Er OpenOffice 2.4 lite optimalisert?

Eg merka det så smått når eg laga eit rekneark som eg brukar til å generere ekstra reknestykke for ungane mine i tredje klassen. Ho lasta sakte og eg lagra ho i Excel-format for å teste ho med Exel XP (2002). Responsen var raskare. Fila består av reknestykke som brukar TILFELDIG eller RAND-fuksjonen:

TALL1
+/- TALL2

  • TALL1 =TILFELDIG()*1000
  • TALL2 =HVIS(A2<=0,5;TILFELDIG()*C1;TILFELDIG()*1000)
  • +/- blir valt i ei skjult celle der eg brukar formelen TILFELDIG(). Symbolet blir viser utifrå verdien i denne cella ved hjelp av =HVIS(A2>0,5;»+»;»-«)

For å tydleggjere skilnaden har eg laga ein versjon med mange reknestykke. Reknearket går frå kolonne A til BT og frå rad 1 til 12.959. Ho viser store skilknader mellom OpenOffice 2.4 og Excel XP. Eg gjer merksam på at eg IKKJE har Java aktivert i OpenOffice 2.4. Alle testar er gjennomført under Windows Vista Home Premium Service Pack 1 med siste oppdaterte versjonar av OpenOffice og Excel XP.

Minne

Excel:            64 MB
OpenOffice Calc: 244 MB

oo24

Lastetid (dobbelklikk på fil til ho blir vist)

Basert på Core 2 Duo T5500 (1,66 ghz)

Excel:            5 sek
OpenOffice Calc: 57 sek

Opnar eg Excel-fila med OpenOffice Calc tek det like over 20 sekund.

Uansett korleis ein snur og vender på det ser det ut til at OpenOffice er like optimalisert. Er tregheit og stort minnebruk også tilstades under andre operativsystem?

Frie og opne standarar for å sikre informasjonsflyt må sikrast!

The Hague Declaration
Adopted and proclaimed
by the founders of the Digital Standards Organization
in The Hague on 21 May 2008.

……

We call on all governments to:

  1. Procure only information technology that implements free and open standards;
  2. Deliver e-government services based exclusively on free and open standards;
  3. Use only free and open digital standards in their own activities.

Venlegast signer dette oppropet

Windows XP SP3 installert på ei maskin

Har fått med meg at nokre maskiner har hatt problem med Service Pack 3 til Windows XP. Tenkte eg ville starte forsiktig og oppgraderte ei berbar maskin. På førehand hadde eg lasta ned heile SP3. Første forsøk stoppa på at SP3 sa ifrå at Micrsoft Shared Computer Toolkit ikkje var kompatibelt med SP3 og anbefalte SteadyState. Eg avinstallert Microsoft Shared Computer Toolkit og SP3 la seg inn utan protestar. Etter omstart fungerte maskina som elles. Ingen problem her. Til slutt la eg inn SteadyState og no har eg same funksjonalitet som før SP3. Ungane har konti med avgrensingar slik at dei ikkje skal rote til systemet for meg. Vi vaksne har vanlege konti.

Ubuntu linux

Har starta å sjå nærare på om Linux kan erstatta det meste av det eg gjer under Windows. Eg har i helga fått installert Ubuntu 8.04 LTS på ein Compaq NX8220. Ikkje noko sprek maskin etter dagens målestokk med Pentium M-prosessor og 1 GB minne. Eg har testa Windows Vista på ho vel eitt år og det har ikkje vore noko å skrive heim om.

Eg valde å bruke den alternative versjon av Ubuntu sidan den inneheld fullstendig diskkryptering. Du misser den fine live-cd-funksjonaliteten til den offisielle. Med den kan du teste ut Ubuntu før du installerer. Eg kjenner Ubuntu, så for meg er det like greitt å bruke ein teksteleg installering som noko anna. Einaste problemet eg støytte på var at eg måtte legge til vga=771 som ekstra oppstartsparameter for å sjå teksten. Dette stod i hjelpa ved oppstart. Nokre få enkle val, ein god kodesetning og systemet gjorde resten.

Sidan Ubuntu berre kjem på ein CD, og ikkje DVD som mange andre distribusjonar, bør du før du gjer noko anna køyre ei oppdatering via menyen System – Administrasjon – Oppdatering. Du får ned komplett oversikt over alle pakkar som er tilgjengeleg slik at det blir lettare å installere komplett språkpakke via System – Administrasjon – Oppdatering. Utan å få på plass fullstendig sett med språkpakkar til ulike deler og program, vil du oppleve at det går litt på engelsk og norsk, som det heiter i songen.

