Tur: Sevi

Stølen Sevi ligg på nesten 800 moh i Skuledalen over Fivelhola i Henjadalen som er omtala tidlegare.

Like før du kjem til turposten i Fivelhola, tek du til venstre og passerer eit sæl som har kollapsa. Inne i skogen, like bak sælet, kjem du inn på stien som du følgjer opp til Sevi. Du må rekne med ca 45 minutt frå Fivelhola.

Første 1/3 av turen går du sikk sakk opp over, inn mot Skuleåna (utalast Skuleaonao). Ho renn frå Svartavatnet og ned heile Skuledalen og endar ut i Henjaelva ved Fivelhola. Deretter går stien i sikk sakk litt i frå elva, og litt nærare Flya, for å unngå eit berg og ein bekk som kjem ned frå Sevi. Du går gjennom skog og utsikta er so som so. Turen byr heller ikkje på problem for dei med høgdeskrekk. Det er ingen luftige parti med tvilsamt fotfeste som forserast. På vegen opp vil du merke at det på nokre plassar alternative ruter å ta seg opp. Desse har nok kome til når turgåarar har ønskt å ta eit kortare og brattare alternativ for å kome inn på stien att litt over.

Tregrensa går på nedre del av Sevi. Sjølve stølsområdet er fritt for skog. Sevi er ingen stor støl. Her finn du berre eit einaste sæl som høyrer til Johannes Henjum på Henjum. Frå sælet kan du skoda i austleg retning mot Lusaskard på austsida av Henjadalen. I sør kan du sjå ned Henjadalen mot Sognefjorden og på motsett sida Fresvik. Frå sør mot nord vest går Skuledalen. På motsett side av den har du Okslahaugane og Kjeringi. Om ikkje eg hugsar heilt feil skal det vere ei lita bru i sør vestleg retning du kan gå over til Okslahaugane for så å gå til Stokksete og så evt. vidare ned på Kleppa, Raumålsgrindi eller ned på Dalhjedla.

Turen til Sevi kan gjerast som ein kombinert sykkel og spaseringstur. Første delen fram til Fivelhola gjer du unna til sykkel for å gå opp til Sevi. Fordelen er at du etterpå kan trille heim att Henjadalen. Eg kan lova deg at det kjennes bra etter at du har vore ein tur på Kjeringafjellet via Sevi. Ca 900 høgdemeter sit godt i beina og 4 km ned att Henjadalen fortonar seg lite lystig.

Historisk bilete frå før kraftutbygginga

Turen til Sevi er splitta i to deler:

  1. Henjadalen til Fivelhola til og med bilete 50 av 70
  2. Fivelhola til Sevi

Tur: Sumhaug og Fjærlandssete

Sumhaug

Sumhaug er tre sæl/hytter som ligg på vestsida, ved utløpet av Fjærlandssetevatnet. Det er godt mogleg at ein kan kalle det for ein støl, men Fjærlandssete som ligg på austsida av vatnet, er ein større støl med fleire sæl/hytter. Fjærlandssetevatnet med Fjærlandssete og Sumhaug ligg nord om Fardal og Øvstedalen, tett opp mot Leikanger si austre grense mot Sogndal.

Før var den lettaste måten å koma til Fjærlandssete å køyre opp Øvstedalen i Fardal og gå forbi Furesete. På grunn av forlenging av vegen i Njøsadalen er det like lett å nå Fjærlandssete frå Leikanger. Ein køyrer fram til parkeringsplassen ved Tuftahaug og går opp i Hottadalen og over Seltuftebotnen mot Slettebotnen ved Kalvahaugen. Den finaste turen er Skagasete og over Lusaskard der du lett kan velje om du vil gå ned til Sumhaug eller halde fram mot Fjærlandssete.

Vel du å starte i Henjadalen, kan du køyre fram til bommen ved vassinntaket og gå til Flya etter traktorvegen. På Flya må du krysse elva og gå fram på austsida av dalen. Det går forholdsvis greitt fram til du har kryssa to små bruer over Reiseteåi, men stien opp Reiseta kan til tider vere vanskeleg å få auge på. Han byrjar å bli attgrodd. For at du skal ha haldepunkt for å ta same turen har eg lagt ut mange bilete til du er på Sumhaug.

På min tur valde eg å gå på nordsida av Reiseteåi sidan Sumhaug ligg på nordsida av utløpet av Fjærlandssetevatnet. Den beste stien kryssar over Reiseteåi ved Vetlavatnet og går på sørsida av Reiseteåi. Du endar opp på feil side av Fjærlandssetevatnet, men eit langt steg over utløpet får deg over på Sumhaug.

