Ikkje alt like bra i nettbutikkane for musikk

Google MusicNår Google Music vart opna for opplasting av musikk, la eg inn musikken min. Alt eg hadde vart lasta opp opp og konvertert. Eg var klar over at kvar opplasting ville bli erstatta med Google sin butikkversjon av fila i 320 kbit MP3. Det var greitt for meg, men då hadde eg tilgang til musikken min frå ein stad.

Det er mogleg eg kan definerast som ein musikkkjennar. Våren 2015 hadde Tidal/Wimp ein test om ein kunne høyre skilnaden på ukomprimert (CD-kvalitet) og ordinær straumekvalitet. Berre med hovudtelefonutgongen på ein Lenovo  Thinkpad X230 med Sennheiser PX250 hovudetelefonar greidde eg å få fullt hus, sjølv om eg stussa på eit par sangar. I dag blir det lagt til så mykje effektar at ein må lytte godt for å finne skilnaden, men det gjekk vegen.

Ein av mine favorittartistar er Elvis Presley og RCA gav ut på midten av 1990-talet «The Essential 70s Masters». Eg har høyrt dei gjentekne gonger på CDane og overført til mine MP3-spelarar. Dei siste månadane, avspelt via Google Music, har eg reagert på at songar som «Patch It Up» har høyrt annleis ut enn det eg har vore van med. Songen har vore mistenkjeleg spinkel og eg meiner at han overstyrer i dei kraftigaste partia. Ein liten sjekk syner at Google Music manglar halvparten av spora på den første CDen av «The Essential 70s Masters». Eg trur at det kan forklare at den «Patch It Up» eg får servert frå Google Music er henta frå ei anna samling av langt dårlegare kvalitet.

Adobe Acrobat Reader DC og verktøystolpen

Adobe Acrobat Reader DCAdobe har stoppa med nummerserie i romartal og erstatta den med Adobe Acrobat Reader DC. Ein ting som har irritert meg storveges med denne versjonen er verktøystolpen som alltid tek opp ein god del av høgre sida av programmet.

Det er ingen stadar du kan slå han av under innstillingar. Eg søkte på nettet og såg at det var fleire som irriterte seg over denne. Det var ulike løysingar, men eg har valt ein som medfører redigering av ei fil. Her er kva du gjer med den norske versjonen av Adobe Acrobat Reader DC:

  1. Leit deg fram til katalogen C:\Program Files (x86)\Adobe\Acrobat Reader DC\Reader\AcroApp\NOR
  2. Koper fila fila Viewer.aapp ut til skrivebordet.
  3. Opne fila på skrivebordet med Notisblokken.
  4. Pass på at ho berre innheld tilsvarande:
     <Application xmlns="http://ns.adobe.com/acrobat/app/2014" title="Visningsprogram" id="Viewer" majorVersion="1" requiresDoc="true" minorVersion="0">
     </Application>
  5. Lagre fila
  6. Kopier fila tilbake til C:\Program Files (x86)\Adobe\Acrobat Reader DC\Reader\AcroApp\NOR

Etter dette skal Adobe Acrobat Reader DC opne seg utan den hersens stolpen.

OneDrive og EncFS og lengde på sti og filnamn

W7 Crash OneDriveEg har sett på alternative måtar å sikra filer i skya med individuell filkryptering. Tidlegare har eg brukt encfs4win, men sidan den baserer seg på komponentar som ikkje har vorte oppdatert på ei god stund, fann eg fram til EncFS MP. Denne programvara er òg enklare å setje opp og bruke.

På PCen i mappa OneDrive laga EncFS MP ein djup mappestruktur takka vere kryptering av filnamn og katalogar (samt innhaldet). At det vert slik klagar ikkje pcen på. Problemet oppstår når mappestrukturen skal synkroniserast mot OneDrive. Bilete over er henta frå OneDrive-klienten til Windows 7 og viser OneDrive klagar over at stien/banen til fila er for lang. Uansett kva du gjer så avsluttar OneDrive-klienten for Windows 7, men ikkje klikk på OK! Avbryt og rett opp filnamn og sti/bane på pcen før du startar OneDrive igjen.