Trådlaust nett, internett og e-post konfigurert, fotoredigering, kontorpakke, videoredigering og grafiske verktøy er på plass. Kort sagt Ubuntu har tilnærma alt. Det einaste eg manglar er eit godt alternativ til WebSite Watcher. Eg er ikkje heilt sikker på om Ubuntu kan tilby same funksjonaliteten her. Men som ein totalpakke er Ubuntu «absolutt fabelaktig»

Ikkje bruk Norman Anti Virus

For eit par år sidan oppdaga eg at Norman brukte masse minne og slutta å bruke det. Årsaka skal vere lasting av virussignaturar i kvar scannemodul og ikkje i ein pott som vert delt mellom ulike scannemodulane. Du kan lese meir om det her:http://forum.norman.com/viewtopic.php?t=817&postdays=0&postorder=asc&highlight=memory&start=60

I denne veka jobba eg på ei maskin og Norman vog inn med 50 MB i 3 modular. Totalt tok Norman opp over 150 MB av 512 MB. For å samanlikne har eg på mine private maskiner installert F-prot anti virus. Ser eg på prosesser i Windows Oppgavebehandling i Windows Vista. Ser eg at Arbeidssett (minne) no ligg på totalt 13,5 MB. Topp for arbeidssettet, eller det F-prot maksimalt har brukt, har vore 49 MB. Dette er frå kolonner som inneheld totale mengder og ikkje berre privat del av arbeidssettet.

Hald Dykk langt unna Norman Anti Virus 5.9. Vent til Norman har gitt ut ein versjon som ikkje inneheld pinlege programmeringsfeil.

Windows XP SP3

Pulje

Språk

Tidspunkt

1

Chinese (Simplified), English, French, German, Japanese, Korean, and Spanish

Siste halvdel av april 2008

2

Arabic, Chinese (Hong Kong), Chinese (Traditional), Czech, Danish, Dutch, Finnish, Greek, Hebrew, Hungarian, Italian, Norwegian, Polish, Portuguese (Brazilian), Portuguese (Portugal), Russian, Swedish, and Turkish

Ca. 3 veker etter pulje 1

Dine data på avvegar?

Før var det vanleg å ta bakcup til tapar og plater. Å øydelegge desse var enkelt. Ein CD brenn bra og tapen kan lett gjerast så pass øydelagd med ein kraftig magnet og saks at kostnaden med å rekonstruere dataene vil vere av liten interesse for enkeltpersonar. I dag baserer vi oss på minnepinnar, minnekort, interne og eksterne platelager. Lever du i trua at at filene og innhaldet er borte for alltid når du slettar dei i utforskaren eller hurtigformaterer mediumet Windows, må du tru om att. Det einaste du oppnår er det same som å rive ut innahaldslista i ei bok. Sidene er der framleis og kan lesast. Innhaldslista kan enkelt gjenopprettast.

For å vere sikker på at det ikkje ligg att restar av dine data på utstyr du kvittar deg med, bør du bruke program som Eraser til overskrive mediumet. Eraser har fått plass i lista mi over essensiell programvare.

Er det ei komplett maskin med systemdisk du sel, er det berre å installere Windows på nytt og så Eraser. Installasjonen av Windows vil overskrive ein del av dataene dine. Eraser kan ta seg av ubrukt plass slik at alt det gamle blir borte.

Ta og gjenopprette diskbilete med CloneZilla

Når du får problem med Windows, tilbyr leverandøren gjenopprettingprogram på platelageret, -cdar eller -dvdar som tilbakestiller maskina til same stand som då du kjøpte ho. Over tid installerer du program og tilpassar programma eller Windows ditt bruk. Det er svært irriterande å måtte resette ho til kjøpsdagen dersom ein ikkje hugsar halvparten av installeringane og tilpassingane som er gjort. Det kan ta dagar å få alt tilbake på plass att.

Eg har i fleire år nytta Norton Ghost 2003 til å ta eit diskbilete frå tid til anna slik at eg slepp å reinstallere, oppdatere og tilpasse frå t.d. 2003. Eg tek diskbilete av maskinene sin disk med operativsystemet utan brukarfiler. Eksterne diskar er svært billige og det er lurare å ha ei eiga rutine på å sikkerheitskopiere brukarfiler som dokument, bilete og videoar oftare. Eg tek sikkerheitskopi dagleg eller med få dagar mellom til ein nettverksdisk. Ca ein gong i månaden vert sikkerheitskopiane lagt på ekstern disk.

I 2007 stod valet om å oppgradere til ein nyare versjon av Norton Ghost, som er tilpassa dagens maskinvare, eller prøve noko anna. I løpet av 2007 har eg testa Clonezilla kombinert med Gparted. Begge er gratis. Dei første versjonane var lite brukarvenlege. Hausten 2007 har det blitt langt betre. Dei fleste vil kunne bruke denne løysinga.

Essensiell programvare

Eg vil dra fram WebSite Watcher som er ei rimeleg investering som vil spare deg for mykje tid dersom du held oversikt over sider med nyhende og tilbud. La programmet lese inn sidene og finne ut kva som har vorte endra sidan sist det såg på sida. Clonezilla og Gparted er to diskverktøy som erstattar Partition Magic og Norton Ghost. OpenOffice i bokmål eller nynorsk språkdrakt erstattar lett Microsoft Office. Grensesnittet er kjent og intuitivt. Pakken har god støtte for filformat inkludert Microsoft Office 2003.