Tur: Skriki

Fjellet Skriki på 1.227 moh ligg ikkje i Leikanger kommune, men i Sogndal kommune. Toppen ser du lettast når du nærmar deg Fardal frå Sogndal, etter bilvegen. Skriki ligg over Ølmheim og mot Fardal. Det er blir eit godt stykke å gå frå Leikanger. 4 – 5 timar bør du rekne på turen. Naturlegvis vil du også sjå han på turar som til t.d. Lusaskard eller Kjeringafjell.

Utgongspunktet for min tur var transformatorstasjonen på Njøs. Etter eit lite stykke på traktorveg startar den bratte stien kalla Kidlestigen (Geitekillingstien) opp til Bjørgahaug. Eit mindre bratt og luftig alternativ er å parkere ved rasteplassen på Sanden, like ved der 80-sona startar mot Fatla og Sogndal. På Bjørgahaug, 362 moh, kan det vere greitt med ein liten pause før ein stig vidare opp til Andhovden.

Frå Andhovden mot Hangsete og inn Hangsetedalen til Kalvavatnet, ved foten av Skriki, er det eit langt stykke å gå på god sti. Heldigvis er ikkje stiginga like kraftig som på den første biten. Du må ha tolmod og rekne med 2 til 3 timar frå Andhovden. Sørg for å ta pausar med jamne mellomrom og fyll på med mat. Etter cirka halvveges vil det vere mange alternativ til å bryte av mot nord og gå i retning av Mjellhaugane.

Framme ved Kalvavatnet kan du gå ei sløyfe mot aust/søraust og kome inn inn på stien som kjem opp frå Norane. Eg likar å gå direkte på og siktar meg inn på ein stein, kalla Novstein, som ein ser, litt oppe, på sørlege del av vestre veggen til Skriki. Når du kjem opp til Novsteinen, er det berre å følgje stien mot toppen og varden som ligg på 1.227 moh.

Ved varden vil du legg merke til at du er opp på eit vidt platå. Ta turen rundt for å sjå deg om. Det er vel verd den ekstra spaserturen. Utsikt i aust over Sogndalsdalen, Slakkafjellet, Skardsbøfjellet, Kjørnes, Eidsfjorden. Skyene sperra for utsikta til Storehaugen og TV-sendar. Mot sør ser du Fimreite og Fresvik. Skyene sperra for utsikta mot Frønningsåsen, bak Fimreite. Under Skriki ser du stølane Breisete og Orrabu. Ser du meir vestover ser du over Honnsetevatnet, Kalvavatnet, ned mot Hangsete og Leikanger, Feios, Vangsnes og Balestrand.

Den nordvestlege toppen, Veten, gir best utsyn mot vest, nord til aust; frå fjorden og bygdene langs han, samt Skriksvatnet, Kalvavatnet, Mjellhaugane, Lusaskard, Furusete, Fjærlandssetevatnet. Mot himmelen skimtar fjelltoppane i Leikanger som Mælen, Hest, Kjeringafjell, Myrdalsbreen, Synnavaskjer og Sogndals skitopp Blåfjell. Tek du turen seinare på dagen, vil tinderekka vera i utsikta vere mindre utsett for skyer. Du ser også ned i fremste del av Øvstedalen med Svartavatnet og stølane rundt, samt over i Sogndalsdalen. På Skriki kan du også oppleve skyene stryk forbi deg.

Eit alternativ nedatt er å følg merka sti ned til store steinen. Ikkje sving inn under steinen på den første stien/dyretrakk. Neste sti er merka med raude prikkar. Følg den nedover til du kjem til den store, mørke kampesteinen ca 1 minutt og 30 sekund ut i videoen under. Den skal vere grei å sjå når ein er oppe på haugane aust for Kalvavatnet på veg opp.

Når eg braut av ved steinen, valde eg å halde meg litt for mykje til nord. I stadenfor å kome rett på Kalvavatnet vart det meir ein boge, men det er ingen problem å korrigere kurs i dette terrenget.