I Windows 8.1 la eg berre merke eit utropsteikn på OneDrive-symbolet og las i synkroniseringmeldingane at same fil ikkje kunne synkroniserast pga for lang sti/banke. Eg trur ikkje OneDrive avslutta, men eg sleit litt med å få i gang att synkroniseringa etter at eg hadde fjerna mappestrukturen som skapte problem. Eg er usikker på om feilen ligg i klienten eller OneDrive i skya. Sidan klienten i Windows 7 takka for seg, kan det tyde på at det er lokalt i klienten. Eg har testa den same strukturen i GoogleDrive og her fungerer synkroniseringa utan eit einaste problem.

Google øydelegg organiseringa av bokmerker i Chrome

chrome nye bokmerkeEg har brukt nettlesarar sidan før Netscape sin start og vore innom det meste. Felles for alle er at eg nyttar bokmerker ivrig og har over tid samla ei solid samling med bokmerker. No er det vel ikkje så mange att frå 90-talet. Med ujamne mellomrom, via ulike verktøy, har eg fått luka ut daude bokmerker.

Når eg skal undersøke ting, leggjer eg til bokmerker som eg seinare vil sjå over meir nøye. Då kan er det greit å få namngitt dei og ikkje minst sortert dei på enklaste vist. Eg veit då at t kjem etter s og det ikkje skal vere eit bokmerke på a mellom seg. Det har fungert fint hittil i Chrome, men bokmerkehandsaminga har nok virka litt 1995, om du skjønar kva eg meinar. Ho har vore enkel, men funksjonell og grei nok med meg.

Why fix it if it ain’t broken?

Nokon hjå Google har funne ut at bokmerkehandsaminga ikkje er fancy nok lenger. Eg viser til bilete. No er det store bokmerkeikon som gjeld. Eg har mistankar om at det er klargjering for at pølsefingrar skal dra dei rundt på skjermen. Pølsefingrar har ikkje noko på ein pc-skjerm å gjere. Det er knapt noko som irriterer meg meir enn fingermerke på pc-skjermen. Han skal for alltid vere tafsefri, nok om det.

Ja, det blir enklare å dra desse bokmerka rundt på skjermen med mus, men jammen tek dei stor plass. Eg er framleis så stødig på handa at eg traff perfekt bokmerker eg ville flytte mellom mapper i den gamle løysinga. Det verste med den nye løysinga blir avslørt når du klikkar på tannhjulet. Kva er borte? Jau, det er ikkje noko val der for å sortere bokmerka etter tittel/namn. Som du ser er bokmerka lagt inn fortløpane, men einaste moglegheit er å manuelt dra dei i alfabetisk rekkefølgje. I denne mappa er det ikkje så mange, men jammen blir det ein jobb med 30-40 bokmerker som skal sorterast.

No er vist ikkje alfabetisk sortering det einaste problemet. Chrome-brukerar er i harnisk og har sagt sin hjartens meining til Google her. Eg har òg sagt mi meining eit par tre gonger. Etter første postinga mi, eit par veker sidan, la eg merke til at Google hadde lagt til «Sort by Title» etter ei oppdatering av Chrome. Før Himmelspretten la eg merke til at det alternativet er teke vekk.

Framles kan du via adressa chrome://flags slå av den nye bokmerkehandsaminga, men sidan Google har for vane å fjerne gamle og «utdaterte» ting, vil retretten bli fjerna om ikkje så lenge. Eg har valt å gjere meg meir kjend med Firefox igjen. Der blir bokmerka håndtert på ein enkel måte samt ein får hjelp til å sortere dei. Ein anna fordel er at eg kan ha bokmerka som ein fast stolpe på venstre sida av skjermen. Sidan skjermane no er i vidt format, sparar eg ein del plass i høgda ved å sleppe bokmerkerada til Chrome. Med ein full HD-skjerm er det nok plass til ein slik stolpe.

