Du er ikkje mykje anonym på nettet. Kor du kjem frå brukar er ingen problem å finne ut, berre sjekk:
http://www.auditmypc.com/anonymous-surfing.asp
Har du Firefox, kan du alltids prøve Tor og sjekke korleis du blir identifisert.
Du er ikkje mykje anonym på nettet. Kor du kjem frå brukar er ingen problem å finne ut, berre sjekk:
http://www.auditmypc.com/anonymous-surfing.asp
Har du Firefox, kan du alltids prøve Tor og sjekke korleis du blir identifisert.
Eg har skrive fleire innlegg i bloggen der eg seier mi meining om DRM, som eg synes er ei pest og plage. Men no må eg stille meg spørsmålet om det ikkje er pc-brukarane som er årsak til denne vridinga. Er ein ikkje tillit verdig?
Eit uavhengig selskap, 2D Boys slapp ein tittel heilt utan DRM, World of Goo. Det var inga form for kopieringsikring i tittelen. Tilliten 2D Boys har vist spelarane, er kraftig misbrukt. Berre 1 av 10 betalar for spelet. 90% av eksemplara der ute er piratkopiar. Kva seier det oss om vi dreg det over på befolkninga? Er det slik at 90% av jordas befolkning er simple tjuvar som brukar ein kvar moglegheit til å røve til seg fordeler? Har vi sokke så langt at vi drit i arbeidet andre har lagt ned?
Er du komfortabel med utviklinga, må du ikkje klage når ein eller anna snik til seg ein fordel på din bekostning!
Det har vore ei skremmande utvikling på prosessorar det siste året. Sjølv har eg investert i Intel Core 2 Quad 6600 for å kunne handtere videoformatet AVCHD. AMD var aldri aktuell . Dei rota det veldig til med bug på Phenom saman med svak konstruksjon og yting. Dei gamle X2-prosessorane var altfor svake. No kjem Intel Core i7 «Nehalem» på bana og AMD er så godt som parkert. Berre ta ein titt på testen hjå www.hardcoreware.net. Den kraftigaste AMD Phenom X4 9950 har ingen ting å stille opp med.
Held dette fram kan vi fort ende opp med at Intel har monopol på prosessorar til pcar. Vi får håpe at AMD har eit eller to kort i ermet og kjem sterkare tilbake neste år. Eg kryssar fingrane, men held ikkje pusten.
Var innom Steam-kontoen min og såg at Fallout 3 er i sal. Spelet kjem utan DRM med aktivering, i motsetning til Far Cry 2 og Crysis Warhead. Fallout 3 ligg på topp som bestseljar. Far Cry 2 eller Crysis Warhead er ikkje på lista.
Ikkje eingong i kategorien Action er Far Cry 2 eller Crysis Warhead inne på lista over bestseljarar. Eg lurer på kva som er årsaka til dette. Er spela for dårlege eller er det DRM som gjer at spelarane skyr dei?
Besøk http://store.steampowered.com/ og sjekk listene sjølv.
Eg syntes Far Cry var skikkeleg bra. Spela første delen på ein heller blodfattig pc. Siste del vart spelt på ein litt sprekare pc og grafikken var fantastisk. Hadde sett fram til Far Cry 2 som eit av dei svært får spel eg kunne tenkt å spele men nok ein gong øydelegg foreleggar det med DRM som også blir inkludert på Steam:
Some of you have been asking about the copy protection used in Far Cry 2. Here’s a summary of how it will work:
We’ll keep an eye out for any other major questions on this matter and update this sticky accordingly.
________________
Ubi.Vigil
Community Manager Ubisoft UK
Ser på papiret ut til å vere betre enn anna DRM. Han skal «gi tilbake» ein aktiveringa når du avinstallerer. Hovudankepunktet er mange år fram i tid. Eg spelar Half Life 10 år etter det kom ut og treng berre CD og nøkkelen (koden) for å installere og spele det. Eit godt spel kan besøkast mange gonger. Star Wars Jedi Knight: Jedi Outcast og Medal of Honor (det første) har eg spelt 2 eller 3 gonger over fleire pcar etter kvart som tida går. Blir eg ikkje ferdig på ein pc med eit spel, kan eg installere/flytte det fritt på ein anna og flytte lagringane over. Slik får eg spela det ferdig samtidig som eg kan skru grafikk og effektar på topp og nyte det i all si prakt.
Far Cry 2 må på same måte som Windows aktiverast. Har vi ikkje lært av Windows Media Audio DRM-format? Kva skjer når nettbutikken går konkurs eller legg ned og du går tom for aktivering etterkvart som musikken er flytta til stadig nyare pcar eller spelarar? Kjøp musikken ein gong til du og musikkbransjen gnir seg i hendene og tenkjer: «For ein fantastisk måte å omsette ei vare mange gonger.»
