Tur: Huksdalen

Huksdalen ligg vest om tettstadane Hermansverk og Leikanger på vegen mot ferjekaien på Hella. Dalen har to namn. På austsida av elva heiter han Huksdalen og startar under Huke. På vestsida heiter den Grindsdalen og går frå Grinde. Du kan kome deg fram dalen frå begge sidene, men å kome seg frå Grinde er vanskelegare enn frå Huke.

I 2022 er det god grusveg frå Huke-sida. Vær merksam på at det er ein bomveg for bilar. Rett etter det siste bruket står det kamera som registrerer skilnummeret på bilen. Herifrå er det ca 6 km fram til enden av den opne vegen og parkeringsplassen.

Framme ved enden parkeringsplassen er det ca 15 minutt opp til Nyastølen med Kjeringafjell kneisande bak. Rett nordover er det 30 minutt fram til stølen Stavsete. Du følgjer for det meste ein privat grusveg fram til Stavsete. Mellom Nyastølen og Stavsete er det flotte, opne turområder utan store stigningar. Eller kva med å ta turen nordover, forbi Stavsete mot Skar og kanskje Øvre Rommedal?

For dei som ønskjer å kome opp i høgda er det fritt val både i aust og vest med Kjeringafjell, Kaldkletten, Svindalseggi, jamvel Friksdalseggi og Myrdalsbreen eller for den del gå opp Stavafjellet og til nordspissen på Stav. Frå der kan du gjerne gå over til sørspissen og gå ned Troeggi mot Vassvarden for å enda opp på Hella ferjekai.

Huksdalen har eit par ess opp i ermet. Ved å køyre heilt fram kan du gå den kortaste turen til Kjeringafjell. Du går opp til Nyastølen, inn Eitrebotn og svingar sørover, på bandet mellom Eitrebotn og Friksdal, opp på Kjeringafjell. Ved å starte på ca 700 moh, tilsvarande litt under Sevi eller på Kallbakk over Stokksete, vil dette vere ein mindre slitsam tur enn frå Henjadalen eller Kleppa.

Eit anna ess er at ein kan følgje traktorvegen opp Gildalen og halde fram mot Hest. Du vinn nokre hundre høgdemeter i forhold til Engjasete og du sparar ein del kilometer. Totalt sett blir turen til Hest lettare.

Lenovo Thinkpad Edge 11 og Linux

Eg har vore klar over at Ubuntu 10.04 ikkje har vore den beste for min Lenovo Thinkpad Egde 11 med Core i3-380um-prosessor. Årsaka er at han som standard er basert på kjerne nummer 2.6.32, men kjerne 2.6.35 kan òg brukast og har full støtte i Ubuntu 10.04. Etter det eg har fått med meg er ikkje støtta for Intel HD graphics som grafikkortet som er integrert på prosessoren, med i kjernen. Det er greitt at du kan bruke alle effektar takka vere uniforme drivarar frå intel på deira løysingar, men eg har ein mistanke om at straumstyring ikkje er under kontroll med ein gamal kjerne.

Eg har følgt med på batteritida i Ubuntu 10.04 med kjerne 2.6.35 kontra Ubuntu 11.04 med kjerne 2.6.38. Ubuntu 10.04 har ein del høgare straumforbruk. Eg er rimeleg sikker på at eg ikkje kan hugse at straumforbruket gjekk under 13 watt. Med Ubuntu 11.04 greier det seg rimeleg greitt ned mot 10 watt og dersom maskina får stå litt har det hendt at det duppar ned i 9 watt.

I praksis viste Ubuntu 10.04 sjeldan kalkulert batteritid til noko meir enn tett opp under 4 timar. I Windows 7 kunne kalkulert battertid vere opp i over 5 timar. Her var òg minste straumforbruk eg registrerte 9 watt. Det betyr at Ubuntu 11.04 skal vere på nivå med Windows 7 når det gjeld å utnytte straumsparingsmåtane maskinvara tilbyr.

