Tur: Dalen til Haoahaug

Om du synes turen frå Kvålen til Haoahaug blir i tyngste laget, kan du vinne nokre høgdemeter med å køyre til topps på Dalenfeltet. Med 800 meter lengde og 140 høgdemeter blir turen 100 meter lengre, men du sparer rundt 40 høgdemeter.

Like ved det øverste huset på Dalenfeltet finn du ei grind som indikerer starten på stien. Første delen av turen går du opp- og  vestover, i retning frå Haoahaug. Etter 1/3 av turen kryssar du kraftlina og snur i retning av Haoahaug. Du går gjennom skog. Utsikta er sterkt begrensa i høve turen frå Kvålen til Haoahaug, men du kan få nokre glimt av bygd og fjor i løpet av den første delen. Stien splittar seg like over Haoahaug. Ein sti går rett fram, medan den du skal følgje skråar ut til høgre. Etter litt går du mellom eit par granlegger med eit nedtrakka gjerde og kjem ut på stien opp frå Kvålen. Følg stien ca 40 meter nedover og du er på Haoahaug.

Turane til Haoahaug passar fint saman som ein rundtur. Start og slutt vil ikkje vere langt frå kvarandre.

Tur: Kvålen til Haoahaug

Dette er ein kort tur med start på Kvålen opp til Haoahaug. 700 meter med 180 høgdemeter får likevel sveitten fram. Du vil gå forbi eit par gamle uteløer. Hatlekvila har i løpet av dei siste åra dotte i hop. Turen utgjer første 1/3-del av stien til Skagasete.

Etter hogsten i 2017 har turen vorte ein anna. Før gjekk ein gjennom eit velvokse granfelt som gav skygge frå ei nådelaus somarsol, men inga utsikt. No er alt borte og du kan når som helst snu deg til utsikt over Kvålen, Moene og Njøs mot Sognefjorden.

Tur: Njøsadalen rundt

000 Njosadalen rundtNjøsdalen rundt er ein tur på vel 20 km som er fullt mogleg å gjennomføre på ein helgedag eller langkveld om sommaren. Du må rekne med 5 til 7 timar alt etter tempo og pausar. Det viktigaste er at du ikkje set ut i eit forrykande tempo. Ikkje minst er det viktig å ha med seg nok næring i sekken, vatn og ekstra klede. Det er kjøligare på toppane.

Det er fritt val om du vil starte på Njøs eller på Kvålen. Eg gjekk turen heimanfrå via Kvålen, til Haoahaug og Skagasete. Frå Kvålen skal du til du er oppe på Rjupeskar (Plassen har same namnet som den i Kleppa-området.) gjere unna ca 800 høgdemeter. Frå Rjupeskar er det eit slakara parti før toppen Lusaskard. Går du tidleg på året, kan du drikke opp og fylle flaska i dette partiet. Friskt smeltevatn er godt som drikke og til å kjøle seg ned med. Oppe på Lusaskard passar det med første matpausen.

Etter matpausen går du i retning Øvstedalen og ned til Hottadalen, ei nedstiging på 270 høgdemeter. Dette er første gongen bremsane må skikkeleg på. Frå Hottadalen er det berre å følgje stien over Geitadalen til Tuftahaug. På Tuftahaug passar det med ein drikkepause slik at du kan fylle på flaska i Malinabekken. Bekken, eller oppkoma, finn du heimom det svarte selet/hytta. Ikkje fyll flaska frå bekken som renn forbi det eldste selet. Vatnet kjem frå ei tjørn og er ikkje tilrådeleg å drikke.

Etter at du har fylt flaska i Malinabekken, går du tilbake til det svarte selet/hytta. På baksida finn du starten på stien som tek deg i retning av Havrane. Etter kvart som du nærmar deg Havrane blir stien vanskelegare å følgje, men så lenge du held retningen mot Mjellhaugane og kryssar under lina kjem du til fremsta Havravatnet. I nordaust-enden, der vatnet renn ut i Øvstedalen, er det eit stort raudt merke på ein stein. Merket markerer starten på Moldbakken.

