Medfølgjande programvare er ikkje alltid oppdatert

win7bundling inkompatibelNår eg set opp eigne eller andre sine maskiner, går eg alltid gjennom for å fjerne programvare eg meiner er unødvendig. HP er ikkje dei verste med å leggje med masse. Corel PaintShop Photo Pro X2 var med. PaintShop var noko eg brukte før tusenårsskiftet i gratisversjon 4.15SE. Eg trur det var 1995 eller 1996. Det vart interessant å sjå om det hadde vore noko utvikling dei siste 15 åra, men det første eg la merke til når eg starta programmet var ein advarsel nede til høgre: “Fargeoppsettet har blitt endret til Windows 7 Basic”.

Det viser seg at Corel PaintShop Photo Pro X2 ikkje er kompatibelt med standard Windows Aero grensesnitt og må slå dette av. Corel burde nok lagt med ein nyare versjon. Det var synd, men eg har nok programvare til å gjere lettare redigering av bilete, så Corel PaintShop Photo Pro X2 vart umiddelbart avinstallert.

Ikkje bruk Norman Anti Virus / Security Suite

For 2 år sidan advarte eg mot Norman som brukte store mengder ressursar på grunn av lite optimalisert programmering. Eg har tilgong til ei nyare Fujitsu Siemens Amilo med 3 års abonnement på Norman. Maskina er rimeleg sprek, men eg har hatt ei oppleving av at ein del ting har vore tregare enn på svakare maskiner.

nvsesvc - high cpu Eg plukka maskina fram att denne veka. Det var ein del Windowsoppdateringar tilgjengeleg og eg la merke til at Norman Anti Virus vart oppdatert til siste versjon. Etter oppdateringa av Norman fekk eg eit klart inntrykk av at maskina vart tregare. Det tok lang tid å logge seg inn på konto og etter kvart sjekka eg opp i kva for prosessar som køyrde i bakgrunnen ved hjelp av Oppgavebehandling.

Nsesvc.exe eller Norman Scanner Engine Service gjorde krav på inntil 100% av prosessor t.d. i løpet av innlogging på brukarkontoen. I bruk, etter innlogginga, la eg også merke til at Norman var svært ressurskrevjande når eg starta program. Eg sjekka brukarstøtteforumet til Norman og såg at det var rapportert tilsvarande problem når eg søkte etter nsesvc.

Norman Scanner Engine Service la òg beslag på i overkant av 125 MB minne. Greitt nok at maskiner i dag har som standard 3 – 4 GB minne, men det får då vere måte på. Andre produkt eg brukar eller har brukt har ikkje hatt i nærleiken slike krav til minne.

Som eit siste forsøk ville eg teste teorien om at dersom eg tok eit fullstendig virussøk av maskina, ville Norman Scanner Engine Service roe seg. Eg sette på scanninga om kvelden og sjekka Oppgavebehandlingen. Stor var overraskinga at denne prosessen også la beslag på i overkant av 125 MB. Minnebruk var det store problemet med Norman tidlegare. Dårleg programmering gjorde at kvar modul lasta virussignaturar i stadenfor at modulane kunne dele på ei samling. Norman lova å rette på dette for 2,5 år sidan, men det ser ut til at dei ikkje har halde ord enno. Scanninga stod på natta over, men var ikkje ferdig om morgonen etter ca 7 timar. Det var siste dråpen!

Mitt råd er å fjerne Norman dersom du har det på maskina og heller bruke eit gratis alternativ. Sjølv om Norman er “gratis” og følgjer pcen, er det ikkje verd prisen/plagene.

Tur: Bergsete

Det som skulle vorte ein støl, Bergsete, ligg like under Mjellhaugane, over Havrevatna. Dei byrja å bygge opp sæl av stein for fleire mannsaldrar sidan, men gav opp sidan det var for lite ved i nærleiken. I dag trur eg det skulle vore fullt mogleg å hatt støl der. Tregrensa har drege seg oppover og det er ikkje langt til veden. Drikkevatn var ei anna utfordring på Bergsete.

Det er fleire måtar å kome seg dit på. Ein er å gå Njøsadalen til Fadnastølen og opp til fremsta Havravatnet. Du går til enden av vatnet, der det renn ned i Øvstedalen, og kryssar utløpet. Her vil går du bratt opp Moldbakken før du etter litt svingar sørvestover og går på kanten av berget over det fremste Havravatnet. Stien opp Moldbakken og over vatnet er lett å følgje. Du treng å vere litt sterk i høgden. Sjølv føler eg litt ubehag på eit lite stykke av stien over vatnet, men med fokus rett fram går det greitt. Bileta er av typen “hofteskot” akkurat her. Ein kan alltids ta seg ein titt ned når ein står litt mindre utsett til.