Turen til Skriki er delt i 3 deler:

  1. Frå Njøs til Bjørgahaug
  2. Frå Bjørgahaug til Hangsete
  3. Frå Hangsete til Skriki

Når det tek lang tid å logge inn i Windows

Har i løpet av dei siste månadene opplevd at etter ein kaldstart av berbar pc, har oppstarten grått greitt, men når eg loggar meg på ein brukarkonto tek det svært lang tid før eg er inne i arbeidsområdet mitt. Har opplevd det før på andre maskiner og har mekka litt med tenester i Windows for å få det til.

Både i Windows Vista og Windows 7 er det minst ei teneste som ikkje er nødvendig: ReadyBoost. Alle maskiner er i dag så godt spesifiserte at ein ikkje treng bruke minnekort eller –pennar for å hjelpe til med å auke ytinga i Windows. Denne tenesta treng ikkje lastast og kan enkelt deaktiverast.

Ei anna teneste som eg har stussa litt på er Superfetch. På papiret skal det fungere glimrande, men erfaringane mine er miksa. På ei maskin med små ressursar på deaktiverte Superfecth og etterpå virka ho betre. Etter ein del månadar opplevde brukaren at det tok svært lang tid å få starte Windows og kome inn på skrivebordet. Ikkje kunne eg finne noko feil i loggar. Tenkte at kanskje det var ei av dei dektiverte tenesten som kunne skape problem. Mellom anna vart Superfetch reaktivert og maskina starta på nytt. Maskina vart faktisk vesentleg raskare av dette. Ikkje veit eg kvifor, når den ved deaktivering av tenesta ikkje synte problem. Men ein kan aldri vite om ein eller anna justering i ei oppdatering har utløyst noko som har ført til at Windows tek ekstra tid å starte sidan ein ikkje følgjer “standard prosedyre”.

Så er det tilbake til den berbar eg har i dag. Den har så gode spesifikasjonar at eg ikkje har sett det som nødvendig å deaktivere unødige tenester i Windows Vista. PCen er heller ikkje ein pc som har veldig statisk programvare. Her blir det installert, avinstallert og oppdatert heile tida. Det einaste eg har sett til manuell oppstart frå automatisk er to tenester knytt til ein Oracle database. Syntes det var betre å starte dei når eg av og til har bruk for databasen enn at han heile tida skal ligge å ta ressursar. Sidan han ikkje er ein del av Windows, har eg ikkje tru på at den skaper problem.

superfetch og readyboost

Eg søkte litt på nettet om at innlogging i Windows som tok svært lang tid. Eit av tipsa var at Superfetch kunne skape problem. Det første eg gjorde var å deaktivere tenestene ReadyBoost og Superfetch. For å gjere det må du om Kontrollpanelet, inn på System og vedlikehold og dobbelklikke på Tjenester. Her må du finne dei i lista, dobbelklikke på oppføringa og setje oppstarttype for ReadyBoost og Superfetch til Deaktivert.

Under C:WindowsPrefetch finn ein filer som Superfetch og ReadyBoost brukar. For å få fekk evt. problem her, merke eg alt og sletta dei. Vær svært merksam på at du er inne i katalogar som høyrer til operativsystemet. Sletting av feil filer og katalogar kan medføre at Windows ikkje vil starte att. Sørg for at du alltid har backup av dine data og evt. heile systemet før du prøver deg på noko.

Deretter tok eg ein restart av maskin. Det var som om å få ei ny maskin. Innlogginga var rask.

Sidan eg hadde rydda opp i C:WindowsPrefetch, valde eg å gå inn att på kontrollpanelet og aktivere Superfetch att, restarta maskina og logga meg inn. Innlogginga var like rask som utan Superfetch.