Opp Moldbakken har du meir enn nok med å studere vegetasjonen. Det er bratt. Eit stykke oppi skråar stien bortetter, over Havravatnet. I starten rasa yste del av stien ut vinteren 15/16, men det går greit å forsere. Stien går på kanten, over vatnet, så her er tipset å halde fokus rett fram. Pass på å ikkje stylke i småbusker som heng over kanten, men som har rota på andre sida av stien. Når det verste partiet er unnagjort, går du opp og ut av skogen. Det er like greit å halde retningen mot sør, like under Mjellhaugane. Bak horisonten finn du restane av Bergsete, ein støl som vart gitt opp. Ta ein god rast og matpause før du går sørover.

Det er sett opp skilt og merka med raudt på tre heilt til Hangsete. Første halvdelen av turen dit er i slakt terreng før du byrjar nedstiging i skogsgrensa. Det er her den lange bremseetappen byrjar og det er ikkje slutt før du står på Njøs. Om sommaren kan du helse både på sau og kyr på Hangsete. Rastar du der kan hestane etter ei tid verte litt nysjerrige på om du har noko godt med deg.

Frå Hangsete følgjer du stien ned på Bjørgahaug og tek Kidlestigen ned på Njøs. Bjørgahaug er vel verd ein stogg for å ta flotte utsiktsbilete og «sjølvies». Det kan vere lurt å tøyge ut litt før Kidlestigen og 300 høgdemeter ned på litt over 1 km distanse. Etter nesten 20 km på tur i varierande terreng, vil du merke den nedstiginga.

Tur: Kløvjavegen til Fjærlandssete

Kløvjavegen-Fjærlandsete

Fjærlandssete er ein støl som ligg nordom Fardal og Øvstedalen, tett opp mot Leikanger si austre grense mot Sogndal. Sjølve stølsområdet er idyllisk plassert på austsida av Fjærlandssetevatnet. På vestsida av vatnet finn ein stølen Sumhaug.

Før var den lettaste måte å koma hit å køyre opp Øvstedalen i Fardal og gå forbi Furesete. I dag er det, på grunn av forlenging av vegen i Njøsadalen, lettare å nå Fjærlandssete frå Leikanger. Det forutset at ein køyrer fram til parkeringsplassen ved Tuftahaug. Her er det to alternativ:

  1. Gå via Hottadalen over Seltuftebotnen mot Slettebotnen ved Kalvahaugen like heimom Kalvavatnet.
  2. Gå Kløvjavegen som startar i Geitadalen og kjem saman med stien frå Øvstedalen, litt over Furusete.

Det første alternativet fører deg ein del høgare i terrenget, slik at du må gå ned att på Fjærlandssete.

I dette innlegget tek eg for meg Kløvjavegen som er ein lett familietur på ca 4,5 km. På denne distansen skal du berre opp i underkant av 150 høgdemeter. Det er under halvparten av stigninga til Bjørgahaug frå Njøs. Fordelt over ein mykje lenger distanse betyr det at turen er svært slak. Det næraste eg vil samanlikna han med er turen fram i Henjadalen til Flya. Parkerer du ved bommen Henjadalen er distansen og stigninga mykje lik.

Skilnaden mellom turen fram i Henjadalen til Flya og Kløvjavegen til Fjærlandssete er at førstnemnde går på grusveg og krev ikkje anna enn gode gåsko. Kløvjavegen går over lyng, myrer samt moldete og fuktige parti. Her er det einaste som gjeld gode fjellsko, fjelljoggsko eller støvlar som kan halda veta ute. Ein lettskya dag vil du på eit godt stykke av stien sjå direkte mot Hurrungane i Jotunheimen, samstundes som du ser Gautastølen over Svartavatnet i Øvstedalen. Etter halvgådd tur vil du sjå Furusete, litt nedom Kløvjavegen. Eit kort stykke etterpå går Kløvjavegen saman med stien som kjem opp frå Øvstedalen.

