Aldri Apple-PC

Som vaksen har eg hatt tilhald i PC-verden. Eg har gått gradene frå DOS, Windows 3.1 til no Windows 10. Eg er med andre ord godt «innrøykt» i Windows-verden. Når jentene mine byrja å studera, kjøpte dei i august 2018 kvar sin Macbook Pro. Det er dyre maskiner med ein pris på den tida på kr 14 000 per stk. I dag startar prisane for denne typen maskin i underkant av kr 17 000.

Den eine Macbook Proen fekk problem med skjermen. Baklyset forsvann. Skjermen virka ellers som han skulle. Ein kunne skimte lyse parti eller symbol på han, men han var ikkje brukandes. Maskina vart kjøpt på Elkjøp og på deira sider er rådet å ta kontakt med Apple. I slutten av april snakka eg med førstelinja som registrerte hendelsen og bad meg resette maskinvaren på to måter. Det vart gjort, til inga hjelp. Eksamensperioden starta og maskina har den siste månaden vorte nytta med ekstern skjerm. No er siste eksamen ferdig, eg tok igjen kontakt med Apple.

Eg snakka med førstelinja først og repeterte symptoma. Presiserte at av og til når ein opnar maskina er det lys, men det forsvinn etterkvart som ein opnar ho meir. For meg har det vore klart at dette er ein maskinvarefeil. Eg gav klar beskjed om at ikkje gidda meir feilsøking og vart sett over til andrelina, og trudde eg skulle få ei adresse å sende maskina til av dei. Nei, dei tek ikkje mot noko maskiner. Eg måtte levere ho inn til ein autorisert reparatør. For min del var det Eplehuset i Bergen eller Elkjøp i Sogn. Det var då runddansen vart klar. Elkjøp viser til at eg må ta kontakt med Apple og Apple viser meg tilbake til Elkjøp.

Lunta var tent og eg gav klar beskjed om kva eg meinte om Apple-maskiner og supporten deira. Spesielt det siste er under ein kvar kritikk. Sel ein maskiner i premiumsegmentet får dei jaggu syte for premiumsupport når kundar må li under deira dårlege designval. Her er det berre å dra fram:

I 2015 introduserte Apple det «fantastiske» sommerfugl/butterfly-tastaturet. I tilbakeblikk ein gigantisk designfeil. Tastar slutta å virke om det kom bagatellmessig rusk inn under tastane. Det har vore, etter det eg veit, 4 revisjonar av denne typen tastatur. Ikkje går det an å rense tastaturet sjølv. Heile toppen av underdelen MacBook Proen må skiftast. Eit program som syter for gratis reparasjon er på plass. Maskiner frå og med 2020 har ikkje lenger denne type tastatur. No er dei tilbake på same type som før 2015.

So har vi designfeilen på 13″ MacBook Pro der skjermkabelen er for kort slik at han gneg mot chassiset og til slutt ikkje virkar lenger. Det er dette eg meiner MacBooken lir av. Eit program som syter for gratis reparasjon er sett opp. I 2018 vart skjermkabelen forlenga med eit par millimeter for å løyse problemet.

Vi må ikkje gløyme dei nye generasjonane av MacBook Air. Apple har sett kjøleribber på prosessoren og montert inn ei vifte i chassiet. Problemet er at det ikkje er ein fysisk heteavledar mellom kjøleribba og vifta. Sjølv om maskina brukar straumsvake prosessorar, vil prosessoren ved enkle oppgåver, som så surfe med Chrome, sjå Youtube-videoar eller lytte på Spotify, lett sprette opp i max temperaturen på 100 grader Celsius. Vifta går amok og blir plagsom. Prosessoren girer ned ytinga for å redusere varmen. Sjølv om artikkel prøver å nyansere bilete, er det greit å legge merke til at forfattaren måtte bytte ut sin MacBook Air på grunn av varme og yting. Lurer på når det kjem eit program for å gratis bytte av hovedkort på MacBook Air 2018-2020, etter kvart som CPUane døyr av langvarig heteslag.

Tilbake til dårleg support, til og med ein stor Youtube-kanal slit med Apple:

De må gjerne kike innom Louis Rossmann sin Youtube-kanal. Han reparerer Mac og kan fortelje meir om dårlege og uheldige designval Apple har gjort.