Konklusjon
Det tyder på at det har vore eit eller anna i C:WindowsPrefetch som har skapt problem for Superfetch og/eller ReadyBoost. Opplever eg tilsvarande problem seinare vil eg:

  • om Kontrollpanelet,
  • inn på System og vedlikehold
  • inn på Tjenester,
  • deaktiverea og stoppe Superfetch og ReadyBoost,
  • slette alle filer og katalogar i C:WindowsPrefetch
  • reaktiverte Superfetch og evt. ReadyBoost
  • restarte maskina.

Tur: Havrane

Havrane består av to vatn: Eit av vatna ligg i gamle Leikanger kommune og eit større ligg i Sogndal kommune. For meg er Havrane synomymt med vatnet i Sogndal kommune, det fremste Havravatnet. Vatnet som ligg i Leikanger kommune har eg berre vage minner om var svært lite og med ein del siv.

Det fremste Havravatnet, eit fint lite fiskevatn. Det er ikkje stort som Fjærlandsetevatnet, men fiske er minste like bra. Dette er i tillegg den raskaste turen til fots inn i gamle nabokommunen Sogndal.

Den kortaste måten å koma seg til Havrane er å køyre opp Njøsadalen ca 1,5 km til Dalsete og gå rett opp til Fadnastølen og turpostkassen til Syril på Tunga. Herifrå er det to alternativ med små variasjonar mellom seg.

1. Tur til det fremste Havravatnet

Frå Tunga går du oppover til det øvste sælet på Fadnastølen Her kryssar du groa/bekken over til austsida. Du skal ikkje følgje stien fram mot Tuftahaug. Stien på austsida av bekken skal du følgje i om lag 400 m. Du går over ei myr og kjem til ein liten bakke ved sida av eit granfelt. Litt oppe i bakken, tek du til høgre inn mellom lauvskogen og går mot Kvannskar, skaret som kjem ned frå Mjellhaugane mot Fadnastølen. Etter ca 100 meter er du ved stigninga som tek deg opp til platået som Havravatni ligg på. Det er ei kort og kraftig stigning før du er opp ved elva eller bekken som kjem frå heimste Havravatnet. Her svingar du og går på langs, men gradvis frå fjellveggen.

Stien er godt merka og grei å følgje. I løpet av turen vil du få auge på eit par halvdaue eller daue furuer. Begge skal du passere vandrande i nordleg retning. Etter den siste skal du ikkje gå så mykje lengre mot høgspenttraseen, men etter litt svinge inn mot fjellveggen og det fremste Havravatnet. Eg har valt å legge ut ein rimeleg komplett serie med bilete for at du skal greie å finne vegen fram til denne vesle perla. Video følgjer under. Eldre bilete frå turen finn du til slutt i artikkelen.

2. Tur forbi begge Havravotni

Som det første alternativet tek du deg opp på Fadnastølen. Ved Tunga går du rett fram, austover, mot sæla på nedre Fadnastølen. Her finn du ein staur med skilt som peikar til Havrane. Følg retninga og gå ut på snuplassen for vegen til Fadnastølen. Her følgjer du vidare ein traktorveg. 50 meter frå snuplassen tek du av frå traktorvegen og går nordover i skog. Etter ca 200 meter kjem du inn på stien som lyfter deg til platået Havrevotni ligg på. Stien til Havrane er merka gjennom skogen og heilt fram.

Berre pass på når det nærmar seg å flate ut, kjem du til ein stad der stien splittar seg i to. Den venstre tek deg utanom heimste Havravatnet, og er vist i videoen over. Du skal ta høgre stien og halde deg forholdsvis nær bekken som renn ut frå det heimste vatnet. Etter nokre få hundre meter ser du heimste vatnet. Stien går vidare framover forbi turpostkassent til Syril før du endar opp ved fremste vatnet.

