Oppgraderte frå 9.04 til 9.10 på mine HP Compaq Mini 730, men det skuffa stort. Ubuntu 9.10 har minst dobla boot med påloggingstid. Grensesnittet er noko omarbeida, til deg verre meiner eg. Totalt sett virkar det som om Ubuntu Netbook Remix ikkje er tilpassa miniberbare med sine sterkt avgrensa ressursar. Nei, Ubuntu, Remixen ryk ut. Dette gidd eg ikkje.
Kategori: Data
Ubuntu Netbook Remix 9.04 og HP Compaq Mini 730 – lyd fiksa
Eg prøvde i sommar Ubuntu Netbook Remix 9.04 på min HP Compaq Mini 730eo nettbok. Diverre var det ein feil i denne versjonen som gjorde at lyden ikkje virka. Eg sjekka litt opp rundt dette på laurdag 10.10.2009 og fann ut at lusa hadde vorte fiksa i løpet av september. Lasta ned og installerte Ubuntu Netbook Remix 9.04 frå minnepinne. Det første eg gjorde var å oppdatere systemet og legge inn komplette språkpakkar for bokmål og nynorsk. Alltid greitt å få alle program og grensesnitt i norsk samt stavekontrollar installert.
Sidan eg brukar andre program enn Microsoft-standarden, har det ikkje vore noko problem å overføre e-post, bokmerker krypteringsløysingar osv til Ubuntu. Eit av dei viktigaste, om ikkje det viktigaste verktøyet, er Yahoo toolbar i Firefox (eller Internet Explorer). Med han får eg tilgang til bokmerke/favorittar uavhengig av kva slags pc eg brukar. Bokmerka blir lagra på nettet, hjå Yahoo.
Det meste elles skal gå greitt å forhalde seg til, men eg ser at for grafikk og musikk må eg nytte anna programvare. Det fins ikkje Linux-versjonar av IrfanView, Photofiltre, Windows Media Player, CDex eller Mediamonkey.
Tilgang til nettverksdisk gjekk rimeleg greitt. Eg måtte berre passe på at iocharset vart sett til utf8 slik at dei norske bokstavane vart korrekt vist. Det som står att er å setje opp krypterte heimemappe for brukarane. Eg finn gode oppskrifter på nettet, så eg reknar med å få kikke på det i løpet av komande veke.
Ubuntu 8.04 LTS og HP Compaq Mini 730
No har eg fått på plass linux må maskina og alt fungerer. Det er lurast å satse på Ubuntu LTS – Long Time Support. LTS-versjonen byggjer ikkje på det aller siste tilgjengelege, men er laga for at alt skal fungere best mogleg over tid. I 9.04-versjonen fungerte ikkje lydkortet på maskina. LTS-versjonane har støtte og oppdateringar i 3 år for ordinære maskiner og 5 år på tenarar. Ein vanleg Ubuntu-versjon har halvparten. Ubuntu 8.04 vart slept i april 2008 og vil bli støtta til april 2011.
Miniberbare er lette og meint å ta med på reis. Dei bør sikrast slik at data er tryggja om maskina kjem bort. Den vanlege versjonen av Ubuntu, live-cden, har ikkje fullstendig kryptering av disk. Du må laste ned alternativ versjon. Han kan ikkje køyrast som live-cd, men er likevel svært enkel å installere. Du blir leia gjennom prosedyren på ein lett forståleg måte.
Mesteparten av det eg treng er på plass her. I Ubuntu leverer dei berre OpenOffice versjon 2.4. Eg ønskjer å bruke OpenOffice versjon 3.1, som mellom anna har støtte for Microsoft Office 2007-filer og siste versjon av Open Document Format. Siste versjon av Pidgin, ein «messenger» som støttar det meste av tenester, vil eg bruke. I Ubuntu 8.04 LTS er det versjon 2.4 med sine spesialoppdateringar, medan Pidgin er komen til versjon 2.58. Det har vore endringar i prosedyren for pålogging av msn, som har skapt problem for 2.4-versjonen. For å vere sikker på at Pidgin ikkje misser msn, vil eg bruke den til ei kvar tid siste versjon. Løysinga er å leggje til eit par pakkebrønnar og oppdateringar vil kome når Ubuntu sjekkar pakkebrønnane med jamne mellomrom. Det er ikkje vanskeleg å legge til nye pakkebrønnar. Berre søk på nettet og du finn oppskrifta.
