt inn, som vanleg, og so byrja moroa eller rettar sak problema. Alt såg ut til å vere bra heilt fram til slutten på videoen i Windows Media-format ved rendering til MPG2 for DVD. Når Pinnacle Studio 11 Plus kom til klippet etter, som er i AVCHD, bestemte Pinnacle Studio 11 Plus seg for å bruke bilete frå dette klippet, men lyden frå klippet etter det. Uansett om eg flytte litt på overgangane, så vart det ikkje i orden. Problemet løyste eg ved å kutte videoen i 2 deler. Del 1 går fram til slutten på videoen i Windows Media-format, medan klippet som gjorde Pinnacle schizofren startar del 2.Eg trudde no at alt var i orden og komponerte ein prøve-DVD med avslutningane for 1 – 4 klasse. Prøvevisinga avslørte at det har eit «hikk» i del 1 etter ca 4 sekund som gjorde at video og lyd vart ute av synk fram til neste overgang. Eg stussa fælt på kva det var som gjorde det, men hadde ein mistanke til at det var teksten som ligg over dei første 4 sekundane av første klippet som gav problem. Eg reduserte tiden på teksten, fjerna effektar som låg på teksten, la på utfading og valde å starte førsteklippet nokre bilete før, utan at noko var til hjelp. Til slutt løyste eg det ved å la teksten vere det første klippet utan å vere kombinert med anna video.

Tolmodet med Pinnacle Studio 11 Plus er slutt. Pinnacle skal få ein siste sjanse. Eg har tinga Pinnacle Studio 12 Plus. Det ser ut til at 12aren kan vere noko betre til å redigere video i AVCHD-format. 11aren har vore eit mareritt. Der eg før kunne lite på at alt var bra ved redigering av DV-video i 9aren, har eg no måtte kontrollere alle videoklipp etter rendering eller som prøve-dvd. 11aren har vore utruleg tidkrevjande og arbeidssam. Det har teke tid å løyse ulike renderingsproblem. Eg får håpe at 12aren er betre. Er han ikkje det, vil eg gå over til redigeringsprogram frå andre leverandørar. Eg har Sony, Adobe og minst eit til alternativ i kikkerten. Tilliten til Pinnacle er tynnslitt.

AMD ikkje bra nok for bærbare

Eg har lagt merke til at mange butikkar tilbyr eit stort utval av maskiner som baserer seg på berbare X2 eller dei nye Puma-baserte prosessorane til AMD. Det er synd å sjå korleis AMD har vorte akterutseilt på prosessorfronten. Det var ei tid når Intel snubla og satsa på Rambus-minne og alt gjekk på tverke med Pentium IV. AMD segla inn og fekk på plass sine X2-prosessorar som utklassa dei. No er bordet snudd. På stasjonere PCar er dei i bakleksa. Det ser heller ikkje ut til at det går noko betre på prosessorar til berbare maskiner. Ta ein titt på denne samanlikninga mellom AMD Puma og Intel Centrino 2. For meg er det spesielt HD Transcoding som er det viktigaste ved redigering av AVCHD video. Intel totalt knuser AMD. Det blir nok ikkje noko betre no når Intel er på bana med prosessorar med fire kjerner for berbare PCar.

Gjenbruk av gamalt utstyr

Til jul fekk eg overlevert eit gammalt «vrak» som har samla støv i vel eitt år. Maskina var ein gong rimeleg spenstig, men i dag er ho ikkje mykje å skrive heim om. Systemet består av:

  • AMD Athlon XP 2100+
  • 512 MB ram
  • Nvidia Geforce 4 Ti 4200 grafikkort
  • 80 GB HD
  • CD-brennar
  • stort kabinett

I dag er det ikkje mykje musklar. Ikkje har eg Windows-lisens til ho heller. Men erfaringane så langt med Windows XP syner at det eser ut. Programma i dag er større og tyngre. 512 MB ram er eit absolutt minimum for å få XP til å svive rundt. Kanskje fins det system med mindre krav?

Ubuntu har eg testa i ulike versjonar dei siste åra. Det har vore enkelt å få installert og ein har tilgang til all programvare ein måtte ønskje frå «brønnane/depota» til leverandøren. Ubuntu har lagt på seg over tida den også. Ein bør helst ha 512 MB ram for å køyre standardversjonen med det grafiske grensesnittet Gnome. Men det finst ein avart som brukar Xfce som er eit grafisk grensesnitt som skal vere ein del lettare. Denne distribusjonen blir kalla Xubuntu.

Eg lasta ned siste versjon, Xubuntu 8.10, men fann fort ut at ein hadde endra måten Ubuntu/Xubuntu fann fram til type skjerm på frå 8.04-versjonen. Dette hadde negative konsekvensar for mitt oppsett. Etter det eg forstår er det visse problem med å oppdage skjermar som er kopla til maskiner via standard VGA-kabel. Med Nvidia sin drivar kunne eg maksimalt få 640×480. Utan denne drivaren kunne eg få 800×600. Eg fann ingen grafiske verktøy til å justere dette, så eg valde å nedgradere til versjon 8.04 LTS. LTS betyr long time support. Versjonen er frå april 2008 og vil bli vedlikehalden i 3 år, i motsetning til versjon 8.10 som er ein korttidsversjon.

