Tur: Eitorn til Nyanstøl

Start i Eitorn, eitt par kilometer frå Hella ferjekai. Følg kjerrevegen mot Eitun. Fleire av bygningane på Eitun kollapsar. Det kan vere lurt å lytte og følgje med når du går gjennom tunet. På andre sida går du inn på stien som tek deg oppover forbi dei gamle husmannsplassane: Bustadstykkje og Trodlahaugen.

Like over Trodlahaugen følgjer du stien oppover til Myrsete. Heile turen til Myrsete er bratt. Frå du står i vegen i Eitorn til du er oppe, skal du gjere unna nesten 600 høgdemeter. Utsikt er avgrensa, men eit stykke oppi kjem du til eit berg med benkar med utsikt over Eitorn og Vestrheim.

Det er framleis eit stykke til du er på Myrsete, men du veit du nærmar deg når du byrjar å høyre elva. Oppe på Myrsete er det utsikt ut over fjorden. Ta inn inntrykket før du snur deg nordover og held fram, inn Kvinnedalen. Denne delen er langt slakare. Mellom Myrsete og Nyanstøl er det berre snakk om nesten 200 høgdemeter.

Like etter Myrsete får du ein liten pause frå skogen i linjetrasseen. I aust tronar både Mælen og Hest. I vest ser du Storholten og Vassvarden. Du held fram inn i skogen, men får like etterpå utsikt over stølsområdet Kluke før du held fram gjennom dalen.

Like før du kjem til Nyanstøl er du fri skogen. Ta ein pause, et nista di og fyll flaska for returen. Vassvarden tronar i vest, over Nyanstøl. Det er ca 250 høgdemeter opp dit. Det er berre å ta lia i små steg, so kjem du opp. Returen kan du ta ned til Ruud og Vestrheim.

Tur: 17. maihaugen frå Eitorn

Start i Eitorn, eitt par kilometer frå Hella ferjekai. Følg kjerrevegen mot Eitun. Litt oppi er det skilta utover mot 17. maihaugen. Haugen ligg på ei flate, litt vest for Kvinnefossen, om lag på same høgde som gamletunet i Eitun. Namnet har plassen fått sidan grendi feira nasjonaldagen her.

På framsida er det planta ein halvsirkel med gran, og bak stig terrenget slakt skrånande oppover og lagar eit naturleg amfi. 17. maihaugen var tidlegare om sommaren ein samlingsplass for ungdomen der dei dreiv med folkeviseleik og hadde hytteleg samvær.

Fredsdagane i 1945 var der stor fest i grendi. Ein feira freden med rømmegraut, tale og song. I nyare tid har deg òg vore halde friluftsgudsteneste på 17. maihaugen.

Tur: Havrane frå Geitadalen

Dersom du tykkjer at turen frå Kvålen om Fadnastølen til Havrane er for lang og tung, er dette eit lettare alternativ. Turen på ca 2 kilometer og det er ikkje mange høgdemeterane som skal forserast. På våren kan det vere litt vått i eller like etter snøsmeltinga. Det kan vere lurt å ta turen i juni og utover. Det er mogleg å grille på svaberga ved vatnet både pølser og fisk frå vatnet.

Frå Kvålen køyrer du heilt fram i Njøsadalen til Geitadalen og parkerer. Låge bilar treng ikkje forsøke. Vegen til ta botnpanner, slik som i vår. Det er ein klar fordel med høgare suv eller bil meint for dårlege veger. Frå parkeringsplassen går du til Tuftahaug, finn det svarte selet samt starten på stien, som tek deg til Havrane. Det er slak stigning til du er på toppen av åsen over kløfta du skal ned i. Ta ein pause på berget og sjå utover Sognefjorden og bygda. I sør kan du sjå Skriki og veggen bak fremsta Havravatnet. Etter pausen følgjer du stien nedover til kløfta. I botnen må du trekkje austover før du kryssar og går opp andre sida.

