God jul

Julafta er her. I år er det ei kvit jul. I går, 23.12., var vi både på aking like ved heimen. Seinare på dagen var Ane, Ida og eg på Sogn skisenter på Hafslo i slalombakken. Dette var andre gongen på slalomski for Ane og Ida. Dei byrjar å få rimeleg god kontroll på skia, så det er ikkje lenge til vi tek trekket over 2 km opp og køyrer ned att skogsløypa. I fjor var Ida til topps og køyrde skogsløypa ned på vanlege turski. Det einaste som manglar no er litt meir naturleg snø. Hovudløypa, rett ned, har nok snø sidan dei brukar snøkanoner. Men løypa blir for bratt for ein nybyrjar. Eg hugsar eg plukka fram skia for ca 10 år sidan etter å vore borte frå slalomkøyring i nesten 10 år. Eg var ikkje høg i hatten då eg stod på toppen av det bratte partiet og lurte på om eg kom ned utan å knekke armar og bein. Kunstnene kom tilbake og eg kom meg ned heilskinna. Det gav meirsmak å køyre i ein såpass stor bakke.

Ha ei god jul!

Essensiell programvare

Eg vil dra fram WebSite Watcher som er ei rimeleg investering som vil spare deg for mykje tid dersom du held oversikt over sider med nyhende og tilbud. La programmet lese inn sidene og finne ut kva som har vorte endra sidan sist det såg på sida. Clonezilla og Gparted er to diskverktøy som erstattar Partition Magic og Norton Ghost. OpenOffice i bokmål eller nynorsk språkdrakt erstattar lett Microsoft Office. Grensesnittet er kjent og intuitivt. Pakken har god støtte for filformat inkludert Microsoft Office 2003.

Dårlegare sikra mot virus enn for eitt år sidan

Plukka opp ein liten artikkel frå Heise Security der ein har testa 17 ulike pakkar med anti-virusprogramvare.

Eg beit meg mest fast i korleis anti-virusprogramvara takla «behavioural blocking», dvs. sperre for uønska aktivitet frå ein eller anna infeksjon der programvara ikkje har vorte identifisert som virus eller ei anna plage. Berre F-Secure greidde dette. Nokre program kunne unntaksvis takle nokre av dei 12 infeksjonane. Medan meir enn halvparten av pakkane ikkje greidde det i det heile.

Alle skal ha lik tilgang til offentleg informasjon

Regjeringa har vedteke å satse på opne standardar:

  • HTML skal vere primærformatet for publisering av offentleg informasjon på Internett.
  • PDF (1.4 eller nyare eller PDF/A – ISO 19005-1) er obligatorisk i tilfelle der ein ynskjer å ta vare på opphavleg utsjånad på eit dokument.
  • ODF (ISO/IEC 26300) skal brukast til å publisere dokument som skal kunne endrast etter at du har lasta det ned, til dømes skjema som skal fyllast ut av brukaren.

Krava vil tre i kraft 1. januar 2009 for statlege verksemder.

Informasjon skal ikkje vere avhengig av at du må kjøpe programvare for 1000vis av kroner. Skjemautfylling kan skje i pakkar som støttar Open Document Format. I dag gjer StarOffice, OpenOffice og Lotus Symphony dette. Dei to siste pakkane er gratis, medan den første kostar nokre få kroner. Har du ein Google-konto får du StarOffice i engelsk versjon, men med norsk stavekontroll tilgjengeleg, gratis med Google Pack. Pakkane inneheld all kontorprogramvare du treng: teksthandsamar, rekneark, presentasjonsverktøy, database (StarOffice og OpenOffice) med meir. Pakkane er fullverdige Word-, Excel- og Powerpoint-erstattarar. Databasen er pr v 2.3.1 i enklaste lage med omsyn til import og eksport, men fungerer greitt til eigenutvikla databasar eller som brukarfront for andre databasar.

Gratis anti-virus

Det er fleire år sidan Norman og Symantec (Norton) miste meg som fan. Norman hadde store problem med minnebruk, som no skal vere retta. Symantec set opp eit eller anna som er kul umogleg å finne ut av utan å bruke timevis på å setje seg inn i detaljar. For ikkje snakke om alt maset om ditt og datt. Nei, det enklaste er som oftast det beste. Skulle du ønskje å kjøpe lisensar hjå dei som tilbyr gratis versjonar, er prisane langt rimlegare enn hos dei to nemnde som vi vanlegvis får når vi kjøper maskin eller internettabonnement.

