Lenovo Thinkpad Edge 11 og Linux

Eg har vore klar over at Ubuntu 10.04 ikkje har vore den beste for min Lenovo Thinkpad Egde 11 med Core i3-380um-prosessor. Årsaka er at han som standard er basert på kjerne nummer 2.6.32, men kjerne 2.6.35 kan òg brukast og har full støtte i Ubuntu 10.04. Etter det eg har fått med meg er ikkje støtta for Intel HD graphics som grafikkortet som er integrert på prosessoren, med i kjernen. Det er greitt at du kan bruke alle effektar takka vere uniforme drivarar frå intel på deira løysingar, men eg har ein mistanke om at straumstyring ikkje er under kontroll med ein gamal kjerne.

Eg har følgt med på batteritida i Ubuntu 10.04 med kjerne 2.6.35 kontra Ubuntu 11.04 med kjerne 2.6.38. Ubuntu 10.04 har ein del høgare straumforbruk. Eg er rimeleg sikker på at eg ikkje kan hugse at straumforbruket gjekk under 13 watt. Med Ubuntu 11.04 greier det seg rimeleg greitt ned mot 10 watt og dersom maskina får stå litt har det hendt at det duppar ned i 9 watt.

I praksis viste Ubuntu 10.04 sjeldan kalkulert batteritid til noko meir enn tett opp under 4 timar. I Windows 7 kunne kalkulert battertid vere opp i over 5 timar. Her var òg minste straumforbruk eg registrerte 9 watt. Det betyr at Ubuntu 11.04 skal vere på nivå med Windows 7 når det gjeld å utnytte straumsparingsmåtane maskinvara tilbyr.

Eg har prøvd kjerne 2.6.38 på Ubuntu 10.04 via backports. Han skapte småproblem for nokre applikasjonar på oppgåvelina. Verst var nok at drivaren på nettverkskortet, som ligg i den kjernen, ikkje kan brukast med Ubuntu 10.04. Ein må installere ein gamal versjon og svartelista (blacklist) den interne. Eg fekk det til og det fungerte nokre dagar, men etter å ha rydda opp i oppgåvelina, etter småfeil som oppstod med å gå over til kjerne versjon 2.6.38, stoppa det trådlause å fungere. Eg såg over svartelistinga og så at ho var på plass, såg etter om eg ved eit uhell hadde slått av nettverkskortet, rekompilerte den gamle drivaren og installerte han, men den tok ikkje som første gong.

Eg hadde litt motforestillingar med å gå over til Ubuntu 11.04 sidan dei hadde valt å gå sine eigne vegar med grensesnittet Unity. Med over 20 år i pc-verda og nesten like lenge i Windows-basert miljø er eg van med Windows-måten. Unity passar ikkje meg, men det er mogleg at «Fisher Price-generasjonen» taklar det betre. Heldigvis går det an å bruke det klassiske miljøet i Ubuntu 11.04.

Eg har også vore innom Lubuntu 11.04, Xubuntu 11.04 og sist Linux Mint Debian Edition 201108 Releace Candidate. Sistnemnde hadde kjerne 2.6.39 og straumforbruket låg opp rundt 17 watt så godt som heile tida. Eg registrerte ikkje prosessar som kunne føre til dette og konkluderte med at det måtte vere feilen som har plaga dei siste 2.6-kjernane. Eg har prøvd andre versjonar som Fedora og OpenSuse tidlegare, men er blitt for van med Ubuntu- eller Debian-baserte versjonar.

Linux og gamle skjermar

Det er ikkje alltid like enkelt å setje opp ein skjerm når han ikkje identifiserer seg korrekt overfor Linux. Sidan Ubuntu skifta måte for oppsett av skjermar i 2009, meiner det var i Ubuntu 9.10, om eg ikkje hugsar feil, testa eg oppsett av skjermen òg med Novell sin OpenSuSE 11.04. Felles for begge distribusjonane var at Samsung SyncMaster 204B kopla med vga-kabel til eit Nvida Geforce 7600GS-kort vart sett opp med for låge spesifikasjonar. Det var heller ikkje å velje i lister som vi gjorde i Windows for å velje ein skjem som var tilnærma lik. Sidan eg er mest kjent med Ubuntu valde eg å ikkje prøve meir med OpenSuSE.