Eg har prøvd kjerne 2.6.38 på Ubuntu 10.04 via backports. Han skapte småproblem for nokre applikasjonar på oppgåvelina. Verst var nok at drivaren på nettverkskortet, som ligg i den kjernen, ikkje kan brukast med Ubuntu 10.04. Ein må installere ein gamal versjon og svartelista (blacklist) den interne. Eg fekk det til og det fungerte nokre dagar, men etter å ha rydda opp i oppgåvelina, etter småfeil som oppstod med å gå over til kjerne versjon 2.6.38, stoppa det trådlause å fungere. Eg såg over svartelistinga og så at ho var på plass, såg etter om eg ved eit uhell hadde slått av nettverkskortet, rekompilerte den gamle drivaren og installerte han, men den tok ikkje som første gong.

Eg hadde litt motforestillingar med å gå over til Ubuntu 11.04 sidan dei hadde valt å gå sine eigne vegar med grensesnittet Unity. Med over 20 år i pc-verda og nesten like lenge i Windows-basert miljø er eg van med Windows-måten. Unity passar ikkje meg, men det er mogleg at «Fisher Price-generasjonen» taklar det betre. Heldigvis går det an å bruke det klassiske miljøet i Ubuntu 11.04.

Eg har også vore innom Lubuntu 11.04, Xubuntu 11.04 og sist Linux Mint Debian Edition 201108 Releace Candidate. Sistnemnde hadde kjerne 2.6.39 og straumforbruket låg opp rundt 17 watt så godt som heile tida. Eg registrerte ikkje prosessar som kunne føre til dette og konkluderte med at det måtte vere feilen som har plaga dei siste 2.6-kjernane. Eg har prøvd andre versjonar som Fedora og OpenSuse tidlegare, men er blitt for van med Ubuntu- eller Debian-baserte versjonar.

Tur: Trastadalen

Trastadalen er ein liten dal heilt nord i Leikanger kommune. Vatnet ligg på ca 1.000 moh. I aust og nord går grensa til Sogndal over toppane på Blåfjell, Nonsholten og Synnevaskjer på 1.380 – 1.540 moh. Nordom ligg Gunvordalen som endar ut ved Dalavatnet i Sogndalsdalen.

Frå Leikanger er den enklaste tilkomsten å gå fram Henjadalen over Traståna og opp til Åsenosi. Frå stadion er det omlag 11 km til Åsenosi, frå det gamle vassinntaket omlag 9 km. For å kome til det største og innerste vatnet i Trastadalen må du gå omlag 1,5 kilometer til. Det er med andre ord ein lang tur. Å ha ein sykkel ståande ved vassinntaket ved Traståna er ikkje å forakte.

Frå Åsenosi går du i nordaustleg retning. Du snur ryggen til inngangspartiet på hytta og går slakt oppover ryggen på Åsenosi. Stien er lett å gå og rimeleg tydeleg. Etter litt kjem du opp slik at du ser bort på det heimste Trastadalsvatnet. Ved vatnet ligg hytta til jakt og fiskelaget som ein kan leige. Det største vatnet ligg derimot litt lenger inne i dalen. Du følgjer berre stien inn skaret, der elva renn ut. Etter litt vil du sjå demningen i enden av det fremste vatnet.

Vel framme er det verd å legge merke til at det er svært lite småbusker og vekster som kransar det. Vatnet er krystallklårt. Sit du i ro, ved munninga, skal det ikkje vere umogleg å sjå aurekjøer mot den lyse bergbotnen. Går du rett vest skal det vere mogleg å gå ned i Myrdalen. Der er det tre vatn som får tilførsel frå Myrdalsbreen i Leikanger kommune.

Historiske videoar frå før kraftutbygginga

Turen til fremste Trastadalen er delt i fleire deler:

  1. Henjadalen til Flya
  2. Flya til Åsenosi
  3. Åsenosi til Trastadalen

Dammen i Trastadalsvatnet har vorte oppgradert.