Pakkebrønnen til Ubuntu er enorm og alt er gratis. Du får lov å donere til Ubuntu-uviklarane, men det er ikkje plikt. I brønnen har eg funne det eg treng. Mozilla Thunderbird er på plass som e-postprogram. Eg brukar Thunderbird i Windows, så det var berre å kopiere over datafilene til Ubuntu og oppsett og e-postar på plass. Eg fann eit program for synkronisering av filer med grafisk grensesnitt. No kan eg lett synkronisere mellom nettverksdisken og maskinene mine. Dette sikrar at eg har siste versjon av filene på pcane mine. Blåtannmusa fekk eg til å virke. Det var ikkje så vanskeleg, eg måtte berre velje rett type utstyr så dukka ho vart ho synleg. Rettleiing fann eg på nettet. Musikk- og videoavspeling i ulike format fungerer fint. Fotoarkiv og -redigering er på plass. Litt lett underhaldning er med. Sidan maskina er alt for svak for videoredigering, saknar eg ikkje det. Antivirusprogramvare kan ein berre gløyme, du treng ikkje det.
Som på dei fleste miniberbare er skjermarealet sterkt avgrensa. På compaqen er det berre 1024×576 punkt. For å få mest mogleg att til programma som køyrer, har eg gjort eit par justeringar. Standardfonten for grensesnittet er justert ned, men framleis godt lesleg. Nedste lina er justert ned til 19 pkt, sett på automatisk skjuling som reduserer ho til nokre få punkt i høgde. Eg har aktivert knappane for å skjule lina heilt. Øvste lina er justert tilsvarande, men her set ikona eit stoppar for den reelle punkthøgda. Når begge linene er skjult, kan programma breie seg over heile skjermarealet. I tillegg har eg vorte flink til å bruke F11, dvs. bruke heile skjermen til vevsidene, i Firefox.
Så er det ikkje alle program eg brukar som eksisterer i linux-versjon. For desse har eg henta ned Wine frå pakkebrønnen til Ubuntu. Det ser ut til å fungere fint. Tek du turen innom sidene deira, vil du sjå at mange spel fungerer fint under linux, via Wine.
Ubuntu Netbook Remix 9.04 og HP Compaq Mini 730
Mpx hadde eit så gått tilbod på maskina, at eg kunne ikkje motså det. Ideen var å køyre Ubuntu 9.04 Netbook Remix (UNR) med full diskkryptering. UNR har mellom anna eit tilpassa grensesnitt for minipcane og skal elles vere tilpassa maskinvaren deira. Sidan minipcar er maskiner som det skal vere enkelt å ta med seg, meinar eg at det må vere eit absolutt krav at disken er fullstendig kryptert, for å sikre at data ikkje kjem i uvedkomande sine hender.
Det første eg la merke til under installasjonen, var at UNR ikkje har val om å køyre full diskkryptering. Heller ikkje fekk eg spørsmål om å køyre kryptering av heimekatalog, som eg får i den ordinære Ubuntu, No er det vegar rundt det med full diskkryptering, men det krev at du installerer vanleg Ubuntu med alternativ cd og legg til pakkar for å få grensesnittet til UNR med meir. Eg har valt å ikkje gjere det, fordi det per no er fleire problem.
Etter å ha brukt maskina litt oppdaga eg at maskina var vel stille. Det viser seg at ei oppdetering av kjernen i Linux gjer at lydkortet ikkje fungerer. Dette har eg funne løysing på heilt tilbake til tidspunktet for då 9.04-versjonen vart slept. Problemet eksisterer likevel framleis. I tillegg fekk eg ikkje blåtannprogramvara til å finne musa. Alt såg ut til å fungere, men musa dukka ikkje opp. Eg ønskjer ikkje å køyre spesialskript kvar gong kjernen blir oppdatert, og vel å vente til Ubuntu Netbook Remix med Long Time Support (LTS) og vonar alt er løyst.
Reklame eller ikkje, eit vanskeleg spørsmål
Reklame finansierer det meste på internett no, men ein del sider er lasta med så mykje reklame at eg går lei. TV3 og tilsvarande kanalar har det same problemet. Det er ikkje råd å sjå ein film “live” med alle desse 5+ minutt lange reklamepausane. Eg gidd ikkje å li meg gjennom Vitaepro og diverse sjampooreklamar. Det blir til at eg tek opp programmet på HD-opptakaren og hoppar galant over reklamepausane. Korleis kan eg gjere det same på nettet?