Det er god plass på sælbøen til å setje opp telt eller lavvo, om du vil ta helga der. Har du kjøpt fiskekort, kan du fiske i vatnet. På ein varm sommardag kan du ta turen ned til vatnet og bade frå ei sandstrand. Ver i det minste budd på at det kan bli ei frisk oppleving, spesielt om det er tidleg på sommaren.

Tur: Bergsete opp Kvannskar

bergsete

Det som skulle vorte ein støl, Bergsete, ligg like under Mjellhaugane, over Havrevatna. Dei byrja å bygge opp sæl av stein for fleire mannsaldrar sidan, men gav opp sidan det var for lite ved i nærleiken. I dag trur eg det skulle vore fullt mogleg å hatt støl der. Tregrensa har drege seg oppover og det er ikkje langt til veden. Drikkevatn var ei anna utfordring på Bergsete. Det er fleire måtar å kome seg dit på:

  1. Ein er å gå Njøsadalen til Fadnastølen og opp til fremsta Havravatnet opp mot Moldbakken.
  2. Ein anna måte er å gå opp frå Njøs, via Bjørgahaug eller traktorvegen og framover i retning Mjellhaugane.
  3. Ein kortare tur, men brattare enn den første, er gå opp Kvannskar til Bergsete.

Utgangpunktet for turen er Kvålen og du må først koma deg til Fadnastølen. Her kryssar du bekken og går opp på austsida på stien som går opp til platået Havravatni ligg på. Etter å ha kome deg opp den bratte lia til platået, vil du når stien er som nærast bekken eller elva som renn utfor platået, sjå eit tre merka med raud B->. Stien eller dyretrakket er merka. Legg merke til treet på den andre sida av elva som mer merka med raudt. Bak det skal du opp på ein kant som du følgjer nokre 10-tals meter sørover før du igjen skal stige opp på ein ny kant og følgje sørover.

Om litt kjem du til nokre grantre merka med raudt. Stien langs desse og etter siste treet byrjar den skikkelege stigninga i Kvannskar. Du får meir enn nok høve til å studere vegetasjonen på veg opp. I den graskledde lia med spredt skog kan ein la tankane gå tilbake til gamle dagar. Her var det slåtteteigar. Landskapet såg annleis ut. I tillegg skal du ha i tankane at då dei prøvde å etablere Bergsete som støl, måtte dei bere materialen opp Kvannskar. På andre sida av Vetlagjerde, like under skogen, står det ei gamal hytte/sæl. Noko av materialen i den stammar frå Bergsete og er bore ned att Kvannskar, då ein fann ut at det ikkje vart nokon støl på Bergsete.

Stien snirklar seg opp lia. Han er langt tydelagare enn mange andre stiar i bygda, sidan sauene nyttar han flittig. Når du nærmar deg toppen og myra, vil du først passere eit par plassar med einer. Deretter skal du legge merke til at det står to rognetre som ein slags port, ikkje så langt frå stien, der du kjem opp på myra i Kvannskar. Dei skil seg tydeleg frå vegetasjonen elles og er viktige siktepunkt når du skal ned att. Når du ser dei ovanfrå, veit du kor stien startar. Du følgjer kanten av myra gjennom skogen. Det er rydda sti og til slutt vil du måtte kryssa øvre delen av myra og ta deg opp austsida. Derifrå går du bort på ein rygg som du følgjer aust/nordaust til du svingar i austleg retning mot Bergsete. Langs denne ryggen går det eit tydeleg dyretrakk. Dessverre er sauene noko mindre enn  oss, så du må nok gå langs trakket, på utsida av vegetasjonen. På turen ser du steinmurar på Bergsete og når trakket endar i eit tørrare myrområde, veit du at du svingar aust/søraustover i retning Bergsete. Nett før du kjem fram til Bergsete, kjem du inn på stien frå Moldbakken.