Strøyme eller kjøpe

Eg har testa strøymetenester som Spotify og Beat i løpet av dei siste åra. Wimp/Tidal har eg berre sett innom av og til for å sjå kva som er tilgjengeleg. Google Music har eg ikkje prøvd, men butikken er bra så eg har starta å kjøpe ting her samtidig som eg har lagt opp heile samlinga mi der. Hovudproblemet med strøymetenestene er at katalogen ikkje er komplett eller er flyktig.

Når eg vil høyre på ein artist, vil eg gjerne høyre frå artisten sin komplette katalog. Artistar utviklar og prøver i ulike retningar og det er interessant å høyre variasjonar. Når ikkje samlinga på strøymetenesta er komplett, misser eg totalbilete av artisten. Spesielt leit er det om epoken eg meiner artisten gav ut den beste musikken ikkje er der.

Det er artistar som ikkje er tilgjengeleg på straumetenester. AC/DC er ei gruppe som glimrar med sitt fråver. Korkje Wimp/Tidal, Spotify eller Beat har dei tilgjengeleg. Sjølv om det på Tidal kan sjå ut som om dei er der, vil du ved å klikke på albuma sjå at albumet ikkje er tilgjengeleg for avspeling. Eg synes ikkje noko om at Tidal gjer det på den måten. For ein som vurderer tenesta og skummar gjennom kan ein lett oversjå lina som seier at albumet ikkje er tilgjengeleg. Heldigvis har ein gratis prøveperiode, slik at det er høve å avslutte abonnementet utan at det kostar deg ei krone.

Det som irriterar mest er at artistar eller platar kan vere tilgjengeleg i avgrensa periodar. Eit eksempel er Leaves Eyes som beat.no hadde tilgjengeleg tidlegare. På noverande tidspunkt er ingen plater eller spor tilgjengeleg. Ergo vil spelelister du har laga for å høyre på favorittmusikken din brått få hol i seg.

Eg ser at ungane mine har eit anna forhold til musikk. Dei er ikkje så opptekne av artistar og lyttar meir etter det som er in i tiden. Å bla gjennom plate eller cd-cover er framandt for dei. Der ein før hadde fokus på artisten har ein no eit meir radioforhold til musikken. Dei spelar det som kjem opp på musikklistene, mykje som radio utan den lause praten innimellom. Det hender eg høyrer på spelelister hjå Beat. Av og til dukkar det opp artistar/grupper som eg vil lytte nøyare på og då burde alle platene vore tilgjengeleg hjå strøymetenesta.

Oppsummering: Inntil vidare får eg halde fram med å kjøpe musikken min og ungane får høyre på Beat.

Tur: Bjørgahaug frå Sanden

Bjørgahaug-fra-Sanden-064Bjørgahaug er ein av dei mest populære turane i Leikanger. Turen blir som oftast starta på transformatorstasjonen på Njøs. Kidlestigen er bratt og til tider luftig. Er du mindre glad i å høgd og å forsere berg, kan det vere lurt å ta turen opp frå Sanden, ca. 400 meter frå Fatla-elva. Du kan parkere på stoppestaden på nedsida av vegen eller på oppstillingsplassen på oppsida av vegen. På sistnemnde står du ikkje i vegen for turistane i sesongen og slepp å krysse vegen til fots.

Du går nokre titals meter i retning Fatla før du tek av. I byrjinga følgjer du ein traktorveg, men forlet denne i den andre krappe svingen, der traktorvegen svingar tilbake i retning Fatla-elva. Her held du fram i retning Hermansverk på tydeleg sti. Etter kvart byrjar stigninga og du går i sikk-sakk opp lia. Det er ingen stadar som set deg på dei same utfordringane som Kidlestigen. Kven som helst kan gå her. Etter ca 1,5 km kjem stien saman med stien frå Njøs, like under Bjørgahaug. Der er det att ca 200 meter til Bjørgahaug, der du kan nyte utsikta eller halde fram turen vidare til Hangsete eller Våkeldahaug.