Tur: Åsenosi

Åsenosi er ryggen inst i Henjadalen som skil Myrdalen frå Trastadalen. Vatna i begge dalane er gode fiskevatn. Følgjer du ryggen til topps endar du på Synnevaskjer, som ligg over Gunvordalen. Denne dalen endar ut ved den siste garden på vestsida av Dalavatnet på vegen mot Fjærland frå Sogndal.

Følg den nye grusvegen heilt til vassinntaket i Traståna. Kryss Traståna og gå inn på fyllinga til venstre for vassinntaket. Du vil finne stien til Åsenosi og Trastadalen i kanten av denne. Sjå etter ein stor stein/lite berg. Stien held fram sikk sakk gjennom skogen, oppover mot Åsenosi. Han er rimeleg grei å følgje, men det er nokre parti der ormegraset skjuler han. Det skapar litt utfordringar både med å sjå han, men helst med at ein ikkje greier å sjå heilt kva ein trakkar på. Ver difor forsiktig gjennom slike deler. Ein kan lett kome til å vrikke foten.

Gradvis går du opp mot tregrensa og etter kvart som du nærmar deg Åsenosi blir det litt opnare og du kan sjå inn mot Slettabotnen som ligg under kanten til Myrdalen. Tregrensa går like under hytta på Åsenosi. Frå hytta har du utsikt ut Henjadalen mot Flya og elles Nyastøl og Friksdalen. På austida av Henjadalen ser du over haugane heim mot Pipehaug, til Lusaskard og Skriki i horisonten.

Historiske videoar frå før kraftutbygginga

Historiske bilete frå før kraftutbygginga

Turen er delt i to deler. I 2023 følgjer du grusveg til Traståna, dvs. elva du ser på det ca. 30 siste bilete. Du vil sjå restane av trebrua (to tre med kappa plankar på tvers) framme ved bekkainntaket:

  1. Henjadalen til Flya
  2. Flya til Åsenosi

Tur: Hottadalen etter gamal sti

Hottadalen er ein liten dal på nordvest-sida av Njøsadalen. I 2011 er det ingen utfordring å nå Hottadalen sidan du kan køyre nesten 5 km til parkeringsplassen i Geitadalen og gå dei få hundre meterane.

Dersom du vil ta ein litt lengre tur, kan du prøve å følgje den gamle stien. Dersom du ikkje vil gå frå Kvålen kan du som siste alternativ å parkere på parkeringsplassen ved krysset der vegane frå Skagasete og Geitadalen/Tuftahaug kjem saman. Her skal du gå over brua på vegen til Skagasete, men like etter ta av oppover Botnabakken.

Stien opp Botnabakken er ein del av den gamle stien som splittar seg til Hottadalen eller til Tuftahaug etter eit stykke på oppi på ei flate. Du skal ta til venstre og følgje Marievegene til Hottadalen. I 2011 er stien lite brukt og like etter krysset kan det vere vanskeleg å sjå kva du skal gå, men legg merke til steinar og kubbar med bjørk som er lagt i det våte terrenget du skal krysse. Det blir ei lita stiging opp før det slakar ut. Stien går gjennom små myrer eller våte områder og det er difor ikkje lurt å ta turen med ordinære joggesko.

Når du er ved brua over elva/bekken som renn ut frå Hottadalen kan du, i standenfor å krysse brua, snu tilbake og prøve å følgje stien som tidlegare gjekk til Skagasete frå Hottadalen. Denne er svært vanskeleg/umogleg å følgje, så eg tilrår ikkje at du prøver.