Når du er komen over det luftige partiet, kan du velje minst to måtar å gå mot Bergsete. Ein måte er å følgje sauetrakk fram mot myra som endar ut i Kvannskar. Du går ikkje ned på myra, men svingar til venstre inn mot Mjellhaugane. Veggane av det som ein gong skulle verte sæl av stein er lett synlege. Ein anna måte er å gå rett på foten av Mjellhaugane. Når du kjem opp på dit, vil du stå litt nord for Bergsete. Frå Bergsete kan du gå opp på Mjellhaugane og/eller halde fram mot Hangsete.

Turen er splitta i fleire deler og album:

  1. Njøs til Fadnastølen (lengste alternativ)
  2. Kvålen (Dalen) til Fadnastølen (kortaste alternativ)
  3. Fadnastølen til Havrane
  4. Havrane til Bergsete

Xubuntu-oppdatering stoppa pga feil i filer med informasjon om pakkane

Den automatiske oppdateringa varsla om at det var nokre oppdateringar tilgjengelege. Eg starta oppdateringa og filene vart lasta ned, men under installasjonen stoppa det med ei feilmelding om at ein pakke, open-office.org-common, inneheldt ei fil utan namn. Etter eit søk på nettet fann eg løysinga:

  1. Opne Terminal (kommandolina i linux) som du finn under Tilbehør i Programmer-menyen.
  2. Slett openoffice.org-common-filene i mappa /var/lib/dpkg/info/ med sudo rm /var/lib/dpkg/info/openoffice.org-common*
  3. Reinstallere openoffice.org-common med sudo apt-get install openoffice.org-common –reinstall

Deretter er det berre å køyre oppdateringa og alt fell på plass.

Er Noreg budd på framtida?

Eg registrerer at politikarane meiner at ein må auke skattenivået for å møte eldrebølgja som kjem. Vi har hatt gode lønsøkningar og låg arbeidsledigheit dei siste åra. Folk har store hus, fleire bilar, heimekino, pcar, klede, dyre feriar og gjerne hytte og/eller båt. Vi har tilgang til billege varer produsert på billegaste måte. Det gjeld alt frå matvarer som norsk fisk filetert i asiatiske lågkostland til mobiltelefonar produsert i arbeidsmiljø som fører til dei tek livet av seg. Vi i Vesten, og spesielt Noreg, sit som kongen på haugen i velstand og har aldri hatt det betre. Men det er visse ting som eg synes ber galt av stad for ungane og borneborn.

Kunnskapssamfunnet?
Frå ulike kjelder og eigen observasjon må eg konstantere at Noreg som eit vareproduserande land for eksport er på hell. Takka vere gode oppgjer og velstandsauking, som kanksje til tider er vel i overkant, har vi prisa oss ut av konkurransen. Kraftkrevjande industri etablerer seg andre plassar fordi mellom anna kraftprisane ikkje kan vege opp for andre, høgare kostnader. Hydro etablerer seg i Quatar og vurderer Island på grunn av god tilgang til energi. Oljeproduksjonen er redusert med ca 40% sidan tusenårsskiftet, men det er framleis liv laga i tiår enno. Auke i gassproduksjon veg opp litt. Her vil det vere rom for kunnskapsarbeidsplassar ei tid til. Fiskeindustrien vår er for det meste basert på eksport av råvarer som blir foredla i rimelegare land, Sverige eller langt borte i Østen. Igjen sit vi som eksportør av råvarer som gir svært lite arbeidsplassar og ikkje spesielt mange kunnskapsarbeidsplassar.

Andre land avhenige av oljeproduksjon tek grep. Eit eksempel er Quatar som sputtar inn store midlar i å stable på beina eit variert næringsliv. Dei forente arbiske emirater er også på veg til å gjere seg mindre avhengig av olja. Dubai er ein plass som har utmerka seg med si satsing på luksushus på øyer i den arabiske golf, finanssenter med meir. Dei fekk litt problem under finanskrisa.