Nøyer du deg ikkje med det, kan du kan ta ein langtur til Skriki, eit fjell på vel 1.200 moh som ligg ved Øvstedalen i Fardal i Sogndal kommune. Du kan gå over Mjellhaugane eller Bergsete og ned Moldbakken til Havrane. Frå Havrane kan du gå ned til Tuftahaug eller Fadnastølen i Njøsadalen og gå ned Njøsadalen til Kvålen eller gå stien frå Fadnastølen heim til Njøs. Frå sistnemnde er det berre å gå ned vegen til forskningsstasjonen og tilbake til bilen du parkerte på Sanden. Hugs å ta med godt med niste og ver budd på å bli «knemøyre».

Skitur: Okslahaugane

Ski Okslahaugane 000

Skitur til Okslahaughane startar på Kleppa, vel 5 kilometer frå Sognefjordvegen. Frå Kleppa følgjer du løyper opp til Øvstestølen og fram til Damefall. Cirka 1 kilometer frå Damefall går du forbi stølen Stokksete på veg mot Kallbakk. I botnen av Kallbakk, bryt du nordover rett mot Fagreggi, ned til Aoreveitane. Dette er eit parti med myrer og ein del bekkar som kjem ned frå Okslahaugane og aust om Fagreggi. Om vinteren er desse snødekte, du finn nok av alternativ å gå opp til Okslahaugane. Du kan gå rett på Fagreggi og litt over halveges oppe skråa mot Okslahaugane i aust. Du ser spora etter nokon opp mot Fagreggi, litt til venstre for bilete over. Om du ser midt på bilete, vil du sjå eit einsleg spor opp lia meir rett på Okslahaugane.

Okslahaugane er høgdedraget aust, eller til høgre, for Fagreggi. I bilete ser du til venstre, mot horisonten, Fagreggi. Ho er det høgste punktet i bilete. I midten av bilete ser du ei stor skavl som ligg ut over austsida av Fagreggi. Til høgre eller aust for skavlen strekker Okslahaugane seg. Toppen merka på kartet ligg på 868 høgdemeter. Oppe på Okslahaugane ser du inn i Skuledalen, under Kjeringafjellet. I nordvest ser du Kjeringasteinen. Snur du deg rundt har du ei flott utsikt over Hermansverk og Sognefjorden samt skiområda.

I motsetning til turar i retningen Kjeringafjell eller Fagreggi som går via Kallbakk og Rjupeskar, er erfaringa min med nordaustleg vind at den ikkje tek nede i Aoreveitane og opp til Okslahaugane. Eg gjekk i ly og det var først når eg nærma meg toppen at eg merka noko til vinden. Ei anna ulempe med vestsida av Fagreggi, Rjupeskar og Kallbakk er at svært ofte er snøen polert av vinden. Har det i tillegg frose til, er det ikkje moro med ordinære tur/fjellski der. Eg har ete snø nokre gonger når skaren har festa sitt grep om skia. I dag fekk eg rapportert frå andre som sagl i området om parti med glassert skare. Der eg gjekk og sagl var det derimot rikeleg med snø og ingen glassert skare. Turen ned mot vest under Fagreggi til Aoreveitane gjekk i passeleg tempo i nysnø.

Turen til Osklahaugane er absolutt å anbefale når ein har gått lei av vinden på Kallbakk via Rjupeskar til Fagreggi. Det er eit lett terreng å sigle i.

Ski Okslahaugane 001

Slette OneDrive backup av reinstallert maskin

I går oppdaga eg at Windows 8.1 ikkje greidde å aktivere DVD-brennaren. Trass i iherdige forsøk med å avinstallere sist installert programvare, avinstallere drivaren til DVD-brennaren, slik at han kunne reinstallerast av Windows 8.1, samt sjekke om maskina hadde ein eller anna form for skadevare på maskinen, gjekk det ikkje.  Det var berre å finne fram eit CloneZilla diskbilete frå 2012 med Windows 8 og legge det tilbake. Det tok ikkje mange minuttane sidan maskina har SSD. Det var alle oppdateringar, inkludert oppgraderinga til Windows 8.1, som tok tid. Sistnemnde vog inn på 3,6 GB. Heldigvis har eg fiber. Når alt av det nødvendige oppdateringar og programvare var installert, sikra eg meg eit nytt diskbilete med CloneZilla for å slepp same økta ein gong til. Det kom godt med!