Kva skjer når Ubisoft er konkurs og/eller dei legg ned aktiveringsserverane sine?
Du er fanga og vil aldri kunne spele Far Cry 2 att fordi det ikkje er noko der som kan aktivere spelet.
Kor korttenkt går det an å bli i underhaldningsbransjen?
Går dei rundt med skylappar og ikkje registrerer det som skjer med nettmusikk: Bort med DRM.
Secunia har gjort ein test av sikkerheitspakkar som Norton Internet Security, Norman og 10 andre. I testen brukar dei ei maskin med Windows XP SP2 utan ein del oppdateringar installert saman med program som har sikkerheitsrisiko. Dette er mykje likt den ordinære maskin. Det er lett å gå glipp av eller ikkje få med seg at Windows og program treng ei oppdatering.
Resultatet var nedslåande. Norman kan ikkje vere nøgd. Pakken deira oppdaga ingen ting. Men ikkje den beste, Norton Internet Security 2009, skal juble høgt med maksimal fangstrate på 30,95% i den delen som inneheld dei viktigaste truslane å sikre seg mot.
Du kan lese meir om testen her: http://secunia.com/gfx/Secunia_Exploit-vs-AV_test-Oct-2008.pdf
Eg lærer noko heile tida. Med Internet Explorer 6 slo eg saman knapperadar, menyar, adresseliner slik at dei skulle ta minst mogleg plass på skjermarealet. Eg kunne køyrt i fullskjerm, men eg likar å ha desse tilgjengeleg heile tida. Med Internet Explorer 7 endra det seg, så han brukar eg berre når eg er absolutt nøydd. Kven bestemte at faner og toppdelen skulle ta så stor plass?
Firefox har eg brukt lenge. Det ordinære tema eller designet synes eg tek for stor plass, så eg har brukt tema som Microfox eller Littlefox for å knappar, menyar, adressefelt og søkefelt så små som mogleg. Men det går han å stokke om på knappar og legge dei opp i menylina slik at ein kan spare seg for knapperad Navigasjon. Bokmerker brukar eg ikkje fordi eg har mine bokmerke tilgjengeleg via Yahoo. Dei blir tilgjengeleg frå alle pcar som har Yahoo knapperad installert. Med tilpassingane endar opp med ein meny der alt av knappar og felt er plassert. Under der har eg Yahoo toolbar. Med tema Microfox tek ikkje alt dette stor plass:
Korleis får ein knappane og menyen samla?
Eg har sett på EA sine herjingar med kundane, så eg valde å sende ein mail til Crytek:
I really looked forward to Crysis Warhead. It seemed like a great present to friends and my self this christmas. Alas EA put their DRM on it. It’s obvious that the ones that makes decisions at EA or Crytek about how to protect a game can’t be playing games themselves. Just as the ones that decides on Windows Media DRM don’t listen to music.
I still play Half Life (1) from time to time and it’s 10 years old. The visual experience isn’t great, but what a game. And just remembering the first time I played it and the good old Voodoo2 in SLI. It brings back great memories. It’s many upgrades and computers since the first install of Half Life (1).
I tend to replay great games. The first time I might be able to play at low detail. I upgrade the computer to be able to play it with more «bells and whistles». With the activation scheme on Crysis Warhead this is not possible anymore. I’ll run out activations a long time before 10 years have gone. And how can anyone guarantee that the activation servers are still there in 10 years time. Just look at how many on line music stores that have closed leaving the music lover high and dry. Having to have the DVD/CD in the computer to play is just fine by me. I pay for my games and I’d like to keep the good ones around for a loooong time. The ones that I don’t like I’d like to give away or sell to someone that might get some pleasure from them. EAs system hampers all this.
As a developer you’ve got to address this. Cryteks games are for hard core gamers. You can’t put Crysis Warhead or similar game on a computer bought at the super marked or on a laptop selling for a couple som hundred euros. The hard core gamers marked consist of people that like to be able to play and enjoy games at a full detail. They upgrades their pcs or buy new ones very often. Activation is like a ticking bomb. It’s bound to go off (in the right sense of the word). If you loose the hard core gamers thanks to your distributor, loosing Crytek is a great loss for the gamer. I have yet go play Crysis, but I have played Far Cry and was just awestruck buy the graphics. I’ve been a hard core gamer, but as a family man time just keep ticking away faster than ever. Playing games happens from time to time now. But as the kids grow up I need more pcs. And with new video formats I’m still bound to upgrade or buy new ones just to be able to edit them. A game for me has an equal long life as a great one as Half Life (1). With Far Cry it was just last year I had upgraded my pc to enjoy it at high detail. With Crysis Warhead it’s just like Windows media DRM music. You can’t move it to your new computer.
As a closing, may I ask you what went on when you or EA decided to put the same DRM on the version that’s distributed on Steam? I’m not going into a discussion on Steam and that way to distribute a game, but it seems that this wasn’t needed. The game is protected by a personal account. On what computers I’d choose to play it should be totally irrelevant as long as I’m not logged into Steam by more than one instance.