Nyaste standarddrivar til Nvidia-kort installerte eg i Ubuntu 10.04 ved hjelp av menyen System – Administrasjon – Maskinvaredrivere. Drivaren let meg dra nytte av effektar og 3D-aksellarasjon til kortet. Samsung SyncMaster 204B er god for 1600 x 1200 punkt, men med Ubuntu 10.04 sine konservative innstillingar vart maksimal oppløysing på 1152 x 864 punkt. Det var på tide å børste støv av gamal kunnskap til spesifikasjonar for skjermar for å greie å setje den opp att. Heldigvis var det fleire som har hatt problem og løyst dei på sine måtar. Eg enda opp med at skjermen vart sett opp til 1600 x 1200 punkt med 65 bilete i sekundet (hz). Skjermen gav beskjed om ikkje var optimal som måtte trykkast vekk kvar gong. Han ville ha 1600 x 1200 punkt med 60 hz.

Løysinga var å modifisere litt på fila xorg.conf  (tekstfil med skjermoppsett) som ligg i mappa /etc/X11. Den enklaste måten å trykke tastane Alt og F2 samtidig og skrive gksu gedit /etc/X11/xorg.conf for å opne fila i tekstredigeraren gedit. Eg justerte to innstillingar for å kunne la skjermen fungere optimalt med 1600 x 1200 punkt med 60 hz:

Section «Monitor»
    # HorizSync source: builtin, VertRefresh source: builtin
    Identifier     «Monitor0»
    VendorName     «Unknown»
    ModelName      «CRT-1»
HorizSync       28.0 – 76.0
    VertRefresh     43.0 – 60.0
    Gamma           1
    Option         «DPMS»
EndSection

Deretter lagra eg fila og gjennomførte ein omstart av maskina. Når du har logga deg på att, er det berre å gå inn att på menyen  System – Administrasjon – NVIDIA X Server Settings og stille inn 1600 x 1200 i oppløysing. Pass på å lagre det nye oppsettet.

Lenovo ThinkPad Edge 11 og viftekontroll i Windows

For litt sidan fann eg fram til kva eg hadde trong for å kontrollere vifta på Lenovo ThinkPad Edge 11 i Ubuntu 10.04. Eg har no lagt inn Windows 7 på maskina og oppdatert alt. Med standard oppsett i Windows 7 og Ubuntu  går vifta så godt som kontinuerleg. Etter litt leiting på nettet fann eg TPFanControl.

TPFanControl støttar fleire modellar til Lenovo så eg må modifisere innstillingar for å få det til å fungere optimalt med Lenovo ThinkPad Edge 11.

Det er 3 sensorar som etter mi vurdering ein kan oversjå.  To av dei viser fast 123 grader, medan pwr kan bykse att og fram mellom nokre få grader til over hundre og tilbake på få sekund eller vere borte ei stund. Ein av dei kan lenge vise 2 grader og så brått vise 123 grader. Her er det eg har modifisert i fila med innstllingane, TPFanControl.ini:

IgnoreSensors=no5,x7d,x7f,pwr

Eg har ikkje justert andre innstillingar. Med Smart Mode 1 vil ikkje vifta gå før det vert registrert ca 60 grader på ein av sensorane som vert overvaka. Etter ca 1 veke så ser det ut til å fungere utan problem.

PS! Dersom du prøver tilsvarande på di Lenovo-maskin er du sjølv ansvarleg for dette.

NRK nett-tv med Ubuntu 10.04 sommaren 2011

Hausten 2010 såg eg på korleis ein kunne sjå på NRK nett-tv frå Ubuntu 10.04 (Linux). Systemet til NRK er i utgangspunktet knytt tett til Windows Media Player. Det ligg i namnet – Windows – at denne ikkje eksisterer på nokon Linux-distribusjon.

Silverlight var ein moglegheit for å spele av NRK nett-tv i Linux og skulle i utgangspunktet ha fungert via Moonlight. Problemet var at hausten 2010 hadde Moonlight stagnert i hovudversjon 2. Silverlight hadde utvikla seg og var i versjon 3 eller 4. Eg greidde ikkje å få Moonlight versjon 2.4 til å fungere med NRK nett-tv og fann ei anna løysing basert på mediaspelaren VLC.

Våren 2011 har Moonlight kome i versjon 4 Preview. Eg har testa det ut og det ser no ut som om det berre er å laste ned plugin, installere den og gå til NRK sin nett-tv og stille denne inn til å bruke Silverlight, tilsvarande som for Mac-brukarar. Ubuntu hentar deretter nødvendige codecar og når du har lukka og starta Firefox på nytt, skal det fungere slik at du får sett NRK nett-tv via nettlesaren.

PS! 26.06.11

No når Mozilla raskare gir ut hovudversjonar (versjon 5, 6 osv), vil det ta ei tid før plugin er oppdatert til å ta omsyn til den siste hovudversjon. Mitt andre alternativ vil då fungere betre sidan det er uavhengig av Firefox-versjon.

PS! 4.12.11

Eit tredje alternativ, jf. under som òg virkar i Ubuntu 11.10

Lenovo ThinkPad Edge 11 og viftekontroll i Ubuntu 10.04

Eg har jobba litt med å kunne bruke Ubuntu 10.04 LTS med Lenovo ThinkPad Edge 11 med Core i3-380um. Standard viftestyring har eg studert under Ubuntu 11.04 og det ser ut til at vifta slår seg på ved ein temperatur på 50 grader på kjerne 1 og evt kjerne 2. Vifta slår seg først av når temperaturen er 39 grader eller 38 grader. Ubuntu 10.04 greier ikkje å få temperaturen ned til meir enn nedre del av 40-talet, slik at vifta aldri går av.

Løysinga mi er avhengig av bruk av at du brukar kjerne 2.6.35 som du finne i pakkebrønnen til Ubuntu 10.04. Kjernen må installerast først for at du så kan få kompilert og installert modulen for det trådlause nettverkskortet.

NB! Det er på eige ansvar du følgjer min framgangsmåte!!!

Installere 2.6.35-kjerne for betre maskinvarestøtte

For å få støtte for Thinkpad ACPI kan ein ikkje bruke standard kjerne 2.6.32. Eg har testa opp til 2.6.38, men med dei over 2.6.35, som skal innehalde det trådlausenettverkskortet til maskina, får eg det berre opp som deaktivert.

Du hentar kjernen ved

  • Menyen System – Administrasjon – Synaptic programpakkebehandler
  • Søke etter 2.6.35.
  • Vel:
    • linux-headers-2.6.35-xx
    • linux-headers-2.6.35-xx-generic
    • linux-image-2.6.35-xx-generic
  • Klikk på Bruk
  • Etter installasjon er omstart påkravd.

Trådlaust nettverkskortdrivar

Drivaren til Realtek 8192ce-kortet er ikkje i 2.6.35-kjernen og må installerast som modul:

  • Last ned rtl8192ce frå http://www.realtek.com.tw/
  • Pakk ut fila (Døyp om katalogen slik at du slepp å skrive så mykje når du skal installere)
  • Opne menyen Programmer – Tilbehør – Terminal
  • Bruk cd katalognamn for å kome deg til katalogen og installere med
    • sudo su
    • make
    • make install

Etter dette er ein omstart vere påkravd.

Viftekontroll

Viftekontroll for ThinkPads er ei utfordring under Linux. Eit vilkår for å få den til er å køyre kjerne 2.6.35. Ubuntu sin pakkebrønn inneheld viftekontrollen thinkfan. Problemet er at han er vanskelig å forstå og du må i tekstfil setje opp sensorane. Løysinga er å legge til den eksterne pakkebrønnen for å få installert thinkfand:

  • Opne menyen Programmer – Tilbehør – Terminal
  • Skriv: sudo add-apt-repository ppa:jcollins/jaminppa
  • Opne menyen System – Synaptic programpakkebehandler
  • Klikke på knappen Last på nytt
  • Søk etter tpfand
  • Merk tpfand
  • Klikk på knappen Bruk
  • Vent til det installert og lukk Synaptic programpakkebehandler

Sette opp tpfand

  • Opne menyen System – Administrasjon – ThinkPad Fan Control
  • Pass på å huke av for
    • Control system fan by software
    • Manually configure system fan trigger temperatures

Det er totalt 16 sensorar og nokre av dei rapporterat ingen ting eller heilt fille tal. Her er mitt oppsett som er ut til å virke

  • Sensor 0 (trur det er kjerne 1) : 52 grader
  • Sensor 1: Off
  • Sensor 2 (trur det er kjerne 2): 52 grader
  • Sensor 3 (står på 0): Off
  • Sensor 4 (står på 0): Off
  • Sensor 5 (står på 0): Off
  • Sensor 6 (trur det er HDD) : 40 grader
  • Sensor 7: Off
  • Sensor 8 : 55 grader
  • Sensor 9: 65 grader
  • Sensor 10 (Vekslande + og – tal) : Off
  • Sensor 11: 55 grader
  • Sensor 12: 55 grader
  • Sensor 13: Off
  • Sensor 14: Off
  • Sensor 15: Off

Abiword 2.8.2 i Xubuntu 10.04 og menyane

I Abiword 2.8.2 til Xubuntu/Ubuntu 10.04 er det feil på den norske omsetninga av menyar. Problemet er (som vanleg) dei norske teikna. Eg sjekka for ei tid tilbake Windows-versjonen og han hadde same problemet.

Eg har justert fila nb-NO.strings i /usr/share/abiword-2.8/strings slik at æ, ø og å vert vist korrekt.

Last ned fila her, pakk ho ut til heimekatalogen din, opne ein terminal/kommandoline og kopier fila over til rett katalog med:

sudo cp nb-NO.strings /usr/share/abiword-2.8/strings/

AVCHD og Ubuntu 10.04

Eg har sidan mitt DV-kamera gav opp i slutten av 2007 nytta eit Panasonic HD-kamera som lagrar opptaka i AVCHD-format. AVCHD krev stor prosesseseringskraft og krev helst ein prosessor med 4 kjerner. Formatet var slitsamt nok i Windows i starten. Pinnacle Studio 11, som følgde kamera, skulle takle AVCHD. Men det var problem på problem som ustabilitet og filmar som kunne kome ut i DVD-format utan at lyd og bilete var korrekt synkronisert. Pinnacle Studio 12 som eg kjøpte ca 1 år etter var mykje betre, men Pinnacle var ei hårsbreidd frå å tape meg som kunde med den elendige 11-versjonen.

Eg har ikkje veldig aktivt søkt etter programvare for redigering av video i Linux, sidan eg er godt van med Pinnacle Studio og det fins ikkje i Linux-versjon. Av og til dei siste vekene har eg søkt litt rundt etter AVCHD og Linux. Dei fleste treffa er ulike «besvergelsar» på kommandolina for å få konvertert formatet til eit anna format som redigeringsprogram kan handtere.

I dag fann eg eit program som kan brukast: OpenShot. Instruksjonane for korleis du skal legge til programvarepakkebrønnen står på sidene. Fordelen med dette er at du får oppdatert til siste versjon når han er klar saman med dei andre oppdateringane frå Ubuntu.

For å teste OpenShot kopierte eg over nokre AVCHD-filer og starta. I forhold til Pinnacle Studio var måten å redigere på noko framand. Det tok ei stund før eg forstod korleis det skulle gjerast. Mellom anna må du bruke to videospor dersom du skal ha overgangar mellom klipp og du må passe på å justere retninga på overgangen mellom klippa. I bilete over ser du det første forsøk der pilene på fleire av overgangane går feil veg.

Eksport til filer i mpeg 2 (dvd-filer) gjekk greitt, men eksport til andre format som divx/xvid eller Youtube gav feilmeldingar. For meg kunne det sjå ut som alt var på plass i Ubuntu, men at Ubuntu brukte andre namn på codecane slik at OpenShot ikkje fann dei. Etter litt søking på nettet fann eg løysinga som var at eg måtte legge til Mediubuntu sin pakkebrønn. Når det var på plass, opna eg Synaptic programpakkebehandler og installerte libavcodec-extra-52. Etter dette kunne eg eksportere til dei fleste format som divx/xvid og h264.

Det var ein vesentleg svakheit med programmet. Som du ser av system monitor til venstre i bilete over, så brukar ikkje programmet meir enn ein kjerne av ein fleirkjerne prosessor. I bilete ser du at kjerne nummer 3 ligg på 100%, medan dei andre ikkje blir brukt av OpenShot. Det seier seg sjølv at det går tregare enn om alle ressursar vart utnytta.

Utklassing av Ubuntu 10.04 over Windows 7

Mitt inntrykk av Windows 7 er at det er raskt til å vise skrivebordet, men det er så mykje som startar opp i bakgrunnen at ein kan ikkje bruke maskina før etter ei god stund. Det er mange som hevdar at 7 er raskare enn Vista i oppstarten, men der er mitt inntrykk at 7 er flinkare til å vise fort skrivebordet, men ellers er det akkurat like gale.

Eg måtte testa kor raskt Ubuntu 10.04 var i oppstarten kontra Windows 7.  I min test gjorde eg ei forutsetning at Firefox og e-postprogrammet Thunderbird skulle vere starta, vise startsida og sjekke e-post. Maskina har siste teknologi med mellom anna ein Core i5-540M prosessor.

Resultatet av min test vart:

  • Ubuntu 10.04: 55 sekund
  • Windows 7: 2 minutt

Ikkje skuld på at eg ikkje har rydda opp i rusk og rask som følgjer med dagens pcar. På mine pcar køyrer ikkje noko som ikkje er nødvendig.

Feilmeldingar relatert til Intel HD og språkpakke i Ubuntu 10.10

Eg har installert Ubuntu 10.10 med dobbel oppstart Windows/Linux. Maskina er av siste teknologi og har mellom anna ein Core i5-540M prosessor med Intel HD grafikkort på prosessoren samtidig som ho har eit separat Nvidia kort for tyngre oppgåver.

Etter ei oppdatering av kjernen oppdaga eg at eg fekk ei feilmelding ved oppstart:

failed to get i915 symbols…

Eg kom over ein tråd i Ubuntu-foruma om dette som krev at eg redigerer eit par filer:

  • Opna ein terminal (kommandoline).
  • Skreiv sudo gedit /etc/modprobe.d/blacklist.conf
  • La til «blacklist intel_ips» i botnen utan hermeteikna
  • Lagra fila
  • Lukka gedit
  • Skreiv sudo edit /etc/rc.local i terminalen.
  • På lina over exit 0, legg til ei line med «modprobe intel_ips» utan hermeteikna
  • Lagra fila
  • Lukka gedit

Feilmeldinga er borte frå starten no og modulen er lasta.

Når eg kom tilbake til terminalen, oppdaga eg ein haug med feilmeldingar:

error: line xxxxxx: bad flag alias index: 0
error: line xxxxxx: bad flag vector alias

xxxxxx er eit stigande nummer. Det ser ut som det er relatert til språk/lokalisering. Nokon rapporterer at det er den sørafrikanske ordboka, installert som ein del av engelsk språkpakke, som skapar problemet. Men det ser ut til at det gjeld alle språk, i det minste òg bokmål. Eg prøvde å ta vekk den sørafrikanske, men det var ikkje til hjelp.

Eg må også sjekke ut batteritida på pcen. Under 2 timar synes å vere kort i Linux. Er usikker på om det er lengre i Windows. Det får vere ei oppgåve for dei komande dagane.

Xubuntu / Ubuntu med kryptert disk

For ei tid tilbake vurderte eg ulike alternativ for å sikre ein Compaq HP Mini 730eo med treg Intel Atom N270 prosessor. Installeringa av Ubuntu eller Xubuntu ved hjelp av alternativ cd eller installering frå internett har eit enkelt val utan alternativ. Etter å ha studert litt på oppsettet meinte eg at krypteringa og metoden som var valt var for ressurskrevjande.

Som standard foreslår Ubuntu bruk av AES (Advanced Encryption Standard) med 256 bits nøkkel. Metoden cbc-essiv med sha256 blir brukt. Minimum AES brukar 128 bits nøkkel som ifølgje Wikipedia er nok for å sikre informasjon gradert som secret i USA.

Eg valde å setje opp maskina med AES med 128 bits nøkkel i ECB. Kvar blokk er kryptert uavhengig som kan senke tryggleiken eit lite hakk ifølgje Wikipedia. Illustrasjonen som vert vist er ei kraftig forenkling problemet/utfordringa.

Her er skriptet eg nytta for å vurdere skilnad i hastigheit:

rm *.txt
dd if=/dev/zero of=kort.txt  bs=1M  count=500
dd if=/dev/zero of=lang.txt  bs=1M  count=2000

Den første lina fjernar eventuelle txt-filer i mappa skriptet køyrer i. Den andre lina lagar ei fil med namnet kort.txt med nullar på ca 500 MB. Den siste lina lagar ei fil med namnet lang.txt på ca 2 GB.

Ukryptert disk
524288000 byte (524 MB) kopiert, 11,0566 s, 47,4 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 60,5938 s, 34,6 MB/s
524288000 byte (524 MB) kopiert, 10,5128 s, 49,9 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 58,0929 s, 36,1 MB/s
524288000 byte (524 MB) kopiert, 9,88656 s, 53,0 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 60,076 s, 34,9 MB/s

Kryptert disk med AES 256 bit nøkkel i cbc-essiv sha256
524288000 byte (524 MB) kopiert, 23,5097 s, 22,3 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 129,156 s, 16,2 MB/s
524288000 byte (524 MB) kopiert, 27,1944 s, 19,3 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 127,024 s, 16,5 MB/s
524288000 byte (524 MB) kopiert, 23,0415 s, 22,8 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 129,141 s, 16,2 MB/s

Kryptert disk med AES 128-bit nøkkel i ECB
524288000 byte (524 MB) kopiert, 14,5336 s, 36,1 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 92,2066 s, 22,7 MB/s
524288000 byte (524 MB) kopiert, 14,7233 s, 35,6 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 91,0558 s, 23,0 MB/s
524288000 byte (524 MB) kopiert, 14,8205 s, 35,4 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 89,756 s, 23,4 MB/s

Oppsummering
Med ei lita justering av krypteringsmetoden er disken framleis sikra mot innsyn, men hastigheita er vesentleg auka.