På skrivande tidspunkt hugsar ikkje Ubuntu 12.04 innstillingane for lysstyrke på skjermen. Kvar gong du startar maskina, blir lysstyrken slått på fullt på innloggingsbilete. Slik blir held lyset seg etter innlogging, med mindre du justerer det ned. Løysinga går ut på at du for kvar brukar på maskina legg du inn under oppstartsprogrammer følgjande kommando:
I ein kommentar til innlegg relatert til modellen Asus X32U/U32U vart eg gjort merksam på at kortlesaren ikkje fungerte. Feilen var òg til stades på min installasjon. Eg sette i gong med å finne ei løysing på det. Det vart litt innleiande søking på internett utan at eg konkret greidde å finne noko for modellen.
For å prøve å identifisere eininga brukte eg kommandoen sudo lshw > ./lshw.txt i ein terminal. Han opprettar ei tekstfil med maskinvareinformasjonen frå maskina. Eg oppdaga at det var to Realtek-oppføringar. Den eine var det trådbaserte nettverkskortet. Den andre var det ikkje så lett å sjå kva var då identifisering mangla. Eg kjem tilbake til det.
Første forsøk var å vitje Realtek sine nettsider og finne ein drivar minnekortlesar. Eg prøvde begge som låg for nedlasting, men ingen av dei fungerte. Så det var tilbake til søking på internett og eg fann då ei løysing via ein anna Asus-modell:
Oppskrifta i lenka over er litt meir omfattande, men etter utvida testing har eg ikkje funne behov for regelen for å laste kort som vert sette inn. Dersom det likevel skulle vere problem får du opne ein terminal og legge inn det under.
skriv echo «DRIVERS==»rts_bpp», ENV{ID_DRIVE_FLASH_SD}=»1″« | sudo tee -a /lib/udev/rules.d/81-udisks-realtek.rules
Eg la merke til at ein ny versjon av LibreOffice var ute. Den femte oppdateringa av hovudversjon 3.5 skulle tilsei at mange av smålusa no er fjerna. Problemet er at LibreOffice 3.5.5 introduserer ei lei lus for celleformateringa i reknearka til Calc.
Eg har rekneark med liner på 1 pt rundt celler. I dei foregåande versjonane av LibreOffice og OpenOffice er dei tynne, som forventa. Opnar du dei same filene i LibreOffice 3.5.5 får du tjukke liner:
Terrenget over Njøs skjuler ei godt gøymd perle med ei langt betre utsikt enn det Bjørgahaug kan gi. Utsiktspunktet blei av dei gamle kalla for «Våkeldahaug». Årsaka er at plassen er godt synleg frå bygda og det gjorde seg difor godt å tenne bål/varde der når ein skulle f.eks. feire noko.
Er du på veg til Hangsete, er det vel verd å ta ein avstikkar på noko over 500 meter opp frå slutten av traktorvegen mot Hangsete. Når du står på slutten av traktorvegen mot Hangsete, ved Hangsetegrinda, skal du legge merke til det vesle granfeltet på nordsida av vegen. Gå gjennom grinda og følg gjerde opp over til stien knekk vekk frå gjerde etter ca 30 meter.
Når du har gått halveges, kjem du til eit parti med eit svaberg bak nokre furuer. På svaberg er det vanskelegare å sjå kor stien går, men det er berre å halde fram opp, bak furuene. Etter i overkant av 500 meter gange kjem du til berget med utsikta. Stien går i bakkant av nokre einer. I motsetning til Bjørgahaug forstyrrar ikkje einer eller busker utsikta frå Våkeldahaug.
Turen til utsiktspunktet er delt i to eller tre deler:
is focused on backup, provides client-side encryption, is unique in enabling the user to setup his own backup server. It has been downgraded wrt transport security because of using an unpublished, selfmade protocol, although SSL/TLS is an established alternative that works.
Om protokollen i overføringa ikkje er den beste, vil det ikkje ha noko å sei for meg. Eg brukar den hardaste innstillinga for tryggleik og må vere ekstra forsiktig med å ta vare på nøkkelen til den ekstra tryggleiken. Data er kryptert før overføring.
Fraunhofer har òg sett på TeamDrive. som eg har prøvd ut i vinter. Her er det snakk om synkronisering av data. Eit eksempel er at prosjektmedlem eller team blir einig om ein mappestruktur i ei mappe. Deretter set ein opp synkronisering av mappa på kvar pc til deltakarane mot ein tenar. Når ein har tilgang til nett, vil TeamDrive-klienten automatisk synkronisere oppdaterte filer. Til liks med med Crashplan kan du setje opp din eigen tenar som prosjektet/teamet kan synkronisere mot. TeamDrive er eit godt tips til både det private næringslivet og det offentlege.