8.04 vart installert frå CD slik at han bruker heile disken. Mitt trådlause 3com USB-kort vart funne og eg fekk lagt inn nøkkel for nettverket. Deretter er nokre ting som må på plass aller først:

  1. cden inneheld ikkje komplett språkstøtte – få på plass all norsk og engelsk støtte
  2. oppdater ubuntu/xubuntu
  3. aktivere Nvidia-drivar eller anna spesiell drivar (det vil kome opp eit spørsmål om det i løpet av punkta over)
  4. opne ein terminal og køyr sudo gksu displayconfig-gtk for å få på plass rett skjerm dersom han ikkje er korrekt oppdaga.
  5. gå inn på innstillingsbehandler og juster skriftsstorleiken dersom han er for liten. Storleik 9 på ein 20″ skjerm med 1600×1200 vart i det minste laget for meg. Eg stilte han opp til 11.
  6. installer via terminal nøkkelringadministrator via terminal/kommandoline med sudo apt-get install libpam-gnome-keyring for å sleppe mas om passord når du skal bruke trådlaust nett. Som standard vert WPA/WEP-nøkkel lagra i ein nøkkelring som ein bør ha eit passord på og du blir bedt om dette passordet kvar gong du skal ha tak i nøkkelringen.

No er det vesentlege på plass. Det er berre å sjå gjennom start-menyen og finne program som er lagt inn. Dersom du saknar eit eller anna er det berre å bruke Legg til/Fjern… under System på start-menyen for å få på plass det du vil ha. Eg tilrår i det minste at du for Xubuntu:

  • Installere OpenOffice.
  • Bruker Pidgin som messenger (Live, Yahoo, AOL, ICQ m.m.)
  • Installere Micrsoft Core fonts-pakken for at t.d. Times New Roman, Arial m.m. skal visast korrekt i Linux.

Når eg har logga på Xfce, brukar systemet berre rundt 128 MB minne. Då har eg også aktivert fildeling via samba. Antivirusprogramvare som i Windows XP dreg på seg 50 – 100 MB, kan ein berre gløyme. Virus for Linux er framandord. Sjølv om nettlesaren Mozilla Firefox dreg på med vel 100 MB, er det god plass til andre program som OpenOffice, Gimp (grafikk/teikning), Mozilla Thunderbird (e-post) og litt anna samstundes. Eg merkar ingen aggresiv diskaktivitet for at systemet skal veksle ut/inn data frå platelageret. Maskina held nok nokre år til med dette oppsettet.

Er OpenOffice i ferd med å rotne på rot?

Som ihuga brukar at det einaste reelle alternative til Microsoft sin Office-pakke, er eg sterkt bekymra av bloggen til GNOME og OpenOffice-guru Michael Meeks. Han meiner at prosjektet OpenOffice.org ikkje er godt og treng vesentlege endringar før det er for seint. Statistikken viser at Sun distanserer seg kombinert med at det manglar ein auke frå andre utviklarar. I dag har OpenOffice.org det lågaste talet på aktive utviklarar sidan ein starte å registrere det: 24 stk. Stagnerer OpenOffice.org? Er heile prosjektet for eineveldig styrt til å fungere godt?

Les bloggen til Michael Meeks her.

DRM – får pc-brukarane som fortent?

Eg har skrive fleire innlegg i bloggen der eg seier mi meining om DRM, som eg synes er ei pest og plage. Men no må eg stille meg spørsmålet om det ikkje er pc-brukarane som er årsak til denne vridinga. Er ein ikkje tillit verdig?

Eit uavhengig selskap, 2D Boys slapp ein tittel heilt utan DRM, World of Goo. Det var inga form for kopieringsikring i tittelen. Tilliten 2D Boys har vist spelarane, er kraftig misbrukt. Berre 1 av 10 betalar for spelet. 90% av eksemplara der ute er piratkopiar. Kva seier det oss om vi dreg det over på befolkninga? Er det slik at 90% av jordas befolkning er simple tjuvar som brukar ein kvar moglegheit til å røve til seg fordeler? Har vi sokke så langt at vi drit i arbeidet andre har lagt ned?

  • Kva ville du sagt om 90% av det du jobba med fekk andre æra for med lønsopprykk, bonusar osv?
  • Er det forskjell mellom den som naskar på butikken og den som brukar piratkopiert programvare?

Er du komfortabel med utviklinga, må du ikkje klage når ein eller anna snik til seg ein fordel på din bekostning!

AMD i bakleksa

Det har vore ei skremmande utvikling på prosessorar det siste året. Sjølv har eg investert i Intel Core 2 Quad 6600 for å kunne handtere videoformatet AVCHD. AMD var aldri aktuell . Dei rota det veldig til med bug på Phenom saman med svak konstruksjon og yting. Dei gamle X2-prosessorane var altfor svake. No kjem Intel Core i7 «Nehalem» på bana og AMD er så godt som parkert. Berre ta ein titt på testen hjå www.hardcoreware.net. Den kraftigaste AMD Phenom X4 9950 har ingen ting å stille opp med.

Held dette fram kan vi fort ende opp med at Intel har monopol på prosessorar til pcar. Vi får håpe at AMD har eit eller to kort i ermet og kjem sterkare tilbake neste år. Eg kryssar fingrane, men held ikkje pusten.

Far Cry 2 eller Crysis Warhead er ikkje bestseljarar

bestselgerVar innom Steam-kontoen min og såg at Fallout 3 er i sal. Spelet kjem utan DRM med aktivering, i motsetning til Far Cry 2 og Crysis Warhead. Fallout 3 ligg på topp som bestseljar. Far Cry 2 eller Crysis Warhead er ikkje på lista.

Ikkje eingong i kategorien Action er Far Cry 2 eller Crysis Warhead inne på lista over bestseljarar. Eg lurer på kva som er årsaka til dette. Er spela for dårlege eller er det DRM som gjer at spelarane skyr dei?

Besøk http://store.steampowered.com/ og sjekk listene sjølv.