Jau, med Mozilla Firefox og AdBlock Plus plugin. Her har du slik VG ser ut no:
Utan AdBlock Plus:
Med AdBlock Plus:
Eg abonnerer på ei tysk liste (gratis) med adresser som skal blokkerast. Det fins også andre lister, t.d. amerikanske osv. Eg har også lagt inn eit par sperrer sjølv, noko som er svært enkelt. Filteret kan når som helst slåast av og på, dersom eg trur det kan vere reklame av interesse på ei side. Eg undergrev nok finansieringa nettstadane, men for mykje av det gode er og blir for mykje av det gode, meinar eg.
Berbart utstyr utgjer ein risiko, spesielt i ferietida
Det siste året har det vorte selt mange rimelege mini-berbare med Asus og Acer i leiinga. Ordinære berbare har også vorte rimlegare og kraftigare. Ein ønskjer berbart utstyr framfor stasjonere maskiner, med mindre ein har spesielle behov. I dag vil ein ha fridomen til å sitje kor som helst og vere kopla til internett når som helst. Med fridomen følgjer også ulemper og eit ansvar for å sikre at dine sensitive data, som passord på ulike nettstadar, bilete, e-post og dokument kjem på avvegar. Det er berre å tenkje seg litt om, så hugsar du sikkert personar som har hatt uheldige episodar. Ting har ein tendens til å spreie seg i dag som “eld i turt gras” i dag. Still deg spørsmålet:
Har eg noko på min berbare som eg vil at andre ikkje skal få tak i?
Er spørsmålet Ja, bør du lese vidare.
Før, når stasjonere maskiner var mest populære, stod desse i huset som du låste huset når du tok deg ein tur. Skulle nokon ha tak i dine data, måtte dei fysisk bryte seg gjennom ei sperre. Berbart utstyr blir teke ut av denne sikringa. Felles for produsentane av berbart utstyr er at dei ikkje tilbyr at dine data skal sikrast mot denne risikoen. Maskiner blir levert med operativsystem og oppsett som gjer at dine data er tilgjengeleg for den som får tak i maskina di. Sjølv med passord på kontoen og kontooppsett som privat i Windows er dine data ikkje sikra.
No vil dei som har kjennskap til Windows Vista hevde at Vista vert levert med eit slikt verktøy. Ja, versjonane Vista Business og Vista Ultimate har eit slikt verktøy: BitLocker. Problemet er at dei maskinene vi som privatpersonar kjøper vanlegvis har Vista Basic eller Vista Home Premium som ikkje har BitLocker. Windows XP, som blir levert på dei aller fleste mini-berbare, har heller ikkje slik funksjonalitet.
Verksemder og offentlege etatar krypterer heile disken for å sikre seg mot at data kjem i feil hender. Det same bør du også gjere og det er ikkje farleg eller vanskeleg. Einaste forutsetninga er at du tek backup av alle dine data før du startar, dersom uhellet skulle vere ute. Med så mange gode tilbod på eksterne platelager, er det inga orsaking å ikkje ta backup. Med systemkryptering blir heile disken kryptert og ikkje separate filer. Det er ikkje mogleg å lese innhaldet på disken utan å ha passordet eller kodesetningen. Den som prøver å undersøke disken, vil sjå han fyllt med tilfeldige data.
Truecrypt
Eg har tidlegare teke for eit verktøy i eit innlegg her på bloggen. Eg har valt å gå over til Truecrypt som, sidan februar 2008, har vorte utvida til å omfatte full systemkryptering. Truecrypt hadde frå før moglegheit til å generere virtuelle diskfiler, kryptere minnepennar, minnekort, eksterne platelager og andre deler av disken som ikkje er systempartisjonar. Kort og godt eit komplett, gratis verktøy for å sikre data på ein enkel måte. Truecrypt er også optimalisert til å dra nytte av dagens prosessorar med 2 eller fleire kjerner. Du vil ikkje merke nokon vesentleg hastigheitsreduksjon.
Før du byrjar med systemkrypteringa bør du hugse:
- Har du laga gjenopprettingscd/-dvdane til maskina?
