Hauste som ein sår…

Fæle var det som skjedde i starten av oktober, men verre er det som skjer no i slutten av oktober. Det får meg til å tenke på ein gamal frase frå bibelsoga på skulen:

Ein haustar det ein sår.

Nokon har ikkje lært. Når ein undertrykker nokon lenge nok, vil noko skje. No vil det gå knappe 20 år, og dei som no er born har vorte vaksne. Dei vil ha opplevd grusomheiter og undertrykking over tid. Eg er rimeleg sikker på at det vil smelle igjen, om ikkje før…

Min siste V8

Eg har dei siste åra sett etter ein eldre bil. Primært har det vore amerikanarar som Ford Mustang og Chevrolet Corvette som har vore i sikte. Av og til har ein Chevrolet Camaro, Dodge Charger eller Challenger fatta mi interesse. Målet har vore å oppleve nostalgien og ein skikkeleg V8-motor. Dei klassiske linene til Corvettane mellom 1968 til 1982 (C3) er berre nydelege.

Utfordringa med dei amerikanske merka er at det i 1973 vart innført strenge utsleppskrav som førte til at f.eks. Corvetten fekk blodfattige 165-190 hk, lite «muskelbil» av slikt. I praksis betyr det at modellane frå og med 1973 til og med utpå 90-talet er lite interessante. Det gjeld for den del modellar frå andre fabrikantar. I forsommar tok eg eit steg til side, kika og testa ein Mercedes SLK 200 frå 2005. Ein enkel liten tosetar med Mercedes-kvalitet. Dessverre var eg nummer to på lista og når eg melde mi interesse, var nummer ein rask å ta han.

Jakta har halde fram over sommaren og no på hausttider kom det eit framlegg inn frå sida, ein Mercedes CL55 AMG. Som med ein Corvette er linene berre nydelege og heilt innafor. Bilen hadde køyrt kort. Servicehistorikken var so som so etter 2013. I tillegg hadde han hatt eit par uhell utan at airbag hadde vorte utløyst. Førre eigar var Mercedes-entusiast og hadde gjort ein del, og eigaren før hadde skifta alle ABC-støtdemparane. Det er ikkje snakk om lommerusk. Du får ein brukt familiebil for den kostnaden. Prisen var innafor det eg budsjetterte med og eg tok med sonen min, som er bilmekanikar, for å sjå over og prøvekøyre bilen. Han gav tommel opp og kjøpet var i boks.

Bilen har ein 5,4 liter V8 som ikkje er stressa av turbo eller kompressor. Motorer leverer 360 hk silkemjukt. Dette er coupe-versjonen av ein S-klasse og her har du all type luksus som var tilgjengeleg i 2001. Bilen kosta ny rundt 2 millionar norske kroner.

Når ein kjøper slike bilar, må ein vere budd på at hestane treng «havre». Å få dette maskineriet under 1 liter på mila, betyr at du må køyre berrføtt med eit rått egg mellom fotbladet og gasspedalen. Gir du etter for dine lyster, vil bilen gjere krav på det du har på tanken. 88 liter med bensin går fort med blyfot.

Der eg er van med at drivstoffmålaren ikkje rører eg på dei først 100 km, er soga her noko heilt anna. Sjå for deg bensinmålaren som lademålaren i ein elbil. Det går jamnt nedover mot 0. Bilen har omtrent same rekkevidde som ein Tesla Model 3 Long Range. Tesla treng rundt kr 500 for å dekke dette. Eg må rekne med firgongen. Det kostar fort kr 2 000 å fylle tanken frå tom.

Personlig hvelv og MacOS

OneDrive, som følgjer Microsoft 365 (tidlegare kalla Microsoft Office 365), inneheld eit ekstra sikra område som vert kalla «Personlig hvelv». Kvelvet er ikkje låst opp til vanleg, når du nyttar OneDrive. Du må autentisere deg kvar gong du skal låse det opp. Etter 20 minuttar låser det seg automatisk igjen, med mindre du låser det før. Med andre ord er dette eit område der du kan sikre filer med sensitiv informasjon. I Windows finn du mappa «Personlig hvelv» inne i mappa til OneDrive. Når kvelvet er låst opp, kan du nytte Windows utforskar til å navigere deg inn i «Personlig hvelv» åpne mapper og filer herifrå, direkte i f.eks. Microsoft 365 og anna programvare som køyrer på PCen.

I MacOS har du ikkje denne integrasjonen. Årsaka er at kvelvet (på PC) baserer seg på Microsoft Windows-teknologien BitLocker for å sikre innhaldet. BitLocker støttar ikkje MacOS og du får dermed ikkje tilgang til «Personlig hvelv» i mappestrukturen i Finder (utforskar på Mac). I praksis betyr det at du i MacOS berre kan nå det som ligg i «Personlig hvelv» gjennom nettlesaren. Du kan ikkje enkelt opne filer i Microsoft 365 eller anna programvare som køyrer lokalt på Macen din. I høve ein Windows-PC skapar dette ei vesentleg ulempe. Kan ikkje ei fil visast eller redigerast i Microsoft Online, må du laste ho ned for å sjå på eller redigere ho og laste ho opp att når du har redigert ferdig fila.