Pass på lisensreglane. Som oftast er lisensen avgrensa til personleg eller privat bruk. Næringsdrivande og selskap MÅ kjøpe lisensar.

Online anti-virus scanners

Det er så mykje tvilsom programvare ein risikerer å få inn på maskina, at eg har lagt ut lenkjer til online anti-virus scannerar som har vore til stor hjelp når eg har rensa maskiner for virus og trojanske hestar.

http://housecall.trendmicro.com/
http://www.f-secure.com/en_EMEA/security/tools/online-scanner/
http://www.bitdefender.com/scanner/online/free.html
http://www.kaspersky.com/virusscanner
http://home.mcafee.com/Downloads/FreeScan.aspx
http://www.pandasecurity.com/activescan/index/?track=100717

Ganging

Jentene er i tredje klasse og eg ser matematikk som eit område det er viktig å styrke seg på. Eg har laga til eit rekneark som generere ekstra oppgåver dei får å bryne seg på. Er du interessert, kan du hente reknearket i Microsoft Excel-format her:

I fana Rettleiing set du inn minste og største tal som skal brukast. Oppgåvene, klare for utskrift, finn du i fana Oppgåver. Kvar gong du opnar fila vil det bli generert nye oppgåver. I Microsoft Excel kan du lage nye oppgåver ved å trykkje tasten F9.

Pluss og minus

Jentene er i tredje klasse og eg ser matematikk som eit område det er viktig å styrke seg på. Eg har laga til eit rekneark som generere ekstra oppgåver dei får å bryne seg på. Er du interessert, kan du hente reknearket i Microsoft Excel-format her.

I fana Rettleiing set du inn minste og største tal. Oppgåvene, klare for utskrift, finn du i fana Oppgåver og er lagt opp slik at ein ikkje vil få negative tal. Dei passar for ungar i barneskulen før dei lærer om negative tal. Kvar gong du opnar fila vil det bli generert nye oppgåver. I Microsoft Excel kan du lage nye oppgåver ved å trykkje tasten F9.

Tur: Heimste Trastadalen

13.10.2007 tok eg på meg støvlane og gjekk til heimsta Trastadalsvatnet for å sjå meg om og vurdere om turen let seg gjere for ungar på 6 til 9 år neste sommar. Eg har tenkt på å leige hytta til Jakt og Fiskelaget å ta nokre dagar i høgfjellet sommaren 2008.

Veret var tungt og skydekke var lågt. Eg starta heimanfrå. Det er pur luksus å kunne starte ein lang fjelltur frå sitt eige hus. Turen gjekk fram Henjadalen fram til Flya på traktorveg. På Flya må ein krysse elva til stølsområdet på austsida og gå på sti framover mot Nyastøl. Det har regna mykje i haust og det er tungt og vått å gå. Når ein kjem fram tll Nyastøl, kan ein velje å gå ein litt kortare veg om Åsenosi eller ein kan gå opp til Pipehaug før ein snur framover i retning Trastadalen.

Etter kraftutbygginga følgjer du grusveg heilt fram til Traståna. Du kryssar ikkje elva, men går opp ryggen på høgre sida av vassinntaket. Her skal du kunne kome inn på den gamle stien til Pipehaug, sjå historiske bilete under.

Historiske bilete frå før kraftutbygginga

Bileta er tekne på heimveg og startar difor ved heimsta Trastadalsvatnet og går ned til Nyastølen om Pipehaug. Turen til heimste Trastadalen er delt i fleire deler:

  1. Henjadalen til Flya
  2. Flya til Åsenosi til og med bilete 47 der stien ikkje går over brua, men høgre opp til Pipehaug.
  3. Heimste Trastadalen ned mot Nyastøl.

Val av musikkformat for berbare spelarar

Nedlastbar musikk og berbare musikkspelarar er svært populære. Eg har ein eldre modell som eg er godt nøgd med. Para med Sennheiser-klokker og musikk i eit optimalt format, er det ein fryd å gå seg ein tur etter vegen eller i skog og mark med «musikksamlinga på slep».

For eit par år sidan gjorde eg ei vurdering på kva for format eg skulle bruke til å gjere musikken best mogleg tilgjengeleg for dei berbare musikkspelarane. Hovudfokuset mitt var eg ville stå fritt til å kjøpe den spelaren eg syntes var best eller kom best ut i testar. Eg vurderte WMA og MP3, men det same vil gjelde for AAC som iPod og få andre spelarar brukar.

Kanskje mi vurdering innheld nokre tips som kan vere til hjelp for deg? Lenka til ho er her: WMA eller MP3.