For min del har Apple sementert mine mistankar. Support er altfor dårleg for produkt som prismessig ligg i premiumsegmentet. Mitt råd til deg er å droppe Mac. Kjøp deg heller ei robust Windows-maskin med 3 års garanti og reparasjon heime hjå deg.

Sykkeltur: Valbrekka-Holestølen-Holene

Når eg syklar, unngår eg å bruke Sognefjordvegen så mykje som råd. I sommarmånadane er det svært mykje trafikk. For ein som ikkje greier å følgje fartsgrensene, er det lurt å ikkje skape unødig irritasjon og farlige situasjonar. Du kan vere så mykje prinsippryttar du vil, men mot 2 tonn ferielasta bil, bussar eller vogntog har du alltid dårlege odds.

Tureksempelet mitt går etter gang- og sykkelvegen ut til kyrkja. Her syklar du ned til ungdomsskulen og følgjer Strandavegen ut til Leikanger. For å unngå å sykle etter hovudvegen, kryssar du Sognefjordvegen og syklar over Hamre.

På Ytre Hamre kjem du ned på Sognefjordvegen, og syklar ca. 400 meter langs Sognefjordvegen før oppklivinga forbi Fosshagen, mot Valbrekka startar. Om ikkje du har pulsen i gang før du kjem til botnen av bakken, garanterer eg deg at du vil merke at du er i live under oppstiginga.

Oppe på Valbrekka følgjer du Eggjavegen oppover eit par hundre meter, før du syklar inn på traktorvegen over Huke. Første del av traktorvegen er bra å sykle på. Deretter kjem du ut på ein ny del med mykje grov pukk og skotstein. Eg køyrde med ein gatehybrid, og søkte etter dei beste plassane å sykle, for ikkje å punktere. Har du ein sykkel med grovare dekk, treng du ikkje vere fullt så forsiktig.

Etter ein pust i bakken ved Holestølen ber det slakt oppover nokre hundre meter til. No startar rullinga nedover, inn på Huksdalsvegen og ut dalen. Ved starten av Huksdalsvegen er det ei motorisert grind. Du opnar ho med ein knapp. Eit par hundre meter etter denne rullar du ut på Holene. Har du krefter igjen, kan du sykle opp att på Valbrekka og ned der du kom opp. Eg valde å rulle nedover til Sognefjordvegen og følgje han innover. I tett sommartrafikk ville eg ha sykla opp att på Valbrekka. Ved Leikanger Auto AS kan du ta av mot Hanahaug og halde fram innover Strandavegen og gang- og sykkelsvegen tilbake til Hermansverk.

Tur: Fadnastølen frå Dalsete

Fadnastølen er den heimste stølen på austsida av Njøsadalen. Det er fleire måtar å kome dit som gir deg gode moglegheiter til å variere turane dine. Den vanlegaste turen til Fadnastølen er stien over Åsen. Eit lengre alternativ er å starte på Njøs og gå langs Seljeskredfjellet og Bjørnshovden.

Eit anna alternativ Fadnastølen over Åsen er å gå omlag 1 km etter traktorvegen frå Kvålen. I Vetla Gjerde, der du kryssar elva og går opp til Åsen, held du fram endå 500 meter etter vegen. Du vil passere under Femteigen og Bøllamannbrui før du kjem fram til snuplassen på Dalsete. Her er du så godt som rett under Fadnastølen og følgjer stien opp gjennom lia og teig til du kjem ut på stien, frå Åsen, nokre hundre meter før nedre del av Fadnastølen.

Bilete under viser turen fram til Dalsete.

Tur: Holestølen frå Huksdalsvegen

Huksdalsvegen-Holestølen

Holestølen er ein liten støl yst i Grindsdalen, på Hukeside. Følg Sognefjordvegen utover mot Hella, forbi Fosshagen. Ca 1 km frå starten av 80-sona, like før du kjem til Grindselva, skal du ta av til høgre, opp Eggjavegen. Opp på «flata» i Holene skal du følgje Huksdalen innover til du nærmar deg Brandarhaug. Her går det ein traktorveg oppover og sørover, ut dalen.