Om du ser på bilete under, vil du sjå at mappa «Personlig hvelv» ikkje eksisterer i Finder på Mac. I Finder ser du mappa Offentlig før neste Rå…. (alfabetisert). I nettlesaren ser du at «Personlig hvelv» ligg mellom desse to mappene.

Justere lydkildene på Carlinkit

Viser til forrige posting om Apple CarPlay og Android Auto i Byd Tang. No har eg testa løysinga ei stund og er godt nøgd. Appen Autokit startar automatisk når eg startar bilen og etter 15-30 sekund er mobilen kopla til trådlaust.

Det er ein ting eg har lagt merke til som eg vil justere. Lyden frå musikk og navigasjon ligg på same lydnivå. Eg treng ikkje ha desse på same nivå, stemma frå navigasjonen kan vere lågare. I dei ordinære innstillingane til Autokit er det ikkje høve å justere dette, men det fins ein «hemmeleg» meny der ein kan justere nivået på lyden for musikk, navigasjon og telefon i forhold til kvarandre.

  • Når Autokit er starta, tapp på tannhjulet
  • Rull ned til Advanced Settings og tapp der
  • Tapp 10 gonger på overskrifta Advanced Settings
  • Rull ned og slå på Audio Classify
  • Du får opp tre glideskalaer for volumstyring av «media, navigation og call volume» under Audio Classify

Om ikkje du fekk med deg punktlista mi, kan du kike på videoen under:

Apple CarPlay eller Android Auto på Byd Tang

I mai 2022 kjøpte eg Byd Tang. Køyremessig er utruleg nøgd, men app-/programvaremessig er det so som so. Bocn har vore til stor hjelp med å få på plass det eg meiner eg treng. På lange køyreturar har eg mellom anna kunne lytta til lydbøker via appen Fabel, for ikkje snakke om alle appar for å kunne navigere godt og ikkje minst finne ladarar.

Sidan eg lever i Apple-sfæren med iPhone, iPad og MacBook Pro 14, har Byd ikkje enno tilbydd Apple CarPlay på bilar frå før 2023. Som ein av «first movers» må vi fikse ting sjølv, enn so lenge. Mi løysing er som følgjer:

Installasjon

  • Installer Autokit.apk ved hjelp av BIT frå Bocn.*)
  • Start Autokit (på bilen)
  • Kople til Carlinkit CPC200-CCPA til midterste USB-port i armlenet. Den som er nærast passasjeren er berre for lading.
  • Kople til telefon via kabel eller trådlaust (Android Auto kun kabla)

*) Alternativt kan du bruke denne metoden med USB minnepinne. Klargjer minnepinnen, kopier over Autokit.apk. Plugg minnepinnen i midterste USB-port i armlenet. Moglege passord er avhengig av versjonen til programvara bilen har. Eg har sett det eldste passordet først. Fungerer ikkje det, prøv det neste:

  • 20211231
  • BYD6125F
  • GHY0613byd

Ferietid = Svindeltid

Dei siste vekene har det vore fleire falske meldingar om at eg skal ha pakkar i tollen som krev småbeløp for å handterast. Ei falsk melding kom i samband med at eg venta på dekk frå ein svensk leverandør. Stussa på den falske meldinga eit par sekund, men når det var ein anna transportør, lenka ikkje såg bra ut og norsken var so som so, vart den falske meldinga sletta. I kveld kom den siste, sjå bilete. Han er sletta.

Tur: Svolsetfjellet

Svolsetfjellet er ein del av dei nordlege fjella i Henjadalen. Transportetappen dit er å følgje grusvegen inn Henjadalen. Frå stadion er det 8 kilometer til Nyastølen. Om du køyrer til det gamle vassinntaket, der det vil kome opp låst bom, sparar du 2 km. Tida er inne for å kjøpe seg ein elektrisk sykkel som gjer det lettare å utforska den inste delen av Henjadalen.

Framme på Nyastølen følgjer du stien til Friksdal omlag 500 meter. Når stien flatar ut, vil du til høgre sjå vassinntaket i Friksdøla. Spaser til vassinntaket, kryss over til andre sida og du vil finne starten på den raudmerka stien opp Svolsetfjellet. På kartet lagt ved er starten omlag der du ser skalamerket, nede til høgre for midten. I praksis følgjer du Oksli oppover.

Godt og vel 2/3 av turen opp frå vassinntaket går du inne i skogen. Lia er prega av mykje stein. Her er det viktig å sjå seg for før ein set foten ned sidan stien ikkje er mykje gått. Stien byrjar slakt og skråar nordaustover mot Slettabotn. Etter litt snur han meir nordover og stigninga dreg seg til. Litt oppi går han over i ein litt meir nordaustleg retning før du i nærleiken av skogsgrensa nok ein gong går brattare igjen. Ikkje ver overraska over at du vil kome til å sjå ein del på skotuppane. I skogen er det rimeleg greit å følgje raudmerka.