Like ved inngangen av Hottadalen kan legge du merke til ei brei fure opp lia mot Hottanosi, som fjellet lokalt vert kalla, på di venstre hand. Denne lia kan du følgje opp for å kome opp til Lusaskard frå Hottadalen. Eit anna alternativ er å gå meir inn Hottadalen og vende opp bak Hottanosi til Skitbrekkene for å gå tilbake mot Lusaskard. Vil du til Fjærlandsete,er det berre å halde fram inn Hottadalen til du går ned mot stien som kjem opp frå Øvstedalen forbi Furusete, snu mot nord og følgje han fram til stølsområdet.

Linux og gamle skjermar

Det er ikkje alltid like enkelt å setje opp ein skjerm når han ikkje identifiserer seg korrekt overfor Linux. Sidan Ubuntu skifta måte for oppsett av skjermar i 2009, meiner det var i Ubuntu 9.10, om eg ikkje hugsar feil, testa eg oppsett av skjermen òg med Novell sin OpenSuSE 11.04. Felles for begge distribusjonane var at Samsung SyncMaster 204B kopla med vga-kabel til eit Nvida Geforce 7600GS-kort vart sett opp med for låge spesifikasjonar. Det var heller ikkje å velje i lister som vi gjorde i Windows for å velje ein skjem som var tilnærma lik. Sidan eg er mest kjent med Ubuntu valde eg å ikkje prøve meir med OpenSuSE.

Nyaste standarddrivar til Nvidia-kort installerte eg i Ubuntu 10.04 ved hjelp av menyen System – Administrasjon – Maskinvaredrivere. Drivaren let meg dra nytte av effektar og 3D-aksellarasjon til kortet. Samsung SyncMaster 204B er god for 1600 x 1200 punkt, men med Ubuntu 10.04 sine konservative innstillingar vart maksimal oppløysing på 1152 x 864 punkt. Det var på tide å børste støv av gamal kunnskap til spesifikasjonar for skjermar for å greie å setje den opp att. Heldigvis var det fleire som har hatt problem og løyst dei på sine måtar. Eg enda opp med at skjermen vart sett opp til 1600 x 1200 punkt med 65 bilete i sekundet (hz). Skjermen gav beskjed om ikkje var optimal som måtte trykkast vekk kvar gong. Han ville ha 1600 x 1200 punkt med 60 hz.

Løysinga var å modifisere litt på fila xorg.conf  (tekstfil med skjermoppsett) som ligg i mappa /etc/X11. Den enklaste måten å trykke tastane Alt og F2 samtidig og skrive gksu gedit /etc/X11/xorg.conf for å opne fila i tekstredigeraren gedit. Eg justerte to innstillingar for å kunne la skjermen fungere optimalt med 1600 x 1200 punkt med 60 hz:

Section «Monitor»
    # HorizSync source: builtin, VertRefresh source: builtin
    Identifier     «Monitor0»
    VendorName     «Unknown»
    ModelName      «CRT-1»
HorizSync       28.0 – 76.0
    VertRefresh     43.0 – 60.0
    Gamma           1
    Option         «DPMS»
EndSection

Deretter lagra eg fila og gjennomførte ein omstart av maskina. Når du har logga deg på att, er det berre å gå inn att på menyen  System – Administrasjon – NVIDIA X Server Settings og stille inn 1600 x 1200 i oppløysing. Pass på å lagre det nye oppsettet.

Lenovo ThinkPad Edge 11 og viftekontroll i Windows

For litt sidan fann eg fram til kva eg hadde trong for å kontrollere vifta på Lenovo ThinkPad Edge 11 i Ubuntu 10.04. Eg har no lagt inn Windows 7 på maskina og oppdatert alt. Med standard oppsett i Windows 7 og Ubuntu  går vifta så godt som kontinuerleg. Etter litt leiting på nettet fann eg TPFanControl.

TPFanControl støttar fleire modellar til Lenovo så eg må modifisere innstillingar for å få det til å fungere optimalt med Lenovo ThinkPad Edge 11.