Politikarane har store vyer om at Noreg skal bygge opp ei kunnskapssamfunn, men kor er denne satsinga har eg lurt på i lengre tid. Eg greier ikkje å registrere offensiv satsing. Det bekymrar meg fordi eg veit at desse rimelege produksjonslanda i austen er eller er på veg til å verte høgteknologiske senter. Kor er nyskapinga og det som skal ta oss vidare etter at olja tek slutt?

Den 04.08.2010 kjøpte eg Aftenposten der det vart referert frå European Innovation Scoreboard der Noreg hamnar saman med land som Spania, Hellas og Italia på ranking over inovasjon. Om ikkje eg hugsar heilt feil er dette land i Europa med ein heller tvilsom økonomi. Har vi ikkje sett masse opprør i Hellas når dei no løyser opp i spesielle ordningar for å få kunne få has på den gigantiske gjelda si?

Undersøkinga viser at Noreg har ei smalspora innovasjonsevne som er konsentrert rundt olje og gass. For meg er dette eit signal på at ting ikkje er som det skal vere i Noreg. Vi er blenda av vår rikdom, lulla inn over at vår sunne råvareøkonomi har gitt oss rom for å sleppe med skrekken under finanskrisa. I staden for å satse på å søke nye områder å satse på for vore born og borneborn håpar vi at oljeformuen vår skal vare til evig tid.

Det er òg noko med kunnskapssamfunnet som eg ikkje får til å stemme heilt. Kva skal dei som ikkje er kunnskapsmenn/-kvinner/“skulelys” gjere? Eg let spørsmålet henge.

Eit framtidsretta sastingsområde?
Dessertgenerasjonen (etterkrigsborna) kan gå av med AFP ved 62 år og i tillegg halde fram i full jobb med full løn. Dessertgenerasjonen bygde hus når moms vart innført og fekk refundert momsen. Renta var statstyrt og langt under prisstiginga slik at prisstiginga åt opp lånet deira. Foreldrene deira sleit seg ut for å bygge opp landet sidan 30-talet og etter krigen. Dessertgenerasjonen klagar over at dei er utslitne?!!

Når ein fekk innført alderspensjon ved 67 år, var levealderen noko over 70 år. La oss sei 73 i snitt for menn og kvinner. Det var ikkje mange år før snittnordmannen vart lagt under torva. Oppteninga var ikkje stor og mange var minstepensjonistar sidan ordninga nett var innført. Totalkostnaden vart ikkje høg.

SSB sin befolkningsstatistikk avslører at levealderen har endra seg gradvis. I 2006 kunne nyfødte jenter forvente å leve i nesten 83 år og nyfødte gutter vel 78 år. For tjue år sidan (1986), var dei tilsvarende tala 79 og 73 år. Går ein person av med pensjon ved 62 år, kan ein forvente at vedkomande i snitt vil gå 18 år på pensjon. 18 år kontra 6-7 år er mykje. Dei som kjem til å betale rekninga er meg og deg, våre born og borneborn.

Er Noreg på veg til å bli som Spania etter alle erobringane og plyndringane for fleire 100 år sidan? Vil vi få eit krafig anfall av hollandsk sjuke? Når alt er brukt opp, sit vi att som fattiglus utan å ha investert noko for framtida?

Ubuntu er ekstra forsiktig

I Ubuntu 10.04 er det alltid eit ekstra spørsmål etter at du har valt å slå av, starte på nytt eller logge ut. Etter ei tid vart det litt irriterande. Eg har ikkje bruk for funksjonaliteten sidan maskina ikkje har nokon kritisk verdi i eit datasystem. Det tok ikkje lenge før eg fann korleis dette skulle fjernast:

  1. Trykk Alt og F2 samstundes,
  2. Skriv inn gconf-editor,
  3. Naviger til undermenyen apps –> indicator-session
  4. Dobbelklikk på lina suppress_logout_restart_shutdown
  5. Endre verien Verdi frå Usann til Sann

Ubuntu og skjermlayout

Ubuntu 10.04 LTS er prega av Apple Mac sitt operativsystem ved at dei har endra layout på kor du finn knappane for mininimering, maksimering og lukking. I standard installert Ubuntu 10.04 LTS er knappane på venstre side på toppen av eit vindauge. For ein som ikkje brukar Mac er det uvant å ha det slik, men det er enkelt å rette på slik at ein får ein layout som er slik som Windows, utan å skifte tema/utsjånad:

Her er det du gjer:

  1. Trykk Alt + F2
  2. Skriv gconf-editor
  3. Naviger ned til undermenyen apps-metacity-general
  4. Endre maximize,minimize,close: til menu:minimize,maximize,close
  5. Lukk gconf-editor.