Eldre bilete frå tur til det fremste Havravatnet Biletserien startar ved sælet/hytta øvst/nord på Fadnastølen:

Interesse for Leikanger….hmmmm

Vår nabokommune viser interesse for oss. Det er sikkert mange årsaker til at det kan vere lurt. Ein av dei lurer eg på om kan ha noko med at det nok vil bli eit kraftverk i Leikanger kommune, der kommunen skal vere ein del av eigarane. Som eg har sagt tidlegare, vil energibehovet vårt ikkje bli mindre. Erstatning av fossil energi vil krevje sitt. Det er ikkje vits i å drøyme seg vekk i at ein ikkje vil trenge mindre elektrisitet. Vi kan effektivisere eksisterande elektrisitetsavghengige bruksområder, men når ein skal levere energi til områder som tidlegare drog nytte av fossil energi vil det uansett krevje meir utbygging og utnytting av energikjelder som vass-, bølge-, vind-, sol-, kjerne- og jordkjernekraft.

Uavhengig av motstanden vil nok det kome. Det blir gjort så mykje tilpassingar rundt Leikanger, for å ta styrke forsyninga til Midt-Noreg, at det vil vere direkte merkeleg om ein vel å ikkje gi konsesjon. De kan bli lett å sjå på Leikanger som ei grei inntektskjelde. Det eg lurer på er korleis ei slik samanslåing vil påvirke det geografiske området som i dag utgjer Leikanger. For meg er ei samanslåing heilt greitt dersom ein vert sikra at Leikangerkområdet blir utvikla. Endar vi opp med at vi blir ei inntektskjelde for utvikling av Sogndal sentralt, er eg i mot.

Tur: Stokksete frå Kleppa

Turen til Stokksete kan du ta frå to stadar, parkeringplassen på Kleppa eller frå Skahaug, like over byggefelta på Røysa. Begge stiane passar ypperleg for ungar. Her risikerer du ikkje å falle ned frå høge berg om du skulle trø feil.

Sommartstien til Stokksete frå Kleppa følgjer ikkje skiløypa. På veg mot Damefall, går stien vestom Damefall. Du slepp myrane og vått terreng, som det er litt meir av i skiløypa, men turen er litt lenger. Er det ein periode med tørrver, kan du gå opp skiløypa og spare deg for ein del tid. Vil du gjere litt meir av turen, kan du går ne til Raudmålsgrindi. Like over ho går det ein sti tilbake mot parkeringsplassen på Kleppa. Her er det viktig at du lyttar godt etter. Stien kjem ut på leirduebana. Du har ikkje lyst til å spasere inn midt i hagledrivene, men fortvil ikkje. Når du nærmar bana, vil det vere mogleg å ta av i god tid før og kome ut på ein sikker plass.

Turen til Stokksete frå Kleppa er splitta i tre deler:

  1. Frå Kleppa til krysset der du kan ta av til Smørkletten – Bilete 002 – 016
  2. Frå krysset der du kan ta av til Smørkletten til kryss med sti til Rjupeskar og Kjeringafjell Bilete 002 – 007
  3. Frå kryss med sti til Rjupeskar og Kjeringafjell til Stokksete

Tur: Stokksete via Raumålsgrinda

Turen til Stokksete kan du ta frå fleire stadar, parkeringplassen på Kleppa, Skahaug, like over byggefelta på Røysa eller som i videoane frå stadion. Du brukar same utgangspunktet som turen til Raumålsgrinda. Etter å ha vore dit eit par gonger, kan du godt legge på vel 1/3 til og kome deg til Stokksete. Begge turane passar ypperleg for ungar. Her risikerer du ikkje å falle ned frå høge berg om du skulle trø feil.

Stien frå Raumålsgrinda er tydeleg og du vil passere i ytterkant av myrene, der skiløypene på Øvstestølen vert lagt. Når du nærmar deg Stokksete, vil du møte stien som går ned eller opp frå Dalhjedla i Henjadalen. Den stien er svært lite brukt og er lett å miste. Vil du gå ned til Dalhjedla, vil eg tilrå at du tek med deg kjentmann eller –kvinne. Like etter vil du kome til Gaosi, ein gamal offerstad. Her gjekk ein aldri forbi utan å legge bær eller anna til Gaosi. Like etter Gaosi deler stien seg og du kan velje å gå til venstre i Stokksetereset og kome fram til trekassen på påle (ved Raude Kross-kasse), eit kort stykke før stølsområdet. Held du til høgre går du nærare stølsområdet, men enno på god distanse til sæla/hyttene fram til kassen.