Det er 3 sensorar som etter mi vurdering ein kan oversjå.  To av dei viser fast 123 grader, medan pwr kan bykse att og fram mellom nokre få grader til over hundre og tilbake på få sekund eller vere borte ei stund. Ein av dei kan lenge vise 2 grader og så brått vise 123 grader. Her er det eg har modifisert i fila med innstllingane, TPFanControl.ini:

IgnoreSensors=no5,x7d,x7f,pwr

Eg har ikkje justert andre innstillingar. Med Smart Mode 1 vil ikkje vifta gå før det vert registrert ca 60 grader på ein av sensorane som vert overvaka. Etter ca 1 veke så ser det ut til å fungere utan problem.

PS! Dersom du prøver tilsvarande på di Lenovo-maskin er du sjølv ansvarleg for dette.

Tur: Friksdal

Etter å ha gått Henjadalen til endes og kome til Nyastøl, kan du ta vestover, inn Friksdalen. Det er vel ein kilometer på tydeleg sti til stølsområdet. Her framme er vegetasjonen mindre og dalen er vid og open. 

Etter stølsområdet byrjar Friksdalen å svinge mot nord og endar opp i Vogga, ca 3 km lenger inne. Vogga er enden av dalen og ligg under Voggevatnet som får tilsig frå Voggebreen. I vest tronar Kjeringafjell, Kaldekletten og Friksdalseggi. Det ser rimeleg greitt ut å gå opp til Kjeringafjell frå stølsområdet.

Ved stølsområde finn du ei bru over Friksdøla. Over på nordsida av dalen, litt lengre framme i dalen, kan du gå opp i Røsebotn. Her kjem du opp til Vogge- og Myrdalsbreen eller på Svolsetfjellet som ligg nordaust stølsområdet. Etter sauebonde let det seg gjere å krysse Myrdalen for å kome bort til Trastadalen eller opp til Synnevaskjer. Då kan du å gå ned att austre side av Henjadalen. Til ein slik tur må du setje av heile dagen og ha med masse mat og energi. Vassflaska treng du ikkje fylle før i Friksdalen. Det er ein klar fordel å ha ein sykkel ståande på Nyastøl slik at du kan trille heim.

Historisk video og bilete frå før kraftutbygginga

Turen til Friksdal er delt i tre deler:

  1. Fram Henjadalen til Flya
  2. Flya til Nyastøl
  3. Nyastøl til Friksdal

Tur: Nyastøl

Nyastøl er eit stort ope område i enden av Henjadalen. Løer og sæl som har stått her har for lengst kollapsa. I vest kjem elva Friksdøla ned frå Friksdalen som går i vestleg retning frå Henjadalen. I nord renn Myrdalselvi ned frå Myrdalsvotni over Slettabotnen. I aust kjem Traståna frå det vesle og store Trastadalsvatnet. På Nyastøl kjem dei saman for å danne Henjaelva.

Tidlegare var det lagt bruer slik at ein kunne krysse over Friksdøla og Myrdalselvi for å koma over på austsida av elva. Då var det det mogleg å koma seg over til stiane som førte opp til Åsenosi, Pipehaug og opp mot Trastadalen, Synnevaskjer med meir. Diverre har elvane sopt med seg bruene. Den tørraste måten å kome seg over å gå ned til Flya for å kryssa elva på brua der. Elvane kjem frå bre og temperaturen er ikkje høg. Til tider kan vassføringa vere for stor, men det skal gå å vasse over dei for å kome til austsida.

Før kraftutbygginga følgde du ein sti fram frå Flya, på vestsida av elva. Han var ikkje merka men var svært tydeleg i terrenget og lett å følgje. Nokre få plassar kryssa han over fuktige, frodige, men korte områder. Stien veksla med å gå i nærleiken av elva og trekkje seg litt frå i områder der ein må opp små høgder. Etter kraftutbygginga følgjer du ein brei og god grusveg heilt fram til starten på Nyastøl, der vegen vil krysse elva for å halde fram opp mot Traståna og Slettabotn.