Som sagt 2/3 og du er fri skogen. Du kan snu deg å ta ein titt over Henjadalen, Myrdalen, Høgehaug, Pipehaug, Hovden, Sumhaug og Fjærlandssete. Deretter er det å følgje raudmerka opp mot toppen. Det er bratt og fjellet har ein avrunda stigning som dabbar av etterkvart som du kjem opp. Det kan gjere det utfordrande for oss med høgdeskrekk når ein ser seg bak. Du får kjensla av at det er «farlegare» enn det faktisk er. Mot slutten mista eg raudmerka, men sidan eg hadde studert kartet, visste eg kor eg skulle. Det var godt med pause og niste ved det gamle flymerke.

Skal du gå turen vil eg tilrå sko med godt grep på stein så vel som gras, lyng og mold. I tillegg trur eg det kan vere lurt å ha sko som går over anklane om du trakkar feil, vrikkar eller set foten mellom steinar. Sjølv gjekk eg turen i (låge) fjelljoggesko. På turen opp var det greit, men for turen ned, når tyngdekrafta dreg i deg, kan det bli utfordrande. Det er fort gjort at feilsteg eller at du sklir kan skapa ekstra tunge og dårleg plasserte steg for å ta seg att. Resultat av slike kan bli lite hyggeleg.

Bilete frå toppen:

Tur: Rjukandefossen

Henjadalen er ein lang dal på omlag 10 km frå stadion til endes. Du treng ikkje gå så langt for å oppleve naturen på nært hald. Du følgjer grusvegen innover dalen, til fots eller på sykkel. Knapt halvveges kjem du til den første og største fossen, Rjukandefossen. Samla sett er turen på underkant av ei mil frå stadion eller noko over ei halv mil, dersom du køyrer inn til det gamle vassinntaket.

Med god vassføring er Rjukandefossen eit mektig skue og lever opp til namnet sitt. Går du ned mot svaberga, ved foten av fossen, vil du merke vassdrivet. Kaldt vassdriv ein varm sommardag er friskt. Når vassmeltinga har gitt seg og fossen roa seg, passar svaberga ypperleg til å setje seg ned å nyte matpakken eller noko godt frå sekken.

Tur: Minnesteinen i Henjadalen

Henjadalen er ein lang dal på omlag 10 km frå stadion til endes. Knapt 4 kilometer inn dalen finn du eit minne frå andre verdskrig. Det er røyst ein stein som har hogge inn AT og 1943-44. Forkortinga AT står for Norsk Arbeidstjeneste og årstala referer seg til perioden ein bygde veg inn Henjadalen til Flya. Steinen er truleg den einaste minnesteinen i fylket Sogn og Fjordane etter Norsk Arbeidstjeneste frå krigsåra 1940-1945.

Les meir om vegbygginga og arbeidstenesta i Fylkesarkivet sitt leksikon.

Tur: Traståna

Etter kraftutbygginga i Henjadalen er det grusveg heilt inn til botn, Slettabotn. Frå Syril stadion eller Leikanger barneskule er det ca 8,5 km til du står ved bekkainntaket i Traståna. Vil du kutte ned distansen eit par kilometer, kan du køyre fram til det gamle vassinntaket og parkere der. Sjølv om vegen framleis har litt grovt dekke, er det ingen problem å sykle om du har ein hybrid eller ein grovare sykkel. Stigninga er på i underkant av 500 høgdemeter. Den siste 1/3 er tyngst. Med nok gir på sykkelen skal det gå greit. Endå betre er det om du har ein sykkel med motor som kan hjelpe til. Alt etter form og stigning kan du velje nivået på hjelp. Sykkel er spesielt nyttig om du har planar å gå til Åsenosi, heimste Trastadalen og Trastadalen eller andre områder i høgfjellet.

Ved Traståna møtes eit par stiar. Om du kryssar elva og går opp på venstre/nordsida av inntaket, der ein har jamna ut massar, vil du finne stien som tek deg opp til Åsenosi og Trastadalen. I tillegg kan du halde fram opp på Synnevaskjer, ned til Myrdalsvatni eller Myrdalsbreen. Om du held deg på høgre/sør sida av vassinntaket skal du finne ein sti som tek deg opp til Pipehaug. Frå der kan du gå framover til heimste Trastadalen eller opp til Høgehaug (gamle grensa mellom Sogndal og Leikanger) eller sørover mot Hovden, Sumhaug og ned att Reiseta.

Returen på sykkel er moro sidan tyngdekrafta står for arbeidet. Hjelm og gode bremsar seier seg sjølv. Går du til fots kan du ta tida di framover, langs Henjaelva. Det er fleire stadar du kan sjå eller føle fossar, stille flytande elv og generelt lytte til og sjå dyre- og fiskelivet. Joggesko eller tursko er heilt greit sidan du går på (grov) grus. På ein tur på knappe to mil tur/retur frå stadion eller rundt 4 timar, kan det være lurt å ha med seg noko godt i sekken. Vatn er det nok av langs turen. Ein liten avstikkar til elvekanten og du får sløkt tørsten.