Turen er splitta i fleire deler:

  1. Kvålen (Dalen) til Fadnastølen
  2. Fadnastølen til opp til platået Havravatna ligg på. Mellom bilete 29 og 30 er stien som nærast bekken/elva. Snur du deg litt til høgre vil du legge merke til eit tre merka med B->. På motsett side av bekken/elva ser du ei bjørk.
  3. Opp Kvannskar til Bergsete

Tur: Lusaskard rett opp frå Hottadalen

Lusaskard ligg nordvest om Hottadalen. Turen via Hottadalen vil ikkje vere den kortaste om du vil gå til fots til Lusaskard frå Kvålen. Då vil det vere lurare å ta turen opp skogen til Skagasete og vidare til Lusaskard.

Turen rett opp frå Hottadalen passar når du køyrer fram heile eller deler av Njøsadalen. Ruta eg vel å gå er på 2,4 km frå parkeringsplassen ved Tuftahaug. Vel du ein strakare rute opp lia frå Hottadalen, vil du nok få turen ned mot 2 km. Med andre ord er dette den kortaste moglege turen til fots til Lusaskard og 1000 moh. Vel du å køyre til Skagasete for å gå til Lusaskard er den turen på 3,1 km.

Starten på oppstigninga er like sørom det heimste sælet. Du kryssar elva og startar stigninga opp lia. Den første 1/3 av stiginga følgjer du ein rimeleg tydeleg sti. Når du er komen opp på ei lita «flate» med nokre store steinar, er nok stien for det meste borte.  Her vel du å gå opp på høgre sida av elva/bekken som renn ned. Legg samtidig merke til eit lauvtre oppe, til venstre for lia du går i.

2/3 oppe i lia vel eg å krysse mot treet og gå meir eller mindre på langs av stiginga. Vil du gjere turen kortare, kan gå vidare rett opp lia. Det er mange år sidan eg har gjort det, men eg kan ikkje minnast noko som hindra meg i å kome opp .

Etter at du har passert lauvtreet skal du krysse forbi oversida av ein stor stein som ligg i øvre del av ei myr. Like etter steinen skråar du opp mot eit lite skar på kanten av platået nedunder Lusaskard. Etter å ha kome deg gjennom skaret og opp på platået, vil du kunne skimte Lusaskard i horisonten. Legg merke til steinvarden som ligg her. Han er eit ypparleg siktepunkt når du skal ned att same vegen. Får du ikkje auge på han frå Lusaskard, kan du sikte etter sendaren på Storehaugen.

Det må over ei myr, men sidan du har kome opp ved enden av ho går det greitt å krysse ho ved å halde retninga di mot Lusaskard. Etterpå er det berre å jobbe seg oppover den slakare stigninga. Du ser ikkje Lusaskard no, men ei klase einer litt oppi gir deg retninga mot Lusakard.

Turen er delt i to deler:

  1. Hottadalen frå enden av vegen i Njøsadalen
  2. Lusaskard rett opp frå Hottadalen

Tur: Hottadalen frå enden av vegen i Njøsadalen

hottadalVed å følgja traktorvegen fram austsida av Njøsadalen i ca 5 km, vil du koma til ein parkeringsplass som ligg mellom Hottadalen og Tuftahaug. Turen fram vegen tilsvarar omtrent turen til Flya i Henjadalen, men der endar samanlikninga. Henjadalen er rimeleg flat, medan Njøsdalen frå Kvålen har ei langt kraftigare stigning. Med andre ord eit altnerativ dersom du synes Henjadalen blir for lett.

Vegen er i dag open for ferdsle, med unntak under sauesankinga. Har du ein bil, som ikkje er for låg, kan du køyre dalen fram på første gir.