Følg traktorvegen oppover. Etter ca 400 meter flatar det ut og du held fram 400 meter til for å nå Holestølen. Utsikt på turen er sparsom, men litt underhaldning i bekkar kan du finne på vårparten.

På Holestølen er det lurt å gå innpå stølsområde og opp i nordre, øvre del. Her nyter du matpakken med utsikt ut dalen i retning Feios og Feiosdalen. Ta gjerne med kikkert.

Tur: Holestølen frå Valbrekka

Valbrekka-Holestølen

Holestølen er ein liten støl yst i Grindsdalen, på Hukeside. Om rett skal vere rett heiter dalen dalen Huksdalen på Hukeside. Turen startar på Valbrekka og er omlag 2,5 km lang med ein stigning på ca 200 høgdemeter. For å kome til Valbrekka tek du av frå Sognefjordvegen like etter Veten, som er husa på sjøsida etter Hamre. Du følgjer Valbrekkevegen oppover forbi Fosshagen til Valbrekka, der den møter Eggjavegen som kjem nede frå Huke og skal vidare opp til Eggja. Parker på Valbrekka, men vis omsyn til dei som brukar vegen og bur der.

Frå Valbrekka følgjer du Eggjavegen oppover cirka 200 meter til du kjem til ein skarp høgresving. Her skal du rett fram gjennom grinda og følgje traktorvegen over Huke og framover mot Holestølen. Best utsikt har du nok på starten med utsikt over fjorden utover mot Vangsnes. Over Huke kan du sjå utover vestsida av dalen, Grinde og Engjasete samt fjorden frå Balestrand, Vangsnes til Feios og Feiosdalen. Etter Huke følgjer du gamal og nyare skogsveg gjennom skog fram til Holestølen. Utsikt her er sparsomt, men litt underhaldning i bekkar kan du finne på vårparten.

På Holestølen er det lurt å gå innpå stølsområde og opp i nordre, øvre del. Her nyter du matpakken med utsikt ut dalen i retning Feios og Feiosdalen. Ta gjerne med kikkert.

Skitur: Lusaskard

Er du lei av Kleppa-området, kan du prøve deg på ein tur i Njøsdalen opp til Lusaskard. I motsetning til Kleppa er det lite parkeringsplassar. Med mykje snø blir det mindre. Samle dykk i ein bil og køyr fram så langt de kjem. Har de mykje utstyr, køyr alt utstyr inn først.

Skitur Dalsete-Lusaskard 000

Begge følgja starta på Dalsete, 250 meter etter Bøllamannbrui. Eitt følgje tok turen om Skagasete, medan det andre følgjet følgde trakka løype mot Fjærlandssete. På det høgste punktet, inst i Seltuftebotn, braut dei av opp forbi Geitenipene og opp Skitbrekkene i retning Lusaskard. Turen er 1,3 km lengre enn turen om Skagasete, totalt 7 km. I bytte får du ein slakare tur samt du får gjere deg kjent med føret på Skitbrekkene, i tilfelle du ønskjer å køyre ned der.

Turen via Skagasete bryt av frå vegen i Njøsadalen ca 1,5 km frå Dalsete. Du startar ei brattare oppstigning til Skagasete før du får ei ny kraftig oppstigning til foringsplassen, over Skagasete. Følgjet som gjekk om Skagasete, følgde sommarstien frå Skagasete. Du kan starte oppstigninga mot foringsplassen ved bekken, som kryssar vegen, knappe 100 meter før enden av vegen. Uansett blir det ei hard oppstigning til foringsplassen. Det blir no litt slakare før ei kortare oppstiging til starten på platået der du ser Lusaskard. Her får du ei lengre, veldig slak strekke før siste bakken opp til toppen og varden.