Les innlegget mitt: Pinnacle Studio 11 Plus – stabilt som eit korthus.
Eg har lurt på om det ville vere ein ide å oppgradere til versjon 12 for å sleppe problema. På brukarforumet til Pinnacle ser eg at andre har dei same problema med versjon 12. Her må eg nok byrje å sjå etter ein anna leverandør. Pinnacle Studio 9 var ein god versjon, etterpå har det berre gått i ad undas.
Nok eit spel er infisert med SecuROM DRM med aktivering. Det merkelege er at han følgjer versjonen som er tilgjengeleg via Steam der spelet er knytt til din personlege konto. No kunne vi teke ei diskusjon om dette er lurt dersom Steam går konkurs eller leggjer ned, men den let eg vere for denne gong. I det minste har eg mine Half Life cdar slik at eg kan spele dei når eg vil. Tilbake til Crysis Warhead. I følgje Steam sine sider:
3rd-party DRM: SecuROM™
5 machine activation limit
Eg har og har hatt mange maskiner. Stasjonære er er å foretrekke når ein vil ha full yting og bra grafikk. Skal ein på reis er det fint å kunne spele i ledig tid på ein berbar. Med ungar i huset er det ikkje alltid at favorittmaskinene er ledige, så det er greitt å ha spelet tilgjengeleg på fleire maskiner. Med Steam er det ikkje noko problem. Heller ikkje med CD eller DVD skapar problem sidan ein kan flytte plata rundt mellom maskinene. Ja, eg synkroniserer lagringar mellom maskiner om du lurer på det.
Half Life kom for 10 år sidan og sjølv om det teknisk ikkje er fantastisk er speleopplevinga framleis det. Eg har hatt fleire maskiner enn 5 sidan 1998 og er ein ivrig oppgraderer. Det har vorte skifta grafikkort, prosessorar, hovudkort, platelager m.m. som hadde blitt registrert som mang ei endring. DRMen hadde trudd eg hadde ei maskin. Ny maskin eller vesentleg endring = 1 aktivering. Eg hadde gått tom for aktiveringar etter kort tid om dette f**nskapet hadde eksistert for 10 år sidan. Vil eg plukke fram Crysis Warhead om 10 år, vil det bli problem.
La meg gi eit eksempel. Eg vart introdusert til Steam sidan eg fekk ei gåve frå ein kamerat. Han kjøpte ei samlepakke med Half Life 2 samt dei 2 første episodane til seg sjølv. Half Life 2 og Half Life 2 Episode 1, som han hadde frå tidlegare når dei kom ut, gav han vekk som gåve via Steam. Som meg er han ein som skifter pc og oppgraderer. Eg er rimeleg sikker på at eg hadde lege på grensa for aktiveringar på mi første maskin. Half Life 2 inklusiv epiosode-serien er fantastisk. Eg kjem garantert til å plukke dei fram att om x år for å spele gjennom igjen og eg kan garantere at eg ikkje har dei same maskinene då. Det hadde blitt surt å måtte konstatere at eg ikkje kunne spele og måtte legge ut for ein ny lisens.
Eg har vener som spelar ein del meir enn meg og det hender at eg låner eit spel for å spele det. Det kan vere spel som er interessante, men som eg ikkje er sikker på passar meg. Med DRM vil det ikkje det lenger vere lurt. Kanskje er det ikkje att fleire aktiveringar eller det verste er at eg vil redusere tal aktiveringar for venen slik at han ikkje kan plukke fram spelet seinare. Demoar kan vere so som so eller ikkje tilgjengelege. Er spelet godt, kjøper eg det. Her introduserer DRMen eit problem for produsenten. Eg blir ikkje introdusert for nye spel og får ikkje eit grunnlag for å kjøpe.
Det blir problem å kvitte seg med spel dersom eg ikkje finn det verdig til å få ein plass i samling mi. Det er mangt eit spel eg ikkje har vore nøgd med og stoppa å spele etter kort tid. Å kunne selje det for ei rimeleg penge eller gi det vekk til nokon er ein fordel for meg så vel som mottakar. Eg kan med andre ord ikkje gjere eit hardare forsøk enn ein kort demo på ein spelesjanger som ikkje er min favoritt. Også på dette punktet skapar DRMen eit problem for produsenten. Eg blir meir selektiv i mine kjøp og vil ikkje prøve spel som ligg i grenseland for mi interesse. Kanskje hadde eg vorte hekta på ein ny type spel, men det får diverre ikkje produsentane nyte godt av når eg ikkje får noko incitament til å bryte «gamle vanar».
Konklusjon:
Crysis Warhead blir ikkje kjøpt korkje på Steam eller i butikken. Ikkje kjem eg til å gi det vekk i julegåve heller.