Eg merka fort at mitt alternativ ikkje var mykje gått. Det var ikkje mange metrane før trakket enda i buskas som eg måtte trakke oppå/gjennom for å kome vidare. Det såg ut som sauer kunne snika seg under, men born eller vaksne kunne umogleg kome gjennom. Etter litt såg det ut til at trakket/stien svinga tilbake mot eit sæl som ligg over Osane og Hovden som ligg på kanten av Henjadalen. Du ser det i bileteserien ein del bilete før Sumhaug.

Sidan ein skal følgje Reiseteåi til Fjærlandssetevatnet, er det berre å ta av frå stien og gå mot aust i retning elva kjem frå. Ein må krysse ei stor, men rimeleg tørr myr før ein kjem til ei høgd der ein ser bort på Sumhaug. Litt avhengig av kor mykje vatn det er ved Sumhaug må du velje kor du vil gå. Er det lite vatn, kan du gå ned ved vatnet/elva og krysse rett mot Sumhaug. Er det mykje vatn, etter nedbørsdagar, må du gå litt oppe i bakken som kjem ned frå Høgehaug for å kome til Sumhaug.

Frå Sumhaug er det enkelt å kome seg til Fjærlandssete. Ein kryssar utløpet av Fjærlandssetevatnet med eit langt steg og kjem raskt inn på stien til Fjærlandssete og etter 15-20 minutt er du framme.

Fjærlandssete blir om vinteren og særdeles i påsken brukt som eit skiområde. Idrettslaget i Sogndal trakkar løype vidare frå Høgehaug, nord om vatnet, ned på Sumhaug, langs vatnet på sørsida tilbake til Fjærlandssete. Frå stølsområdet går løypa opp til Storavatnet og Jarbruene, Fagreggi og tilbake mot Stedjekammen slik at ein kan få ein solid rundtur frå Hollekve.

Turen til Sumhaug og Fjærlandssete er delt opp i to deler:

  1. Henjadalen til Flya
  2. Flya til Sumhaug og Fjærlandssete

Tur: Dalhjedla

Henjadalen er ein rimeleg flat og lang dal som startar ved Kolabakken på Røysaleitet og fungerer som eit startpunkt for mange fine turar. Du kan parkere bilen ved Leikanger Barneskule (stadion) og gå derifrå. Dersom du vil kutte ned ca 2 km av turen, kan du køyre inn til bommen ved vassinntaket. Sjølv om bommen er open, er det ikkje lurt å køyre vidare. Berre grunneigarar har nøkkel til bommen. Det vil vere kjedeleg å bli ståande fast på feil side av bommen på returen.

Dalhjedla er ein gamal støl som er til nedfalls. Mange av løene har kollapsa og det som står att av sel og løer har ikkje lenge att før dei takkar for seg. Barnålplantene har festa sitt grep om det rydda arealet og graset blir ikkje slått eller beita ned.

Turen til Dalhjedla er kort og ypperleg for ein rask kveldstur eller like etter jobb. Du rekk akkurat å bli sveitt. Ikkje er turen så bratt og luftig som turen til Bjørgahaug. Dei med høgdeskrekk vil ikkje få problem. Frå bommen ved vassinntaket i Henjadalen er det ca 1 km å gå før du kjem til stien, på ca 500 m, som fører opp til Dalhjedla. Han er markert med eit lite treskilt som står i grøfta på traktorvegen som fører til Flya.

 

Tur: Flya

Henjadalen er ein rimeleg flat og lang dal som startar ved Kolabakken på Røysaleitet og fungerer som eit startpunkt for mange fine turar. Du kan parkere bilen ved Leikanger Barneskule (stadion) og gå derifrå. Dersom du vil kutte ned ca 2 km av turen, kan du køyre inn til det gamle vassinntaket. Sjølv om bommen er open, er det ikkje lurt å køyre vidare. Berre er grunneigarar har nøkkel til bommen. Det vil vere kjedeleg å bli ståande fast på feil side av bommen på returen.

Stølen Flya ligg berre 500 meter lenger inn dalen frå Fivelhola. Har du kjøpt fiskekort, hjå den lokale sportsbutikken, kan du ta ein dag med å fiske etter aurekjøer på begge plassane.

Frå bommen må du rekne med ca 1 time gangtid langs grusveg til Flya. Vegen er ikkje bratt og passar ypperleg til dei første trimturane før du gyv laus på dei brattare turane, som t.d. Skagasete, Lusaskard m.m. Det går fint å sykle. Starten og slutten på lengre turar til Kjeringafjell, Trastadalen, Friksdal og Fjærlandsete bli meir behaglege. Det er knapt noko betre enn å setje seg på sykkelen etter 5-6 timar og rulle heim den siste, men dryge, halve mila.