Vel oppe er det berre å nyte utsikta og planlegge nedturen. For oss på fjellski, med laus hel, kan det vere lurt å sigle mot Kalvavatnet ved Fjærlandssete. Alternativt kan du skråe ned mot Kringlevatnet ved Sumhaug og Leite, for å kome inn på løypa rundt Fjærlandssetevatnet. Desse bakkane kan du i 5-10 cm tørr snø enkelt køyre på ordinære fjellski. Frå Kalvavatnet ved Fjærlandssete kan du følgje løype tilbake til Njøsdalen. Har du fast hel, er det fritt val. Køyrer du i retning mot Skriki, kan du køyre ned den bratte lia til Hottadalen, og følgje den gamle stølsstien ned til Njøsadalen. Du kan også køyre aust om Hottadalsnosi og ned Seltuftebotnen til Hottadalen. Om du vil ned Henjadalen, kan du køyre nedover mot utløpet av Fjærlandssetevatnet, ned Reiseta, koma deg til Flya og heim Henjadalen.

Nullstille Windows-PC for sal

Når du skal klargjere din PC med Windows 10 for sal, er det viktig at du gjer det på rett måte. Heile disken må «reingjerast» slik at det ikkje er mogleg for den som overtek PCen å gjenopprette deler av dine dokument, bilete osv. Eg har hjelpt fleire med å finne fram att filer som har vorte borte ved uhell som f. eks. sletting eller formatering av lagringsmediet. For ikkje-teknisk lesarar kan det seiast slik:

Det er ingen problem å lese ei bok om innhaldslista er borte. Sidene er framleis velfylte med informasjon.

Standardvala i Windows 10 si nullstillingsprosedyre er ikkje gode nok. Videoen viser deg kva for val du ta.

Sognenett sponsar milliardføretaket Get

Eg viser til mine tidlegare innlegg:

    1. Sognenett forfordeler storbrukarane
    2. Ikkje bland saft i drikkevatnet, Sognenett!

Eg har lese brevet gjentekne gonger og stussa på om det er ting som ikkje kjem klart fram. Sognenett AS leverer kun eit produkt: tilgang til internett. Get er eigd av Telia. Sognenett AS er eigd av Sognekraft AS, Aurland Energiverk AS, Luster Energiverk AS og Lærdal Energi AS. Det er inga direkte eller indirekte kobling mellom Sognenett AS og Get enn at Sognenett AS er formidlar av Get sitt TV-produkt. Faktura på TV-produktet kjem frå Get, ikkje Sognenett AS. Avslaget kjem på Sognenett AS sin faktura.

  • Kunne det vere at Sognenett AS får refundert heile eller deler av rabatten dei gir kunden frå Get?

For å rydde dette av bana sende eg eit spørsmål til Sognenett AS. Her er svaret eg fekk:

sognett-eiga-lomme

Svaret var ikkje uventa, men likevel overraskande. Sognenett AS innrømmer at dei tek frå sin eigen pengesekk og gir pengar til dei som abonnerer på eit produkt (Get TV) som dei ikkje leverer eller har finansielle interesser i. Sognenett AS vel å bidra gratis til at Get kan auke kundegrunnlaget sitt og innteninga si.

Ved å sponse fiberabonnementet for dei som vel Get TV, gir Sognenett AS dei som ønskjer å setje saman sin eigen underhaldsningspakke ei økonomisk ulempe. Sognenett AS har med andre ord lagt på eit «gebyr» på andre innhaldstenester (TV 2 Sumo, Dplay, HBO Nordic, Netflix, RiksTV på nett, Apple TV+ osv). I mitt eksempel, for eit fiberabonnement på trinn 2, er «gebyret» kr 118 pr mnd. Ønskjer eg å berre abonnere på TV2 Sumo, må eg legge på kr 118 på pakken eg vel. Det rimelegaste abonnementet blir ikkje lenger kr 99 per månad, men kr 217 pr månad. Kostnaden med sponsinga av Get blir velta over på kundane som ikkje ønskjer Get TV. Kr 118 kan være mykje for personar med låg inntekt. Dei må betale Sognenett AS sponsing av eit produkt dei ikkje ønskjer eller har råd til. Gi oss kr 100 ekstra, seier Sognenett AS, og du skal få sleppa Get TV.

La meg dra fram ei sak frå Sogn Avis: Sognenett om kundestormen: Me kjem aldri til å utnytta den marknadssituasjonen me står i som lokal leverandør. Saka ligg bak ein betalingsmur, men eg skal dra fram eit lite sitat av marknadsleiar Sebastian Øyrehagen:

– Folk ser nytten ved å velja lokalt breiband gjennom Sognenett, som sponsar mellom anna dei fleste idrettslaga i Sogn.