Vel oppe på same platået som Havravatni ligg på, kan du nok ein gong ta ein pause og sjå utover Sognefjorden og øvre del av bygda. Gå vestover til den store metallmasta før du svingar til venstre. Du ser veggen bak fremsta Havravatnet og det er berre å ta retning og navigere deg gjennom småkrattet som veks her. Området har våte områder. Her er det berre å finne tuer å gå på. I videoen har eg svinga innom posten til Syril, som står litt vest for det fremste Havravatnet.

Returen kan vere litt utfordrande når du skal opp av kløfta. Det går sauetrakk her som kan lure deg heim-/vestover kløfta. Legg merke til at oppstigninga startar ved eit lite svaberg, ca. 40 meter etter at du går inn i krattskogen.

Tur: Haoahaug om Vetlagjerdet

I 2020 vart det etablert ein traktorveg til Baukaseingjedn som tek det forbi gamle slåtteteigar på vestsida av Vetlagjerdet. Vegen opnar for ei alternativ rute til Skagasete. Du startar på Kvålen og følgjer vegen til det flatar ut i Vetlagjerdet. Omtrent med ein gong det har flata ut, tek du til venster og følgjer den nye traktorvegen til Baukaseigjedn oppover.

Når vegen svingar inn i skogen, skal du sjå opp til høgre. Der vil du få auge på Pilavik-selet. I den tid det var bygd, vart materiale som vart brukt til å forsøke å etablere støl på Bergsete teke ned og nytta i bygginga. Vegen er bratt, men etter eit par svingar minkar stigninga. Følg vegen til endes og følg stien ned til Haoahaug.

Med tre alternativ for å koma seg til Haoahaug:

  1. Dalen
  2. Kvålen
  3. Om Vetlagjerdet

har du god mogleheit til å variere…

Tur: Skagasete om Vetlagjerdet

I 2020 vart det etablert ein traktorveg til Baukaseingjedn som tek det forbi gamle slåtteteigar på vestsida av Vetlagjerdet. Vegen opnar for ei alternativ rute til Skagasete. Du startar på Kvålen og følgjer vegen til det flatar ut i Vetlagjerdet. Omtrent med ein gong det har flata ut, tek du til venster og følgjer den nye traktorvegen til Baukaseigjedn oppover. Sommaren 2021 vart det lagt oljegrus på vegen som dannar eit fastare dekke å gå på.

Når vegen svingar inn i skogen, skal du sjå opp til høgre. Der vil du få auge på Pilavik-selet. I den tid det var bygd, vart materiale som vart brukt til å forsøke å etablere støl på Bergsete teke ned og nytta i bygginga. Vegen er bratt, men etter eit par svingar minkar stigninga. Når du er ved det høgste punktet, tek du til høgre og går inn på den gamle slåtteteigen og går rett oppover. Byrjar vegen å gå nedover har du gått for langt.

Granene forsøker hardt å vinne att slåtteteigen, men held du fram oppover vil du kome inn på stien som kjem opp frå Baukaseigjedn og kan ha start på Dalen eller Kvålen. Følg stien forbi Grindhaug, Rømdalmadn, Bustabakkane, Bjødlehaug og opp til Skagaete.

Tur: Trollgrana på Kleppa

Dette er ein tur som passar dei aller minste. Turen er slak og ca 300 meter lang, halvparten på grusveg og resten på gras. Du startar på parkeringsplassen på Kleppa og går oppover til du kjem like forbi Gapahuken, i botnen av slalombakken. Det står eit skilt ved vegen som peikar i retning av Trollgrana. Du er halvveges.

Ved skiltet går du ut av vegen og held fram i graset til du kjem inn til skogen mot vest. Om vinteren er dette ei sløyfe på skiløypa der du går oppover langs skogen før du vender tilbake og sigler ned og forbi gapahuken.

Ved Trollgrana står det eit skilt. Ta turen rundt Trollgrana og studer alle utvekstene som strekker seg mot himmelen.

Tur: Kvålen til høgspentmastene mot Henjadalen

Frå Kvålen er det fritt val om du går opp via Haohaug til Baukasengene eller om du, som eg, tek den nye skogsvegen, under arbeid, frå Vetlagjerdet. Før skogsvegen svingar inn i skogen, kan du ta eit lite overblikk over Vetlagjerdet, hogstfeltet og stien opp til Åsen som kan ta deg vidare til Fadnastølen.