Turen er splitta i to deler:

  1. Frå Skahaug til Raumålsgrinda
  2. Frå Raumålsgrinda til Stokksete

Når kulda set inn, let du pcen gjere noko nyttig

Kulda er komen og har du ein stasjoner pc er det like greitt å la han gjere noko (samfunns)nyttig samtidig som han varmar rommet. Min stasjonere quad core inkludert nvidia geforce 8800GT står no og reknar på klimadata og held rommet i ein passe lunk. Like greitt å la 95 watt frå prosessoren og ein del watt frå grafikkortet gå til noko nyttig i vinterhalvåret. Byrjar eg å gjere noko på pcen, pausar systemet utrekningane til pcen ikkje har vorten brukt ei tid.

Last ned BOINC og delta i prosjektet som du synes er mest nyttig.

PS! Ikkje bruk berbare til dette. Dei er ikkje like godt designa til å tåle 100% prosessorbelastning 24 timar i døgeret, 7 dagar i veka osv.

Tur: Rjupeskar

Rjupeskar er ein tur ein kan ta både sommar som vinter på Leikanger. Utgongspunktet er parkeringsplassen på Kleppa og du skal opp på Øvstestølen.

Om vinteren følgjer du skiløypa fram til Damefall og opp til Stokksete før du kjem til Kallbakk. Om sommaren følgjer du stien som skil seg frå skiløypa, ca 500 meter frå Øvstestølen i retning Damefall. Stien går i skogen vest for Damefall og Stokksete. Når du kjem til krysset der stien skil seg til Kjeringi og Stokksete, tek du kortaste veg mot Kjeringi. Du endar opp på Kallbakk og får frigjort deg frå skogen. Endeleg er det mogleg å nyte utsynet. På Kallbakk går stien saman med skitraseen fram mot Rjupeskar, i enden av ein rygg som strekker seg vestover, ned frå Fagreggi. Siste del av turen, er litt bratt, men det er ikkje mange minuttane før du står på Rjupeskar og kan sjå vidt omkring. Om vinteren kan det vere lurare å gå opp mot Fagreggi for å sigle ryggen ut til Rjupeskar.

På Rjupeskar kan du i aust sjå Fjærlandsetevatnet med Jotunheimen og Hurrungane i bakgrunn. Snur du deg sakte sørover, har du både Lusaskard, Mjellhaugane, Skriki, Bjørgahaug før du i sørvest ser du innover fjorden mot Fimreite, Fresvik og Aurlandsfjorden. Feiosdalen skimtar du samt deler av Vik og Balestrand og Stølsheimen. Rjupeskar gir deg i vest god utsikt mot Grindsdalen med Mælen, Dalsbotnen, Hest og Gildal. Nedanfor Rjupeskar kan du sjå Dalsete på Huke-sida av Grindsdalen. Nordom har du heimsta Kjeringi og Fagreggi.

Turen er omtala i to deler:

  1. Frå Kleppa til krysset der du kan ta av til Smørkletten – (Bileta 002 – 016)
  2. Frå krysset til Smørkletten og opp til Rjupeskar

Alternativ tur opp til toppen av Skarseggene som går utanom Rjupeskar finn du er.

Deler av turen om vinteren finn du i skituren til Kjeringi i april

Ubuntu Netbook Remix 9.10

Oppgraderte frå 9.04 til 9.10 på mine HP Compaq Mini 730, men det skuffa stort. Ubuntu 9.10 har minst dobla boot med påloggingstid. Grensesnittet er noko omarbeida, til deg verre meiner eg. Totalt sett virkar det som om Ubuntu Netbook Remix ikkje er tilpassa miniberbare med sine sterkt avgrensa ressursar. Nei, Ubuntu, Remixen ryk ut. Dette gidd eg ikkje.