Ære være dei som støttar opp om lokale lag, initiativ og arrangement her i området, men Sognenett AS:

Tek det seg bra ut at Sognenett AS sponsar Get, eit kommersielt selskap med milliardoverskot, lokalisert i Oslo og eigd av svenske Telia?

Rekneskapen til Get viser eit resultat dei tre siste åra på:

2016: 1,297 milliardar norske kroner
2017: 1,523 milliardar
2018: 1,884 milliardar

Det er lov å trø feil, men eg vonar Sognenett AS revurderer sponsinga av Get.

Ikkje bland saft i drikkevatnet, Sognenett!

Ei oppfølging av innlegget om Sognenett si endring av fibertilbod. Om vi ser på prisauken, betalte eg på siste faktura kr 579 pr månad. Eg la nettopp merke til at brevet i forrige innlegg seier kr 549, som er feil.

  • Berre internett kr 739 – kr 579 = kr 160 i auke. Omrekna i prosent: 27,6 %
  • Internett med Get TV kr 621 – kr 579 = kr 42 i auke. Omrekna i prosent: 7,3 %

Som du ser slepp dei med eit abonnement på Get TV unna med ein sparsom auke på 7,3%.

Sognenett AS leverer kun eit produkt: tilgang til internett. Get er eigd av Telia. Sognenett AS er eigd av Sognekraft AS, Aurland Energiverk AS, Luster Energiverk AS og Lærdal Energi AS. Det er inga direkte eller indirekte kobling mellom Sognenett AS og Get enn at Sognenett AS er formidlar av Get sitt produkt TV-produkt. Faktura på TV-produktet kjem frå Get, ikkje Sognenett AS.

Tilgang til digital infrastruktur er eit produkt på same line som tilgang til vatn og kloakk. Vi er eit samfunn der meir og meir blir utført via nettet. For 4 år sidan selde eg bil. Vi sat og venta i lange tider på trafikkstasjonen for å få unna omregistreringa. Eg må legge til at mykje av tida skuldast forsikringsselskapet som rota med å få på plass forsikringa på bilen for kjøpar. For ei veke sidan kjøpte sonen min bil. Eg betalte via nettbank, gjennomførte eigarskifte på nettsidene til Vegvesenet. Forsikring ordna eg via nettsidene til forsikringsselskapet og betaling av omregistreringa via Skatteetaten. Til slutt kunne eg skrive ut eit mellombels vognkort og bruke bilen. Dei ulike trinna var over på minuttar og ikkje avhengig av opningstider.

Arbeidet mitt er av ein slik art at eg kan sitje (nesten) kor eg vil i verda. Alt eg treng er tilgang til internett. Om eg må sitje i sjølvpålagd Korona-isolasjon, kan eg jobbe heimeifrå kvar einaste dag (eg er frisk). Vi samskriv på innhold, kommenterer innholdet, gir råd, diskuterer, utvekslar meldingar osv. Åpne spørsmål løyses via e-post, «chat», telefon eller ein videosamtale eller -møte mellom ein eller fleire i Leikanger, Oslo og/eller Brønnøysund. Office 365 og ei aktiv satsing på å utnytte internett og «skya» til det beste for tilsette og samarbeidspartnarar, sparar samfunnet for mange unødige kostnader. Eg slepp lange dagar på reise og du slepp å betale for dei. Verktøya våre støttar godt rundt Digitaliseringsdirektoratet sin distribuerte organisasjon, spredt over tre vesentleg adskilte geografiske lokasjonar. Vi viser dagleg at ein ikkje treng å vere lokalisert i eit bygg sentralt i hovudstaden. Alt vi treng er tilgang til internett (utan TV-pakke).

Det er ingen naturleg samanheng mellom ein TV-pakke og at det skal medføre at ein nyttar mindre av kapasiteten ein abonnerer på frå Sognenett AS. Det blir som om vi skulle fått eit tilbod frå kommunen på saftabonnement frå Orkla som ein pakke med vatnet. For kr 400 pr månad får du 10 liter ublanda saft frå Orkla mot at kommunen sler av 20% på vassavgifta.