Hottadalen ligg på vestsida av enden av Njøsadalen. Du følgjer den grovare traktorvegen opp frå parkeringsplassen eit par hundre meter før du går ut på stien og går opp gjennom Strupen. Stien er tydeleg i terrenget og lett å følgje. Ver merksam på at det er litt fuktig mellom hyttene/sæla. Du bør heller ikkje vandre for mykje til aust/høgre for stien du kjem inn. Der er det ei svært våt myr eller krysning mellom myr og tjønn.

Framover Hottadalen, i nord-austleg retning, kan du gå over Skitbrekkene til Fjærlandsete. Vil du ikkje til Fjærlandsete kan du på Skitbrekkene svinge tilbake forbi Hottanosi og gå mot til Lusaskard. Det enklaste er å gå i nordleg retning slik at du ser ned mot Sumhaug. Slik vil du kunne følgje øvre del av stien som kjem opp til Lusaskard frå Fjærlandsete.  Du kan gå rett opp på Lusaskard ved stien som startar like nedom det heimste raude sælet eller du kan ta turen tilbake til Skagasete via stien gjennom skogen.

Tur: Hottadalen via Skagasete

I 2011 vart den gamle stien frå Skagasete til Hottadalen rydda og merka. Stien startar ved slutten av vegen som endar på Skagasete. Starten er markert med skilt og elles merka med raude flekker her og der. Nokre stadar heng det små gule plastbitar i trea.

Det er ca 2,5 km frå Skagasete til Hottadalen. På denne distansen skal du berre opp ca 150 høgdemeter. Turen fram og tilbake er ikkje for krevjande og kan vere ein grei, lettare tur for born og vaksne. Sidan du er litt oppe i fjellsida får du, i motsetning til å å følgje traktorvegen til Fadnastølen, mykje meir utsikt over dalen.

For dei som ønskjer å parkere bilen på Kvålen vil ein få seg ein god tur på nesten 5,5 km ved å gå opp via Haoahaug til Skagasete og vidare til Hottadalen. På Skagasete er du halveges til Hottadalen og har gjort unna ca 500 høgdemeter. Med berre 150 høgdemeter igjen blir turen frå Skagasete til Hottadalen vesentleg lettare.

For å sleppe å gå tilbake same vegen, vil eg tilrå at ein i Hottadalen går mot Tuftahaug og vidare nedover til Fadnastølen og ned att på Kvålen. Då vil du ha gått fram vestsida og heim att austsida av Njøsadalen. Samla sett blir turen på ca 10 km. Den tyngste biten har du gjort unna frå Kvålen og opp til Skagasete.

Ein lettare «rundtur» er å køyre 3 km fram i Njøsadalen, gå ca 1 km etter vegen opp til Skagasete for så gå fram stien til Hottadalen. Frå Hottadalen går du mot Tuftahaug til du treff på vegen i Geitadalen. Vegen følgjer du nedover, tilbake til bilen. Eg vil anslå ein slik tur til ca 5 km.

Turen til Hottadalen via Skagasete er delt inn i fleire deler:

  1. Kvålen til Haoahaug til bilete 25
  2. Haoahaug til Skagasete
  3. Skagasete til Hottadalen

Tur: Fjærlandssete over Lusaskard


Fjærlandssete er ein støl som ligg nord om Fardal og Øvstedalen, tett opp mot Leikanger si austre grense mot Sogndal. Sjølve stølsområdet er idyllisk plassert på austsida av Fjærlandssetevatnet. På vestsida av vatnet finn ein stølen Sumhaug.

Før var den lettaste måte å koma hit å køyre opp Øvstedalen i Fardal og gå forbi Furesete. I dag er det på grunn av forlenging av vegen i Njøsadalen like lett å nå Fjærlandssete frå Leikanger. Ein køyrer fram til parkeringsplassen ved Tuftahaug og går opp i Hottadalen og over Seltuftebotnen mot Slettebotnen ved Kalvahaugen.