    No skal knappane vere på plass i Windows-stil.

    (X)ubuntu og kryptert heimekatalog (/home)

    Eg testa speglkopiering av disken på min Compaq HP Mini 730eo med ein treg Intel Atom N270 prosessor. For å få det til å gå raskast mogleg er det lurt å nulle ut ledig plass. Det er ikkje vits i at verktøya kastar vekk tid på å pakke restar av filer som er sletta eller tilfeldige data som måtte ligge att på ei testmaskin.

    Eg hadde sett opp Xubuntu 10.04 med passord for å logge på og kryptere alt innhald heimemappa. Berbare pcar som er mykje med på reis bør alltid krypterast slik at uvedkomande ikkje kjem til data dersom maskina forsvinn. Eg testa eit skript som skulle generere ei lita og ei stor fil med nullar i heimekatalogen. Under testinga la eg merke til at det var veldig treg skriving til disken. Når skriptet fungerte som det skulle, flytta eg det over til ein katalog som ikkje var kryptert. Nei, eg kunne ikkje køyre skriptet i heimemappa mi. Den underliggande krypteringa ville føre til at ledig plass på disken vart fylt med tilfeldige data og ikkje nullar. Eg testa skriptet att i den nye plassering og så vesentleg skilnad i ytinga.

    Her er skriptet eg nytta for å vurdere skilnad i hastigheit:

    rm *.txt
    dd if=/dev/zero of=kort.txt  bs=1M  count=500
    dd if=/dev/zero of=lang.txt  bs=1M  count=2000

    Den første lina fjernar eventuelle txt-filer i mappa skriptet køyrer i. Den andre lina lagar ei fil med namnet kort.txt med nullar på ca 500 MB. Den siste lina lagar ei fil med namnet lang.txt på ca 2 GB. Resultat av dei ulike køyringane:

    I ukryptert mappe

    524288000 byte (524 MB) kopiert, 11,0566 s, 47,4 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 60,5938 s, 34,6 MB/s
    524288000 byte (524 MB) kopiert, 10,5128 s, 49,9 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 58,0929 s, 36,1 MB/s
    524288000 byte (524 MB) kopiert, 9,88656 s, 53,0 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 60,076 s, 34,9 MB/s

    I kryptert heimemappe

    524288000 byte (524 MB) kopiert, 46,9183 s, 11,2 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 186,47 s, 11,2 MB/s
    524288000 byte (524 MB) kopiert, 45,9577 s, 11,4 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 190,433 s, 11,0 MB/s
    524288000 byte (524 MB) kopiert, 45,7656 s, 11,5 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 184,776 s, 11,3 MB/s

    Det er ein vesentleg reduksjon i skrivehastigheit i den krypterte heimemappa.

    Fullstendig kryptert disk
    (Dette er berre tilgjengeleg på alternativ installasjon-cd av dei ulike Ubuntu-variantane.)

    524288000 byte (524 MB) kopiert, 23,5097 s, 22,3 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 129,156 s, 16,2 MB/s
    524288000 byte (524 MB) kopiert, 27,1944 s, 19,3 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 127,024 s, 16,5 MB/s
    524288000 byte (524 MB) kopiert, 23,0415 s, 22,8 MB/s
    2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 129,141 s, 16,2 MB/s

    Også her er det ein vesentleg skilnad mot ukrypterte data.

    Det kan sjå ut til at ein fullstendig kryptert disk er raskare enn kryptert heimemappe, men då må ein hugse på at heile systemet er kryptert som fører til at alt blir like tregt. Med kryptert heimemappe er det berre dine personlege filer samt filer med innstillingar og data til ulike program som blir lagra kryptert og påvirka av den lågare farten. Programfiler og modular osv ligg i ukrypterte mappestrukturar og vert lasta med maksimal fart.

    Konklusjon
    Skal du velje ein av delene bør du velje kryptert heimemappe.