  • Korleis ville du ha reagert på eit slikt tilbod?

Folkehelsa og lokalpatriotar for Lerum ville gått i fistel. Aviser, Facebook, Twitter osv hadde plassert Sognal kommune på kartet nasjonalt og internasjonalt. Tinghuset på Leikanger hadde vorte nedrent. Rådmann sin telefon hadde vore rødglødande og e-postkassen full.

Sognenett AS: «Ikkje bland saft i drikkevatnet mitt.»

Sognenett forfordeler storbrukarane

sognenett-brevDenne veka fekk eg brev frå internettleverandøren min, Sognenett. Tilbodet blir endra, kapasiteten aukar saman med prisane. Eg har utheva noko i raudt som eg kjem tilbake til seinare:

Kjære kunde,
Dei siste åra har me vore vitne til ei forrykande utvikling når det gjeld internett og bruksområda det nar. Det aller meste kan koplast opp på nettet, og eit fungerande internett er nærmast like viktig som elektrisitet. Utan internett fell det aller meste ut. Denne utviklinga held fram med uforminska styrke og det årlege kapasitetsbehovet over internett aukar med omtrent 25% kvart år. Med eit større behov, krevst òg større investeringar samstundes som kostnadar knytt til normal drift og vedlikehald aukar. Det er denne situasjonen som gjer at prisen forbrukarane må betala for breibandet aukar.

Om alle hadde vorte behandla likt av Sognenett, skulle eg ikkje sagt noko. Det eg reagerer på er det som står over og i den blå boksen:

sognenett-brev-utdrag

  • Treng du berre tilgang til internett (200/200 Mb) -> kr 739 pr mnd.
  • Tek du tilgang til internett saman med Get TV over fiber -> kr 621 pr mnd.

Du sparar kr 1 416 per år på fiberlina om du vel å sjå TV på ho. No bør du lese ein gong til det som står i raudt over.

sognenett-grunngiving

Å sjå TV over internett brukar kapasitet. I forhold til musikk er det snakk om titals gonger datamengde. Den siste Get TV-boksen taklar video i opptil 4k (3860 x 2160 punkt), dvs 4 gonger oppløysinga til full HD (1920 x 1080 punkt). Dinside.no har testa den nye Get TV-boksen og følgjande blir anbefalt:

Get anbefaler bredbånd på minimum 25 Mbps (Megabit per sekund) med én boks og minimum 50 Mbps hvis man har flere. Selskapet forklarer at dette er for å dekke både strømming med Get Box og annen bruk av Internett i hjemmet samtidig.

For å gjere det enkelt splittar vi lina ved ein boks i vel 2 og rundar godt ned. Eg set snittet på det du vil sjå på til ca 8 Mbps eller 1 Megabyte per sekund (MBps) i sekundet.

La oss sei TVen i snitt står på frå 16.00 til 00.00 om kvelden, 8 timar kvar dag. Det er 3 600 sekund i ein time. Det betyr at du lastar fiberlina med 3 600 MB i timen. I løpet av 8 timar, eller eitt TV-døgn, vil du ha lasta ned 28 800 MB trafikk på lina di. Vi rundar det av til 28 Gigabyte (GB) per dag. Med 30 dagar i månaden har du ved å la TVen stå på generert trafikk på 840 GB eller 0,84 Terrabyte (TB) på lina di. Har du fleire Get TV-boksar er det berre å gange opp. Det blir eit paradoks at nokon som ikkje ser TV via fiber/internett skal betale meir for internettlina.

Valet til Sognenett tek seg ikkje godt ut med tanke på at Sognenett har vorte tungt sponsa i si utbygging av fibernettet i Sogn og Fjordane. Storsamfunnet har vore med på å bygge kundegrunnlaget til Sognenett. No vel Sognenett å gi dei som kjøper ei kommersiell teneste frå Get fordeler. Sognenett vel å setje kniven i sida på sine trufaste kundar som bidreg langt mindre til behovet for kapasitetsauke. Det er lov å trø feil og eg vonar at Sognenett revurderer.