Som med turen til Flya treng du ikkje ta med vatn. Her er det berre å stikke hovudet eller handa ned i elva og drikke det du er god for. Vatnet er det same som kjem i springen heime. Med fiskekort kan du finne mange gode plassar for å fiske med både makk, fluge og sluk.

Turen til Nyastøl frå Syril stadion er på omlag 8 km. Du sykle på god grusveg, om ikkje du vil gå. Turen er slak og passar for dei fleste. Sidan du går nær elva, som medfører kjølig trekk, kan turen vere eit godt alternativ ein varm sommardag.

Historisk video og bilete frå før kraftutbygginga

Turen er delt i to deler:

  1. Fram Henjadalen til Flya
  2. Flya til Nyastøl

Tyne det meste ut av mobilt breiband eller surfing via mobiltelefon

Fellesnemnaren for dei fleste abonnement for internett over gsm/3G/LTE-nett er at dei har ei grense som ved overskriding medfører store ekstra kostnader eller at farten blir skrudd dramatisk ned. Tregheit er til å leve med, men store rekningar er litt vanskelegare å takle om du ikkje forventar slike. For å unngå slikt er det nokre ting som kan vere lurt å gjere før du reiser på ferie med pcen.

1. Windows update

Her er det viktigt at du slår av automatisk oppdatering av maskina. Du vil ikkje at Windows skal setje igong ei nedlasting på 50 MB av oppdateringar over mobilt breiband. Dette kan du heller gjere når du er kopla til eit nett med fri bruk.

Du går inn på Windows update og endrar innstillingar til at Windows kan sjå etter oppdateringar, men at du avgjer når dei skal lastast ned:

windows update bare se

2. Opera

Nettlesaren Opera har to sentrale innstillingar som vil vere til stor hjelp:

  • enkelt slå av/på nedlasting av bilete og animasjonar
  • opera turbo

Sidan animasjonar/videoar og bilete er det som vil ete mest av din kvote med data så slå det av inntil du absolutt på ei side treng å slå det på. Dette kan gjerast i innstillingane permanet, omtala seinare, eller du kan veksle mellom det ved å klikke Opera i venstre del av tittellina, så menyen Side, deretter Bilder og veksle mellom alternativa.

Opera Turbo er funksjonalitet som gjer at nettsidene går via Opera sine serverar og blir pakka før dei blir sendt deg. Tekst som du ser på sidene inneheld artikkeltekst og ulike kodar i tekst for presentasjonen. Slik tekst er lett å komprimere og du kan forvente deg at dette blir pakka ned til 1/4 av orginal storleik. Det betyr at når du har surfa sider med 4 MB data har Opera Turbo berre sendt deg 1 MB.

Opera Turbo virkar òg på bilete ved å komprimere dei ned til ein høgare komprimeringsgrad enn originalt. Du vil nok oppleve litt kompresjonsstøy i bileta, men ønskjer du å alltid vise bilete er det betre å bruke Opera Turbo enn ingen ting. Uansett vil du merke effekten av Opera Turbo godt dersom du sit på ei treg oppkopling.

For å slå av visning av bilete og animasjonar og slå på Opera Turbo klikkar du på Opera i venstre del av tittellina, så menyen Innstillinger og deretter Instillinger… (med punktum bak). Eit raskare alterantiv er å trykke tastekombinasjonen CTRL + F12. I fana Nettsider finn du Opera Turbo og vising av bilete. I mitt eksempel har eg slått Opera Turbo på og valt å berre vise bilete som allereie ligg i cachen/mellomlageret til Opera. Ingen ny bilete frå nettet blir lasta ned.

opera turbo og bilete av

Og kva blir resultatet etter litt surfing? Eg surfa nokre få sider med visning av bilete avslege og turbo på. Resultatet er svært bra. Megabyte spart kan vere pengar spart:

opera turbo spart med txt

Opera fins til dei fleste mobiltelefonar og har den same funksjonaliteten.