Det gamle diskbilete hadde ein lokal konto, ikkje kopla mot outlook.com. Etter at eg sikra meg eit oppdatert diskbilete, skulle eg kople kontoen min mot outlook.com slik at eg kunne nytte OneDrive. Eg autentiserte meg overfor maskina og outlook.com og klikka på knappen Bytt, men det vart ei lang venting. Til slukk gjekk skjermen i svart og det var ikkje reaksjon når eg rørde på musa eller tastane. Eg venta ei stund til utan at det var teikn til liv og slo av maskina. Når eg logga meg inn att på kontoen var den kopla mot outlook.com, men OneDrive-delen fungerte ikkje. Eit eller anna hadde rota seg godt til. Det tok ca 5 minutt å legge tilbake det nye diskbilete eg hadde teke.

Eg ville ikkje repetere same problemet og logga meg på OneDrive i nettlesaren. Klikkar du på tannhjulet til venstre for kontonamnet og bilete ditt, i høgre hjørne, vel du og klikkar på Alternativer. I menyen til venstre ser du nederst: Sikkerhetskopier av enheter:

PCbackupOneDrive

Teorien min var at sikkerheitskopien av den gamle tilkoplinga skapte problem og eg sletta han. Deretter gjekk eg inn på kontoinnstillingane i Windows 8.1 og kopla kontoen mot outlook.com. Det gjekk i boks ca eit eller to sekund etter at eg klikka på Bytt.

Erfaringa mi kan tyde på at dersom du må nullstille ei maskin med Windows 8.1 til ein innstallasjon med berre lokal brukarkonto, vil det vere lurt å slette gamal sikkerheitskopi av innstillingar på OneDrive før du koplar kontoen din på maskina til outlook.com att.

Windows Vista og nettlesaren Chrome

Eg har ei eldre maskina som køyrer Windows Vista. I det siste har eg lagt merke til ein liten skilnad i høve maskiner med Windows 7 og 8.1 som køyrer Chrome. Ser du det på bilete under, Internet Explorer til venstre og Chrome til høgre? Klikk på bilete for å sjå det tydelegare.

Vista Chrome

Internet Explorer har god utjamning og flott skrift. I Chrome virkar det som om utjamninga av skrifta ikkje fungerer. Ho blir kantete og veldig spinkel. Etter å ha søkt litt på nettet syner det seg at ei oppdatering av Windows Vista rota til presentasjonen av skriftstypar.

Microsoft har lagt ut ei retting som skal løyse dette problemet: https://support2.microsoft.com/kb/3037639

Unngå verktøylina til Ask

Oracle, som Sun før oppkjøpet, vel å distribuere verktøyliner med Java-klientprogramvare. Verktøylina til Ask.com har vore standard dei siste åra.

Med standard installasjon eller oppdatering av Java, vart dette, i mine auga, unødvendig og irriterande tillegget installert utan at du fekk høve til å takke nei. Berre dei som var klar over at ein kunne la vere å installere verktøylina via avansert installering, unngjekk ho. Heldigvis har det betra seg på to måtar seinhaustes 2014:

  1. Ask blir framleis tilbydd, men du kan no takke nei ved standard installering. Pass på å fjerne krysset.
  2. I programmet Configure Java, vil du under fana Advanced, nederst finne Miscellaneous og ein avkryssingsboks for Suppress sponsor offers when installing or updating Java. Kryss av og klikk på Apply for å sleppe å ta omsyn til Ask ved ei seinare oppdatering av Java.

suppress sponsors