Frå Flya kan du velje å gå på vestsida av dalen fram til Friksdalen eller på austsida og anten gå opp Reiseta til Fjærlandsete eller halde framover dalen til Åsenosi og koma opp i Trastadalen eller i Myrdalen.

Historiske bilete frå før kraftutbygginga

Tur: Raumålsgrinda

Turen til Raumålsgrinda er ein kort tur etter gamal sti. Turen startar på Skahaug, ca 1,5 km frå parkeringsplassen på Kleppa. Du kryssar gamle vatningsveiter til gardane på Henjum. I 2012 vart det teke ut skog i området. Ein følgje av det er at turen er mykje opnare. Du har utsikt ned mot Hermansverk  på mykje av turen.

Det kan til tider vere ein del fuktigheit på stien som saman med røtter til tre, barnåler, kongler og svaberg gir ein viss risiko for å skli, spesielt på vegen ned att. Etter ca 1 km gange kryssar stien ein grusveg som vart laga til i samband med eit nytt høgspentstrekk for nokre år sidan. For dei som ønskjer å ikkje gå til Raumålsgrinda, kan ein gå 1 km tilbake til vegen som går til Kleppa for deretter å gå ned att ca 1 km til utgongspunktet. For oss som held fram til Raumålsgrinda, går ein ca 100 meter opp ein traktorveg før ein følgjer stien ut mot Henjedalen. Etter 50 meter kjem stien saman att med spor frå skogsmaskinene. Med andre ord kan du følgje spora til skogsmaskinene. Maskinene har køyrt opp Raumålsbakkane og nesten heilt fram til Raumålsgrinda.

For å sleppe å ta turen ned same vegen, kan du følgje stien tilbake til Kleppa og gå ned vegen til Skahaug. Du må gå ca 50 meter i retning mot Stokksete, før du går til venste og inn i skogen. Eg vil absolutt tilrå at første gongen du tenkjer på å ta ein slik rundtur så parkerer du på Kleppa går derifrå for å gjere deg kjent med kor stien startar over Raumålsgrinda.

Raumålsgrinda er ein mellomstasjon for tur til Stokksete. Frå Stokksete passar det å gå vidare og kome ned att på parkeringsplassen på Kleppa. Vil du ikkje til Stokksete, kan du følgje ein sti som går tilbake til parkeringsplassen på Kleppa frå Raumålsgrinda. Føler du deg ekstra sprek kan du ta langturen til Kjeringafjell på 1.314 moh. Til ein slik tur bør du setje av ein heil dag. Ein mellomlang tur vil vere å gå rett vest frå Stokksete til Smørkletten for deretter å gå ned att på Kleppa.

Turen til Raumålsgrinda gir deg med andre ord eit allsidig utgongspunkt for flotte turar i fjellområdet på vestsida av Henjadalen.

Tur: Heimste Trastadalen

13.10.2007 tok eg på meg støvlane og gjekk til heimsta Trastadalsvatnet for å sjå meg om og vurdere om turen let seg gjere for ungar på 6 til 9 år neste sommar. Eg har tenkt på å leige hytta til Jakt og Fiskelaget å ta nokre dagar i høgfjellet sommaren 2008.

Veret var tungt og skydekke var lågt. Eg starta heimanfrå. Det er pur luksus å kunne starte ein lang fjelltur frå sitt eige hus. Turen gjekk fram Henjadalen fram til Flya på traktorveg. På Flya må ein krysse elva til stølsområdet på austsida og gå på sti framover mot Nyastøl. Det har regna mykje i haust og det er tungt og vått å gå. Når ein kjem fram tll Nyastøl, kan ein velje å gå ein litt kortare veg om Åsenosi eller ein kan gå opp til Pipehaug før ein snur framover i retning Trastadalen.

Etter kraftutbygginga følgjer du grusveg heilt fram til Traståna. Du kryssar ikkje elva, men går opp ryggen på høgre sida av vassinntaket. Her skal du kunne kome inn på den gamle stien til Pipehaug, sjå historiske bilete under.

Historiske bilete frå før kraftutbygginga

Bileta er tekne på heimveg og startar difor ved heimsta Trastadalsvatnet og går ned til Nyastølen om Pipehaug. Turen til heimste Trastadalen er delt i fleire deler:

  1. Henjadalen til Flya
  2. Flya til Åsenosi til og med bilete 47 der stien ikkje går over brua, men høgre opp til Pipehaug.
  3. Heimste Trastadalen ned mot Nyastøl.