Opp langs skogsvegen passerer du gamle slåttebøar til Njøs-gardar. På slutten må du litt ned att før du er ved Baukasengene og stien til Skagasete.

Du tek av frå Skagasetestien på ein sti merka med blå nylontau heilt opp til linjetrasseen. Du går gjennom granfelt og passerer gamle løer på vegen opp. Heile turen, med unntak av nokre titals meter før Baukasengene, har god stigning. Den tyngste biten er nok dei siste 3-400 meterane før du kjem til linjetraseen. Utsikta derimot kan ein ikkje klage på.

Tur: Fjærlandssete via Hottadalen

Køyr vegen i Njøsadalen til endes og parker i Geitadalen. Følg skilt og kom deg opp i Hottadalen. Her følgjer du stien forbi hyttene og vidare framover Seltuftebotnen, under Geitanipene. I øvre del skiljer stien seg frå dalen nedover mot Langadrag. Du held høgda og rundar nordover mot Fjærlandssete. Du kan skimte stølsområde i nordaust. I sør ser du ut Øvstedalen mot Storehaugen og TV-sendaren. På vestsida av Øvstedalen tronar Skriki i si velmakt.

Du held fram nordover og skråar lia framover mot Fjærlandssete, under Skitbrekkene, og passerer Kalvavatnet. Når stien svingar vestover i retning Sumhaug, forlet du stien og siktar deg inn mot stølsbøen. Passer nokre små bekkar før du tek eit steg over den vesle elva som renn forbi stølsbøen på sørsida/høgre. Hald fram oppover stølsbøen og end opp på svaberget bak sæla/hyttene for å få utsikt over området.

Tur: Sumhaug via Hottadalen

Køyr vegen i Njøsadalen til endes og parker i Geitadalen. Følg skilt og kom deg opp i Hottadalen. Her følgjer du stien forbi hyttene og vidare framover Seltuftebotnen, under Geitanipene. I øvre del skiljer stien seg frå dalen nedover mot Langadrag. Du held høgda og rundar nordover mot Fjærlandssete. Du kan skimte stølsområde i nordaust. I sør ser du ut Øvstedalen mot Storehaugen og TV-sendaren. På vestsida av Øvstedalen tronar Skriki i si velmakt.

Du held fram nordover og skråar lia framover mot Fjærlandssete, under Skitbrekkene, og passerer Kalvavatnet. Like etter rundar du vestover i retning Sumhaug. På turen dit skal du passere mellom Kringlevatnet og Fjærlandssetevatnet. Litt før Steintjern og området overfor Sumhaug er det lagt ut store steinar. Du slepp å rundt heile Steintjern-området. Etter at du har passert Steintjern, snur du nasen nordover og endar opp ved utløpet av Fjærlandssetevatnet.

Vil du over til Sumhaug, er de berre å stige frå stein til stein og gå bort til stølsbøen.

Ein tur du ikkje lenger kan gå

Eg hadde ein samtale med ein kar om ulike stiar som vart nytta i gamle dagar. Denne stien vart nytta av bøndene når dei lauva i sidene på Melatoppen, Seljeskredfjellet til Bjørnshovden. Eg har lenka til eit kartutsnitt frå Norges-kart.

Stien startar ved den nederste høgresvingen på Hangsetevegen, kryssar Bogagrovi og skråar opp over mot teksten Seljeskredfjellet. Når du står i svingen, med ryggen mot vegen, kan du skimte kor på stien har starta. I dag er det nok berre hjorten som bruker deler av han. I bilete under har eg teikna inn slik eg oppfatta stien gjekk:

Ser du fjellområdet nedanfrå, ved Henjabrua eller heime på Njøs, kan du ikkje tru at det gjekk an å gå i fjellsida. Sjølv med nerver av stål er det lite sannsynleg at du kan gjennomføre turen i dag. Ein del av fjellsida, som du ser i venstre tredjedel av bilete over, lausna for ein del år sidan. Det tok med seg ein vesentleg del av hylla som stien gjekk over. Bileta under tek deg litt nærare inn på området (frå sør til nord) samt rasrenna: