Unngå at passwords.google.com viser passorda dine

passwordsgooglecomFor nokre dagar sidan hadde ITavisen ein artikkel om sida til Google som viser passorda du synkroniserer i Chrome mellom dine einingar (telefon, nettbrett, PC osv.)

Du kan lett gjere sida verdilaus. Under Innstilling – Avanserte synkroniseringsinnstillingar i Chrome har du  moglegheita til å setje eit passord på synkroniseringa. Når det er sett, vil ikkje sida https://passwords.google.com/ vise passorda dine.

synkroniseringspassord

For å unngå at den som snappar opp passordet til Google-kontoen kan logge seg inn på kontoen din er løysinga å setje på 2-trinns stadfesting for kontoen din. Det betyr at dersom uvedkomande prøver å logge seg på din Google-konto, frå ei maskin du ikkje har autorisert for tilgang til kontoen din, vil vedkomande bli avkrevd ein kode frå SMS eller kodegenerator (tilsvarande som du loggar på nettbanken din). Den koden har berre du tilgang til, med mindre dei òg rappar mobilen som får koden. I dag lagrar vi så mykje i skya på kontoar hjå Google, Microsoft, Dropbox osv at 2-trinns stadfesting burde vore obligatorisk.

 

Windows 10 versjon 1511, bygg 10586

Eg olz380keyboardppdaga i går at E-post, Kalendar og Butikken/Store i Windows 10 Pro ikkje virka på min Z380. Applikasjonane vart lukka så snart eg starta dei. Søkte på nettet og fann nokre tips, men ingen av desse førte fram. Eg enda opp med å legge inn eit diskbilete frå ifjor sommar og slikt må oppdaterast.

Når eg kom til oppdatering Windows versjon 1511, bygg 10586, var det stopp. Prøvde fleire gonger i går kveld, over natta, over arbeidsdagen i dag og ikkje kul om oppdateringa ville ta. Alt inklusiv det å avinstallere det meste slik at eg tilnærma sat att med eit reint Windows med Office-system vart prøvd. Oppdateringforsøka kom berre til 25% og vart ståande der. Heldigvis rulla Windows tilbake etter at eg slo av mellom forsøka. Etter siste forsøket fann eg eit tips på nettet om ein som hadde teke bort DVD-brennaren på maskina og oppdateringa hadde vorte installert.

Eg ville ikkje demontere maskina og deaktiverte DVD-brennaren i Enhetsbehandlingen i Windows 10 og gjorde eit siste forsøk. Jammen fungerte det. Oppdateringa vart gjennomført utan problem. Eg sjekka Enhetsbehandlingen og såg oppdatering hadde reaktivert DVD-brennaren. For å sleppe å oppleve dette oppdateringsproblemet ein anna gong tok eg eit nytt diskbilete med CloneZilla.