Ein veit ikkje kva ein har før ein har mista det. Dagens elektroniske løysingar set større krav til deg som brukar å sikre dine data. Eg har tidlegare omtala tenester som Ubuntu One og Jotta. I den siste tida har eg testa ut Crashplan. I motsetning til dei to førstnemnde så tilbyr ikkje Crashplan gratis lagringsplass, men har andre tenester som eg meiner er betre:
I min test har eg sett opp ei gamal maskin som køyrer Xubuntu 12.04 og Linux-klienten. Ho fungerer som ein backup-tenar. Windows-maskiner tek backup kvar 24 time til backup-tenaren. Opplegget ser ut til å fungere upåklageleg. Ved å bruke andre kryteringsnøklar på maskiner backup går frå, kan eg ikkje sjå på backup-serveren kva som ligg frå desse. Opnar eg klienten på maskina som det vert teke bakcup frå, har eg full oversikt over filer frå maskina som ligg på backup-tenaren.
Den einaste «ulempa» med å bruke den gratis varianten er litt reklame. Eg legg ved tre bilete frå backup-tenaren som viser litt av løysingen.
I staden for å gå den tradisjonelle stien Kidlestigen, kan du fylgje ein traktorveg oppover mot Hangsetegrinda, som står mellom Ste og Kyrkja, eit kort stykke før Hangsete.
Når du står ved transformatorstasjonen på Njøs, skal du snu nasen i nord-austleg retning og sjå opp mot fjellet. Legg merke til den vesle fossen som renn ned fjellsida, frå toppen. Han heiter Kyrafossen og i løpet av turen skal du gjentekne gonger krysse vatnet frå han før du passerer like under han.
Traktorvegen startar med bra stigning, men allereie etter første passering av vatnet frå Kyrafossen blir det brattare. Etter at vegen svingar tilbake og går i sørleg retning, mot foten av Bjørgahaug, og over elva att, kjem den brattaste stigninga. Du kan skimte ho like over tretoppane på Njøs.
Den kraftige stigninga held fram heilt til du er godt opp i gjelet med ein granskog. Inne i skogen kan du finne ein sti som tek deg tilbake til Bjørgahaug, om du vil ha ein kortare rundtur. Etter mine erfaringar er stien vanskeleg å finne frå denne retninga. Første gongen kan det vere lurast å finne stien frå Bjørgahaug. Starten er merka nett etter Bjørgahaug, på stien til Hangsete.
Utsikta frå stigninga er god, men ta deg gjerne ein liten sidetur, til dømes ut på ryggen som fører opp mot Kyrafossen, for å få ei betre utsikt ned mot Hermansverk og oppover ytre del av Henjadalen mot Kleppa og over.
Den verste stigninga er unnagjort når du passerer under Kyrafossen. Vegen går i nokre slynger til oppover. Utsikta er på sitt beste ut fjorden. Ta deg gjerne ein pause på eit svaberg eller ein knaus her.
Som mange har eg fleire mediespelarar inkludert mobiltelefonen. På kontoret har eg liggande ein Creative Zen NX på 30GB som snart kan feire 10 års dag. Spelaren har tent meg lenge og vel. Ulempa er at han ikkje er støtta i anna enn Windows XP, men når det er slutt så har eg registrert at han er støtte i Linux. Eg trur enno eg skal greie å få ein 4-5 år til utav spelaren. I motsetning til dagens spelarar, kan batteriet skiftast til den nette sum av berre kr 150.
Før helga kjøpte eg eit par plater i MP3-format frå Platekompaniet. Spora vart lagt over på telefonen og alt fungerte. Eg overførte dei til Creative Zen NX, men vart overraska over at eg fekk melding om avspelingsfeil på alle spora. Eg forsøkte alt mogleg frå å nedkovenvertere dei til standard 128kbps MP3, konvertere dei til WMA før overføring, overføre dei med 2 ulike program samt via utforskar. Ingen av forsøka førte fram. Creative Zen NX melde om avspelingsfeil på spora.
Så byrja eg å studere filene og MP3-taggane som inneheld informasjon om artist, sangtittel osv. Eg la merke til at kvart spor hadde cover-bilete til plata inkorporert. For ei plate utgjorde bilete ca 170 kB pr spor. Creative Zen NX har ikkje display for å vise cover så eg tenkte det var verd forsøket å fjerne grafikken frå spora. Kunne det ha seg at spelaren ikkje greidde å takle taggen som bilete låg i? Eg overførte spora utan bilete til Creative Zen NX og no fungerte alt som det skulle.
Lærdom: Har du ein gamal MP3-spelar som nektar å spela nynnkjøpte spor, fjern cover-bilete som er innbakt i fila.