Mange maskiner blir levert med verktøy for å lage gjenopprettingscd/-dvdar. Alltid opprett desse CD/DVDane slik at du kan gjenopprette maskina til fabrikkstandard når du skal selje ho eller om Windows får ein skikkeleg vondsinna infeksjon av virus eller anna dritt. - Backup av dine data for sikkerheits skuld.Tøffe gutar tek ikkje backup, tøffe gutar gret mykje. Ta backup av data med jamne mellomrom!
- Ein CD-R med mindre du legg inn eit mellomrom og /n i snarvegen til Truecrypt.Det siste må gjerast dersom du skal kryptere system på ein berbar eller mini-berbar uten CD/DVD/BlueRay-brennar. Årsaka er at Truecrypt prøver å vere idiotsikker ved å krevje at du lagar ein rednings-cd, som Truecrypt verifiserer, slik at du kan få tilgang til dine data dersom seinare eit virus rotar til oppstartsdelen av disken. Denne idiotsikringa kan vere litt tungvinn. Ein måte å sikre at fila ikkje blir liggande på ein kryptert disk, fanga til evig tid, er at du legg fila på ein minnepinne eller ekstern disk. Ein rednings-cd kan seinare lagast av fila på ein anna pc. Berre pass på å ikkje mikse saman filer. Ei redningsfil/-cd er IKKJE universell, men spesifik for kvar pc som du krypterer disken på.
- Tenkt ut ein god kodesetning.
Det er betre med ein god kodesetning, som er lett å hugse, enn eit langt intetsigande passord. Eksempel er setningen for å hugse tonane på strengene til ein 6-strengs gitar: “En Annen Dag Gikk Han Ensom” Bruk store og små bokstavar samt tal. Unngå norske bokstavar som æøåÆØÅ og andre teikn. Tastaturoppsettet er ikkje det same i først oppstartsfasen til maskina som i Windows.
Når 1-4 er klart, kan du setje i gong og velje menyen System > Encrypt System Partition/Drive og følgj instruksjonane. Etter at maskina har gjennomført ein del steg inklusive restart og Truecrypt har funne at alt fungerer som det skal, vil du kome inn att i Windows og kryptering av disken startar. Du kan arbeide med maskina medan dette pågår.
Å øydelegge….
Som ved implementering av Java i Internet Explorer for vel 10 år sidan, skapar Microsoft nok ein gong problem for andre med si implementering av støtte for Open Document Format. Likskapen mellom Java og Open Document Format er at dette ikkje er teknologi som er Microsoft sin. I stadenfor å implementere teknologi som ikkje er eins eigen skikkeleg, ser det ut til at Microsoft furtar som ein liten unge å øydelegg for andre. Eg berre håpar at det ikkje er slik at dei ikkje lenger har evnen til å levere gode produkt.
For meg har det største problemet vore Office 2007, som eg ikkje kan utstå designendringa på. Når dei greier å gi brukaren av Vista moglegheita til å bruke Windows 2000-design på skjermen, i stadenfor det glorete Vista-designet, kan eg ikkje fatte at Microsoft ikkje kunne gjere det same for Office-brukarane. Store verksemder hoppar ikkje på nye versjonar fordi dei ser hippe ut. Store endringar krev store ressursar til opplæring og kostar meir pengar enn evt prisendringar i lisensstrukturen. Ergo blir ikkje slikt innført før det er absolutt nødvendig eller når kontorpakken ikkje lenger fungerer under Windows-versjonen. Det er høgt opp og langt fram til, som vi seier her. Fordelen med endringa av Office-pakken er at eg har gått over til OpenOffice og ikkje lenger er bunden til Microsoft.
Vista er ikkje så gale, men her viser vel markedet at produket var so som so. Det blei vel ikkje så mykje att etter kvart som dei strippa vekk funksjonalitet dei ikkje fekk til å implementere då det gjekk under kodenamnet «Longhorn», som t.d. nytt filsystem. Vi får håpe at Windows 7 blir betre, men ulike variantar av Linux ser meir attraktive ut etterkvart. Får gjort det meste her, men skulle gjerne hatt Pinnacle Studio (12) i linux-versjon, så fekk heller Windows gått på nokre maskiner som skal brukast til underhalding og av ungane.