Men vil du gå den finaste ruta, legg du turen om Skagasete og Lusaskard. Du kan køyre til Skagasete med bil om du ikkje ønskjer å gå opp skogen frå Kvålen eller Dalenfeltet. Fordelen med å ikkje ta bilen til Skagasete er at du kan bruke turen som del av ein rundtur der du går til Fjærlandssete over Lusaskard for så å gå til vestsida av vatnet til Sumhaug og ta turen ned Reiseta til Flya og gå heim Henjadalen. Det er berre ein kort tur over elva frå barneskulen for å hente bilen på Kvålen.

Turen frå Lusaskard går ned Skitbrekkene og du har god oversikt i alle himmelretningar. Ein fin dag vil du sjå Jotunheimen med Skagastølstindane i horisonten. Turen går i lyng og graskledde skråningar mot aust. Du vil tidleg få auge på Fjærlandssetevatnet og Sumhaug. Om du ikkje vil heilt til Fjærlandssete, kan du ta av i nordleg retning og gå mot Sumhaug. Når du er komen omtrent halvveges på turen frå Lusaskard til Fjærlandssete, vil du sjå stølsområdet. Det er berre å halde fram nedover mot stølen. Om litt vil du få auge på Kalvevatnet. Nede ved vatnet kjem du inn på stiar du kan følgje mot stølsområdet eller du kan svinge vestover og følgje sti mot Sumhaug.

Turen til Fjærlandssete over Lusaskard er delt opp i fire deler:

  1. Kvålen til Haoahaug til bilete 25
  2. Haoahaug til Skagasete
    Alternativ til 1 og 2: Skagesete inn Njøsadalen
  3. Skagasete til Lusaskard
  4. Lusaskard til Fjærlandssete

Alternativ sti som tek deg ned mot Sumhaug før du går mot Fjærlandssete:

Tur: Bergsete

Det som skulle vorte ein støl, Bergsete, ligg like under Mjellhaugane, over Havrevatna. Dei byrja å bygge opp sæl av stein for fleire mannsaldrar sidan, men gav opp sidan det var for lite ved i nærleiken. I dag trur eg det skulle vore fullt mogleg å hatt støl der. Tregrensa har drege seg oppover og det er ikkje langt til veden. Drikkevatn var ei anna utfordring på Bergsete.

Det er fleire måtar å kome seg dit på. Ein er å gå Njøsadalen til Fadnastølen og opp til fremsta Havravatnet. Du går til enden av vatnet, der det renn ned i Øvstedalen, og kryssar utløpet. Her vil går du bratt opp Moldbakken før du etter litt svingar sørvestover og går på kanten av berget over det fremste Havravatnet. Stien opp Moldbakken og over vatnet er lett å følgje. Du treng å vere litt sterk i høgden. Sjølv føler eg litt ubehag på eit lite stykke av stien over vatnet, men med fokus rett fram går det greitt. Bileta er av typen “hofteskot” akkurat her. Ein kan alltids ta seg ein titt ned når ein står litt mindre utsett til.

Når du er komen over det luftige partiet, kan du velje minst to måtar å gå mot Bergsete. Ein måte er å følgje sauetrakk fram mot myra som endar ut i Kvannskar. Du går ikkje ned på myra, men svingar til venstre inn mot Mjellhaugane. Veggane av det som ein gong skulle verte sæl av stein er lett synlege. Ein anna måte er å gå rett på foten av Mjellhaugane. Når du kjem opp på dit, vil du stå litt nord for Bergsete. Frå Bergsete kan du gå opp på Mjellhaugane og/eller halde fram mot Hangsete.

Turen er splitta i fleire deler og album:

  1. Njøs til Fadnastølen (lengste alternativ)
  2. Kvålen (Dalen) til Fadnastølen (kortaste alternativ)
  3. Fadnastølen til Havrane
  4. Havrane til Bergsete