    Kraftline i Hardanger

    Eg har registrert at det vart litt støy når vedtaket vart fatta og at det framleis «ulmar i glørne». Her om dagen kom eg på at ved Hermansverk, i Fatla, har vi eit svært luftspenn over til sørsida av fjorden. Det er vel 4 km i rett line over. Frå same plassen på sørsida av fjorden har vi eit like langt luftspenn over til Fimreite. Det siste er merka med små raude kuler på kablane. Korkje heimanfrå eller frå badestranda på Hermansverk greier du å sjå strekka, med mindre du går inn for det. I mørke skuggeparti kan du sjå i kablane. Den einaste gongen du kan sjå dei er dersom det er låg sol om kvelden. Mastene både på Fimreite og på sørsida er vanskelege å sjå, men dei siste mastene før spennet er i raudt og kvitt. Det er ein akseptabel pris å betale slik at dei som flyg i området ikkje endar opp i spenna.

    Så er vi over til det ein i Hardanger er så redd for: At det skal gå ut over turismen i regionen. Mi oppfatning er at turismen i indre Sogn lir inga naud av desse spenna. Cruisebåtar og luksusyachtar må segle under for å kome til Flåm, Nærøyfjorden eller Lusterfjorden (Skjolden). Vil dei til ei evt. komande cruisekai i Sogndal, greier det seg med å sigle under det frå Fatla til sørsida, men ein må sigle parallelt med det frå sørsida til Fimreite eit kort stykke. For ikkje å snakke om at dei må under spennet frå Fardal til Fimreite.

    Trafikken til Flåm og Nærøyfjorden har aldri vore så stor som i dei siste åra. Finanskrisa kan ha hatt sin innverknad, men det seglar jamnt og trutt båtar/skip inn og ut for å få med seg attraksjonane. At ei kraftline øydelegg for turismen har eg lita tru på. Eg har meir tru på at i framtida vil vår satsinga på vasskraft stå fram som tydelegare og eit langt meir fornuftige val av fornybar energi som også kan bli ein attraksjon. Land som ikkje har våre føresetnader, må basere seg på energi frå andre kjelder. Eg veit kva eg ville valt om det stod om vassdrivne kraftverk, vindmølleparkar eller store solcelleparkar. Det første er vanlegvis gøymt vekk i ein dal. Dei to siste er avhengige av tilgang til vind eller sol det meste av døgeret og må plasserast på opne plassar. Men kanskje er det best med atomkraft?

    Naturlegvis kan det vere noko å justere med omsyn til traseval enkelte plassar i Hardanger. Å flytte litt på nokre master her og der bør la seg gjere, men eg har inga tru på slike kablar i jord eller i fjorden. I mi enkle tru er eg overtydd om at det er enklare å finne eit brot i eit luftspenn med å fly eit helikopter langs spennet enn det er å feilsøke nedgrevne eller -søkte kablar. Ligg kabelen på botnen vil han bli påvirka av endringar i botnforholda som t.d. at deler av botnen raser ut eller at nokon slepper noko ned på han. Det kan vere straum- og botnforhold som gjer at kabelen ligg og gnisser og ryk eller det går hol på isolasjonen, slik at straumen går til jord.

    Eg vil berre minne om kva som skjedde når dei skulle strekke ein sjøkabel til Måren sitt kraftverk i Sognefjorden. Kabelen miste dei frå båten og det vart vurdert rimelegare å strekke opp ein ny. Eg registrerer at BKK har kjøpt kabelen og at dei var usikre om alt var OK. Heldigvis var heile kabelen brukande, men som ein ser: Det tek mykje tid før ein kan få fiksa brot i ein kabel som ligg i sjøen.

    Eg kan også dra fram andre eksempel på sjøkablar som står omtala i denne artikkelen. Sjøkabelen til Nederland som Statnett meinar er teknologisk svært avansert, har hatt 3 straumbrot siden han kom i drift i 2008. Det siste tok 3 måneder å reparere den siste feilen. Over Oslofjorden har Statnett ledningar som kryssar fjorden i sjøkablar. Her erfarte Statnett samtidig feil på sjøkablane til 2 av ledningane, med svært lang reparasjonstid.

    Kor dyrt og miljøvennleg er det å leggje nye kablar når ein kabel ikkje er lønsam eller tilnærma umogleg å reparere? Er det ikkje mykje isolasjon i ein slik kabel som ikkje er så lett nedbrytbar i naturen? Kor lang tid på ein bruke gasskraftverk og gjerne mobile gasskraftverk til å avhjelpe ein situasjon med eit langvarig problem med sjøkabelen? Ryk ein kabel frå eit luftspenn og hamnar i fjorden, vil den vere av reint metall og ruste over tid.