Dette kan ikkje vere ei godt kjensle
http://www.vg.no/teknologi/artikkel.php?artid=540506
It-avdelingen i Nord-Trøndelag får nå hjelp av Microsoft og Norman Antivirus. Andre aktører har også tilbudt sin hjelp.
er det ikkje lystig for driftsansvarleg eller leverandørar. For den kunnige er ikkje Windows det store hinderet. Verre er det for dei som har vorte sett til å sikre det. Men at Norman, som skryt av sin Sandbox-teknologi, ikkje greier å passe på dette, synes eg er skremande.
No er det nok, Pinnacle Studio 11 Plus
Pinnacle Studio 11 Plus er det dårlegaste programmet eg har kjøpt. Eg har tidlegare fortalt om mine problem i dette innlegget.Denne helga skulle eg gjere ferdig ca 32 minutt med nedredigert materiale frå juleavslutninga for 3. og 4. klasse ved Leikanger Barneskule. Eg fekk nettopp tak i video som vart brukt under spelet i Windows Media-format som siste bit i puslespelet. Han vart lagt til og overgangar lagt inn, som vanleg, og so byrja moroa eller rettar sak problema. Alt såg ut til å vere bra heilt fram til slutten på videoen i Windows Media-format ved rendering til MPG2 for DVD. Når Pinnacle Studio 11 Plus kom til klippet etter, som er i AVCHD, bestemte Pinnacle Studio 11 Plus seg for å bruke bilete frå dette klippet, men lyden frå klippet etter det. Uansett om eg flytte litt på overgangane, så vart det ikkje i orden. Problemet løyste eg ved å kutte videoen i 2 deler. Del 1 går fram til slutten på videoen i Windows Media-format, medan klippet som gjorde Pinnacle schizofren startar del 2.Eg trudde no at alt var i orden og komponerte ein prøve-DVD med avslutningane for 1 – 4 klasse. Prøvevisinga avslørte at det har eit «hikk» i del 1 etter ca 4 sekund som gjorde at video og lyd vart ute av synk fram til neste overgang. Eg stussa fælt på kva det var som gjorde det, men hadde ein mistanke til at det var teksten som ligg over dei første 4 sekundane av første klippet som gav problem. Eg reduserte tiden på teksten, fjerna effektar som låg på teksten, la på utfading og valde å starte førsteklippet nokre bilete før, utan at noko var til hjelp. Til slutt løyste eg det ved å la teksten vere det første klippet utan å vere kombinert med anna video.
Tolmodet med Pinnacle Studio 11 Plus er slutt. Pinnacle skal få ein siste sjanse. Eg har tinga Pinnacle Studio 12 Plus. Det ser ut til at 12aren kan vere noko betre til å redigere video i AVCHD-format. 11aren har vore eit mareritt. Der eg før kunne lite på at alt var bra ved redigering av DV-video i 9aren, har eg no måtte kontrollere alle videoklipp etter rendering eller som prøve-dvd. 11aren har vore utruleg tidkrevjande og arbeidssam. Det har teke tid å løyse ulike renderingsproblem. Eg får håpe at 12aren er betre. Er han ikkje det, vil eg gå over til redigeringsprogram frå andre leverandørar. Eg har Sony, Adobe og minst eit til alternativ i kikkerten. Tilliten til Pinnacle er tynnslitt.
AMD ikkje bra nok for bærbare
Eg har lagt merke til at mange butikkar tilbyr eit stort utval av maskiner som baserer seg på berbare X2 eller dei nye Puma-baserte prosessorane til AMD. Det er synd å sjå korleis AMD har vorte akterutseilt på prosessorfronten. Det var ei tid når Intel snubla og satsa på Rambus-minne og alt gjekk på tverke med Pentium IV. AMD segla inn og fekk på plass sine X2-prosessorar som utklassa dei. No er bordet snudd. På stasjonere PCar er dei i bakleksa. Det ser heller ikkje ut til at det går noko betre på prosessorar til berbare maskiner. Ta ein titt på denne samanlikninga mellom AMD Puma og Intel Centrino 2. For meg er det spesielt HD Transcoding som er det viktigaste ved redigering av AVCHD video. Intel totalt knuser AMD. Det blir nok ikkje noko betre no når Intel er på bana med prosessorar med fire kjerner for berbare PCar.